31 mai

Forklekjole – ny versjon av eit gamalt mønster

I dag har eg lagt ut eit nytt mønster i nettbutikken min. Forklekjole i to størrelsar som dekkar 9 mnd til 3 år.

Forklekjole to-i-ein

Når eg først begynte å sy denne typen kjolar var det etter eit mønster frå alt om handarbeide frå ca 1980. Så gav eg vekk bladet som mønsteret var i – litt sånn i vanvare muligens. Eg har likevel fortsatt med å sy likande kjolar men måtte då pønske ut mitt eige mønster. Eg har no tegna oppatt mønsteret eg har hatt liggande gratis i nettbutikken og selger det no i størrelsane 74/80 og 92/98.

Her kan du sjå ein sammenligning av det orginale mønsteret frå alt om handarbeide (etter eit bilde) og mitt mønster av i dag.

aoh vs min

Forklekjole er eit praktisk og fint plagg som ein kan pynte så mykje eller lite man vil. Ein kort kjole som ikkje er i vegen når barn skal opp og ned av det dei skal opp og ned av. Eit plagg som held dei verste flekkane borte frå magen på den fine gensaren utan å vere ei smekke. Plagget har eg lest tradisjonelt har vore brukt både til jenter og gutar, ja kvifor ikkje i grunn.

Mønsteret mitt selger eg i nettbutikken min her. Når du kjøper mønsteret kjøper du òg ein lisens for ein person til å sy for sal av mønsteret (unnateke fabrikkproduksjon). Dersom du har spørsmål eller kommentarar til dette så ta kontakt.

05 jan

Eit nytt mønster i nettbutikken i dag òg

Mønsteret eg har lagt ut i nettbutikken i dag er eit PDF-mønster på dokke-, baby- eller barnehue med knyting, berekna på elastiske stoff. Eg har sydd og pønska på dette mønsteret av og på i over tre år og hatt testsyarar på den i to ulike omgangar – tusen takk til dykk! No vel eg å legge mønsteret ut for sal slik det er pr. i dag.

Med i denne fila får du mønster til størrelsar frå 23 til 55 cm (annakvar på oddetal) og ei grundig steg for steg skildring med bilder.

knytehue
(Stoffet i denne hua er “Lillestoff” kjøpt hjå Kjekk og Søt)

Takk for at du respekterer kopiretten! Du kan bruke dette mønsteret til å produsere for sal i liten skala, men ikkje kopiere og dele vidare eller selge mønsteret i seg sjølv. Eg set òg pris på om du opplyser kva mønster som er brukt dersom du velger å produsere for sal.

Du finn mønsteret her.

04 jan

Ei hua for adle hove

Overskrifta er på sognamaol og treng gjerne ei lita oversetjing, eller kanskje ikkje. Uansett kjem det her eit mønster og framgangsmåte på ei hua som skal kunne passe dei fleste.

klossi
Du laste ned mønsteret som PDF gratis i nettbutikken.

Framgangsmåten er ikkje så ulik den som følger med mønsteret som òg ligg til nedlasting gratis i nettbutikken min, men denne hua er litt anleis og litt enklare å lage.  Det finst mange liknande mønster på nett, og dette er mitt – slik eg tykkjer huene vert finast. Sjå berre kor rund og fin den blir i toppen.
toppen

Du må gjerne bruke mønsteret både til å sy til deg sjølv og til andre og for sal om du vil. Eg blir glad om du opplyser kva mønster du brukar, men stiller ikkje noko krav om dette. Om andre vil ha mønsteret er det fint om du viser dei hit for å hente sin eigen kopi i staden for å dele fila direkte. Du kan ikkje reprodusere mønsteret i seg sjølv for sal.

Mønsteret inneheld saumrom på ca 3/4 cm tilpassa overlock, og er i ein størrelse som (litt avhengig av strekken i stoffet) passar frå ca 3-5 år og oppover. Om du finn at du treng mindre eller større omkrets eller høgde står du sjølvsagt fritt til å endre på dette sjølv.

hue m brett

I tillegg til mønsteret har eg laga ein illustrasjon til hjelp når du skal sy. Den viser stoffet slik det er når du har klipt det ut. Studer denne før du syr. Illustrasjonen ligg i mønsterfila.

hueillustrasjon

Du treng 45 x 45 cm jersey eller anna elastisk stoff. Hua skal syast med elastisk saum på symaskin (t.d. skrå sikksakk) eller med overlockmaskin. Eg brukar firetrådars overlocksaum når eg syr huer.

1.Skriv ut mønsterdelane, og lim dei saman eller tegn opp på eit A3ark. Fire mønsterdeler er halve mønsteret mot brett (tilsvarar halve illustrasjonen over).

klipp ut

2. Hua har altså ein mønsterdel som du klipper ut mot brett, av jersey eller anna materiale med god elastisitet. Marker på vrangsida av stoffet hakka som skal klippast ut i begge endar når du teiknar av.  Vent med å klippe desse ut til etter du har sydd rundt heile hua (frå A til B).
Dersom du har eit stoff med mønster med retning er det lurt å markere kva del av hua som skal vere ytterstoff slik at mønsteret kjem rett veg på denne.

