Se min kjole

…den er rød som rosen. Ein Sukkertøykjole a la Klinke(kul)t etter mønster frå boka «Made By Me», som ein kan lese om i «alle» bloggar no om dagen. Eg har òg ein kopi av den etter at far min spanderte den på meg i bursdagsgave. Eg har ikkje eigentleg bursdag no, men det syns ikkje nokon av oss var så nøye. Boka er nett så fin som eg håpa den skulle vere, og jammen meg vart det nokre nye bloggar på leselista mi òg. Klinkekult er ein av dei.

Min versjon av kjolen vart til av eit ribbstoff med dårlig strekk (sjølve kjolen), pluss litt restar av raud isoli (ermene) og velour (bærestykka).  Over saumen under bysten har eg sydd på eit pynteband med hjarter. Kjolen er rask å lage og sit rimelig godt på. Eg sydde ein størrelse M og det var ikkje så aller verst til meg. Litt knapp høgde til bysten (treng saggemonn etter fire omgangar amming), men i beste poseringsstil er det ingen som ser det.

Kler eg raudt då forresten? Tja. Men eg blir glad av fargen, så då regnar eg med at det blir bra uansett.

7 thoughts on “Se min kjole”

  1. Kjolen ble kjempefin. Likte snittet veldig godt, da det så ut til å ha en god passform. har så vidt hørt om boken, men skjønner nå at jeg må sjekke den ut. – Helt imponert over at du rekker å være så produktiv med 4 små barn!

  2. Så fin!!! Ser ut som den sitter veldig bra syns jeg. Om sømmen på bryststykket kommer litt høyt opp er det bare å flytte den ned noen cm. Man legger til nede på bærestykket og trekker fra tilsvarende på skjørtedelen. Husk å gjøre det samme på ryggen om du vil at de skal ha samme høyde;). Du er forresten hjertelig velkommen til den andre bloggen min også om du vil (litt mer aktivitet der enn i klinkekult-bloggen): http://creativecornerofme.blogspot.com/

    Fortryllende fin helg til deg!

Legg att eit svar til Helles Syskrin Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.