Oisann

her var det visst lenge sidan sist post. Betyr i grunn berre at dagane fyk utan at eg får prioritert å bruke tid på å blogge. Litt handarbeide har det vorte likevel. Mellom anna har vetlesysta fått seg ein Oslo anorakk i Abuelita multi frå Pickles.

Eg har brukt andre fargar enn i forslaga hjå Pickles sidan eg ikkje hadde nok einsfarga til å bruke same fargen overalt der det skulle vere einsfarga. Vart ikkje så veldig imponert over plagget. Mulig det er meg, men hetta verkar slaskete og eg fekk det ikkje til å stemme frå halsen og opp sjølv om eg hadde rett masketal i følge oppskrifta. Fekk no juksa det sammen på eit vis. Skulle sikkert ha strikka kanten på hetta på ein annan måte men eg gjorde det slik som det stod i mønsteret (med mindre eg har misforstått noko).

Men ei fin «by-jakke» vart det uansett. Har starta på ein «Hudson Hat» i restegarnet (link til kjøpemønsteret på Ravelry – ein nettstad som krev innlogging).

8 thoughts on “Oisann”

  1. Takk for det. Kanskje den berre rett og slett er for stor enno til vetlejenta mi. Men den passar omtrent på ermene så eg lurer litt på den konklusjonen òg.

  2. Du har rett versjon av oppskriften sant?
    Jeg knota noe veldig med fellingen med denne, og jeg var intet mindre enn lyn forbanna der jeg satt.. La hele greia i en pose, og prøvde å fokusere på andre ting..
    Plutselig får jeg en mail fra Pickles i innboksen min, med en beklagelse over at det var feil i oppskriften, og med et vedlegg med rett oppskrift!
    Needless to say, Osloanorakken ligger fortsatt i posen sin, jeg orker ikke rekke opp igjen.. Enda..

    1. Eg får ta kontakt med Pickles og sjekke om eg har rett versjon. Men reknar i grunn med det sidan eg ikkje har fått tilsvarande mail som deg. Det eg har lest meg fram til no er at det er 6 cm større hette (3+3) på den størrelsen eg har strikka enn på den minste. Meinar det muligens er alt for mykje til den vetle spede snart-toåringen min. Vurderer å rekke opp to cm av hetta…

  3. Nei, så stor hun er blitt! Genseren ser veldig fin ut på, kun litt merkelig hetteløsning. Mulig den blir finere om du rekker opp litt, det er kanskje bare lillesnuppa di som er litt liten :) Koselig at du er tilbake i bloggland…

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.