Månad: september 2008

Smykkelaging

Handarbeidet mitt for tida er ringsmykker. Eller rettare sagt armband. Dette i sølv er eldstejenta mi sitt, og det andre skal ein kollega ha. Må berre få laga ein lås først, og det har eg ikkje prøvd meg på før. Kjedene er ikkje perfekte, men eg kosar meg med å lage dei, og spesielt kongekjedet …

Smykkelaging Read More »

Litt handicapsøm

I dag er det den uheldige minstemannen i huset som har fått nyte godt av mammaen sin søm. Ei ny pute til rullestolen (den orginale vart litt våt ved eit uhell). Stoffet er kjøpt hjå Hartsfabric. Ei joggebukse har fått borrelås og glidelås slik at den enkelt kan kles av og på guten i sittande eller liggande tilstand.

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje. No …

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem. Read More »