14 sep

Fora pung

Om ein googlar på «lined zippered pouch tutorial» kan ein finne mengder av framgangsmåtar på korleis ein lagar slike pungar som dette. Bildene på google viser pungar i ulike størrelsar og av ulik utsjånad.

Eg har funne min måte å gjere det på, ein måte som eg syns gir god form på pungen rundt endane på glidelåsen og som lagar ein liten botn slik at pungen kan stå oppreist under rette forhold.

Ytterstoffet her mistenker eg er frå IKEA – korriger meg gjerne. Litt sånn halvstivt med ørlitt struktur. Innerstoffet er vanlig lappestoff – tunn bomull. Glidelåsen er resirkulert frå eit eller anna plagget. Planlegg å bruke litt av lappestoffene mine til å lage fleire slike pungar. Kjekke å ha til dømes i veska, kofferten, strikkekorga, skulesekken eller toalettveska til dei små tinga. Kjapt prosjekt til korte systunder.

26 jul

Gjenbruk av bøker

Huset vårt inneheld ein heil masse bøker. Eg er litt arveleg belasta med bokglede, men innlegget her går ikkje på lesing. Tvert imot på alternativ bruk av bøker. I sommar kom det nemleg ei heil ladning med gamle bøker på trappa frå noko eit bibliotek hadde kassert. Eg likar veldig godt å lese, men her var det meir enn eg kunne gape over. Sjølv om eg sikkert burde formidla bøkene vidare til nokon som kanskje ville lese dei så gjer eg ikkje det. Ikkje alle bøkene i alle fall. Nokre av dei skal eg sprette opp…

Ei av bøkene har eg alt partert og laga om til ei veske etter inspirasjon frå mellom andre Hungrypanda og Wikihow. Eg trur eg vil  teste ut å følge den fyrste av desse meir slavisk  neste gang. Både fordi den er den som inneheld mest saum og fordi den ser ut til å gjere ting på litt lurare måtar på eit par av punkta eg streva med på denne.

Hankane er heimelaga av skinn med ståltråd som forsterkning inni.

18 okt

Oktoberstille – i bloggen

Når eg ser gjennom bilder på maskina mi og innlegg i bloggen er hausten ofte ei stille tid. Tilsynelatande. Det betyr for min del berre at det skjer mykje i RL i familien. Korps, 4H, musikkskule, allidrett, fotball, turn og klatring er noko av det som ungane er med på i haust. Og vi køyrer. Til og frå. Bringer og hentar.

Handarbeidsfronten avspeglar litt av dette. Ei av jentene har form og fantasi i 4Hoppgåve så då har ein del tid på syrommet blitt brukt til hennar prosjekter. Ho har mellom anna designa og klipt ut lappar til ei dongeriveske. Ho sydde sjølv bitane sammen til sidestykker og så monterte eg veska og sydde på hank. Ho fekk sjølv klippe opp alle kantar på veska før den fekk ein runde i vaskemaskin og tørketrommel. Stilig, ikkje sant?

Vegglommer til det nye rommet hennar har vi òg laga. Her sydde nok eg det meste, men det var ho som bestemte korleis det skulle sjå ut.

Lommene er frå ulike bukser som er kasserte og sjølve framstykket er deler frå to ulike buksebein frå to ulike bukser. Eg har ein heil kasse med dongerirestar så det var godt å få brukt litt av dette til desse to prosjekta. Bakstykket er einsfarga brun bomullslerret. Eg sydde på eit stykke med platevatt for å få det litt stivt.

På sundag er det haustfest og produkta frå årets oppgåve skal stillast ut. Midtimellomjenta har ballett som si oppgåve og stiller mest ut bilder. På festen skal ho danse (ikkje akkurat ballett men…) med ei vennine i heimesydd kostyme. Muligens både bukse og topp dersom mora får satt seg ned og sydd ferdig toppane. Elles får det bli heimesydde bukser og svarte t-skjorter frå Cubus ;)

28 sep

Strikkeveske som byttemiddel.

Når nokon spør meg om eg har strikka pannebanda eller luene som jentene går rundt med har eg oftast sagt nei. Det er jo det som er rette svaret som regel. Men av og til svarar eg at «nei, eg har sydd dei!» Med det har eg meint at eg har bytta dei til meg for noko eg har sydd. Denne veska går til ei nettvenninne som eg har bytta til meg strikka ting frå. Ho har valgt stoffer ogstørrelse sjølv og sagt noko om korleis ho skal bruke den.
strikkeveske
Inne i veska er det ei lita lomme til eit garnnøste, med maljehull slik at ein kan strikke med veska igjen. Fortrinnsvis for dei som strikkar raskt kanskje. I andre sida kan du skimte ei skrå lomme til eit ekstra sett med strømpepinnar. Veska er ca 30 cm lang, og rundt 14-15 cm djup og vid. Forstoffet er frå IKEA.

strikkeveske2

Takk til Ingrid for to awarder!

   

Eg må få tenke litt på kven eg skal gi dei vidare til, eller kanskje eg rett og slett skal gi deg linken til mi bloglines liste! Eg har ikkje rydda der på ei stund. Bakdelen med bloglines er for meg at eg ikkje oppdagar så lett om nokon ikkje bloggar på ei stund fordi eg leser dei som oppdaterer når dei oppdaterer. Ta likevel ein titt og sjå om du kan bli kjent med nokre nye spennande bloggar.

21 mar

Påskemoro!

Påske betyr for meg som for mange snø og sol. Når sola manglar så er det kjekt å kose seg inne med mellom anna symaskina. I dag har eg laga ferdig ein genser til mellomsøster. I to ulike typar jersey denne gangen. Burde brukt lysare tråd oppe i halslinninga, men det får så være. Eg brukte litt av eit band eg nett har kjøpt i hus som ein liten pynt nede på gensaren.

genserk

 

Ei veske laga av ein medlem på eit forum eg er på, inspirerte meg med navnet sitt til å fullføre ei veske. Eg begynte på denne for lenge sidan. Den er laga mest for moro, men den går an å bruke og materiala er sjokoladepapir og plast. Naboen har gitt meg nokre sjokoladepapir for å hjelpe meg med å få nok, men eg hadde nok klart meg fint sjølv. Den er ca 25x 20 cm stor.

sjokoveske paaskesjoko

Eg har òg laga eit par med pelstøfler igjen. Lenge sidan sist no. Den nye maskina mi likte tydeligvis ikkje å sy i pels, den nekta nemlig heile tida å hente opp undertråden. Håpar ikkje mottakar studerer tøflene for inngåande inni. Eg får prøve med ei anna maskin eg har i huset og sjå om den må dedikerast til pelssøm. Søte vart dei iallefall, og sjølv om eg har fått litt nok av snø no er det eit greitt underlag for fotografering.

jentesko

 

09 mar

Strikkepinneveske etter mønster frå Giram

Eg kjøpte mønster til denne pinneveska frå Giram med ein gang ho la den ut, syns den var berre så genial, og til skilnad frå ein del andre mønster eg kjøper/lastar ned – uforbederlig mønstersamlar som eg er – har eg faktisk sydd frå dette mønsteret! Eg held fast ved kommentaren eg gav Giram med det samme: Veska er genial!

pinneveske pinneveskeinni
Eg valgte eit rikelig mønstra stoff på utsida, men innsida har fått eit strikkemønstra stoff. Inne i veska fekk bambuspinnane mine plass – men det kan vere eg i staden for å bruke den sjølv skal gi denne bort til ei som eg veit strikkar og som ikkje har noko å oppbevare pinnane sine i (ikkje i system iallefall).

19 feb

Frå bukse til «veske for deg som likar å ha hendene i lomma».

dongeri
Dongeriveska er laga av samme mønster som skulderveska eg laga sundag, men denne er laga av ei dongeribukse. Eg la ut mønsteret heilt oppe under linninga og prøvde å passe på å ikkje få med veldig tjukke saumar øverst i kanten. Eg drog opp linninga framme nesten på høgde med linninga bak før eg klipte. Eg la ikkje til ekstra sømmonn.
d1

Ei veske blir ikkje så hardt brukt som ei bukse så eg valgte å klippe av ein del dei fleste plassar det var doble saumar. Dette for å gjere veska lettare å sy og noko smidigare.
d2

Dongeristoffet vart for hardt å brette der eg ikkje fekk klipt øverst på framsida, så eg valgte å ikkje brette ned kanten på veska. Forstoffet viser derfor som ein kant rundt veska.

På baksida spretta eg av lomma fordi den kom for nær kanten. Ein rest av forstoffet vart til ei ny lomme på baksida.
dongeribak

Eg syns 12 cm vart litt for breid skulderreim på såpass tjukt stoff. Denne vart òg litt kortare i reima enn den raude veska og passar såleis bedre på ei skulder. Nok ein grunn for å ha ei noko smalare reim.

17 feb

Skulderveske.

Denne skulderveska er min eigen modell og er rask å lage. Det er lett å sjølv utbrodere den med lommer og pynt. Eg har planar om å legge inn framgangsmåten så snart eg får redigert bildene. Kanskje trekker eg òg ein mottakar av veska blandt dei som kommenterer (om det er nokon som kan tenke seg den). Det er ein prototype med dei skjønnheitsfeil det innebærer.

skulderveske

Innfelt grått bilde viser størrelsen (eg er 168cm høg). Minstejenta vår har bestilt ei som kan passe til henne i andre stoffer. Det skal eg prøve å få til etter at eg har sydd ferdig ei veske til meg sjølv av ei dongeribukse. Modellen blir den samme.

04 mai

Ei veske til ein venn eg ikkje kjenner så godt.

Eg var med på ein hemmelig venn runde på forumet Ringblomst rett før påske. Vennen min driver med musikk, er trebarnmor som meg og på min alder. Eg tenkte difor at eg ikkje kunne bomme så alt for mykje om eg laga ei veske som eg kunne tenke meg sjølv ispedd eit litt musikalsk tema. Veska er i grått linstoff med for i svart og kvitmønstra bomull. Framsida fekk ein del store knappar til pynt (vistnok topp mote i Milano – ikkje sant Perry? )


Bildene har eg fått frå mottakaren - det er altså ikkje eg som har fått tusla i sanddynene.

A bag with buttons.

I made this bag when I was someones secret easter friend. It’s quite a lage shoulder bag. The photo is the recievers. It wasn’t me that was lucky enough to walk on sandy beaches in Scotland! 

16 apr

Prinsippet bak ei veske

I eit innlegg om ei strikkeveske for snart eit år sidan lova eg å vise deg korleis eg laga denne og denne, og denne veska.

Godt eg ikkje sa når eg skulle vise det…

Prinsippet er nokså enkelt. Du bestemmer deg for kor høg, lang og djup du vil ha veska. Desse måla er i grunn alt du treng til  veska. Du treng to langsider og to kortsider av inner- og ytterstoff og  for + ein botn av inner- og ytterstoff og for. I tillegg kjem stoff til hank og lommer og kor mykje stoff som går med kjem sjølvsagt an på kor mange lommer og kor lang stropp. Foret (veskevatt el.l.) klipper du uten sømrom – dvs ca ein cm kortare og smalare enn delane i tøy og det er fordel med t.d. veskevatt som kan strykast fast på innerstoffet.

Dei aller fleste lommene er sydd fast i veska når denne blir sydd sammen (men tråkla fast der dei skal vere fyrst). T.d. om eg vil ha ei lomme på eine kortsida blir den like breid som sidekanten og valgfri høg. Eg syr den fast på sidekanten kun i underkant dersom den ikkje skal nå heilt ned i botn og så blir den festa endelig når vaska blir montert. Ytterlommer og ekstra skilleveggar som deler av veska i eit smalt og eit stort hovudrom har eg laga på samme måten.

Nokre lommer har eg laga av berre eit enkelt stykke av forstoffet. Andre har eg laga med strikk i ein løpegang øverst slik at dei kan romme ein del, igjen andre er laga skjult slik som det blir forklart t.d. på denne sida (kva heiter den teknikken på norsk tru?).

Lokk og stropper syr eg fast når eg syr inner- og ytterdelen sammen (men tråklar først). Eg lar det stå opent i botnen på den skjulte lomma og brukar den som vrengeåpning. Syr veskedelane sammen rett mot rett og vrenger ut gjennom lomma. Syr så gjerne ein stikning øverst på veskekanten og syr igjen hullet inne i lomma for hand.

 

I’m trying to explain how easy these bags are to make – I might even get around to write the explanation in English some day.

27 sep

Matchande Mei-Tai og veske.

I går fekk eg klare to Mei-Tai bæreselar og ei veske som skal avgårde til kundar som har venta lenge.

Symaskina mi har stått omtrent heilt stille i to veker no og eg har prøvd å prioritere dei viktigaste tinga først (heimen). Sømmen tok alt for mykje tid her ei stund så eg har midlertidig stengt for alle nye bestillingar. Dei som alt har bestilt har fått sjansen til å trekke bestilling (heilt fram til ordren er påbegynt) eller vente til eg er klar til å sy. Slik må det berre bli nett no – familien er viktigast.

My sewing machine has had an almost two weeks long rest. I have had to rethink my whole sewing buisness and put my priorities straight. I’ve decided to close for orders for a while until I can figure out how to manage the important things at home as well as the sewing. I want to keep the sewing a hobby but just now I don’t have that much time to spare.

20 sep

Handveske i skinn. Small leather handbag.

 

Så kan eg vise bilde av veska eg lagde her før i månaden. Veska er i offwhite skinn med bomullsfor. Den er avstiva med veskevatt og har fått tre lommer inni. Tøystykket på framsida er orginal Burberry og det var utgangspunktet for veska. Den skulle matche eit skjerf bestillaren hadde.

This handbag is made from an order. The buyer wanted it to match a scarf from Burberry and had a small piece of fabric in the same pattern. I decided to make the small bag from leather with cotton inside and padding.

