Kategori: strikking

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Baby i hus og tid til alt anna enn blogging

Tida fyk med baby i hus (og dei krev litt tid dei fire andre òg). Eg tenker innimellom at eg skulle nett ha blogga ditt og datt, men så er tanken borte like fort som den kom. Eg har imidlertid laga både det eine og det andre sidan sist blogginnlegg. Eg har sydd ein del…
Read more

Småttisklede

Småen i magen begynnar å nærme seg dato for lansering. Noko eksakt dato har han eller ho ikkje klart å gje meg, men så langt ut i juni blir det i alle fall ikkje. I dag har eg vaska opp litt klede for å ha slik i starten og vi hadde klar overvekt av bodyar.…
Read more

Har du lyst på den nye syboka «Handmade» heilt gratis?

Eg har tidlegare fortalt at eg har vore så heldig å få vere med i ei ny sybok som kjem ut no i april. No nærmar boka seg med stormskritt, og eg har fått lov til å lodde ut eit eksemplar i bloggen min. Boka er hovudbok i Hobbyklubben  no i april! Om du vil vere med…
Read more

Småplukk til eit lite knøtt

Vi (les: eg) begynnar så smått å kome i reirbyggingsmodus. Det er vel ikkje så rart i og med at våren er rett rundt hjørna ;) Av plagga her var det første eg laga ribbebuksa i Kauni (EQ og EC). Eg prøvde meg på første gang på å strikke med Magic Loop og første møte med…
Read more

Karneval og strikketid

Februar er tid for karneval, og sjølv om eg ikkje alltid er like entusiastisk i forhold til krumspring utover kvardagen så prøver eg å stille opp. Når det så er toåringen som skal i veg er krava (heldigvis) ikkje alt for høge. Jentungen ville vere «pus» på karnevalet i barnehagen og det hadde vi ikkje…
Read more

Juleribb(er)

Her i huset er det pinnekjøt det går i i jula, men på hobbyfronten endar eg ofte opp med strikketøy når det er som mørkast ute. Det er då vi er samla alle inne om kveldane og å sitte med strikketøy er tross alt litt meir sosialt enn når eg set meg med symaskina. Så…
Read more

Toveis

I vinterferien begynte eg på ein «toveis» kjole etter mønster frå Pickles til vetlesysta. Godt mjukt garn og fine fargar, men akk så tidkrevande mønster. Den har dessverre blitt liggande urørt etter at eg kom heim igjen. I kveld skal eg plukke den fram og sjå om eg kan få den til å vekse litt…
Read more

Oisann

her var det visst lenge sidan sist post. Betyr i grunn berre at dagane fyk utan at eg får prioritert å bruke tid på å blogge. Litt handarbeide har det vorte likevel. Mellom anna har vetlesysta fått seg ein Oslo anorakk i Abuelita multi frå Pickles. Eg har brukt andre fargar enn i forslaga hjå…
Read more

For 1500 kroner i garn!

Eg skal fortelle om den o-store-garnhandelen, men først vil eg vise fram nokre skinntøfler som eg har sydd siste dagane. Dei med navn på er forhåpentlegvis snart framme hjå sin nye eigar medan dei tre andre er ledige på markedet. Innermål hhv 11cm (lilla) og 12,5 cm (beige og burgunder). Vetlesysta som er 15 månader…
Read more

Kva gjer vel eit par-tre år til eller frå

Ja det er størrelsen på Nøtteliten-rulle-gensaren eg snakkar om. Sidan den vart litt vidare enn den skulle sjølv om strikkefastheita på garnet stemte sånn ca, strikka eg den litt lengre i bolen enn i oppskrifta. Og sidan bolen vart så lang så måtte ermene få bli litt lengre dei òg. Og enno litt lengre. Ja,…
Read more

Nøtteliten

Eg held fortsatt på med prosjektet med å bruke opp ein del av garnet eg har liggande. Dette garnet var kjøpt på Nille til nisselue, men viste seg å vere alt for tynnt (der har du meg og garnkunnskap). Å strikke med dobbel tråd tenkte eg ikkje på, så eg «ofra» eit anna type garn…
Read more

5års bloggjubileum og litt action

5 år med blogging på ohelene.net har det blitt! Eg blogga ei stund før det òg, men første post som vart skriven i denne bloggen vart skriven 24. April 2006. Den gamle bloggen eg nevner i den posten er borte-borte-vekk, slik det jo er med Internett. Noko vil ein gjerne skal bli borte og det blir…
Read more

Zebra, Viking og Ninjago

Den lilla vesten har eg strikka av garn eg hadde igjen etter eg strikka «Thesas Baggy lue» til eldstejenta. Garnet er Viking superwash og mønsteret er Non-stop trøya størrelse 0-2 år. Denne legger eg nok bort til å ha til hausten eller vinteren igjen. Zebragensaren er strikka av nesten eit nøste med Opal Zebra. Eg brukte masketalet frå Non-stop…
Read more

Juhu!!

Nøstebloggen har hatt ullvøltema og eg meldte meg på konkurransen med ein ullbody som eg hadde sydd om til kjole. Og jammen vann eg ein av premiane! Gavekort på kr 1000,-. Trur det må bli litt garn og eit plagg til meg sjølv. Gratulerer herved alle dei andre vinnarane og takkar for premien. I gledesrusen ;) deler…
Read more

Pompom

Eg syns det engelske navnet på duskar er så artig så difor får det lov til å bli tittelen i dag. Ja, og så handlar det jo faktisk litt om pom pom-ar eller duskar her ;) Lua i Abuelita tretråds tynn merino er ferdig, og den vart omtrent slik eg ville den skulle bli. Kunne kanskje…
Read more

Ingen «dillestrikkar» eg nei

   Eg skreiv tidlegare at eg tenkte å strikke ein genser/tunika til vetlesysta. Gensar med ein del mønster og fletter. Men eg kjem meg ikkje  i gang med den. Mellom anna er eg usikker på korleis eg best skal auke både først og sist på samme pinnen. Bryte tråden? Heller auke sist på kvar pinne…
Read more

«Filtede hjemmesko»

Tova tøfler er kjekke fotplagg og sidan eg aldri kom i mål med jakka eg skulle strikke i Fritidsgarn har eg rikelig med garn til tøfler. I leit etter ei god og enkel oppskrift (hadde ikkje så lyst til å strikke stooore sokkar og tove) kom eg på å søke på Dansk. Det burde jo…
Read more

Vinterferie og hobbyplaner

Neste veke er det vinterferie her og om vêret blir som i dag så blir det flott å vere ute. Like fullt legger eg planar for inneaktivitetar sidan det tross alt er avgrensa kor mykje utetid ei snuppe på snart 11 månader kan ha i 10 kalde grader som i dag. Eg kan ikkje nekte…
Read more

Ingen lause trådar

Å feste trådar etter at ein er ferdig med strikkearbeidet er vel bortimot det kjedligaste ein kan finne på. Ikkje blir det så fint heller å berre skulle sy inn trådane på baksida. På nokre arbeid som skjerf og tepper finst det jo heller ikkje ei bakside. Heldig då at det finst måtar å bytte…
Read more

Teshas baggy lue

Ja, lua var rask å strikke den! Ferdig like før leggetid sundag kveld. Fargen meir lilla enn den ser ut på bildet, men slik er det gjerne med blitz. Eg fekk lyst på lua sjølv, så avtalen no er at om eg strikkar ei til til henne – i lyseblått garn – så skal eg få denne.…
Read more

Ferdig og eit dilemma

Lua er ferdig, men modellen var ikkje spesielt imponert. Var berre såvidt eg klarde å få fanga den med kameraet før ho klarde å rive den av seg. Mulig eg strikkar på snorer og øyreklaffar eller berre snorer. Men kva skal eg gjere no? I dag var vi og kjøpte garn til lue til eldstejenta…
Read more

Mens eg tenkte og mens eg ventar

Mens eg tenkte på kva eg skulle strikke for noko fint (ref. forrige post) vart eg inspirert av nabojenta på 8 til å strikke ribbestrikka nøstebarnvottar. Ja, mora hennar har òg strikka nokre par og eg kunne ikkje vere dårligare. Sant å seie er vottar noko eg aldri har fått til, men desse var enkle og…
Read more

Eg har lyster

Ja, altså det kan vere så mangt man har lyst til, og eg har nok ikkje verken færre eller fleire lyster enn andre. Men nett no har eg altså lyst til å strikke dette settet frå Norsk Husflid nr. 4 i 2010. Bladet/bildet er litt krøllete av å ha vore passasjer i strikkekorga sidan det…
Read more

Eitt nøste her og eitt nøste her

Det blir fort nokre nøster når ein handlar garn på nett. Eg er nok ikkje den største hamsteren når det gjeld garn, men lageret har auka sakte og umerkeleg. Difor har eg bestemt meg for å prøve å lage noko av garnet eg har (og stoffet eg har – men det er ein annan historie…
Read more

Eg veit kva eg sa om å skrive oppgåve…

…men garnet var så fint og eg hadde så lyst på litt anna å gjere. Så oppgåva ligg litt på sida nett no. Eg lovar meg sjølv å skrive vidare på oppgåva i morgon. Eg prøver meg altså på ein ribbegenser med utgangspunkt i «Baby i rib» som eg strikka alpakkavesten frå. Klarar ikkje heilt bestemme meg…
Read more

Litt meir strikking

Det har blitt tid til enno litt meir strikking i det siste. Først ut ein vest i ribb av alpakkagarn. Nydeleg og mjuk! Skulle hatt ein slik ein sjølv – men med så tunnt garn er det ikkje til å tenke på å få ferdig eit plagg i vaksenstørrelse for meg. Eg har òg strikka…
Read more

Sommarstrikk

I sommar har det blitt mykje strikking. Ein hobby som ein kan ta med seg på verandaen og elles rundtomkring der ein måtte like å opphalde seg. Sidan vetlesysta brukar tøybleier treng ho litt ekstra med ullbukser. Den turkise med lilla striper øverst på bildet passar no, medan den mangefarga underst nok må ligge på vent eit…
Read more

Pickles merino møter Nøstebarn

Denne lua er strikka etter (sånn ca) oppskrifta på barnelue med øreklaffer frå Nøstebarn-boka. Garnet er «ekstra fine merino» frå Pickles. Fargen heiter «Sjokolade» – noko som jo passar litt for godt til meg! Eg syns lua i oppskrifta var veldig høg i panna så eg runda den av litt før oppskrifta seier at ein skal. Garnet er…
Read more

Fargehobby

Sidan sist post berre  hadde kvite plagg, kjem det litt meir fargerike ting denne gangen. Først ut er ein «koseklut» eller leike som eg sydde her ein dag. Den likar ho veldig godt å leike med, spesielt juksepelsen og lappane. Eg har sydd bånd og lappar rundt heile kanten og lagt inn ein liten pose…
Read more

Buksestrikk og buksesøm i kvitt

Først ut i dagens skryt er ei bleiebukse, som dessverre vart i minste laget. Mjuk og god i dobbel (trippel i skrittet) merino ulljersey. Eg kjem nok til å sy fleire slike, men i litt større størrelse. Denne er det kanskje nokon andre som vil overta? Det er fullt mogeleg å farge denne typen ulltøy.  Eg har…
Read more

Eg er nok litt gal…

…iallefall etter eigen standard. Eg vurderer nemlig seriøst å bruke tøybleier til babyen. Eg har sydd nokre alt-i-eitt (AIO) bleier litt sånn for å sjå kva det går i, men tenker å prøve brettebleier med ullbukse utenpå til å begynne med. I går kveld fann eg fram noko lanolingarn (Nøstebarn?) som eg hadde liggande og…
Read more

Litt strikka og litt sydd

Det er stadig vekk krabaten i magen som blir tilgodesett med alt av mammas håndarbeidstid. Nesten iallefall. Har på gang ei Waldorfdukke saman med mellomsta, men den får vi vise fram når den har fått fjes og hår – om vi (les: eg) får det til. Denne buksa er strikka i str. 0-1 år etter mønster…
Read more

Dinosaurlue – med ein vri.

Denne er sydd etter mønster på Dinolue i boka «Blødt Børnetøj». Eg har forlenga taggane med omtrent det doble slik at det vart ein hale bak. Minsten syns den var kul, men vi fekk oss ein nedtur då første utgava var sydd med strekken feil veg.   Eg klipte av taggane og brukte på ny…
Read more

Strikkepinneveske etter mønster frå Giram

Eg kjøpte mønster til denne pinneveska frå Giram med ein gang ho la den ut, syns den var berre så genial, og til skilnad frå ein del andre mønster eg kjøper/lastar ned – uforbederlig mønstersamlar som eg er – har eg faktisk sydd frå dette mønsteret! Eg held fast ved kommentaren eg gav Giram med det…
Read more

Strikketid – Time for knitting

Jul er strikketid for meg. No er ikkje jula heilt komen, men eg er likevel i strikkemodus. Eg har aldri strikka vottar før (som eg kan hugse) men likevel har eg strikka to par vottar siste veka. Det syns eg at eg kan få skryte av. Dette paret er strikka i Sportsgarn (mørk farge) og…
Read more

25 mm rain last 24 hours

Det regnar kraftig for tida. Og det har såvidt vore vinter. Regnmålaren er ikkje alltid å lite på sidan eigaren (eldstejenta på 7) ikkje tømmer den kvar dag, men det har iallefall vore både regn og kaldt siste dagane viss ein skal dømme etter isklumpen frå regnmålaren. Ungane nådde til og med å bygge ein…
Read more

Bloggsperre og håndarbeidssperre

men shopping klarar eg visst fortsatt. I går fekk eg desse to flotte bøkene i posten frå danske elounge.com. Forhåpentlegvis inspirerer bøkene meg til å kome i gang med sying igjen. Den siste tida har symaskina nesten berre blitt brukt til å reparere tøy. I seem to be unable to do either blogging nor crafting…
Read more

Stao no pao! Naughty knitting.

Eg har hivd meg på strikking igjen! «Strikk7 naughty knitting» er eit prosjekt som har som mål å sette strikking på dagsorden. Ein liten del av dette prosjektet er ein konkurranse mellom fotballklubbane Brann og Sogndal (derav «Stao No Pao») om å strikke det lengste fotballskjerfet. Sogndalstilhengarane (inkludert meg) strikkar altså i kvitt og svart og…
Read more

Babyteppe til ein stor gut. A baby blanket for a young boy.

I kveld vart eg ferdig med teppet til minstemann akkurat i tide til legging. Han godtok det med det samme sjølv om han har holdt fast på at det IKKJE var til han eg strikka teppe når han har sett det undervegs. Teppet er i babyull. Det gamle har han klipt hol i og elles slitt ut…
Read more

Å sy ei strikkeveske – del 1 (Making a knitting bag – part 1)

Dette bildet viser dei ulike delene i veska. Ytter og innerstoff og fôr er klipt ut i identiske delar (dvs. eg reinklipper dei like etter at lommer og diverse er satt på). Som du ser er innerdelane her ferdige med fôr og lommer – klar til å bli satt sammen. Starten og ein nærmare kikk…
Read more

Strikkeveske #2 (Knitting bag #2)

Strikkeveske nummer to er ferdig i klar til å sendast til sin nye eigar. Ho er på ferie og må vente litt med å sjå den live. Eg er som alltid spent på reaksjonen når eg syr noko på oppdrag. Eg var usikker på kombinasjonen av stoff undervegs men syns veska vart skikkelig fin til…
Read more

Symaskina er varm!

Det er så moro å sy når ein klarar å få ut idear som har tumla rundt i hovudet lenge. Dei siste dagane har eg sydd på det som skal bli ei veske til ei strikkedame. Eg skal lage fleire av desse etter bestilling, men det er berre denne fyrste her eg har direkte tidsfrist…
Read more

Litt forseinka April-sokkar – April socks.

April sokkane mine var ferdige sånn omtrent i det april var slutt og her er dei. Fargane er delvis valgt av femåringen min. Ho ville hatt ein del fleire fargar, men eg syns det vart mange nok trådendar å feste. Eg laga band også, men syns ikkje det vart fint. Knappar har eg også berre…
Read more

Aprilsokkar – sokkar 2006

Sokkane for april har fått ligga i ro i nesten to veker. Skal tru om eg blir ferdig med dei før april er omme? Mønsteret er frå soxie.com. Eg har valgt superwashgarn, trur sokkane uansett kjem til å halde ei stund. Sokk nummer ein er ferdig – lurer berre på om avslutninga betyr å sy…
Read more

To ufoar mindre – Two less ufos.

I løpet av helga og i dag har eg laga ferdig to dongeriprosjekter. Begge har vore vist her tidligare. Strikkeveska/-korga i dette innlegget – og trekket til leikemadrassa i dette innlegget (rett nok skulle det bli legoveske).   Madrasstrekket dekkar ei rund madrass som eg også har laga sjølv. Når vi bytte dobbeltseng (frå 150 til…
Read more

Strikkerapport – Finished!

Sidan eg har vist fram halvferdige prosjekter er det kanskje på sin plass også å vise fram når eg er ferdig. Ei helg med til saman 10 timar reisetid gjorde underverker. Her er mine Blueberry Waffle socks og Regia hanskar.    Finished! Blueberry Waffle Socks and a pair of glowes in Regia – my first gloves…
Read more