ohelene syr +

Litt om mine hobbyar og om livet ellers.

ohelene syr + header image 2

Lag dine eigne ohelene-tøfler! Skinnsko til alle fotstørrelsar.

August 20th, 2006 · 16 Comments

 

Du treng litt skinnrestar av møbelhud el.l. Dette kan du kjøpe frå ulike hobbybutikkar/-kjeder (t.d. Panduro, Sløyd Detaljer og SGS) eller hos Skinnlåven. Skinn frå plagg eller vesker frå t.d. bruktbutikkar kan også vere brukbart. Tunnt er mjukt, men tunnt vil òg lettare bli slite ut. Tjukt skinn kan vere ein prøvelse for symaskina. Du må sjølv finne ut kva di symaskin taklar av tjukkelse på det du skal sy gjennom. Eg anbefaler elles at du brukar ein glidefot (teflon) til symaskina og spesielle skinnåler. Eg brukar både polyester og bomullstråd. Du kan også bruke ein vanlig pressarfot og legge rivevlies el.l. imellom. Eg brukar rettsaum og stinglengde 3,2mm.

Eg brukar 1 cm breid strikk rundt tøflene fordi eg ser at det ikkje lagar skrukker rundt ankelen og gjer den god å ha på. Du trenger ca. 40 cm strikk til ein barnetøffel, dvs. du treng litt mindre men å ha litt ekstra gjer det litt lettare å jobbe med.

Tøflene kan også lagast i andre materialer. Du er velkommen til å endre og trikse med både materialer og mønster så mykje du vil og lage tøfler til heile familien din og alle dine venner, men ikkje bruk min framgangsmåte som grunnlag for salg av tøfler og selg heller ikkje framgangsmåten/mønsteret. Dersom nokon lurer på kor du har fått det frå er det fint om du sender dei til http://ohelene.net/blog der dei sjølv kan finne seg ein kopi.

Så set vi i gang! Klipp ut to solar, to overdeler og to hælkapper. Mine tøfler har lik høgre- og venstresko, noko som er ein fordel for ungane som alltid ser ut til å klare å bytte om høgre og venstre sko. Det er også lettare å lage to like sko enn to ulike.

I tillegg til dei tre delene nevnt treng du ei list som skal skjule strikken rundt hælen: Du treng òg ei list eller anna pynt som skal skjule strikken som går gjennom overdelen. Pynten på overdelen er der du verkeleg kan boltre deg kunstnerisk. Her har eg valgt ein enkel blomst.

Klipp eller trykk hol i overdelen der strikken skal gå gjennom. Eg brukar tang til dette men det går òg fint an å klippe to hakk der strikken skal gå gjennom.

Sy fast hællista på hælkappa. Eg brukar ei list som er 1 cm breidare enn strikken, i dette tilfellet 2 cm. OBS berre ein kant først. Klipp lista til i samme lengde som hælkappa. Eg brukar å ha denne ca. 0.75-1cm nede på hælkappa fordi det igjen hindrar hælkappa i å snurpe seg sammen. Om du legger denne kant i kant er det kanskje lettare å få fint, men tenk då på om du må ta av litt av høgda på hælkappa. Legg inn strikken under hællista. Sy fast andre kanten mens du passar på med fingrane at du ikkje syr i strikken.

Så er det overdelen sin tur. Dekorer som du ynskjer men pass på å ikkje sy i kanalen som skal vere mellom dei to hola. Der skal du kunne dra gjennom strikk om litt.

Montering.
Overdelen og sålen blir sydd saman rett mot rett fyrst. Pass den til slik at den går like langt fram på begge sider. Finn midten på sålen framme og midten på overdelen og gå ut frå desse. Bruk gjerne binders, klyper eller teip for å halde på plass dersom du syns dette er vanskelig å gjere berre med hendene. Skinn er ikkje så takknemlig når det gjeld å sprette opp så du må få det til første gangen (eller til naud andre gangen).

Hælkappa skal syast på med litt overlapping over overdelen. Det er her det kan bli hardt for symaskina. Sveiv om nødvendig fram sting for sting og ta det med ro. Ikkje dra i skinnet, spesielt ikkje viss du brukar mjukt skinn eller pels. Pass på at du ikkje syr fast enden på strikken når du gjer denne siste operasjonen.

Tøffelen er ferdig sydd på maskin; no gjenstår berre å feste strikken og det må gjerast før vrenging. Dra den eine enden av strikken gjennom dei to hola på overdelen. Eg likar å gjere dette med sikkerhetsnåler festa på begge endar fordi det då er lettare å hindre at strikken blir dratt inn i hællista. Du kan også bruke eit pinsett el.l. Pass til omkretsen rundt ankelen i forhold til barnet som skal ha tøffelen på. Har barnet høg vrist eller er god og lubben strammar du mindre enn om det er ein slank fot som skal nedi. Sy saman med nokre sting for hand og klipp av overflødige strikk. Roter strikken slik at skøyten vert skjult inne mellom hola i overdelen.

