Å skjære i stoff med Silhouette Cameo

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Å skjære i stoff med Silhouette Cameo

Som «sydame» er det kjekt å kunne bruke cameoen til å klippe ut stoff t.d. til applikasjonar. Klart det går an å klippe med saks, men det går ein del raskare med plotteren pluss at eg kan få mange heilt like deler om eg ynskjer det.
medlim
Eg skjærer ut stoff med to ulike metodar. Skilnaden ligg i at eg får eit motiv med eller uten lim på baksida.

Uavhengig av kva metode eg skal bruke stryker eg først stoffet. Eg brukar òg ein klesrulle for å fjerne lo og lause trådar så desse ikkje lagar ujavnheiter i kuttinga.
strykeogfjernelo

Klesrulla er forresten veldig god å ha til å gå over ferdige produkter med òg. Eg brukar denne mykje på syrommet.

Silhouette Studio har innstilling for kutting av stoff i nedtrekksmenyen under «cut». Her velger eg light fabric som tilsvarer tynne bomullsstoff. Instillingane på 3-5-33 passar godt for ein ny kniv er mi erfaring. kutting av stoff

TIPS: Om du studerer bildet over kan du sjå at eg har lagt nokre symbol ved sida av kuttematta på skjermen. Desse er symbol eg har tenkt å kutte i eit anna stoff. I staden for å markere dei med NO CUT i cut-menyen drar eg dei berre av matta, noko som gjer at maskina ikkje lengre tar omsyn til dei. Rask og grei løysing i mange tilfelle.

stoffkniv
Eg har kjøpt ein eigen kniv til stoff. Etter det eg har forstått er kniven heilt lik den svarte og at den einaste skilnaden er fargen i plasten. Skilnaden går rett og slett på det praktiske med å kunne halde knivane frå kvarandre. Å bruke stoffkniven på papir vil sløve den fortare enn om den berre blir brukt til stoff.

Så attende til dei to ulike metodane.

Om eg vil ha eit motiv uten lim stryker eg stoffet fast på eit ark frysepapir. Dette er eit papirark som er voksa på eine sida. Stoffet legg du mot vokssida og så stryker du enten på stoffet eller på papiret. Når eg vil ha eit motiv ferdig til å stryke på stryker eg i staden for på vliesofix eller anna tilsvarande dobbelsidig limprodukt på baksida.

Når Viss du får lim på strykejarnet ditt finst det eigne rensestiftar til å fjerne denne limen med. Men prøv å unngå å stryke på limen!

Eg lar papiret sitte på når eg klebar stoffet på kuttematta i begge tilfeller og kuttinga blir heilt identisk for dei to metodane. Kniven skal ikkje skjære i papiret i nokon av tilfellene. Kjapt og greit stoffmotiv klart for applikasjon.
A

Om du lurer på applikasjon laga eg eit instruksjonsinnlegg om det for ei god tid sidan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *