Eg veit kva eg sa om å skrive oppgåve…

…men garnet var så fint og eg hadde så lyst på litt anna å gjere. Så oppgåva ligg litt på sida nett no. Eg lovar meg sjølv å skrive vidare på oppgåva i morgon.

Eg prøver meg altså på ein ribbegenser med utgangspunkt i «Baby i rib» som eg strikka alpakkavesten frå. Klarar ikkje heilt bestemme meg for om den skal få lengre ermer enn det eg alt har strikka og i tilfelle om dei skal vere 3/4 lengde eller lange. Medan eg tenker strikkar eg ferdig kroppen på genseren.

Garnet er frå Yarn.no: Tanis Fiber Arts – Blue Label og heiter Gem. Nylonforsterka maskinvaskbar merinoull. Eg alternerer mellom to nøster for å få samme mønster etter splitten som øverst på genseren. Om eg skal klare samme mønsteret på ermene òg  så må eg vel alternere mellom tre eller fire nøster (!?) så kanskje det blir til at eg berre feller av…

1 thought on “Eg veit kva eg sa om å skrive oppgåve…”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.