Vreng skoen og gjenta prosessen for sko nummer to. Studer stolt det ferdige tøffelparet og prøv å ikkje vekke barnet ditt sjølv om du har lyst til å prøve skoen på med ein einaste gang.

Mønsteret går frå ca str. 18 til 46 og inneheld mønster til å tegne av/printe ut til annakvar størrelse. Nokre av mønsterdelene er mot brett. Dersom du ikkje får til å printe ut riktig størrelse kan du enten endre størrelse i kopimaskin eller bruke den størrelsen som passar etter mål uavhengig av kva som står på den i utgangspunktet.Sybeskrivelsen kan du laste ned gratis HER og mønsteret HER (pdf-filer). NB! Når du lastar ned godtar du å ikkje bruke det til å produsere for salg!

Lukke til med saumen. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

English pattern/tutorial.

Tags: alle · sybeskrivelse · søm · tøfler

16 responses so far ↓

  • 1 weirdbunny // Sep 14, 2006 at 11:41 pm

    How amazing, thank you!

  • 2 Liv Kjersti // Sep 15, 2006 at 7:04 pm

    Må berre seie tusen takk! Dette har eg kjempelyst å prøve meg på!

  • 3 Moccasin // Sep 15, 2006 at 8:25 pm

    Tusen røde roser til deg! Utrolig generøst av deg å dele mønsteret med oss. Jeg blir nesten litt rørt også!! Jeg vet hvor arbeidssomt det er å pirke til mønstre, så dette setter jeg veldig stor pris på. Så får vi se om jeg klarer å få ut fingern såpass at jeg får brukt mønsteret…. :) Uansett er det godt at jeg har deg i “kidden”, slik at jeg kan bestille tøfler fra deg hvis jeg aldri kommer så langt! ;) Riktig god helg til deg,Ohelene!!!

  • 4 Amy // Oct 1, 2006 at 4:51 pm

    Thanks so much for sharing this pattern…

  • 5 Joanna // Oct 3, 2006 at 6:45 am

    Wow–this is so generous! I’ve printed it out and am looking forward to trying out your pattern.

  • 6 Roberta // Oct 18, 2006 at 6:24 am

    Thank you for sharing your pattern and instructions, I am looking forward to trying it out for my son.
    Roberta :)

  • 7 Kerstin från Hobbyboden // Dec 27, 2006 at 3:33 pm

    O Helene!!
    Så jääääättesnällt att lägga ut mænstret och gæra dig besväret med så tydliga instruktioner!!

    Tack så väldigt mycket!

    God fortsättning på julen!!
    Kram/klem
    Kerstin

  • 8 Su // Jan 9, 2007 at 10:03 pm

    Hello Helene, I am very sadly, because I do not know your shoes expressions, the control small box am ever smaller with me than 2 cm. what can lie? I have page layout 210×297 cm as standard. Thanks, Su

  • 9 siw // Apr 8, 2007 at 2:33 pm

    Tusen takk for at du vil dele mønsteret,Helene. Har sett på de søte tøflene dine lenge.Nå har vi ei småpie i familien og med så gode forklaringer så blir det nok skinntøfler til jul.

  • 10 Rossy // Aug 25, 2007 at 12:37 am

    Están hermosisimos los zapatitos, me encantaron, muchas felicidades!!!

    Hermosillo, Sonora

  • 11 Jo Johannsen // Oct 4, 2007 at 12:10 am

    cute, cute and so clever

  • 12 Anne // Feb 20, 2008 at 11:39 am

    Helt genialt!
    Tusen takk for at du deler oppskriften med oss :)
    Har allerede fått laget fire par, og jeg startet i går!
    Så enkelt hadde jeg aldri trodd at det skulle være!
    Litt utfordernde å få symaskinen til å samarbeide med de tykkeste skinnene, men..
    Så gøy :)

    Deilig å ha julegavene klare til alle barna nå allerede!

  • 13 astrid // Mar 13, 2008 at 6:23 pm

    So easy but amazing! I´m already making my expected niece/nephews first pair of shoes in orange and brown soft leather! And I think there will follow a whole collection! Thanks a lot again..!!

  • 14 Schuhe - Linkliste (shoes, grolles) | Kostenlose Schnittmuster // Sep 7, 2008 at 9:06 pm

    [...] Hausschuhe 4 [...]

  • 15 Amber // Sep 29, 2009 at 7:56 am

    I am so excited to try your shoe pattern out! Just curious, but where are you located? The shoes are beautiful!

  • 16 Vibeke // May 31, 2010 at 11:04 am

    Oi, dette så gøy ut. Takk for flott oppskrift med god beskrivelse og flotte bilder.

Leave a Comment