Månad: mars 2007

Hagedag i stein

I dag i finværet har eg lempa stein i ura til fingrane vart blå (og raude) og ryggen gav ein liten ulyd. Håpar eg berre har strekt strikken ørlitt for langt og at det går over av seg sjølv. No har eg jobba meg tre-fire meter bortover frå steintrappa mi. Resultatet er at det går …

Hagedag i stein Read More »

Naturbilde – veke 12

Dette bildet frå ein bekk/ei elv ikkje så langt unna heimen vår er mitt fyrste bidrag til naturbildealongen. Vatn er eit spennande motiv som eg likar godt å ta bilde av – både som is, som snø og i levande, rennande bekkar og elvar. My first contribution for the nature photo along.

Naturfoto

Eg var ute ein tur i ettermiddag og såg på vårtegn. Bekken som går lystig igjen enkelte plassar og som andre plassar smeltar snøen akkurat nok til at den viser i terrenget. Bjørka står enno naken her hos oss, men det er berre snakk om nok varme dagar no før den begynnar å livne til med …

Naturfoto Read More »

Kulturspiren

Her i  bygda har vi ca annakvar laurdag eit kanonflott opplegg der ungar frå 5-15 år kan vere med på ulike hobbyaktivitetar (yngre barn kan vere med sammen med foreldrene). I dag var det maling, spikking, påskeverkstad, ballongfigurar, «quick knit»Â og drama. Våre to jenter var innom maling, ballongfigurar og påskeverkstad før vi var godt fornøgde. Kulturspiren har både funne fram …

Kulturspiren Read More »

Påskegave

Min hemmelige venn på Ringblomst har gått heilt av skaftet og sendt meg den perfekte gava!! I dag ringte det på døra og blomsterbudet stod der med den nydeligaste oppsatsen av gule blomster og kalaer (trur eg; blomsternavn er ikkje mi sterkaste side). Når eg hadde løfta oppsatsen ut på bordet hogg eg tak i det lille …

Påskegave Read More »

Stoffmysteriet løyst!

Liv-Toril slo ikkje berre til med eit stoffmysterium i to variantar, men hadde òg laga til eit bonusmysterium. Eg valgte å oversjå bonusutfordringa i denne omgangen men kosa meg med hovedmysteriet. Mønsteret er henta frå boka Lappesprell og quiltestreker av Hanne Asplin Firman og brukt med løyve frå forfattaren. Resultatet er ein liten pung med plass til …

Stoffmysteriet løyst! Read More »

Ballerino!

Når ein er lillebror til to jenter har ein ofte lyst å gjere det samme som dei. Jentene går på klassisk ballett (foreløbig myldreballett) og minstemann er veldig svingande i om han har lyst å prøve eller ikkje. Ã… bestemme seg hastar jo heller ikkje når ein ikkje ein gang er fylt tre år. Men …

Ballerino! Read More »