Forklekjolar

Eg må innrømme at eg ikkje har sydd så mange forklekjolar på ei stund, men det å ha ei jente på så godt som eitt år fekk fram lysta på ny. I grunn tenkte eg å sy nokre enkle og praktiske smekker, men så kom eg på forklekjolane og tenkte at kanskje det var like greitt å kle henne i slike for å skåne ullbodyar og toppar litt. Som tenkt så gjort.

Den første eg sydde var etter mål frå eit gammalt alt om håndarbeide. Eller eigentleg har eg gitt bort det bladet, så eg sydde den etter ein forklekjole vi hadde liggande – som igjen var sydd etter det mønsteret. Kjolen er sydd i gamle gardiner i bomull og har to sett med knappar på skuldrene. Uheldigvis vart den alt for stor og vid for vetlesysta og sklei av skuldrene hennar.

Så då tegna eg like godt mønster til ein forklekjole som både vart smalare og mindre. Denne sydde eg òg dobbel, men med ei side i eit lett linstoff og ei side i eit nydelig lillafarga bomullsstoff. Den einsfarga sida fekk eit stort broderi av ein sommarfugl midt på magen. Eg brukte knappeskrekk-metoden på denne kjolen.

Kjolen sit fint på og er lett å ta av og på, men den var fortsatt litt stor rundt halsen i forhold til å skulle ta av for søl, så eg tegna på nytt. Tredje kjole fekk knappar på skuldrene og sat som eit skot. Sydd i hhv. einsfarga bomullslerret og eit tynnt mønstra bomullsstoff frå skapet.

Sidan eg har øvd meg på å lage mønster til pdf ved hjelp av denne tutorialen og gratisprogrammet Inkscape denne helga, tenkte eg å prøve å få digitalisert mønsteret på denne siste kjolen. Det eg imidlertid har gjort er å shine opp tekstdelen til tøffelmønsteret mitt litt og tegna digitalt eit par andre mønster i bloggen («Heit-i-håve»-hua og «Bukse med plass til bleierompe«).

Når ein har slikt å gjere på er det nesten greitt at det har snøa kvar dag i heile helga. Hagebladet eg fekk sist veke vitnar om at årstida ser anleis ut andre stader, så for ikkje å komme heilt på hælane har eg tenkt å starte hagesesongen i drivhuset så snart eg kan få lurt litt straum inn der til ein frostvakt.

1 thought on “Forklekjolar”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.