For 1500 kroner i garn!

Eg skal fortelle om den o-store-garnhandelen, men først vil eg vise fram nokre skinntøfler som eg har sydd siste dagane. Dei med navn på er forhåpentlegvis snart framme hjå sin nye eigar medan dei tre andre er ledige på markedet. Innermål hhv 11cm (lilla) og 12,5 cm (beige og burgunder). Vetlesysta som er 15 månader snart brukar tøfler som har 12,5 cm fotlengde no.

Buksa som tøflene ligg på er den samme som eg har vist fram her. Eg valgte å sprette av kanten nede og sy den på igjen som ribbekant. Nokså mykje meir praktisk, men kanskje ikkje like stilig. Her har det ført til at buksa har blitt brukt mykje i kjølige sommardagar og eg likte veldig godt korleis den vart sjåande ut.

Og så til garnhandelen. I går fekk eg garn frå svigerinna mi for heile 1500,- kroner! Herleg farge og mjukt og godt.

Pinne nr. 3-4 – 300m/50 g og eg har fire buntar.

1500,- kroner blir forresten ikkje heilt rett – KronUr er meire rett sidan handelen føregjekk på Island. Når man så regnar om til norske kroner har eg forhåpentlegvis ikkje ruinert henne heilt. Eg skal pønske ut eit eller anna ho kan få i bytte, og sidan ho får seg nytt hus etter kvart må det vel vere bruk for eit eller anna sydd der. Garnet skal få bli ein vest/topp (baby i rib eller nonstop kanskje) til vetlesysta – trur eg. Eller kanskje ein kjole/tunika etter inspirasjon frå det nydelige plagget Blomsterpiken har laga.

Kva syns du eg skal strikke av garnet?

1 thought on “For 1500 kroner i garn!”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.