19 feb

Frå bukse til «veske for deg som likar å ha hendene i lomma».

dongeri
Dongeriveska er laga av samme mønster som skulderveska eg laga sundag, men denne er laga av ei dongeribukse. Eg la ut mønsteret heilt oppe under linninga og prøvde å passe på å ikkje få med veldig tjukke saumar øverst i kanten. Eg drog opp linninga framme nesten på høgde med linninga bak før eg klipte. Eg la ikkje til ekstra sømmonn.
d1

Ei veske blir ikkje så hardt brukt som ei bukse så eg valgte å klippe av ein del dei fleste plassar det var doble saumar. Dette for å gjere veska lettare å sy og noko smidigare.
d2

Dongeristoffet vart for hardt å brette der eg ikkje fekk klipt øverst på framsida, så eg valgte å ikkje brette ned kanten på veska. Forstoffet viser derfor som ein kant rundt veska.

På baksida spretta eg av lomma fordi den kom for nær kanten. Ein rest av forstoffet vart til ei ny lomme på baksida.
dongeribak

Eg syns 12 cm vart litt for breid skulderreim på såpass tjukt stoff. Denne vart òg litt kortare i reima enn den raude veska og passar såleis bedre på ei skulder. Nok ein grunn for å ha ei noko smalare reim.

9 thoughts on “Frå bukse til «veske for deg som likar å ha hendene i lomma».

  1. Utrolig stilig!!! Og jeg liker muligheten for å bruke av det gamle man har liggende!! Skulle ønske flere fant på noe morsomt med det i tankene!! Kanskje vi burde hatt en aling på det, hvor utfordringen er å gjøre om gammelt til nytt, he he… Er ikke flink til det selv, så jeg hadde selv trengt noe som pushet meg til å gjøre mer av sånt, ja!!!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *