Eitt nøste her og eitt nøste her

Det blir fort nokre nøster når ein handlar garn på nett. Eg er nok ikkje den største hamsteren når det gjeld garn, men lageret har auka sakte og umerkeleg. Difor har eg bestemt meg for å prøve å lage noko av garnet eg har (og stoffet eg har – men det er ein annan historie og forhåpentlegvis ein annan post) ein periode framover. I tillegg passar strikking førebels bedre å gjere medan babyen er vaken enn søm. Syrommet mitt er ikkje overkommelig å barnesikre…

Buksa er strikka etter mønsteret All-in-one Evie Pants (her finner du link vidare til Ravelry – forumet der du kan kjøpe mønsteret). Ei par nøster Mor Åse, eit halvt nøste Sportsgarn i ein farge og to nøster i ein annan. Kvar for seg meint til tova vottar eller noko slikt. Til sammen vart dei ei pyntebukse som òg kan settast inn med lanolin og fungere som bleiebukse. Ca str. eitt år. Iallefall litt stor til jenta vår som no er ti månader straks.

Eg har òg strikka litt andre ting som eg ikkje har blogga. To gensarar. Begge etter mønster frå Nøstebarnboka. Ein bestefarsgenser i Abuelita tynn merino frå Pickles og ein ribbegenser i Snældan. Ullgarn frå Færøyane kjøpt via Yarn.no. Litt stivt garn, men eg håpar det blir mjukare ved bruk. Begge gensarane vart litt vide i forhold til lengda. Neste gang eg strikkar raglan skal eg strikke frå toppen og ned (og kanskje til og med lage ein prøvelapp).

 

Det siste plagget eg strikka før ullbuksa var ei lita ullue. Utgangspunktet er samme oppskrift som i sist post: Spisslue i rett og garnet er Pickles Extra Fine Merino. Lua passar til ein liten baby. Eg fekk tvinga den på hovudet med omkrets på 45 cm her, men eg måtte innrømme at den var for liten.

3 thoughts on “Eitt nøste her og eitt nøste her”

  1. Så fine ullplagg!! Den bestefarsgenseren står på min liste over fremtidige prosjekter også.
    Og veldig synd med for liten lue, den var jo kjempesøt!

    Forresten: Ti måneder gammel allerede?? Gosj!
    Klem!

  2. Du er jo blitt reneste racerstrikkeren, jo! Den buksen var veldig søt til en liten jente, jeg fører den opp på tantelisten min.

    Jeg stemmer også med i Bravos: Ti måneder?!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.