Tips: Dersom du ynskjer ei hue med  to ulike stoff på utsida og innsida kan du dele mønsteret på midten – langs den prikka linja på illustrasjonen. Hugs å legge til saummonn. Du klipper då stoff til utsida av delen med A midt framme og til innsida av delen med B midt framme. Sy saman begge delene før du held fram som om du skulle sydd hua i berre eitt stoff.

3. Legg stoffet dobbelt langs brettelinja midt framme, rette mot rette, og sy rundt hua frå A til B. Skrå saumen inn i starten og skrå ut igjen på enden. Dette gir minst mogeleg bulkar på ferdig hue.

 

4. Klipp ut hakka i kvar ende av hua, både i det som blir innerdelen og i det som blir ytterdelen.
trekant vekk

5.Legg hua flat, men motsatt veg av forrige saum, slik at du kan sy saumane G-CD-J og H-EF-I (bokstavar jfr illustrasjonen). La det stå att to-tre cm å vrenge gjennom før I, i innerdelen. Kor stor opning du treng til vrenging er litt avhengig av kor elastisk stoffet ditt er.

sy enden
vrengeopning

6.Brett lua dobbel medan den framleis er på vranga og sy med sikksakk saman dei to punkta der fire saumar møtes. (CD mot EF) Dette vil hindre hua i å folde seg ut under vask og når den blir handtert.

sy i toppen

7. Vreng hua gjennom vrengeopninga utan å dra for mykje i saumen i opninga. Sy vrengeopninga igjen for hand med stigesting (sjå illustrasjon under).
stigesting
Desse stinga kjem på innsida av lua, men det kan gjerne sjå fint ut for det. Om du føretrekk å sy igjen opninga med maskin, anbefalar eg å sy ei toppstikning heilt i kanten.

8. Vreng hua rett inni seg sjølv og du er ferdig!

hue u brett

 

10 apr

Har du lyst på den nye syboka “Handmade” heilt gratis?

handmade by meEg har tidlegare fortalt at eg har vore så heldig å få vere med i ei ny sybok som kjem ut no i april. No nærmar boka seg med stormskritt, og eg har fått lov til å lodde ut eit eksemplar i bloggen min. Boka er hovudbok i Hobbyklubben  no i april!

Om du vil vere med i trekninga av boka så legg igjen ein kommentar her. Gjerne ein som får meg til å smile ;) Eg har ingen andre krav enn dette.

Trekninga blir gjort den 14. april etter kl 20.00.

 

Her heime går det elles i strikking og litt småreperasjonar på symaskina for tida.

 

kragejakke smart

Kragejakka av Sandnes Smart, men etter oppskrift frå “Strikk til Nøstebarn” nærmar seg ferdig. Eg skulle opprinneleg strikke den av restegarn, men endte opp med å måtte kjøpe tre nøster (dvs. nesten halvparten av det eg trengte). Så no håpar eg jakka fell i smak. Har berre igjen å strikke knappestolpane.

2013-03-29 22.27.31

Eg har òg strikka nokre små søte brune raggsokkar til baby i tunn Abuelita merino multi. Mønsteret eg har brukt til desse er henta frå “Myk Start” og heiter raggsokk til mini og mamma.

2013-04-10 10.43.45

Før eg strikka raggsokkane laga eg eit par “Stay-on Baby Booties” i kvitt. Dei vart litt store med tanke på ein heilt nyfødd, men sikkert gode til vinteren igjen.

 

23 feb

Handmade. Norges beste syoppskrifter

handmade by meFor to år sidan kom boka Made by me – Sybloggernes beste oppskrifter, og no er det klart for oppfølgaren! Den må jo berre (heilt objektivt sett sjølvsagt) bli enno bedre. Eg var så heldig å få lov til å vere med denne gangen!

Boka kan forhåndsbestillast i alle landets nettbokhandlar, og vil være i sal i alle bokhandlar fra ca. 15. april. Prisen er kr 389,-. Om du er medlem i hobbybokklubben kjem boka til deg der som hovudbok i april.

Mitt bidrag i boka er ei enkel baby/barnebukse og eg er sjølvsagt kjempespent på responsen på mitt eige mønster. I tillegg kjenner eg godt til fleire av dei andre som bidrar i boka via bloggverdenen/syforum og eg trur er sikker på at dette er ei bok mange vil ha lyst til å eige.

Frå forlaget si eiga omtale av boka:

Et utvalg av Norges beste syoppskrifter!

Bli inspirert av kreativiteten og sygleden til bidragsyterne i denne boken. Oppskriftene er et resultat av en konkurranse som ble spredt via sosiale medier, og de 50 beste bidragene er samlet i Handmade. Her finner du oppskrifter på klær til voksne og barn, tilbehør, interiørprosjekter og utstyr til babyen. Boken passer like godt for deg som er helt ny i faget som for deg som har traktert symaskinen en stund.

Følg gjerne Motor Forlag på Facebook!

21 nov

Testing testing 1,2,3…

…4 og 5.

Testing må til når ein skal få til gode plagg. Og testing har det blitt ein del av siste tida – av huer. Eg har både fått andre til å teste huemønster via forumet sykroken og har sydd ein heil del huer her heime sjølv.

Her er fem av dei minste eg har sydd siste dagane. Frå størrelse 24 som passar til ei lita dokke, str. 32 som passar til baby-born-dokka og opp til str. 47 som passar til vetlesysta her i huset. Størrelsen større er òg omtrent i boks. Planen er å få fram mønster på desse opp til og med ca 53 cm.

Eg tykkjer etter kvart at eg har fått fram ei hue som går godt ned både i panna og nakken, men det står att ein del prøving før eg er framme ved ferdig mønster i alle størrelsar.

Alle babyhuene har ytterstoff av bomullsjersey frå ulike butikkar, og innside i enten ull eller bambus. Dokkehuene har innside i bomullsjersey. Som snorer brukar eg helst flate skosnører. Gode, mjuke og skikkeleg haldbare snorer.

Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal legge ut mønsteret for deling/sal. Det fins etter kvart mange mønster å få kjøpt på nett, så det er mogeleg eg berre brukar dette mønsteret for eigen produksjon.

19 nov

Lun hals og varm puls – mønsterslepp

No kan de få kjøpe mønster på den flotte halsen (/kragen/laushalsen) og pulsvarmarane som eg har pusla med i det siste.

“Mønsterbutikken” finn du her eller ved å fylgje linken oppe på menyen. Mønstera er digitale (pdf-filer) og til personleg bruk. Skikkelig raske, fine og varme både til gåver og til eins eigne og god bruk av restebitar etter t.d. kjolesaum.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til mønstera eller til kjøp av desse.

Takk til gode sydamer på sykroken som har stilt opp og prøvesydd og kommentert på mønsteret for meg!

08 sep

Ei bukse som slett ikkje er kilen

Eg har sydd fleire bukser etter eige mønster til vetlesysta no, og dei har alle vorte litt ulike. Nokre har eg sydd uten kile og nokre med, nokre med lange bein, nokre med korte, nokre med ribb og nokre uten. Så var det det med kile då – veldig greitt å få lagt til litt slitestyrke og bevegelsesrom i skrittet, men plundring å få sydd fint sammen. Så kva gjer ein då? Jo, ein lagar eit mønster uten kile. Eller, buksa har på ein måte kile likevel sidan eg har integrert litt ekstra stoff i bakstykket.

Den lilla ullbuksa under var første test på dette nye mønsteret. Sjølve buksa er i ein tynn ullfilt og kantane oppe og nede i ulljesery.


Etter første utkast tegna eg mønsteret på nytt og sydde ny testbukse. Denne har eg ikkje fått prøvd på jenta enno, men eg syns den ser ut til å vere slik eg vil ha den. Buksa er sydd i velourrestar etter ein kjole/tunika eg sydde til meg sjølv her om dagen. Velour har god strekk, så eg har brukt samme stoff til ribb både oppe og nede som i sjølve buksa. Resultatet er ei romsleg bukse heilt utan irriterande saumar midt framme og bak.

29 mar

Mønster på forklekjole

Eg sydde min første forklekjole for ca fem år sidan etter eit mønster i eit Alt om Håndarbeide frå februar 1980. Dette mønsteret har eg i mellomtida gitt bort saman med alle dei gamle blada. Så når eg no skulle prøve å sy ein kjole måtte eg ta utgangspunkt i ein kjole eg hadde liggande og prøve å tegne eit nytt mønster.
 
Eg mistenker forresten at den kjolen eg no tok utgangspunkt i ikkje er sydd etter mønsteret, men igjen tegna av ein kjole eg har sydd av det mønsteret ein gang – om du forstår ;) For den første kjolen eg sydde denne gangen syns eg ikkje sat så godt på eittåringen min . Eg tegna den derfor om ein del.
Oppdatering 2016: Det er med dette utgangspunktet eg har kome fram til mønsteret eg selger i nettbutikken. 

 

06 mar

“Heit i håve”

Sognamaol er ikkje alltid like lett for folk med andre tungemål å forstå, men passe “heit  i  håve” er det viktig å vere uansett dialekt.

Desse tre ohelenehuene vart til medan mine tre eldste var på bading med faren på laurdag og minstejenta sov søtt i vogna. Eg lukka alle dører mellom oss og fyrte opp Compulocken. Luemønsteret er mitt eigne og eg har her prøvd ut tre ulike variantar. Eller forresten er det berre to sidan elefantlua berre er ein mindre størrelse av Ooga booga-lua. Den rosa med paisely-mønster er ei slags oversiza baggylue. Til desse luene går det med ca 80 cm stoff.

Alle luene vart sittande på ut dagen etter prøving på dei respektive “håvene” og det tar eg som ei god tilbakemelding. Når eg først var i farten sydde eg fire luer til: Ei til ei besøkande jente og ei til lillesøstera hennar som broremann skulle på besøk til. Dei tok eg ikkje bilde av før dei forsvann ut døra men her er dei to siste eg sydde seinare på dagen. Det er nok ikkje siste lua frå denne kanten :D

Den eine lua (den minste) skal få flytte til Bergen sammen med tøflene frå sist post. Tøflene har no fått ein enkel skinnsåle under slik at dei både er sklisikre og held litt lengre.

Eg trur dette betyr at eg har kome over den tidvise vegringa mot å klippe i jerseystoffene mine! *hurra*

Om du vil ha ein kopia av mønsteret mitt på baggy huer og ei enkel forklaring på korleis eg syr dei, så kan du laste dette gratis ned i mønsterbutikken min.

13 feb

Ullbukse med mønster

Underbetalt modell

Eg har endelig fått ferdig både mønster og ein ny prøvemodell til bukse. Her buksa på ein litt for kortbeint modell og her er mønsteret– til fri privat bruk.
(Tillegg 12.08.14 – dette er mønsteret som er vidareutvikla til Makelaus bukse som er publisert i “Handmade”)

Buksa er sydd med sømrom på ca 2 cm i sidekantar og nede og ca 4 cm oppe. Heile buksa er i ulljersey frå naturesfabrics. Kanten oppe og nede er i opprinnelig naturfarga ulljersey, men farga med KoolAid – ei blandig av blått og raudt pulver. Størrelsen er ca 80 cl. Om ein klipper 1 cm sømrom i kantane og reduserer til to cm oppe blir den kanskje rundt 70 cl.

Framdel og bakdel på denne buksa skal kvar for seg klippast ut i eitt stykke mot brett. Altså ingen søm midt framme eller midt bak.

Buksa har skikkelig god passform over tøybleiestumpen og ein breid ribb oppe sikrar at buksa ikkje siger ned. Om ein syr ribb nede i staden for berre å kante vil buksa kunne brukast lengre.

28 des

Tøysko – framgangsmåten

Her er min framgangsmåte for tøytøfler med utgangspunkt i framgangmåten for skinntøfler.  Eg anbefaler at du leser gjennom heile teksten før du begynner. Mønsterfila er til salgs på denne linken. Prisen inkluderer prisen ein lisens for ein person til å lage produkt for sal av mønsteret (ikkje inkludert fabrikkproduksjon). Du kan ikkje dele eller selge mønsteret i seg sjølv. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller kommentarar til dette.

toyskoto
Klipp ut mønsterdeler til to tøfler: To av kvar del i forstoff og to av kvar del i ytterstoff. Eg har brukt bomullsstoff ytterst og ullfilt innerst. NB! Klipp litt større sømmonn på sidene av hældelane enn du ville gjort i skinn. Legg på ca 0,5cm på kvar side.

Legg innerdelar og ytterdelar av tå rette mot rette. Sy ein stikning i øverste kant.
toestikning
Vreng og press tådelene. Sy ein stikning i øverste kant. Sy òg sammen forstoff og ytterstoff med ein søm rundt den bua kanten.

Lægg hældelane rette mot rette og sy med sømrom på ein pressarfots breidde på kantane og vanlig sømrom oppe. La det stå igjen ei opning på 1,25cm på kvar side 1,25cm frå øvre kant. Dette blir opning for strikk.
heel
Klipp av hjørnene på hældelane, vreng og press. Sy ei stikning tvers over hældelane i overkant av opninga på sidene og ei stikning tvers over hældelen i underkant av opningane. Dette blir løpegang til strikk.
chasing
Tre i ein strikk på 1 cm breidde og ca 3 cm lengre enn hældelen.
heelklar
Sy sammen forstoff og ytterstoff langs nederste kant.

Montering: Start med å sy tådel rette mot rette på ytterdelen av sålen.
toemonter
Sy så hældelen på.

Brett tådelen og hældelen mot midten av tøffelen.
sole1
Nåle fast innerdelen av sålen med rettside ned/inn.
innisole
Sy rundt, men la det stå att ei vrengeåpning.
solefoervreng
Du treng ikkje meir enn ca 3-4cm åpning. Vreng skoen og sy igjen vrengeåpninga.
sewclose
Klipp hol i foret i tådelane til strikk. Vær forsiktig så du ikkje klipper i ytterstoffet. Hola er ca 1,5 cm frå øverste kant og med ein avstand på ca 3 cm.
strikkhull
Tre eine enden av strikken gjennom begge hola i tådelen (mens skoen fortsatt er på vranga) og sy den for hand sammen med den andre enden (overlappande). Klipp bort overflødig strikk. Vri litt på strikken slik at sømmen kjem inn mellom hola i tådelen.
strikkmonter
Vreng rettsida ut og gjenta for sko nummer to.

toysko
Dersom du kommenterer og skriver at dei har tilgang til føtter som kan passe (eller kjem til å passe) i desse tøflene skal du få dei tilsendt. Dersom det er fleire som ynskjer tøflene trekker eg ut ein mottakar mellom dei som har kommentert etter ei tid. Tøflene er ca 11,5 cm i innermål. Eg stiller berre eitt krav: at du har ein blogg der du kan poste bilde av tøflene når du har fått dei – med føtter inni! Å få sjå bilde av resten av barnet krever eg ikkje.

(Tøflene er gitt bort)

28 nov

Adventspostkasse eller oppbevaring for julekort.

 

postkassen

Mønsteret er ikkje inkludert sømmonn.

1. Klipp ut
1x 9x15cm og 1x 4×15 i ytterstoff
1x tilsvarande hovuddelen i mønsteret i ytterstoff og 1x i forstoff (minus den lille biten på 9x15cm på forstoffet). Du kan òg sy sammen tilsvarande stykke av bitar etter mål frå mønsteret.
1x vatt til foret. Det skal ikkje vere vatt i sømmane så dette skal klippast uten sømmonn.

postkasse

2. Dekorer det som blir framsida (der det er eit bilde på mønsteret) og evt. lokket (inne i ruta 9×15 på ytterstoffet). Eg har plassert barnet sin bokstav på lokket på andre postkassar eg har laga. Pass på å halde deg unna sømmonnet med dekoren.

3. Stryk vatt fast på forstoffet og på biten på 9×15 i ytterstoff.

4. Sy undersida av lokket (ytterstoff 9×15) fast på innerdelen slik at innerdelen blir lik ytterdelen men la det stå opent mellom dei to raude kyssa (dette skal bli vrengeåpning). Du har no to krossar i stoff – ein som skal bli innerdel og ein som skal bli ytterdel.

postinner

5. Sy eit band til oppheng av ytterstoffet i 4×15 og sy den på på utsida av ytterstoffet ved markeringa (firkant med kryss i).

6. Sy sammen alle dei lengdene som er 20cm og står vinkelrett på kvarandre (rette mot rette). Gjer dette på både inner- og ytterdel.

7. Sy dei to delane sammen rette mot rette. Vreng gjennom holet som står att mellom loket og bakveggen i innerdelen.

8 Sy ei stikning rundt og tvers over lokket og rundt kanten på postkassen og lukk samtidig holet mellom lokket og bakveggen.

9. Heng opp postkassen og bruk den som adventspostkasse som oss eller som ein dekorativ plass å oppbevare julekorta.

 

___________________________________________________________________
A postbox for christmas.Seamallowance not included.
1. Cut one piece 9x15cm and one 4×15 in outer faric, one main piece like the entire pattern in outer fabric (or piece it toghether using scraps) and one main piece from lining fabric except from the 9x15cm part and finally batting for the lining.

2. Put your decoration on the part that has the photo. The lid might even get embellished by your choice. The lid is the 9x15cm part on the outer fabric piece.

3. Attach the 9×15 piece to the inner fabric but leave a hole (x to x) for turning. Iron on the batting.

4. Make a ribbon for hanging from the 4×15 piece and attach it to the place marked with a square with a cross on the outer fabric.

5. Sew all 20cm lenghts together with its “neighbour”. Repeath on both inner and outer main piece.

6. Sew the two pieces right sides together and turn the right sides out through the hole between the back and the lid.

8. Sew a seam around all edges and even across the lid closing the turning hole.

18 nov

Hjelmlue – Tutorial for a baby hat.

Takk til Elsebeth Gynther, forfattaren av (mellom andre) boka “Barnetøj du selv kan sy 0-4år” for at eg får lov til å legge ut mønsteret på hjelmlue!
hjelm

Modellen her er laga i cordfløyel, men det meste kan brukast. Brukar du skinn, fleece eller ullfilt treng du heller ikkje tenke så mykje på sårkantar sidan desse ikkje raknar. Å… dekke dei inne i lua kan likevel vere aktuelt for å lage lua meir behagelig å ha på. Klipp ut to sidekantar (ein spegelvendt av den andre) og eit midtstykke. Skjær av ca 2m x 3cm av samme stoff til skråband. Kutt på skrå av stoffet.
hjelm1
Nåle sidestykkene på midstykket. Det er ein markering på mønsteret som skal stemme overeins (prikk).
hjelm2
Sy sammen.
hjelm3
Lag skråband (eller bruk ferdige).
hjelm4
Kant lua med skråband. Fyrst rundt halsen, så rundt ansiktet. La skråbandet rundt ansiktet fortsette i nedkant ca 25 cm på kvar side slik at dette blir snor til å knyte lua med.
hjelm5
Fest evt. trådendane i endane på snorene for hand dersom maskina di strevar med dette. Ta deg ørlitt tid til å beundre det ferdige produktet før du tek til på neste utgave.

Elsebeth Gynther foreslår i si bok å lage midstykket i lappeteknikk, eller å quilte lua for å lage den til ei varmare utgave. Berre fantasien set grenser!

I have gotten the permission from author Elsebeth Gynther to publish the pattern for a baby hat from her book “Babytøj du selv kan sy 0-4år” (roughly translated “Make them yourself – Clothes for children 0-4 yrs.”). The book was published in 1977 and is now only available second hand. The instructions for the pattern (following the photos abowe) is like this: 1. Cut out two side-pieces (remember to mirror one) and one middle piece. 2. Pin the side pieces to the middle piece right sides together. 3. Sew the three peices together. 4. Make bias tape (or use ready made) and cover the seam allowance inside the hat. 5. Cover the edges with bias tape. Cover around the neck first, then around the face. Let the bias be about 50 cm longer than the hat and use the extra 25 cm on each side for ribbons. The author suggest patchwork for the middle piece or quilting on all pieces to make a warmer hat. If you use leather or felted materials you dont’t have to worry about raveling. I would still cover the seamallowance inside the hat to keep the comfort.

