09 apr

Ofte stilte spørsmål om Silhouette

Kuttemaskene til Silhouette kan stillast inn til å kutte tideler av millimeter og kutte berre enkelte lag av eit materiale. Dette gjer at vi kan lage veggord og trykk til eigne plagg enkelt heime på hobbyrommet. Maskinene er relativt små – den største er 53×17 cm i grunnflate. Sjølv om den treng større plass når du skal jobbe med den, gjer dette at dei aller aller fleste har plass til denne heime. Den billigaste modellen (Portrait) er heller ikkje avskrekkande dyr. Sjølv den nyaste Cameo3 er ikkje dyrare enn ei rimelig symaskin.

Det at maskina kan kutte varmeoverførbar vinyl eller Heat Transfer Vinyl (vidare kalla berre htv) og sjølvklebande vinyl (vidare berre kalla vinyl) har gjort Silhouettemaskinene (vidare kalla berre Cameo eller maskin) populær hjå veldig mange. Det har òg gjort at ein del som ikkje elles er så ivrige på data kjøper maskina. Mange veit veldig godt kva dei vil lage, men mindre om korleis maskina fungerer. Dette er grobotn for frustrasjonar der man sit med ny maskin og har så veldig mange ting man har lyst til å lage.

Her kjem nokre hyppige stilte spørsmål når man er ny med maskina:

Kan eg skrive vanlige bokstavar eller  fargelegge med maskina?

I utgangspunktet lagar ikkje maskina utskrift på same måte som ein printer. Men du kan ha design der bokstavar og motiv er fylt ut med “kuttelinjer” og om du bytter ut kniven med ein tusj eller penn vil du kunne skisse motiv til å verte tilnærma fargelagte/fylte.

Korleis velger eg ulike fargar på utskrifta?

Viss vi held skissing utanom er fargen på produktet ditt avhengig av materialet du matar inn i maskina. Maskina skriver ikkje, men kuttar i ulike materialer og du må renske bort det overskytande rundt motivet ditt i etterkant. Materiallista på kva maskina kan kutte er lang, men set ligg avgrensingar i høgde. Cameo3 har ei grense på 2 mm i tjukkelse og dei andre på 1mm. Om materialet i tillegg er veldig hardt eller seigt vil maskina òg slite.

Korleis kan eg stille om frå inch til cm eller mm i programmet?

Hurtigsnarvegen til innstillingane i programmet finn du på tannhjulet nede til høgre i programmet. Under General kan du finne mellom anna innstillingane for måleeining. Desse blir aktive med det same og du treng ikkje å restarte programmet. Dvs at du kan fritt òg sjonglere att og fram mellom måleeiningar om du ynskjer dette.

Kvifor kuttar maskina mi utenom materialet eller  kvifor begynnar maskina mi å kutte først langt innpå materialet?

Når du skal laste materialet ditt inn i maskina så må du gi maskina beskjed om materialet kjem åleine eller på ei matte. På Cameo 3 skjer alt dette inne i programvaren, medan det på dei andre maskinene er ulike innstillingar ved sjølve innlastinga. På Portrait er dette hhv ein knapp med og uten rutemønster, der den med rutemønster er for når du skal laste inn materiale på matte. På Cameo 1 og 2 står det på skjermen på maskina Load Mat eller Load Media der Media = materiale uten matte.

Avhengig av om du brukar innstilling for å kutte med matte eller berre materiale vil maskina kutte frå ca 2,5 cm frå toppen av det du lastar inn i maskina (passande til matte) eller frå kanten av det du lastar inn (passande for materiale uten matte).

Korleis stiller eg inn kniven?

Innstilling på kniven på maskiner før Cameo 3, eller som alternativ til autoblade i Cameo 3, blir gjort fysisk på kniven før du set den på plass og låser den fast i maskina. Knivinnstillingane går frå 0 til 10 og du kan stille kniven med den innebygde verktøyet inne i maskina på venstre side. Vri kniven trinnvis til merket står på det talet som er anbefalt for ditt materiale i programmet eller frå der du kjøper materialet ditt. Du må stille på fart og trykk (speed and thickness) i programmet og dette er slik du kan finstille kniven. Bruk gjerne testkutt for å stille inn før du kuttar designet ditt.

Cameo 3 har eit autoblade som man velger innstilling for i maskina. Her kan du til dømes velge materiale vinyl og så fininnstille ut frå om kniven din er slitt eller om det er ein litt tjukkare eller tynnare vinyl enn det som forhåndsinnstillingane dine er berekna på. Når du så startar maskina vil den tappe kniven opp og ned for å stille den inn før den startar kuttet.

Korleis gjer eg det om eg vil kutte noko som er større enn matta?

Å kutte noko som er lengre enn matta kan du fint gjere om materialet har eit eige bakpapir/-plast som på htv eller vinyl. Du må berre gå inn i programmet og velge bort matta under sideinnstillingane/Design Page Settings. Då vil du sjå at den raude kutteramma di kan endrast ved å stille på høgde og breidde på same plass til heile designet ditt får plass inne i kutteramma. Det som stikker utom kutteramma vil ikkje bli kutta.

Du kan kutte opptil 3 meter i lengde. Om du vil kutte så langt anbefaler eg å bruke ein rullholder eller stabilisere materialet på ein eller annan måte slik at ikkje det vrir seg under kutting.

Korleis ser eg forskjell på htv og sjølvklebande vinyl?

Dette er relativt enkelt. For det fyrste har såvidt eg veit all htv ei gjennomsiktig plastbakside som skal sitte på heilt til du har overført htv-en med varme til tekstilen eller der du skal ha den. Sjølvklebande vinyl har vanligvis papirbakside, og denne har òg ofte produsentnavn trykt på papiret slik at dei er lette å sortere. HTV har lim på plastbaksida medan sjølvklebande vinyl har limen på sjølve vinylen. Om du framleis er i tvil kan du pirke lett i eit hjørne til dømes med ei knappenål for å sjekke.

Må eg bruke matte?

Nei du må ikkje bruke matte på alle typer materialer. Alt som har ei eiga bakside vil ligge stabilt i maskina om det er 1) stort nok til å bli holdt fast under dei flyttbare valsane 2) du ikkje kuttar gjennom meir enn sjølve materiallaget – dvs ikkje bakpapiret. Men på papir og anna som ikkje lagdelt vil du måtte bruke matte. Det finst matter med ulik klebegrad berekna på ulike typar materiale.

Kva side av materialet skal opp i kuttemaskina?

Dette spørsmålet kjem naturleg nok mest knytt til vinyl og htv. Svaret er enkelt og greitt at vinylen alltid skal opp. Kniven skal kutte berre i material-laget og dette laget må difor vere nærast kniven.

Vinyl ligg med rettsida av vinylen opp og når man kuttar, mens htv ligg med vrangsida av vinylen opp når den ligg i maskina, men det er like fullt vinyllaget som er nærast kniven. Sidan det er vrangsida på htv som vender mot kniven må man spegelvende motivet før man kuttar i htv for å få det rett når man skal overføre det etterpå.

Dersom man skal feste sjølvklebande vinyl på baksida av noko gjennomsiktig må man òg der spegelvende motivet før man kuttar.

Hjelp maskina kuttar ikkje! Kva er feil?

Det kan vere mykje rart som skjer når maskina ikkje reagerer eller kuttar. Aller først ville eg sett inne på cut settings (trykk på ikonet med kniv) og sett om motivet mitt har aktive kuttelinjer.  Om det har det så kan det vere at programmet eller maskina har hengt seg opp litt og at du berre treng å restarte maskina. Slå av maskina og trekk ut alle kablar. Tell til ti og plugg inn og slå på på nytt. Start gjerne program eller pc på nytt i tillegg om ikkje dette hjelper.

Om motivet ditt ikkje har kuttemerker vil ikkje maskina di kunne kutte. Merk bildet og endre frå no cut til cut inne i cut settings. Om det er eit bilde i rasterformat du har lasta inn må bildet tracast eller på annan måte gjerast om til vektor før du kan bruke det som kuttemotiv.

Kva er tracing?

“Vanlige” bilder er bygde opp av pixlar medan linjebilder er bygde opp av punkter med linjer mellom. Maskina kan berre bruke den siste typen bilder til å kutte etter. Tracing betyr å avlese bilder og gjere desse om til linjeformat. Eg har nokre filmar på YouTube som er ein kort introduksjon til dette og har elles heile 10 sider om tracing i handboka eg har skrive om Silhouette Studio. Boka mi kan du kjøpe i pdf-format eller som fysisk bok i nettbutikken min  :)

Kva er registreringsmerker? Maskina mi seier at den ikkje finn desse?

Registreringsmerker er til bruk ved prosjekt der du først printar noko i din vanlige printer for så å kutte dei med maskina. Om du ikkje held på med eit slikt prosjekt har du kanskje slått på merkene ved eit uhell. Snarveg for å slå av og på merkene er å trykke m på tastaturet.

Sakna du svar på eit spørsmål du hadde som ny med maskina? Legg igjen ein kommentar då vel! Elles er du velkomen til å kjøpe boka mi i nettbutikken!

24 mar

Enkel punktredigering – Silhouette Studio

Av og til (eller ganske ofte) kan det blir behov for å endre litt på design som vi har traca. Eg skal kort vise deg prinsippa i punktredigering med eit lite eksempel.

Vi skal trace to hjarter. Det kan sjå ut som om dei er identiske ved fyrste augekast, men det er ein liten opning i streken på eit punkt på det eine, noko du snart skal få sjå.

Om vi tracar begge desse med samme innstillingar vil du kunne sjå linjebruddet.

Når du høgreklikkar og gir kommandoen “Relase Compound Path” ser du at hjertet til venstre deler seg i to deler, og du vil kunne slette, flytte eller redigere strekane kvar for seg om du treng det.

Dersom du tracar med “Trace outer edge vil du få følgande resultat. Ofte er det det venstre resultatet vi er ute etter, men kva då om vi får det som til høgre og ikkje har nokon måte å endre sjølve bildet vi tracar på?

Eg skal vise deg korleis du kan “reparere” eit brudd i ei slik linje ved å punktredigere.

Når du zoomar inn på bruddet i linja og dobbeltklikkar for å få fram punktene ser det noko slikt som dette ut:

Hold nede shift og trykk på alle fire hjørnepunkta etter tur for å merke desse. Trykk så på “Break Path”

Du har no delt opp hjertet i fire linjesegment. Ytre hjerte, indre hjerte og dei to tverrstrekane:

Høgreklikk og velg Release Compound Path for å kunne jobbe med desse kvar for seg. Merk dei to tverrstrekane (hold shift for å merke fleire deler) og slett desse.

Her har eg merkt begge hjertene og laga dei til Compound Path for å “sveise” begge linjer samtidig, men det er ikkje nødvendig å gjere det. Dobbeltklikk på ei og ei linje og før sammen dei to raude punkta. Du vil sjå at dei smeltar sammen til eitt punkt i det same dei kjem nær nok kvarandre.

Håpar du lærte litt av dette! Legg gjerne igjen ein kommentar – det set eg stor pris på!

12 feb

Kontrastfelt ved hjelp av Offset

Offset er ein metode som man kan bruke om man til dømes ynskjer å bryte opp mot ein mønstra bakgrunn eller ynskjer ein annan farge rundt motivet for å framheve dette på annan måte. Det kan òg gi ein skuggeeffekt på design, eller brukast berre fordi du har funne to fargar som utfyller kvarandre fullt ut

Framgangsmåten for å lage kontrstfelt ved hjelp av offset er heilt lik på tekst og andre motiv. Eksempelet tek føre seg dekor til ei drikkeflaske med ein kontrastfarge heildekkande bak og ein annan farge på sjølve motivet.

Eg har fyrst laga hovudmotivet mitt ved å skrive teksten Vatn og H O der eg skal ha eit 2-tal i mellom H og O. 2-talet skriver eg for seg sjølv.


2-talet vil eg ha litt mindre enn bokstavane og skråstille mellom H og O.  Ved å trykke på talet blir det merkt og eg kan skubbe i eine hjørneklossen for å endre størrelse. Å bruke hjørneklossane til skalering gjer at motivet/talet held på proporsjonane. Så snur eg det litt ved å ta tak i den grøne kula og vri. Eg drar det så bort der eg vil ha det saman med resten av teksten før eg merker begge element og grupperer.

For å lage kontrastfeltet som ei “boble” rundt motivet brukar eg funksjonen Offset. Høgreklikk på motivet og vel offset i menyen som kjem fram. Du kan òg finne knappen for Offset på høgre meny oppe eller via tekstmenyen. 

Me skal ha ein ytre offset – ikkje ein internal offset her. Internal offset legg streken på innsida og Offset på utsida av den opprinnelige streken. Juster talet enten på skalaen, med piltastene eller ved å skrive inn ønska tal og trykk på Apply i menyen eller Enter på tastaturet.

Eg vel ein relativt stor offset på mitt motiv på 0,48 før eg trykker apply.  Eg sjekkar raskt om offset-linja er fleire deler (=fleire merkeboksar). I så tilfelle brukar eg Group (Ctrl + G, hurtigtast nede i venstre hjørne eller via tekstmenyen Object + Group) medan offset-linja fortsatt er merkt.

Eg har lyst til å ha ein vassdråpe som pynt mellom orda. Eg har ein som er ferdig vektorisert, og hentar denne inn i programmet mitt med File + Merge. Den passar fint mellom dei to orda. Eg merker orda og dråpen og gir desse blå linjefarge for å markere at desse skal kuttast samtidig


Eg vil òg ha ein offset rundt dråpen. Hadde eg lagt denne inn i starten saman med teksten kunne eg gjort dette samtidig med orda, men no må eg ha ein ny runde berre med dråpen. Legg merke til at du kan velge å ha både runde og kantente hjørner på offseten. Klikk deg gjerne inn på dei ulike for å sjå kva det har å seie for ditt motiv.

Når eg skal kutte motivet vil eg kutte orda og dråpen etter linjene rundt det blå motivet. Omrisset kan eg enten berre kutte etter den ytterste linja og legge under det andre som lag på lag. Eller eg kan kutte med begge linjene og få eit puslespel av omriss og motiv som eg må “pusle” i kvarandre. Eg vel det første med eit heildekkande område bak og sjølve motivet klistra oppå, lag på lag.

Når eg er klar til å kutte lastar eg materiale inn i maskina etter farge, eitt om gangen. Eg tek først materialet til orda og dråpen inn i kuttemaskina. Under Advanced vel eg å kutte etter linjefarge og hakar av berre den blå.

Når eg etterpå lastar inn materialet eg skal ha bak, hakar eg av på raud og fjernar haka på blå.

Dersom eg vil ha omrisset bak slik at det berre er på utsida og ikkje under heile motivet må eg hake av for begge fargane i denne omgangen.

Så er det berre å renske motiva og overføre dei til vassflaska mi eitt etter eitt.

Litt meir om offset pluss veldig mykje anna kan du lese om i e-boka mi som du kan kjøpe her.

25 jan

Den Norske Silhouettehandboka 1.0

I dag har eg store nyheiter! Etter mange lange veker med skriving er eg endeleg klar for å gi ut “Den Norske Silhouettehandboka”. Det har gått nokre ekstra dagar med å lage ein bokmålsvariant av boka i tillegg til orginalen på nynorsk, men no er begge utgåver i mål!

“Den Norske Silhouettehandboka 1.0” og “Den Norske Silhouettehåndboken 1.0” er heilt identiske utover målforma, og du får link til å laste ned begge bøker i pdf-format når du kjøper, så då kan du velge målføre sjølv.

Kjøpet gjeld for ein person/husstand. Boka leser du meir om og kjøper i nettbutikken! Den finst no (februar 2017) òg som fysisk bok i hendig A5-format.

04 jan

Compound Path versus Group versus Convert to Path

Compound path og Group, og motstykka deira Release Compound Path og Ungroup, er to hyppig brukte kommandoar i Silhouette Studio så fort du skal begynne å redigere eller lage noko sjølv. Convert to Path lagar saman med desse to ein viktig trio.

Det er ikkje alltid så lett å sjå skilnaden på desse sidan dei ofte gir tilsynelatande samme resultat, avhengig av kva man jobbar med sjølvsagt, og sidan det ofte ikkje inneber nokon skilnad når du skal kutte. Men med det same du skal bruke Silhouette Studio til å lage noko for utskrift på printer som t.d. eit print and cut* prosjekt, eller du skal fargelegge eit design i fleire fargar, til dømes for å kunne sjå for deg om resultatet av kuttelinjene du har laga blir som du har tenkt, kan det vere kjekt å vite litt meir om kva skilnadane er.

*Print and cut:  Design laga i Silhouette Studio kan skrivast ut til printer med registreringsmerker som di kuttemaskin kan lese av. Ved å bruke slike registreringsmerker “ser” kuttemaskina kor designet ligg på matta og du kan presist kutte ut motiv du har printa.

Eg skal prøve å illustrere skilnaden mellom “Group”, “Convert to Path” og “Make Compound Path” med nokre bilder frå programmet. Eg har her på arbeidflata mi henta inn eit bilde. Eg har traca dette og skrive ordet Prinsessa! under dei to bildene av prinsessa mi  

Desse tre er alle objekt i programmet sjølv om dei er ulike. Det raude er eit vektorbilde – ein linjetegning ut frå bildet til høgre.  Det andre er eit rastebilde i jpg-format, eit heilt vanleg bilde. Teksten er – tekst.

Sidan eg har stilt dei så fint opp tenkte eg å gruppere dei for at dei skal holde på avstanden seg imellom og på størrelsesforholda seg imellom. Eg velger alle tre ved å klikke på dei etter tur medan eg held nede shift (evt kan eg dra klikke i overkant i eine hjørna, holde museknappen nede og dra diagonalt over det heile slik at det blir danna ein firkant rundt det heile. Du kan òg bruke knapp nummer tre nede til venstre – den vil velge alt du har framme). Group fins på ein menyknapp nede i venstre hjørne, under høgreklikk og i Filmenyen under Objekt.

Å gruppere endrar ingen av objekta. Dei blir låst i forhold til kvarandre, men objekta er fortsatt vektor, raster og tekst.

Om vi i staden hadde brukt Convert to Path hadde objekta ikkje blitt låste til kvarandre som med Group. To av dei hadde òg blitt vesentleg endra. Vektorbildet ville fortsatt vere vektor, men rasterbildete ville blitt forandra til ei ramme med bildefyll. Eg har dratt litt i eine hjørneklossen for å illustrere. Teksten er blitt til ei linjetegning av eit ord og ikkje lengre redigerbar tekst.

Om eg i staden for å bruke Convert to Path haddde merkt alle og brukt “Make Compound Path” hadde eg fått fylgjande resultat:

Objekt i ein compound path er eitt og same objekt uavhengig av om dei heng saman eller ikkje.  Alle objekta er på same sti – path. Dei er låst i forhold til kvarandre og dei har alle fått samme eigenskap (raud fyllfarge). Om du bryter stien kan du t.d. sette dei raude endepunkta sammen med andre endepunkter på same sti sjølv om dei ikkje nødvendigvis er i same bilde.

Gruppering av objekter endrar ingen ting i forhold til kva lag (Layer) objekta ligg på.  Når man tegnar i Silhouette Studio tegnar man i eit nytt lag for kvart nye objekt man tegnar, dvs at det første havnar underst, nummer to oppå der osv. Dette er greitt å vite når man t.d. skal drive med Modify Tools som Subtract og Subtract All og når man skal fargelegge. Om man fargelegger eit heilt ark og legger det på toppen blir heile motivet fargelagt/borte fordi det er noko som ligg over det, men man kan enkelt sende objekt framover og bakover i forhold til dei andre og få fram dei fargane man ynskjer på rette plassane.

Her har eg tegna ein katt som sit og kikar på stjernene og ei flaggermus.

Eg ynskjer å ha ein måne der i tillegg og tegnar den på. Vi ser at den havnar framfor flaggermusa, altså som øverste lag.

Medan månen framleis er valgt går eg på objektmenyen og velger Object + Arrange + Send To Back. Vi merker bakgrunnen (ramma) og fyller denne med ein nattfarge.

Vi kan sjå at nokre av stjernene har havna bak bakgrunnen og sender difor bakgrunnen bakerst med samme kommando som vi brukte på månen. Kommandoen finst òg i høgreklikk-menyen.

Håpar dette gjorde deg litt klokare når det gjeld Compound Path/Path og Group. Det er alltid kjekt med ein kommentar, så legg gjerne igjen eit lite livsteikn om du har lest og hatt nytte av det eg skriver.

:)

03 jan

Tekst langs linje (Text to Path)

Ein av mine første filmar på YouTube i serien min om Silhouette Studio handla om å bøye tekst i sirkel. Å kunne la teksten følge ei form eller ei linje er ein kjekk funksjon i design av eigne kuttemotiv, men det er ikkje alle som veit at ikkje berre sirklar, men alle slags former og linjer kan brukast til dette. Det er sjølvsagt ikkje alle former og linjer som egnar seg like godt, men det meste kan tilpassast.

La meg vise deg med nokre døme først. Her kan du sjå to design der eg har kutta ordet ut av ei form. Ordet er plassert inne i forma langs kantlinja.

Du kan legge teksten enten på utsida eller på innsida av former, eller på den eine eller den andre sida av ein strek, ei kurve eller kva som helst slags linje som er ein sti. Alt du tegnar i Silhouette Studio er sti/path så alt du tegnar av former og linjer i programmet kan du bruke. I neste døme har eg sett inn ekstra mellomrom nokre plassar for at det betre skal passe med forma.

Legg merke til at linja på sjølve skya over her er gått frå å vere raud som den er standard når man tegnar den til å bli grå. Det viser oss at den ikkje lengre er ei aktiv kuttelinje. Om vi vil ha den som kuttelinje t.d. om vi skal kutte skya i ein farge og teksten i ein annan farge, så kan vi markere linja, gå på objektmenyen og der velge convert to path. Hugs at både tekst og linje då vil kuttast samtidig med mindre du går inn og velger no cut eller drar det elementet som ikkje skal kuttast til holdeområdet medan du sender det andre til kutting .

Når du setter teksten på ei form vil du legge merke til at den havnar enten på utsida (yttersving) eller innersida (innersving) av forma eller linja.

Du kan velge kvar den skal ligge ved å forsiktig dra musepeikaren til den eine eller andre sida av stien (inn i eller ut av forma – på opp- eller nedsida av strek). Du vil sjå at teksten hoppar inn/under om du bevegar deg eit stykke inn i/under streken og ut/opp om du bevegar musepeikaren ut/opp.

Glidebrytaren i starten av teksten lar deg justere kor langt frå linja, innover eller utover, teksten din skal ligge. Om du vil endre bokstavstørrelse eller font m.m.  må du enten merke heile teksten (Ctrl+a)  medan du står i den grøne tekstboksen, eller gå ut av tekstboksen og merke teksten ved å klikke på den. Då kan du endre alle teksteigenskaper i “Text Style”/tekst stil-menyen.

Du kan sjølvsagt òg bruke kuttelinjer i ulike bilder du har traca til å forme tekst. Traca foto gir ofte kuttelinjer med veldig mange punkter med korte linjedeler mellom, så utfordringa er å finne passande linjer der du kan få plassert ein tekst. Ofte kan det bli like fint å legge på ein offset på bildet eller deler av dette og bruke den til å forme teksten.

Her er eit traca bilde av eitt av barna mine som liten. Eg har lagt på ein nokså stor offset på 0,3 og brukar den til å forme teksten “1 år!”

Dersom du skal bruke designet ditt til kutting i HTV / varmeoverførbar vinyl, eller på anna måte treng å ha den spegelvendt må du passe litt ekstra på. Teksten lever litt sitt eige liv når den fortsatt er tekst.

Ein metode er å spegelvende teksten før du legg den på forma eller linja. Då må du hugse å òg spegelvende forma/linja fyrst. Ja om ikkje du har ei heilt symmetrisk form eller linje som er lik uansett om du spegelvender den. Bakdelen med denne metoden er at det ikkje alltid er lett å sjå på designet spegelvendt om det blir slik du har lyst til å ha det.
Metode to krev at du når du er ferdig med å redigere teksten med størrelse, avstand mellom bokstavane etc. gjer den om til path. Høgreklikk på teksten og “Convert to Path”. Bakdelen med denne metoden er at teksten ikkje lengre er redigerbar tekst men ei linjetegning. Det kan vere greitt å kunne bruke metodane alt etter kva krav du har til å kunne redigere det i etterkant. Man kan alltids angre tilbake med angreknapp eller Ctrl + Z :)

Linja eller forma du har brukt til å bøye teksten langs er fortsatt inaktiv, men du kan endre dette i filmenyen om du vil kutte den saman med teksten, slik eg har forklart lengre oppe.

Funksjonen med tekst til linje kan man òg utnytte med såkalla dingbat-fontar. Fontar som inneheld små bilder i staden for bokstavar. Desse fontane har ferdige små linjetegningar som vil oppføre seg som tekst og dermed vil kunne formast langs ei linje på same måten som tekst. Her vist med eksempel frå fonten KG Heart Doodles.

 

21 des

Tracing av foto i Silhouette Studio

Her er ein video eg nettopp har laga på to ulike metodar å trace bilder på.

Utfordringa med bilder er at man må justere seg etter korleis bildet er. Mørk eller lys bakgrunn, mykje detaljer eller store felter med veldig mykje lik farge. Fargebilder eller svart kvitt. Einsfarga trykk eller trykk med fleire fargar?

Ikkje alle bilder er like lette å få til uten å redigere dei først. Men når man så får det til opnar det opp store mogelegheiter for å lage eigne trykk til klede eller interiør med eigne bilder!

Legg gjerne igjen ein kommentar her eller på YouTube så eg veit om filmane mine treffer og hjelper. Kanskje har du noko du gjerne skulle hatt ein film om? Eller noko du syns skulle vore anleis med filmane? Takk for at du ser på!

21 des

Kurs i bloggen

Eg har begynt å legge ut nokre leksjonar i bloggen min knytt til bruken av Silhouette Studio. To av dei  fyrste leksjonane går på kunsten å trace utklippsbilder. Etter kvart kjem det fleire leksjonar knytt til bruken av Silhouette Studio med forhåpentlegvis stigande vanskegrad.

Ta ein titt innom, og legg gjerne att ein kommentar om du finn det nyttig! Eg tar òg meir enn gjerne imot konstruktive innspel på om “kursa” skal vere lagt opp anleis eller innspel til tema. Uansett håpar eg dette er nyttig for deg!

06 des

Bruk av fontar som Samantha Upright (av Laura Worthington)

Når man skal lage eigne design er det kjekt å kunne leike seg med ulike fontar. Eg har tidlegare vist korleis og kor man eksempelvis kan finne nye fontar til bruk på pc/mac og med det i Silhouette Studio.

Men så er det ein del frustrasjon ute og går knytt til fontar som har alternative bokstavar med fine swirlar og snurrar. Kor er desse?! Korleis får man dei fram i Silhouette Studio. Eg skal vise deg korleis du gjer dette på ein pc med Windows og tenker òg å kort kome innom korleis du gjer det på mac.

Fonten som eg skal bruke som eksempel er Samantha Upright Pro av Laura Worthington. Denne kan gjere at eg kan endre eit ord frå å vere kjedelige

foer

til litt meir spennande til dømes slik:

etter

Men korleis? Kor finner eg desse bokstavane med snurrar på?

Du kan dessverre ikkje finne dei inne i Silhouette Studio. Meir avanserte vektorprogram som Illustrator og liknande har innebygd tilgang på alternative bokstavar/glyphs, men altså ikkje Silhouette Studio. Men slapp av. Det er eigentleg ikkje så komplisert. Muligens litt tungvindt, men nokså enkelt når du har lært det.

Skriv teksten din i Silhouette Studio og endre til rett font. Eg brukar Samantha Upright Pro.

Så opnar me eit program som heiter Charmap eller Tegnkart i Windows. Søk etter den om ikkje du finner den med det samme programma dine. Inne i dette programmet kan du få oversikt over alle tegn som er inne i kvar enkelt av fontane du har installert på maskina di.

Eg trykker i feltet Skrift og skriver Samantha og får opp rett font. Standard er denne gruppert som vist her. Unicode og Alt.

charmap

Vi ynskjer å kun sjå dei bokstavane/tegna som ligg i Private Use Areas / PUA eller Tegn for personlig bruk. Vi trykker på feltet Grupper etter: og blar oss ned til Unicode underområde.

charmap2

No poppar det opp ei ny lita rute ved sida av dei andre. I denne kan du sjå oversikt over alle desse underområda. Vi blar nesten heilt ned til botnen der vi finn Tegn for personlig bruk (PUA).

charmap3

Når du trykker på / velger denne vil du sjå at tegna som kjem opp i tegnkartet endrar seg. No ser du plutselig alle dei alternative bokstavane!

skjermbilde-2016-12-06-18-18-29charmap4

For å velge trykker du på bokstaven (du kan bla mellom dei med piltastane) og nei – eg trur ikkje det går an å få den større enn den er – men eg skal gi deg eit alternativ etterpå). Når den er havna i ruta Kopier følgende tegn: kan du trykke på velg og etterpå på kopier og du har den klar til å lime inn i Silhouette Studio.

Flytt deg over i Studio. Dobbeltklikk deg inn i tekstruta. Merk bokstaven du vil erstatte – evt sett markøren der du vil lime inn bokstav der det ikkje er nokon.

skjermbilde-2016-12-06-18-24-46

Lim inn og vips!skjermbilde-2016-12-06-18-25-24

Vi vippsar eit par ganger til fort og gæli og har fått noko som dette:

etterja

Bakdelen med Tegnkart/Charmap er at det er så knøtt lite. Det er ikkje lett å sjå kva bokstavar som vil ta seg best ut når du skal sjå det på ein kvadratcm! Eg brukar difor helst eit anna program. Programmet er gratis, men du må sjølv laste det ned til din pc og installere det. Fordelen med Tegnkart er at det ligg der klart.

Programmet eg snakkar om er NexusFont. Det finst fleire ulike slike fontprogram, men eg har landa på dette enn så lenge. Her kan eg teste ut kva font som passar best til teksten eg skal skrive uten at alt stoppar opp. Eg kan sortere fontane mine – det har eg berre såvidt begynt med – i kategoriar. Og eg kan altså få tilgang på PUA-koda symboler i fontane! Eg søker opp fonten i høgre øvre hjørne. Høgreklikkar på fonten og velger Charmap.

skjermbilde-2016-12-06-18-29-00

I dette programmet er Charmap ein god del større og du får bedre forutsetningar til å velge rett bokstav med ein gang.

skjermbilde-2016-12-06-18-29-41

Du får bokstaven eller bokstavane (kan ta med meir enn ein bokstav om gangen) med deg inn i Studio på tilsvarandre måte. Select og Copy.

NexusFont finst ikkje for iOs, men Apple har sin eigen font-manager i Fontbook. Her kan du finne symbola og kopiere desse med deg inn i Studio. Du kan lese meir om det hjå Apple. Det vi er inne på her står under Forhåndsvisning og Symboler.

Når du kjøper eller lastar ned fontar bør du sjekke om dei alternative bokstavane/tegna er PUA-koda. Det er desse du får tilgang til gjennom Charmap. :) Lukke til med swirlane og glyphane!

 

24 mai

Pattern fill i Silhouette Studio DE

Silhouette Studio Designer Edition har en del kjekke funksjonar som eg brukar mykje. Mellom dei er pattern fill. Man kan både legge inn eigne bilder/mønster i mønstermappa (pattern) i biblioteket og/eller bruke dei direkte frå arbeidsbordet. Det siste krever rett nok ein del meir frå arbeidsminnet til programmet. Som kjent er ikkje det alt for imponerande. Men eg har gitt det ein sjanse i denne tut-en.

Eg har latt meg inspirere av andre til å lage eit veggbilde av orda mamma og pappa som passar perfekt for oss i bokstavtal sidan vi har fem barn saman. Heng deg på om du vil sjå korleis eg gjer det.

mplusp4

Eg skreiv først orda mamma og pappa og fann fram til rett størrelse og form på desse. Font: Adventurer Light.

Så gjorde eg bokstavane om til path. Marker orda. Høgreklikk og velg “Convert to Path” eller velg i menyen Object + Convert to Path. Medan orda fortsatt er markerte høgreklikkar eller går du i object-menyen igjen og velger ungroup. No er kvar bokstav eit objekt og du kan redigere dei kvar for seg.

Eg opna alle bildene som eg ville bruke inne i SIlhouette Studio med “merge”.

Marker så ein og ein bokstav og bruk “Property picker”, som du finn nede i venstre meny, til å hente inn bildet som fyll i bokstaven. Måten du gjer dette på er ved å ha bokstaven markert medan du trykker på bildet med verktøyet. Verktøyet forblir aktivt til du velger noko anna, så du kan fortsetje med alle bokstavane til du er ferdig.

mplusp

Her er det mest fargebilder, men òg eitt i svart kvitt. Eg vil ha resultatet i svart kvitt og dette kan du endre i Silhouette Studio!

Screenshot 2016-05-24 11.18.37

For å flytte på eller endre størrelse på fyllbildet velger du “Fill Pattern” i menyen oppe til høgre. Under advanced her kan du finne pan pattern som får fram krysset (sjå på bildet over her) som du kan dra i for å flytte på bildet. Og scale som er å endre størrelsen. Du kan òg velge å rotere bildet, gjere det transparent og ein del anna. Eg har berre brukt scale og pan i dette eksempelet.

mplusp2

Nå alle bildene var på plass hadde eg lyst til å gjere dei om til svart kvitt. Dette går an å gjere i Silhouette Studio, men er gjerne ein funksjon som ikkje er så kjent. Funksjonen er plasser i høgre øvre hjørne og heiter Shader effects. Dette er ikkje ein funksjon som er eksklusiv for Designer Editon såvidt eg har forstått, men den er ikkje tilgjengeleg før frå versjon 3 av programmet. Det står heller ingen ting om den i manualen merkeleg nok.

mplusp3

Under shader effects kan du endre mellom anna kontrast, lysstyrke, invertere fargane osv. Og altså då lage bildet om til gråskala. I praksis svart kvitt. Du drar då skalaen på amount heilt bort til 100% Det er litt småfeil i shader effects og den er ikkje alltid lett å bruke, men det er likevel såpass artig at eg brukar det ein del.

Så er det berre å få endra det bildet eg har lagt inn dobbelt og fullføre designet.

Hjartet har eg berre plassert under orda med “Send to back”. Hugs å velge bilder med god oppløysning viss du skal skrive ut.

mplusp4

 

 

14 mar

Frå barnetegning til kuttefil for Silhouette

Å lage vinyltrykk av ungen sin eigen tegning er kjempestas – både for kunstnaren sjølv og for mor. Dette er lettast med strektegningar som ikkje er fargelagde. Så her er det berre å satse på at nokre av tegningane i bunken frå barnehage- skule eller frå tegnestunder heime kan brukast til vidare bearbeiding. Det pla bli mange kunstverk å velge i, i løpet av relativt kort tid.

28 nov

Fleirfarga motiv i Silhouette Studio (bildetungt innlegg)

Å kunne lage fleirfarga motiv i Silhouette Studio – med Silhouette Cameo (eller Portrait m.fl.) blir fort eit ønske når man er ny med Silhouette Studio. Eg skal vise deg at dette slett ikkje er så komplisert og at dette er noko alle som klarar å bruke sjølve programmet kan klare. Måten eg gjer det på er litt omstendeleg, men sikrar deg prikkfri plassering lag på lag noko som sparar deg for ein del irritasjon i etterkant.

Du startar med å finne kva motiv du ynskjer å lage. Eg prøver å halde meg unna copyrighta motiv. Som regel kan man lett finne kva ein har lov til å gjere med bildene man finner på nett. Til personleg bruk er det rikeleg å plukke i – om man skal bruke det komersielt må man gjerne betale litt lisensar.

Sidan eg skal vise ein måte å lage fleirfarge motiv på som ALLE kan klare ber eg deg om å finne ei linjetegning av motivet du skal ha som til dømes noko som dette:

6-09 copy

Det spelar ikkje så stor rolle kva fargar motivet eller ytterlinja har, så lenge ytterlinja er i god kontrast til alle fargane. Så noko slikt som dette kan vi òg bruke:

3-04 copy

Bilder med berre fargar utan (tydelig) ytterlinje krev meir arbeid med tracinga som dette uglebildet frå clipartpanda.com. Dette vil eg ikkje gå inn på i dette innlegget. Graderte fargar vil òg vere verre å trace, men der kan man som regel velge å bruke same farge på heile fargefeltet og få eit ok resultat likevel.cute-owl-halloween-clipart-owl3

Om du brukar ei linjetegning som utgangspunkt for eit fleirfarga design må du naturleg nok velge sjølv kva fagar du vil den skal vere i til slutt. Det flotte er at sjølv om du tracar eit farga motiv kan du fortsatt sjølv velge kva fargar du vil kutte og lage den i!

Klargjering for kutting av fleire fargar til eitt og same motiv:

Opne motivet ditt i Silhouette Studio. Eg har Designer Editon, noko som gjer at knappar og funksjonar til tider vil vere ulikt frå gratisversjonen av programmet. Tracing er såvidt eg hugsar ikkje ulikt frå gratisversjonen til DE.

Eg vel å bruke den søte kvalen frå Vecteezy.com over her. Velg knappen “Open the Trace window”. Select trace area. Omring designet med tracevindauga. Ta vekk haka ved High Pass filter. Når du har gult på alt av ytterlinjer trykker du på Trace. Eg overser skuggen under kvalen sidan denne ikkje er innanfor kantlinja og eg ikkje ynskjer å ha den med i denne omgang.

Screenshot 2015-11-28 20.27.16

Så startar jobben med å hente ut dei delane vi treng til kvar farge. Kvalen er i fire fargar. Omrisset, overdelen, under framme og under bak. Eg velger samme farge under framme og bak og reduserer dermed til tre fargar.

Eg legg på ein liten trekant som skal vere hjelpa mi til å få laga perfekt plassert oppå kvarandre etter kutting og så ei ramme rundt. Dette for å kunne enklare sjekke at ingen ting har flytta på seg medan eg driv og herjar med designet. Eg skal vise dette mot slutten. Ramma gjer òg reinskinga av vinyl enklare. Då ser designet slik ut:

Screenshot 2015-11-28 20.31.14

Fargane eg i fortsetninga legg på er berre for at det skal vere enklare å sjå at eg har valgt rette delar på rett plass. Maskina kuttar etter linjene og fargar har ingen betydning verken på linjer eller fyll når designet ikkje skal skrivast ut på ein printer.

Eg kopierer som sagt opp designet til det talet fargar eg skal ha fordi eg tykkjer dette er enklast når eg velger å ha hjelpelinjer/-figurar i tillegg. Det går fint an å berre hente ut alle deler frå same kopi, men det blir opp til deg. Tre kopiar blir det i alle fall hjå meg her. Fargen i trekantane har eg fylt inn ved å bruke pipette-verktøyet. Dette berre som ein hjelp til meg sjølv.

Screenshot 2015-11-28 21.44.16Bruk Release Compound Path for å kunne velge og få tak i berre den linja ein er ute etter på kvar av kopiane.
Screenshot 2015-11-28 21.46.07

Eg startar med det mørkeblå omrisset. Ved å halde nede shift kan eg klikke på og velge fleire deler om gangen. Eg tar med trekanten som høyrer til kvar enkelt del, men ikkje firkanten rundt i første omgang.
Screenshot 2015-11-28 22.12.14
Når eg har valgt dei bitane eg skal ha i tillegg til trekanten velger eg Make Compound Path. Eg kan like gjerne velge grupper, men i dei tilfellene det skal vere “hull” i biten vil Make Compound Path vise det meir rett. Fargelegg så med rett farge. Velg omrisset i tillegg til dei farga bitane og grupper/”Group Selected Shapes”. Pass på at du ikkje flyttar på nokon av bitane mens du held på. Er du uheldig og forskyver ting kan du alltid gå tilbake til forrige steg med Ctrl+Z eller med Edit + Undo i menyen. Dra fargen til side og sjå at du har fått med det du ynskjer.
Screenshot 2015-11-28 22.23.36
Gjenta for dei andre fargane. Hugs å ta med “hull” i den aktuelle fargen som auga på det lyseblå i dette tilfellet. Når du jobbar med mange bitar kan det ofte vere enklare å bruke kommandoar frå menylinja i staden for å høgreklikke inne i designet når dette er mogeleg. Dette for å redusere sjansen for å forskyve bitar i forhold til kvarandre.
Screenshot 2015-11-28 22.26.12
Og siste fargen på plass
Screenshot 2015-11-28 22.30.18
No skal du få sjå første grunnen til at eg brukar mange kopiar og ikkje berre hentar ut delene frå ein og same kopi av designet. Høgreklikk på bunnfarge og velg “Send to Back” for å sikre at det vises rett. Marker alle fargane og opne Align vinduaga.  Trykk center. I og med at alle har samme form framleis, i og med ramma rundt, vil dei no havne perfekt oppå kvarandre og du vil kunne sjå om du har forskyve ein eller annan del under redigeringa. I tilfelle kan du gå tilbake mange steg med Ctrl+Z og ordne dette.
Screenshot 2015-11-28 22.37.34
Når du skal presse på fleire lag med vinyl legger du eit lite tøystykke under der trekanten kjem for å unngå at denne kjem på plagget ditt. Med sjølvklebande vinyl kan du enkelt ta denne bort etter stabling av laga.

Dette er min måte å gjere dette på. Om utgangspunktet er ei linjetegning gjer du det akkurat på same måte – du må berre sjølv bestemme kor mange og kva fargar du skal bruke og kor dei skal vere. :)

Her kan du sjå ein enklare måte å gjere det same på:

Takk for at du leste! Kjekt om du legg igjen ein liten kommentar eller takk om du set pris på mine steg-for-steg forklaringar

21 nov

Backup av filer frå Silhouette Studio

Silhouette Studio har frå versjon 3 av innebygd backupfunksjon av library-filene. Backup (sikkerheitskopi) som er lagra på ein ekstern HD eller anna minnemedium er kjekt å ha den dagen pcen eller macen ikkje startar opp og du ikkje får tilgang til filene som ligg der.

Dette handlar om backup av filene som ligg i “My Library”.backup11. Inne i programmet trykker du på File + Library + Export Library
backup2
2. Velg mappe og filnavn for backupen din. Eg har her brukt dato. Filtypen er ein heilt eigen: studio_library Det er òg nyttig å hugse om ein treng å søke etter fila seinare. Trykk OK eller Enter.backup3
3. Å eksportere Library flyttar eller sletter ingen filer på maskina di, men lagar ei backupfil av desse som ved behov kan hentast inn i programmet igjen.backup4
Vips så er du sikra mot å miste alle dine filer ved eventuelle dataproblemer. Filer som du har kjøpt via Silhouette Store har du rett til å laste ned på nytt, men å hente inn backupen er mykje raskare.

Ved behov for å hente inn filene t.d. ved nyinstallering av programmet på ei anna datamaskin velger du File + Library + Import Library og velger di studio_library fil.

14 okt

Nokre vanlige utfordringar ved bruk av Suilhouette Studio…

…og ulike løysingar på desse

Ver obs på at menyar, ikoner og plasseringar kan vere ulike alt etter versjon av programmet og ut frå om du har Designer Edition eller ikkje.

Utfordring: Innstillingane mine er i inch. Eg skulle gjerne hatt dei i cm eller mm. Kva gjer eg?

Løysing: Opne Innstillingspanelet enten ved å trykke på tannhjulet nede i høgre hjørne eller på Edit + Preferences på menylinja. Tastatursnarveg for det same er Ctrl+K. Når Preferences-menyen er open i høgre sidekant velger du General og kan der velge den måleeininga du ynskjer for programmet.

Utfordring: Eg ser ikkje rutenettet på arket mitt. / Eg vil ikkje ha rutenett på arket mitt. Korleis endrar eg dette?

Løysing: Du kan enten trykke på View og hake av eller hake bort haka ved Show Grid i menylinja og rutenettet kjem fram eller blir borte med det same. Eller du kan bruke ikonet som ser ut som eit lite rutenett oppe til høgre. Nummer tre frå høgre. I menyen som kjem fram til høgre då velger du å sette eller ta bort hake ved Show Grid.

Utfordring: Eg har slått på rutenettet, men eg ser det fortsatt ikkje!

Løysing: Sjekk under innstillingane ( View + Grid Options, eller ved å trykke på rutenett-ikonet) at fargen på rutenettet ditt ikkje står på kvit. I så tilfelle vil du ikkje kunne sjå rutenettet på det kvite arket.

Utfordring: Trådkrysset som følger musa eller linjalen langs kanten på arbeidsfeltet mitt – kor aktiverer eg dette / det vil eg ha bort!

Løysing: Same som over. Under View – Show Crosshairs/Rulers. Eller Ikonet som ser ut som eit rutenett og trykke på ved Crosshairs/Rulers i menyen som kjem fram. Når feltet er blått er reiskapen aktiv.

Utfordring: Eg prøver å tegne noko / lime inn noko på arbeidsfeltet, men eg klarar ikkje å få det til å legge seg eksakt der eg vil ha det. Det verkar som om det hoppar litt når eg setter det inn.

Løysing: Snap to grid betyr at alt du jobbar med blir forankra i rutenettet. Dette skjer uavhengig av om du har rutenettet synlig eller ikkje. Om du ikkje ynskjer denne fuksjonen tar du bort hake ved Snap to grid. Menyen finn du under View + Grid Options, eller ved å trykke på rutenett-ikonet.

