Trace silhuettbilder (versjon 4.1)

Trace silhuettbilder (versjon 4.1)

Til denne leksjonen kan laste ned bildet under til eigen pc ved å høgreklikke og lagre. Merk deg kor du lagrar fila. Det kan vere lurt å lage ei eiga mappe for bilder til bruk i Silhouette Studio på datamaskina.
katt

Bildet i denne leksjonen har heildekkande farge. Eit av dei mest stilte spørsmåla rundt tracing av denne typen bilder er korleis man kun kan få ei enkel linje rundt og ikkje ende opp med linjer inni i tillegg.

Opne Silhouette Studio. Trykk på File i toppmenyen til venstre og velg open. Finn fila di der du har lagra den. Dobbeltklikk på denne eller merk den og trykk ok. Denne korte filmen viser korleis du kan opne eit bilde inn i arbeidsfeltet du har aktivt og scalere det ved å dra i hjørneklossen.

Når du har bildet i den størrelsen du ynskjer det er du klar til å trace. Trykk på ikonet for Open Trace Window i meny loddrett til høgre – knapp nummer 5 frå toppen. Velg Select Trace area og tegne eit tracevindauga over heile bildet ved å klikke og holde museknappen utenfor i eit av hjørnene og dra diagonalt over tegninga medan du held museknappen nede. Slepp når du har dekka heile bildet. Om du bommar eller lagar for lite vindauga kan du endre dette etterpå ved å dra i firkantane i hjørner eller sidekantar.

Til skilnad frå versjon 3 har man i versjon 4.1. av programmet High Pass Filter av som standard, noko som passar bra for denne typen bilder. Vi er ute etter å få heile bildet dekka av gult før vi trykker på trace. Viss ikkje det er dekka av gult vil vi få ekstra kuttelinjer der vi har «hull» i fargen. I programmet kan du velge å ha på heildekkande farge (solid fill) eller linjer (outline) i forhåndsvisninga. Tracinga blir eksakt lik uavhengig av kva du velger men mi erfaraing er at det er lettare å sjå kva resultat du faktisk får med innstilling outline. Her kan du sjå dei to ulike innstillingane zooma inn på samme stad.

 

På øverste bildet ser det ut som om vi vil få eit veldig ujavnt og hakkete resultat, men dette har kun med oppløysninga å gjere. Trykk på øverste ikonet – trace og du har ferdig kuttelinje.

Her har eg traca med både innstilling outline og solid fill og farga dei med raudt og blått. Eg har forskjøve dei litt for at du skal sjå, men dei er heilt identiske. 

Når du har traca kan du gjere som du vil med sjølve bildet, men det kan vere greitt å legge det til side så du ikkje forvekslar bilde og kuttelinjer.

Om du vil fylle kuttelinjene med farge for å sammenligne resultatet kan du gjere det ved å merke objektet ved å klikke på det og så velge farge enten frå hurtigmenyen oppe til venstre eller frå fill-menyen i høgre loddrette meny.

Vi øver på eit ekstra bilde for å vere sikker på at du hugsar gangen i det. Begynn me då laste ned dua med kvist under. Høgreklikk og lagre.

1. Opne bildet i Studio og endre størrelsen på bildet slik at det ikkje er alt for lite.

2. Velg Open Trace Window

3. Velg Select Trace Area

4. Merk bildet med traceramme

5. Sjekk om du får dekka med gult det du treng å få dekka (= i dette tilfellet alt svart)

6. Trykk på Trace

7. Dra bildet til side og fyll tracelinjene dine med farge for å sjekke.

8. Om ikkje du er fornøgd kan du alltids bruke ctr + z for å angre tilbake – eller slette tracinga og trace på nytt. Gå i tilfelle tilbake til punkt 2.

 

 


 

One Response

  1. Heidi N. sa:

    Veldig bra at du lager slike kurs i bloggen din. Dette var enkelt og greit å forstå. Takk for at du deler.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *