Månad: mars 2011

Juhu!!

Nøstebloggen har hatt ullvøltema og eg meldte meg på konkurransen med ein ullbody som eg hadde sydd om til kjole. Og jammen vann eg ein av premiane! Gavekort på kr 1000,-. Trur det må bli litt garn og eit plagg til meg sjølv. Gratulerer herved alle dei andre vinnarane og takkar for premien. I gledesrusen ;) deler …

Juhu!! Read More »

Pompom

Eg syns det engelske navnet på duskar er så artig så difor får det lov til å bli tittelen i dag. Ja, og så handlar det jo faktisk litt om pom pom-ar eller duskar her ;) Lua i Abuelita tretråds tynn merino er ferdig, og den vart omtrent slik eg ville den skulle bli. Kunne kanskje …

Pompom Read More »

Tass, tass, tass

Fort fort tassar dei nye tøflene over golvet med vetlesysta sine nakne tær inni. Tær som kjem til å vere fulle i hår når tøflene skal av til kvelden sidan støvsugaren vår rauk i dag. Sammenhengen? Jo, når ein klipper/skjærer i pels så blir det veldig mykje laushår (om ein ikkje klipper berre i skinnet – men det …

Tass, tass, tass Read More »

Brette lime stappe

Eit materiale eg ikkje har brukt så mykje før i mine hobbyar er papir. I dette tilfellet eit gammalt teikneseriehefte. Litt gulna i kantane men det gjer ingen ting for det eg lagar, som tross alt er forventa å vere eit eingangsprodukt: godteposar til vekas sjuårsdag. Papiret var litt sprøtt og rivna lett, så ideelt sett skulle eg sikkert …

Brette lime stappe Read More »

Sum sum

Ja symaskina den surrar og går. Tøflene eg tok opp bestilling på vart ferdige i dag når vetlesysta sov ein microdupp (ho har feber og søv urolig både natt og dag). Her er det eine paret. Det andre er i samme farge, men har navn frampå. Sidan vetlesysta ikkje var så lysten på å sove …

Sum sum Read More »