02 sep

Ei veske skal bli til

I løpet av september skal eg lage veske av dette som ligg her på bordet. Skinn, ein tøybit gøymt inni der, knappar, magnetlås og eit forstoff. Kanskje byttar eg ut forstofet viss eg ikkje har nok til alle lommene eg har tenkt. Veska er på oppdrag frå ei dame som likar lommer i veskene sine, men ho har gitt meg bortimot heilt frie tøylar elles. Føringa er ein liten stoffbit som eg ikkje vil vise enno (ca 8-10x15cm) samt størrelsen på veska. Det skal vere ei lita veske til å ha på skuldera, med kort hank.

I am going to make a handbag out of these materials. I think I’ll show you a finished bag around three weeks from now.

04 aug

Travle dagar – Busy days.

Det er travle dagar i heimen. mange bestillingar – minstemann har bestemt seg for at å sove på dagen er for babyar og ikkje for han – og han startar ikkje i barnehagen før om ca to veker. Alt i alt gjer det at søm for det meste blir nattarbeide i tillegg til mandagen når min beste venn, pappen i huset, har minsten mens eg syr.

Før ferien vår sendte eg ut desse to veskene til sine eigarar.

Two bags sendt before the holidays. I have a lot of orders these days. I work two days at the socialoffice – our youngest thinks taking a nap is only for babies and not for him – he’s not attending kindergarden for another two weeks yet. All in all this gives me time to sew… mostly during the night – and mondays like before – thanks to my best friend, my boyfriend.

05 jul

Å sy ei strikkeveske – del 1 (Making a knitting bag – part 1)

Dette bildet viser dei ulike delene i veska. Ytter og innerstoff og fôr er klipt ut i identiske delar (dvs. eg reinklipper dei like etter at lommer og diverse er satt på).

Som du ser er innerdelane her ferdige med fôr og lommer – klar til å bli satt sammen. Starten og ein nærmare kikk på lommene eg brukar får du ein annan gang.

Ytterstoffet blir klargjort på samme måte med lommer, men uten fôr  (veska blir finast med foret fast på innerstoffet). Eg startar med å sy sammen dei største sidene og bunnen samt hankar når hankane skal vere på sidene.

Ytterstoffet har del(er) til hank(er) i tillegg til dei andre delene som er inne i veska. Når du skal berekne stoff må du hugse på det. I tillegg brukar eg litt stoff til lommer både utenpå og inni som du kan sjå.

I use identical pieces for the inner and the outer part of the bag. Even the webbing is the same size. Anyway it is similar sizes after I cut everything clean. I usually cut the pieces clean after attaching the pockets. 

Here you can see the outer part just missing the narrower sides. I use this way of assembly when having handles on the sides.

More to come… 

05 jul

Strikkeveske #2 (Knitting bag #2)

Strikkeveske nummer to er ferdig i klar til å sendast til sin nye eigar. Ho er på ferie og må vente litt med å sjå den live. Eg er som alltid spent på reaksjonen når eg syr noko på oppdrag.
Eg var usikker på kombinasjonen av stoff undervegs men syns veska vart skikkelig fin til slutt. Dette er ei veske som tek litt tid å lage, men om du kikkar innom her av og til skal du få heile beskrivelsen til slutt. Eit par innledande rundar følger i dag.

The second of these my very own patterned knitting bags. This one is made for a friend for a swap and she hasn’t even got it yet. I’m as always nervous about the reaction even though I really liked this one (too).

Stay tuned and I will give you a description on how I make them. Maybe not step by step – but in bits and pieces as I remember to take photos of the making of the different bags. (I have orders for two more).

24 jun

Strikkeveske – knitting bag.

Ferdigbilde av veska. send til sin nye eigar som eg håpar vil like og ikkje minst bruke den.

Det vart litt hektisk dei dagane eg skulle klargjere og sende den så eg fekk ikkje tatt så mange bilder av den. Dette får vere greitt. Eg skal lage to blå av den samme veska og ei som eg ikkje har fått avtale om farge på enno. Var det fleire tru?

No dreg eg avgarde på boknatt. Håpar å få teke nokre fine bilder slik at de kan få vere med litt de også :D

The finished knitting bag. I have orders for at least three more of these in different colours and fabrics. I will start making them next week when the book night is done.

30 mai

Veske for bruk med bæretøy – A bag for use with a carrier.

Eg har sydd på ein bæresele nokre dagar og følgelig også tenkt ein del på dette med bæring av baby/barn. Når eg så fekk tips om eit mønster på veske til dette bruket (ikkje til å bære barn i – men å bruke sammen med bæretøy) måtte eg berre prøve meg. Ytterstoffet er ei gardin frå Freetex og innerstoffet er bomullslerret.

A bag sewn to be used with a carrier – not to get in the way of the carrier or the child in it. I got the pattern from sjalbarn.se a swedish forum about carrying.