20 aug

Make your own soft soled leather shoes.

DSC_4633

The pattern (with finished shoe sizes from 11,5 cm to 30,5 cm (pattern pieces from 12,5 to 31,5 cm included 0,5 cm seam allovance) can be bought here).

You’ll need some pieces of soft leather; scraps will do. I buy my leather from hobby suppliers and a Norwegian leather dealer called Skinnlåven. Leather from used jackets or bags may also be used. Thin leather is soft but will also wear out sooner than thicker leather.

Thick leather may on the other hand be hard on your sewing machine and not as comfortable to wear. You’ll have to figure out for yourself how much your machine can do.

I recommend a special presser foot for leather and similar materials, as well as needles for leather. I use both poly and cotton threads. The special presserfoot may be replaced by stitch&tear or similar paper between the leather and the presser foot. I use straight stitches, length about 3,2mm. Seamallowance of ca 5mm is included in the pattern.

The elastics I use are 10mm wide. I find this better than regular narrow elastic in that it doesn’t make wrinkles all the way around the childs ankle. Hence more comfortable to wear. You’ll need about 40 cm of elastics for small shoes. You actually need less, but a bit longer elastics make it a whole lot easier to work with. The shoes can be made out of other materials as well. Feel free to alter the pattern and play with materials in any way. Make shoes for your entire family, your friends and neighbours, but please don’t sell products as a direct result of using my tutorial or patterns. You can buy the pattern here. Please do not share the pattern.

Let’s get going! Cut two of each pattern piece. My shoes are the same for the left and right. which is great for children who aren’t able to put the right shoe on the right foot, and they are also easier to make.

You’ll also need a casing for the elastic both around the heel and on top of the shoe. The decoration on top of the shoe is where you can let loose the artist in yourself. I’ve chosen an simple flower for this particular shoe.

Cut or punch holes or slots in the upper part. This is where the elastics go later on. You can use scissors, a knife or a hole puncher.

Sew the casing on to the heel part. One side first. Put the elastics in place and sew the other side. Be careful not to sew into the elastics on this step. I usually place the chasing about 75-100mm from the top of the heel part because this helps prevents the shoe from wrincling up.

Make a mark where you want yours to get it even or align it with the top. The casing is 1cm wider than the elastics itself.

Second you’ll need to prepare the upper part. Decorate it in any way you like. Be careful not to sew in between the slots/holes for the elastics or else you will not be able to thread the elastics through later on. The upper part and the sole are sewn first. Right side facing each other. Mark the middle of both pieces and trace the starting point of the seam from this. Feel free to use clips or something elce to keep it all in place if you find it hard to do it with just your hands. Leather doesn’t allow much faults. You might rip the seam once or twice, but no more. Any needle holes will not go away and may make the shoe weaker.

Sew the heel on to the shoe right sides together starting slightly overlapping the upper part. This is where your sewingmachine might give up or start spitting needles. Sew slowly or manually if needed. Do NOT pull the leather Especially not if the leather is very soft. Make sure you don’t sew the ends of the elastics by accident.

The shoes is now almost finished; you just need to fasten the elastics. You’ll need to do this before turning the shoe outside out. Pull one end through the holes using safety pins like I do, a tweezer or whatever suits you. I like using safety pins on both ends since it prevents the other end from running off. Adjust the elastics to fit your child. If the child has high ankles or is on the heavy side the elastics need to be longer than for a smaller foot. Sew the elastic closed by hand and cut off any excess. Rotate the elastics to hide the seam between the holes in the upper part.

Turn the shoe outside out and repeat the process to make its partner. Study your excellent work and please; try not to wake your child straight away to try on the shoes even though you want to. :D

Good luck! Feel free to contact me with any questions.

EDIT: 12.08.14 You can now purcase the pattern here.

Important notice: You are not allowed to copy or resell my pattern. If you want to make shoes to sell in a small scale, please contact me.
If you don’t have Adobe Reader – get it for free at adobe.com
20 aug

Lag dine eigne ohelene-tøfler! Skinnsko til alle fotstørrelsar.

DSC_4633

Tøffelmønsteret mitt inneheld mønster til tøfler med innermål frå 11,5 til 30,5 cm (mønster frå 12,5 til 31,5 med 0,5 cm saumrom). Mønsteret kan du kjøpe her.

Til tøflene treng du litt skinnrestar av møbelhud el.l. Dette kan du kjøpe frå ulike hobbybutikkar/-kjeder (t.d. Panduro eller Sløyd Detaljer) eller hos Skinnlåven. Skinn frå plagg eller vesker frå t.d. bruktbutikkar kan også vere brukbart. Eg syr òg ein heil del tøfler av pelsskinn. Tunnt er mjukt, men tunnt vil òg lettare bli slite ut medan tjukt skinn kan vere ein prøvelse for symaskina. Du må sjølv finne ut kva di symaskin taklar av tjukkelse på det du skal sy gjennom. Eg anbefaler elles at du brukar ein glidefot (teflon) til symaskina og spesielle skinnåler. Eg brukar både polyester og bomullstråd. Du kan også bruke ein vanlig pressarfot og legge rivevlies el.l. imellom. Eg brukar rettsaum og stinglengde minimum 3,2mm.

Eg brukar 1 cm breid strikk rundt tøflene fordi eg ser at det ikkje lagar skrukker rundt ankelen og gjer den god å ha på. Du trenger ca. 40 cm strikk til ein barnetøffel, dvs. du treng litt mindre men å ha litt ekstra gjer det litt lettare å jobbe med.

Tøflene kan også lagast i andre materialer. Du er velkommen til å endre og trikse med både materialer og mønster så mykje du vil og lage tøfler til heile familien din og alle dine venner, men ikkje bruk min framgangsmåte som grunnlag for salg av tøfler og selg heller ikkje framgangsmåten/mønsteret. Du kan kjøpe mønsteret her. Vennlegst ikkje kopier mønsteret for deling med andre.

Så set vi i gang! Klipp ut to solar, to overdeler og to hælkapper. Mine tøfler har lik høgre- og venstresko, noko som er ein fordel for ungane som alltid ser ut til å klare å bytte om høgre og venstre sko. Det er også lettare å lage to like sko enn to ulike.

I tillegg til dei tre delene nevnt treng du ei list som skal skjule strikken rundt hælen: Du treng òg ei list eller anna pynt som skal skjule strikken som går gjennom overdelen. Pynten på overdelen er der du verkeleg kan boltre deg kunstnerisk. Her har eg valgt ein enkel blomst.

Klipp eller trykk hol i overdelen der strikken skal gå gjennom. Eg brukar tang til dette men det går òg fint an å klippe to hakk der strikken skal gå gjennom.

Sy fast hællista på hælkappa. Eg brukar ei list som er 1 cm breidare enn strikken, i dette tilfellet 2 cm. OBS berre ein kant først. Klipp lista til i samme lengde som hælkappa. Eg brukar å ha denne ca. 0.75-1cm nede på hælkappa fordi det igjen hindrar hælkappa i å snurpe seg sammen. Om du legger denne kant i kant er det kanskje lettare å få fint, men tenk då på om du må ta av litt av høgda på hælkappa. Legg inn strikken under hællista. Sy fast andre kanten mens du passar på med fingrane at du ikkje syr i strikken.

Så er det overdelen sin tur. Dekorer som du ynskjer men pass på å ikkje sy i kanalen som skal vere mellom dei to hola. Der skal du kunne dra gjennom strikk om litt.

Montering.
Overdelen og sålen blir sydd saman rett mot rett fyrst. Pass den til slik at den går like langt fram på begge sider. Finn midten på sålen framme og midten på overdelen og gå ut frå desse. Bruk gjerne binders, klyper eller teip for å halde på plass dersom du syns dette er vanskelig å gjere berre med hendene. Skinn er ikkje så takknemlig når det gjeld å sprette opp så du må få det til første gangen (eller til naud andre gangen).

Hælkappa skal syast på med litt overlapping over overdelen. Det er her det kan bli hardt for symaskina. Sveiv om nødvendig fram sting for sting og ta det med ro. Ikkje dra i skinnet, spesielt ikkje viss du brukar mjukt skinn eller pels. Pass på at du ikkje syr fast enden på strikken når du gjer denne siste operasjonen.

Tøffelen er ferdig sydd på maskin; no gjenstår berre å feste strikken og det må gjerast før vrenging. Dra den eine enden av strikken gjennom dei to hola på overdelen. Eg likar å gjere dette med sikkerhetsnåler festa på begge endar fordi det då er lettare å hindre at strikken blir dratt inn i hællista. Du kan også bruke eit pinsett el.l. Pass til omkretsen rundt ankelen i forhold til barnet som skal ha tøffelen på. Har barnet høg vrist eller er god og lubben strammar du mindre enn om det er ein slank fot som skal nedi. Sy saman med nokre sting for hand og klipp av overflødige strikk. Roter strikken slik at skøyten vert skjult inne mellom hola i overdelen.

Vreng skoen og gjenta prosessen for sko nummer to. Studer stolt det ferdige tøffelparet og prøv å ikkje vekke barnet ditt sjølv om du har lyst til å prøve skoen på med ein einaste gang.

Mønsteret går frå ca str. 18 til 46 og inneheld mønster til å tegne av/printe ut til annakvar størrelse. Nokre av mønsterdelene er mot brett. Dersom du ikkje får til å printe ut riktig størrelse kan du enten endre størrelse i kopimaskin eller bruke den størrelsen som passar etter mål uavhengig av kva som står på den i utgangspunktet. Eg brukar ca 5mm saumrom.

Eg har dessverre ikkje lengre kapasitet til å sende ut mønster på mail til alle som ynskte dette. For at det skal vere mogeleg å få tak i det likevel tilbyr eg dykk som leser her å kjøpe det her. Prisen inkluderer prisen ein lisens for ein person til å lage produkt for sal av mønsteret (ikkje inkludert fabrikkproduksjon), men du kan ikkje dele eller selge mønsteret i seg sjølv. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller kommentarar. Mønsteret i seg sjølv kan  ikkje kopierast eller selgast. 

Kos deg med saumen!

03 mar

Lag dine eigne skinnsålar

Mange strikkar og heklar sine eigne tøfler – tova sådanne. Desse er gode og mjuke og varme, men dei er glatte! Det finst skinnsålar å få kjøpt som ein kan sy på under, men kvifor ikkje lage dei sjælv slik at dei passar akkurat både i form og farge?

Viss du vil kan eg lage til deg – også med navnebroderi på hælen – men her får du min framgangsmåte viss du vil gjere det sjølv:
Lag deg eit sålemønster ved å måle lengda og breidda på tøffelen under og tegn ein såle med form som på bildet under, med dine mål.

Sett alternativt tøffelen på eit papir og tegn omriss – gjerne med foten nedi/fullstappa med tøy el.l. Strek rundt, tett inntil flata som berører golvet, men uten å vinkle pennen under tæffelen. Rund evt. av viss du ikkje vil ha ulike sålar på høgre og venstre.

Mål omkretsen på sålen. Pluss på litt ekstra så du ikkje kjem ut med for lite skinn til sammensyinga.
Skjær eller klipp ut sålen i skinn. I tillegg til sålane treng du ei skinnlist på 3 cm x omkretsen på tøffelen + 2 cm til kvar såle. Viss du vil kan du ha lista høgre bak (bua form), men då må du passe på å få den midt bak på hælen når du syr den sammen – ei rett list er lettare å passe til. Gjer slik du syns er greiast.
Viss du må bruke to korte lister (ikkje lang nok skinnbit) skøyter du ved å legge rette mot vrange og sy to rette saummar på tvers (sjå siste bildet).

 

Legg rettsida på lista mot vrangsida (den som er ru) på sålen og sy den fast. Start midt bak viss du har bua del slik at du får den midt bak på tøffelen – viss ikkje kan du starte på sida – ca 3-4 cm innpå lista (fordi du må ha rom til å sy den sammen med andre enden).

Det er ein fordel med glide- eller rullefot på symaskina, men dersom du ikkje har det kan du legge rivevlieselin eller kopipapir mellom skinnet og pressarfoten. Skinnål viss du har det, elles kan ein grov standard nål gjere nytten. 

Legg lista på plass etter kvart som du syr og sy rolig rundt til det gjenstår 3-4 cm.

 

Sy sammen lista med to rette saumar på tvers – rette mot vrange får du syr siste del av lista fast til sålen. 

For å få sydd sålen fast til tøffelen lagar du små hull rundt kanten oppe med ei hulltang og syr på med t.d. knappetråd eller fleirdobbel sytråd. Du kan også sy uten å lage hol fyrst, men då bør du ha skinnål og MÃ… ha fingerbøl!


Skinn kan du få kjøpt i fleire ulike hobbybutikkar/-kjeder (t.d. Panduro, Sløyd Detaljer og SGS) eller hos Skinnlåven. Skinn frå plagg frå t.d. bruktbutikkar kan også vere brukbart.

03 mar

How to make leather soles.

If you have made knitted or chrotcheted slippers you most certainly love them. They are warm and comfortable. BUT they are slippery! And of course they wear out easily. That’s the main reasons why many buy leather soles to sew on. But – why don’t you make them yourself. I can tell you how I do it – and I think you’ll figure it out even though I’m not a very good teacher. By making them yourself you can get exactly the size and color you want.
You can of course ask me to make you one – even with your name on the heel – but I tell you how I do it in case you prefer to do it yourself:

Make a pattern for the sole by measuring the length and width(s) of the slipper. Make a pattern like the one underneath whit your measurements.

An alternative way is by drawing around the slipper. You’ll have to decide wether you want the soles to be alike or a clear left and right.

Measure the circumstance of the sole. Add some extra for seam allowance

Cut out the sole from your choice of leather. In addition to the sole you need a piece of 3 cm x the circumstance + 2 cm for each sole. If you want the sole to be higher in the back you’ll have to cut it higher than 3 cm. This form needs more specific fitting since You’ll have to match it with the middle of the heel. Do as you please. It’s easier with a straight piece.

If you have to use to pieces to make a long enough piece just sew it together wrong side towards right side as in the last photo.

Assembly: Sew right side of the long piece towards the wring side (the rough side) of the sole. Start on the heel if you chose a wider part there. If not you might start on one of the sides. Start about 3-4 cm from the end – leaving room for sewing it close with the other end.If you don’t have a special foot for leather you might use paper between the leather and the presser foot. There are special needles for leather, but a solid standard needle will also do the job. Sew until there is about 3-4 cm left.

Join the piece before attaching the final bit.

Punch holes all the way around and sew it to the slipper with tread for buttons or several usual threads. If you want to sew without punching holes you’ll need a thimble and maybe a leather needle.