Utfordring: Eg vil kutte i eit anna format enn det eg gjorde sist eller det som programmet foreslår eller eg ynskjer å kutte uten matte.

Løysing: View + Design Page Settings eller ved å trykke på ikonet som ser ut som eit rektangel med to piler på, nummer fem frå høgre. Her kan du velge den størrelsen du ynskjer på arket. Du kan òg kutte i materiale (vinyl) som er mykje lengre enn matta. Då velger du “None” under innstillingane for matte her. Show Cut Border slår på ei ramme som visar deg kor designet ditt må vere innafor for å bli kutta.

Utfordring: Eg skal kutte små restar av eit materiale, men eg ser ikkje kor eg skal legge designet på rutenettet slik at kniven treffer material-bitane mine. Arket dekkar jo for rutenettet!

Løysing: Trikset er å skjule det kvite arket på arbeidsfeltet slik at du ser rutenettet bedre. Trykk på View + Design Page Options, eller på ikonet som ser ut som eit rektangel med to piler på, nummer fem frå høgre. Nederst står det reveal mat. Juster prosenttalet til du ser matta tydelig nok til å få plassert designet etter eige ynskje.

15 feb

Kutt ut!

På handarbeidsfronten går det framleis mest i bunad, men eg “leikar” meg òg ein del med Cameoen og programmet som høyrer til. I dag har eg lagt ut ein ny video på Youtube om Print and Cut (med bruk av mønster/Pattern) og eg har vel heller ikkje lenka til den forrige videoen min her inne, så difor kjem dei begge to her.

 

 

24 jan

Ord i former

Det er kjekt å lære å lære noko nytt, og eg syns òg det er kjekt å kunne dele med meg av det eg lærer. Kanskje deler då andre noko med meg tilbake? Uansett går eg i pluss slik eg ser det. Det eg har lyst til å dele denne gangen er korleis du kan lage ord som har form av det du måtte ynskje. Eg har brukt eit eple i denne videoen.

Kom med tilbakemeldingar! Gjerne her i bloggen i kommentarfeltet. Sjølv om eg ser at folk spelar av videoane på YouTube er det kjekt å få vite om det er til nytte. Litt tilbakemeldingar gir ny giv til å lage fleire filmar.

20 jan

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge tekst rundt eit motiv eller om du vil ha frittståande tekst i t.d. hjarteform.  Prøv sjølv! Støtt deg gjerne på videoen eg laga om tekst til sirkel og bytt ut sirkelen med den forma du sjølv ynskjer.

Screenshot 2015-01-20 16.23.41

Elles er det for tida mest brodering på bunad som får handarbeidstida mi. Å ta bilde av framgangen er ikkje så lett på ei tre meter lang remse, så de får berre tru meg på ordet når eg seier at eg nærmar meg slutten på broderinga av fjella og bølgene som skal bli pynten på kanten nede på sognabunaden. 9. Mai er siste frist for ferdigstilling og eg har ein tanke om å unngå lange hektiske sykveldar i april. Om det lar seg gjennomføre står att å sjå. Heia meg!
bunadskant

 

09 jan

Ny med Silhouette Cameo

Eg er over middels interessert i programvare og duppedingsar. Så å “leike” med Silhouette Cameo1 i kombinasjon med programvara Silhouette Studio, er på kort tid blitt ein av mine favorittsyslar i ledige stunder. At dette knyter saman to av mine andre favorittar, data og saum, er vel hovudgrunnen til det. På forumet for maskina på Facebook ser eg at det var mange som fann ei slik maskin under juletreet. Gratulerer med eit flott verktøy! Mange sit nok dessverre enno og skular bort på den uoppakka maskina med litt sånn ærefrykt med tanke på alt den kan utrette. Kor skal ein begynne?!

Ein liten parantes om sjølve maskina:
Silhouette Cameo1 er ei digital kuttemaskin som skjærer ut figurar i ulike materiale. Det kan vere papir, vinyl, stoff, plast etc.
Andre versjonar av maskina er SD, Cameo2 (nyaste versjon) og Portrait.

Mitt forslag til begynnelse er å laste ned programmet Silhouette Studio frå Silhouette Amerika si side og installere dette. Start programmet etter at du har installert det.

I programmet er det ein funksjon for å kjøpe og laste ned design direkte frå Silhouette Store. Du må registrere ein konto for å kjøpe design, og det gjer du enkelt via nettsida deira om ikkje du finn ut av det i Silhouette Studio.  Denne kontoen er den du skal bruke for å få tak i designa som følger med maskina. Du vil òg kunne registerere maskina di på nettsida der. Silhouette Store har eit gratis design kvar veke, og elles både bokstavsett/fontar og mange typar kjøpedesign til ulikt formål. Prisane varierer alt etter om du kjøper til å bruke privat eller til komersiell bruk.

Pakk så opp maskina frå øskja!! Den kjem med straumkabel, usb-kabel og kuttematte. Plugg maskina i med nettkabel og koble den til pcen med usb-ledninga. Slå den på med straumknappen. Om alt går som det skal vil du sjå i Silhouette Studio (etter dette kalla Studio) at maskina er kobla til.

Korleis lagar/finn eg motiv til å kutte? 

– Kjøpefiler t.d. i Silhouette Store som er klare til bruk med vinyl , print and cut eller som papirprosjekter m.m. Alt etter kva DU er mest interessert i.
– Skriv inn tekst direkte i Studio. Denne vil vere klar til kutting direkte. Veggord på do?
– Tegn eigne motiv i Studio med tegnefunksjonane som finst der. Slepp laus kunstnaren i deg.
– Last ned bildefiler og hent desse inn i Studio.

Her er ei lita liste over kva filer som kan opnast i Studio (versjon 3) via open, merge eller import og veldig kort om skilnaden på dei to ulike bildeformata brukt i Studio:

I  vektorformat (Tracing * er ikkje naudsynt, dvs at dei er klare til å brukast direkte til kutting. Kan enkelt fargeleggast om du vil skrive ut for “print and cut”. Kvaliteten blir uendra sjølv om du endrar størrelsen på bilda)
.studio (Silhouette Studio sine eigne filer)
.gsd
.dxf
.svg (krev oppgradering til Designer Edition)
.ttf/otf

I bitmap/rasterformat (Desse må tracast*, men kan brukast til utskrift direkte. Kan brukast som mønster/patterns – dette går eg ikkje inn på her no. Kvaliteten på bildet er avhengig av pixelstørrelsen.)
.jpg
.gif
.png
.tif
.pdf
. bmp
.wmf (berre windows)
.pict (berre MAC)

Og så ei i lita ordliste. Med maskina kjem nemleg eit vell av nye ord. Nokre av dei har vi enno ikkje innarbeidd gode norske ord for sidan programmet ikkje (enno) finst på norsk:

HTV- Heat transfer vinyl./Varmeoverførbar vinyl. Er berekna på å bruke på tøy.  Skal ligge i maskina enten med eller uten kuttematte * med den blanke plastsida ned.  Det finst ulike typar HTV som festar seg til ulike typar stoff. Skal, som det går fram av navnet, overførast ved bruk av varme. Både strykejarn, varme-  og strykepresse kan nyttast. Man brukar ikkje damp i denne prosessen.

Kutteinnstillingar. I Studio vil du kunne velge mellom ein del forhåndsinnstilte kutteinnstillingar. Ofte er desse heilt perfekte til ditt bruk, og like ofte må du endre dei for at kuttinga skal bli fin og rein. Kuttinnstillingane blir oppgitt med tre tall t.d. 3-5-20 der det første står for innstillinga på kniven, det andre talet for farten og det siste talet for tjukkelse.

Kuttematte  Maskina kjem med ei plastmatte som er limbelagt på eine sida, og som har eit rutenett slik som du ser den i Studio. Denne matta brukar du for å få det som maskina skal kutte til å ikkje bli dratt rundt av kniven. Du tar av det grøne beskyttelsesarket før bruk. Ta vare på arket og legg det på matta mellom kvar gang du brukar den. Matta skal ideelt sett ikkje bli kutta i, men det skjer og den blir slitt etter bruk. Du kan òg kutte ein del materialer uten matte.

Rhinestones/Liksomdiamantar. Designer Edition lar deg lage malar/templates til rhinestones. Du treng då den påstrykbare varianten og eit template ark som du brukar til å lage malane i. Desse heiter Rhinestone template sheets.

Sketching/Skissing. Kuttemaskina kan i staden for å skjære kuttelinjene tegne desse. Du må då byte ut kniven med penn/tusj el.l. Du treng då tusjar tilpassa maskina eller ein penneholdar slik at du kan bruke eigne pennar/tusjar/byantar.

Sjølvklebande/Adhesive vinyl er berekna på å limast på vegg eller gjenstandar. Finst i ulike merker og kvalitetar til både innandørs og utandørs bruk. Vinylen skal på samme måte som HTV* ligge i maskina med eller uten kuttematte*

Tracing/Lese inn (bilde). Dersom du opnar/hentar inn bildefiler i .jpg eller andre bitmaptypar i Studio, må bildet lagast om til vektorformat for at Studio skal kunne bruke den til kutting. Denne prosessen heiter tracing. Korleis du tracar har eg vist i eit par videoar som eg har lagt ut her tidlegare. Du finn dei via Youtube-kanalen min.

Weeding/Luking. Når du har kutta t.d. i vinyl vil det bli negative områder i designet som skal plukkast vekk før du kan overføre designet ditt til der det skal vere enten på kjøkkenveggen eller på minstemann si smekke. Denne prosessen med å ta bort overflødig materiale kallar ein weeding. Luking vil vere eit greitt norsk ord for dette.

Klar til å kome i gang?

No sit du der altså med blanke ark, bokstavleg talt om du ser i Studio, og ei flett ny maskin som kan “alt.” Ta deg ei lita stund på å tenke igjennom kva det var som gjorde at du kjøpte/ynskte deg denne. Var det for å ta scrapbookingen til ny høgder? Var det for å lage kule trykk på babybodyen, fars truser eller storebrors russedress? Var det for å lage veggord til alle rom i huset? Eller var det noko heilt anna? For denne maskina kan “nesten alt”!

Om det var berre ein generell WOW den maskina kan ALT og den MÅ eg berre HA, så rår eg deg til å prøve å lande på eit par område til å begynne med. Og så er det i grunn berre å sette i gang.

Last inn eit enkelt design, gjerne eit av dei som kom med maskina. Putt materialet ditt på kuttematta* eller last den direkte inn i cameoen. Pass på at det er god plass bak maskina då matta bevegar seg ut på baksida når maskina jobbar. Velg kutteinnstillingar* tilpassa materialet ditt. Still inn kniven på foreslåtte djubde og gi det eit forsøk.

Lukke til! Vis meg gjerne det du lagar!

13 des

Fontar og fontar i Silhouette Studio

Det er to måtar ein kan sette inn bokstavar eller tekst i design på i Silhouette Studio. Eller skal eg seie to typar fontar å bruke. Fyrst ser vi på dei to ulike typane fontar, eller kor ein finn dei og korleis du får dei på plass på maskina di.

Den eine er dei standard fontane du har på maskina di eller nye fontar du lastar ned. Dette er fontar du kan finne over alt på nett frå gratis fontar med fri bruksrett eller til personleg bruk til lisensierte fontar med alle rettar. Dei sistnevnte kostar ofte ein heil del men gjer at du kan lage produkt for sal med fontane.

Til nedlasting av fontar har eg mellom anna brukt sidene:

dafont.com
Screenshot 2014-12-13 08.53.41fontspace.com
Screenshot 2014-12-13 08.52.19

1001freefonts.com
Screenshot 2014-12-13 08.51.45

Det finst mange andre tilsvarande sider.

TIPS:  Om nokon sender deg eit bilde og ber deg lage noko som lignar og du lurer på kva font ein er ute etter kan du bruke https://www.myfonts.com/WhatTheFont/ og laste opp bilde der.

Det finst fleire slike tenester på nett.

Når du har lasta ned nye fontar til maskina di må du installere dei før dei vil vere synlege i ulike program.

Windows:
Finn mappa der du har lasta ned fila. Mange ganger er font-fila pakka saman med ei tekstfil med rettigheiter etc. i ei zip-mappe, og så må du først pakke opp denne. Opne så font-fila og trykk på installer oppe til venstre. No må du opne aktuelt program (les. Silhouette Studio) på nytt og fonten skal då ligge i nedtrekksmenyen i text style.

Mac:
På mac kan du enten installere manuelt ved å legge fonten du har lasta ned i font-mappa eller ved å bruke Fontbook. Restart programmet om fonten ikkje er synleg med det same.

Så til tekstbehandling i Silhouette Studio.

Fontane du har installert vil du finne i nedtrekksmenyen under menyvalet text style, og du vil finne dei i andre program som brukar tekst på datamaskina di, men om du leitar under fontar i library vil du ikkje finne dei der.

Fontane til library må ein kjøpe via Silhouette Store der det pr no (des. 2014) typisk kostar $2,99 for eit alfabetsett. Dette kan verke litt unødvendig all den tid det finst gratis fontar å laste ned «overalt» på nettet, men ein fordel med å kjøpe fontar gjennom Silhouette Store er i alle fall at ein kan få tak i fontar som er spesielt tilpassa t.d. kutting i vinyl eller til å bruke med skissepenn.
Screenshot 2014-12-13 08.38.46

Så til den praktiske biten. Når du skal legge til tekst velger du altså bokstavstil enten ved å velge font inne i text style vindauga…
Screenshot 2014-12-13 08.37.41

…eller ved å velge ein font i library. Som du ser har eg berre ein tilgjengeleg font i mitt bibliotek.
Screenshot 2014-12-13 08.43.27

Du kan gå fram og tilbake mellom desse fontane sjølv etter at du har skrive inn teksten ved å markere teksten og trykke på eit nytt fontnavn enten i nedtrekksmenyen under text style eller inne i biblioteket under My fonts.
Screenshot 2014-12-13 19.02.46

28 nov

Instruksjonsvideoar for Silhouette Studio

Som mange andre som har kjøpt Silhouette Cameo lasta eg ned programmet Silhouette Studio før maskina var komen i hus. Programmet er nemleg gratis å laste ned og å bruke.

Når eg så hadde fått maskina i hus valgte eg å oppgradere programmet til Designer Editon (DE) nokså med det same. Dei største skilnadane mellom gratisversjonen og DE er at ein då kan opne svg-filer direkte inn i programmet noko som gir tilgang på store mengder med filer berre med eit enkelt søk på Internett, at ein kan bruke viskelær og kutteverktøy og at ein kan bruke skisseverktøy. Ein pdf med skilnadane mellom gratisversjonen og Designer Edition kan du laste ned hersilhouettestudio
Eg har studert filmar på Youtube, lest ulike bloggar på engelsk og prøvd og feila når eg har lurt på noko med programmet eller maskina. Ofte søker eg på Google på engelsk og finn gjerne svaret rimeleg raskt.

Det eg imidlertid ser er at mange saknar informasjon på norsk. Det finst sikkert sjølv om eg ikkje har sett mykje av dette, men her kjem i alle fall dei fyrste tre – forhåpentlegvis ikkje dei siste – instruksjonsvideoane frå mi side. Alle med norsk teksting og uten tale.

Kom gjerne med tilbakemeldingar på filmane og med tema for nye filmar. Eg reknar med å kunne auke kvaliteten på dei etter kvart :)