2014-06-30 19.20.01

Vinyltrykk – bestilling

5 out of 5 based on 1 customer rating
(1 customer review)

 

Hjå meg kan du bestille motiv i vinyl som du sjølv overfører til tekstil med varme (t.d. strykejarn). Det kan vere nesten kva som helst av tekst eller motiv, så lenge det ikkje er av motiv som er beskytta av kopiretten. Trykk kan òg ha fleire fargar. Ta kontakt for spørsmål om du har ynskje om at eg skal lage noko til deg!

Trykket får du tilsendt i posten med utførleg anvisning for bruk. Trykka skal kunne påførast med strykejarn.

Berekne tre arbeidsdagar før vara blir sendt etter at betaling er motteke. Gi beskjed ved første kontakt om du ynskjer å bestille som hasteordre!

Om eg må bestille inn fargar eller kvalitetar eg ikkje har på lager, vil dette ta ekstra tid.

 

Send førespurnad om bestilling

Kategori: Merkelapp:

 

Vinylen finst i ulike fargar og kvalitetar; glatt, velouraktig (flocked), med glitter og refleks.

Prisen på ferdig produkt vil du få når vi har kome fram til størrelse og utforming på bestillinga di. Prisar startar på 50 for glatt vinyl og frå 60 på glitter, flocked og refleks. Alle prisar i min netbutikk er inkludert porto.

På produkt med tekst kan du i utgangspunktet velge mellom mange ulike fontar, og det hjelper meg i utvelginga om du har tenkt ut på førehand om du ynskjer ein font med serifar, ein leiken font, ein med swirlar eller kanskje ein tjukk plakatfont. Eg må òg vite om du ynskjer berre store eller store og små bokstavar i kombinasjon.

Berekne tre arbeidsdagar før vara blir sendt etter at betaling er motteke. Ta kontakt om du ynskjer å bestille som hasteordre. Om eg må bestille inn fargar eller kvalitetar eg ikkje har inn vil dette ta litt ekstra tid.

Eg kan lage trykk av barnetegningar (tillegg kr 50 for digitalisering av tegning) dine bilder (frå kr 100-150 i tillegg for digitalisering av dine bilder til kutteformat) og elles lage motiv med kombinasjon av tekst og bilder/illustrasjonar.

Tilleggsopplysingar

Størrelse på ark

A4, A5

Figur

oval, firkant, katt, sykkel, ugle, sau, splash

1 review for Vinyltrykk – bestilling

  1. 5 av 5

    :

    Veldig fornøyd med servicen herfra! Raske svar på alle mine spørsmål, rask levering, og god veiledning og hjelp til hvordan jeg kunne få best mulig resultat.
    Anbefales på det varmeste! <3

Skriv ei vurdering

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *