Dinosaurlue – med ein vri.

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Dinosaurlue – med ein vri.

Denne er sydd etter mønster på Dinolue i boka «Blødt Børnetøj». Eg har forlenga taggane med omtrent det doble slik at det vart ein hale bak. Minsten syns den var kul, men vi fekk oss ein nedtur då første utgava var sydd med strekken feil veg.

 dinolue

Eg klipte av taggane og brukte på ny lue, dermed gjekk det rimelig raskt å lage andreutgava. Fleecen er 80% bomull og 20% polyester og eg hadde forventa at den var mindre statisk elektrisk og meir bomullsfølelse, men kanskje det kjem seg etter vask (med rikelig med tøyskyllemiddel).

dinopaa

Sidan eg ikkje akkurat er ein racer på strikking får eg vel lov å skryte litt av ei enkel tvåge òg! Bomullsgarn som eg har fått i ei hemmelig venn gave ein gang. Strikka med ein omgang rett og ein omgang 1rett/1vrang. Eg fekk to nøster av dette garnet og driv på med tvåge nummer to. Eit nøste pr. tvåge.

vaskefille

 

2 Responses

  1. Elisabeth sa:

    Wow!Den er jo nesten prikk lik den superdyre dinosaurlua fra Reima som jeg har kjøpt til Jonas! God idè å sy den selv heller. På blogginnleggene mine fra 22. mars er den avbildet, i profil ganske langt ned (under hyttebyggingen)… Kanskje dette er en bok jeg må få fatt i? Er det flere små og enkle prosjekter i den boka? Bloggen din er virkelig inspirerende, du er så flink til å sy!

  2. Maria sa:

    Hej

    Jeg læste om din blog på Sew mama, Sew, vi har samme interesser, jeg kan også lide at sy og at være i haven :-) Jeg vil straks kigge omkring på din blog.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *