Trace linjetegningar i versjon 4.1.

Trace linjetegningar i versjon 4.1.

—Skjermbildene i leksjonen blir større når man klikkar på dei

Last ned bildet av fjæra under til eigen pc ved å høgreklikke og lagre. Hugs kor du har lagra fila. Det kan vere lurt å lage ei eiga mappe for bilder til bruk i Silhouette Studio.
fjaer
Opne Silhouette Studio. Trykk på File i toppmenyen til venstre og velg open. Finn fila di der du har lagra den. Dobbeltklikk på denne eller merk den og trykk ok.

 

Velg ikonet transform i høgre meny. Pass på å trykke på hengelåsen for å holde på forholda mellom høgde og breidde og endre størrelsen på breidda til 20 cm/8 inches. Eg gjer dette for å ha litt størrelse å jobbe med. Det ferdige traca bildet kan skalerast utan tap av kvalitet, men bilder kan ikkje det, men man slepper unna med ein del ;)  Eg får opp eit varsel opp ei venstre hjørne at bildekvaliteten kanskje ikkje er god nok, og  dette gjeld bildet du har importert. Denne gangen vel vi å oversjå dette.

Valg av cm eller inch i Silhouette studio gjer du inne i innstillingane. Desse kan du få tilgang til enten ved å trykke på tannhjulet nede i høgre hjørne, ved å trykke Edit + Preferences i menylinjene eller trykke Ctrl + K. Under General i menyen som kjem opp til høgre kan du endre måleeining, språk og anna.

Trykk på Open the Trace Panel i menyen i loddrette høgre kant. Trykk på øverste ikonet i menyen som kjem fram, dvs Select Trace Area. Dra ein firkant rundt området du vil trace, her tar vi heile tegninga: Klikk og hold museknappen medan du drar musepeikaren diagonalt over heile tegninga til du har ramma inn området du skal trace. Om du ikkje får ruta stor nok eller bommar kan du endre denne etterpå ved å dra i dei små firkantane i hjørner eller sidekantar.

Aktivt traceområde er alltid gult og du kan velge mellom å ha det som heildekkande gule felt eller som ytterlinjer. Det siste er det som vil tilsvare dine kuttelinjer. Uansett ynskjer vi at det gule fyller heilt ut det svarte her og dette tilfellet å få det gule til å bli identisk med det svarte. Eg set på High Pass Filter på 5. High Pass filter er den funksjonen som finner kontrastar i bildet og er god til å få fram detaljar.

Her er orginalbildet øverst, tracelinjene i midten og traca motiv uten linjefarge men med svart fyllfarge nederst. Du har no gjenskapt bildet i vektorformat og kan endre størrelsen på motivet uten at det forringar kvaliteteten.

Her har du eit bilde til du kan øve på. Lagre ved å høgrekikke som på det første bildet og gjer igjen som eg har forklart over her.

sau

(Bilder frå Pixabay.com)


 

2 Responses

  1. Liv Jakobsen sa:

    Dette var en UTROLIG flott forklaring, steg for steg, for meg som NYBEGYNNER, og må ha det inn med t-skjeer. TUSEN TAKK.
    Har du en like god og steg-for-steg forklaring på å gjøre litt tynne/smale fonter bredere?
    Hadde vært takknemlig for svar:-)
    Ha ei supergod helg:-)
    Hilsen Liv :-)

    • ohelene sa:

      Tusen takk for at du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar. Eg har ein bloggpost under arbeide på dette med å gjere tynne fontar tjukkare. Men sidan bloggen og alt dette er hobbyfor meg så har det blitt litt nedprioritert ei stund. Følg med så dukkar den nok opp etter kvart!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *