«Filtede hjemmesko»

Tova tøfler er kjekke fotplagg og sidan eg aldri kom i mål med jakka eg skulle strikke i Fritidsgarn har eg rikelig med garn til tøfler. I leit etter ei god og enkel oppskrift (hadde ikkje så lyst til å strikke stooore sokkar og tove) kom eg på å søke på Dansk. Det burde jo ikkje vere så alt for vanskelig for meg som tross alt har danske gener iblanda. Grethe Johansen har laga ei god oppskrift som eg alt er i mål med eit tøffelpar etter. Oppskrifta finner du her.

Mine første tøfler i denne oppskrifta er i størrelse 6 år og no er eg i gang med eit nytt par som skal bli ca størrelse 37. Strikking er tross alt lettare å få til å pusle med enn søm medan babyen snart-eittåringen tuslar spring rundt her.

3 thoughts on “«Filtede hjemmesko»”

  1. Det er kjekt å se at du holder strikkingen ved like, ohelene. Og jeg humrer selvsagt litt, siden nå en gang strikking ikke er eh.. var noe for deg. ;-) Ha en fortsatt god helg!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.