31 mai

Forklekjole – ny versjon av eit gamalt mønster

I dag har eg lagt ut eit nytt mønster i nettbutikken min. Forklekjole i to størrelsar som dekkar 9 mnd til 3 år.

Forklekjole to-i-ein

Når eg først begynte å sy denne typen kjolar var det etter eit mønster frå alt om handarbeide frå ca 1980. Så gav eg vekk bladet som mønsteret var i – litt sånn i vanvare muligens. Eg har likevel fortsatt med å sy likande kjolar men måtte då pønske ut mitt eige mønster. Eg har no tegna oppatt mønsteret eg har hatt liggande gratis i nettbutikken og selger det no i størrelsane 74/80 og 92/98.

Forklekjole er eit praktisk og fint plagg som ein kan pynte så mykje eller lite man vil. Ein kort kjole som ikkje er i vegen når barn skal opp og ned av det dei skal opp og ned av. Eit plagg som held dei verste flekkane borte frå magen på den fine gensaren utan å vere ei smekke. Plagget har eg lest tradisjonelt har vore brukt både til jenter og gutar, ja kvifor ikkje i grunn.

Mønsteret mitt selger eg i nettbutikken min her. Når du kjøper mønsteret kjøper du òg ein lisens for ein person til å sy for sal av mønsteret (unnateke fabrikkproduksjon). Dersom du har spørsmål eller kommentarar til dette så ta kontakt.

20 apr

Travle tider

Her i heimen er det konfirmasjon i starten av mai og ein del som ein tenker skulle vore gjort før den tid. Blogging og kosesaum lyt difor stort sett vente til roligare tider. For no syr eg bunad. Bunader. Eg har sydd til snart-toåringen og til konfirmanten og sydd om ein bunad til femåringen. Trettenåringen brukar den vi har arva frå mormor og eg brukar min eigen som eg sjølv fekk som konfirmant.
2015-04-20 10.53.25Her heng dei – nesten ferdige. Manglar berre litt montering av maljer og belter.

20 jan

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge tekst rundt eit motiv eller om du vil ha frittståande tekst i t.d. hjarteform.  Prøv sjølv! Støtt deg gjerne på videoen eg laga om tekst til sirkel og bytt ut sirkelen med den forma du sjølv ynskjer.

Screenshot 2015-01-20 16.23.41

Elles er det for tida mest brodering på bunad som får handarbeidstida mi. Å ta bilde av framgangen er ikkje så lett på ei tre meter lang remse, så de får berre tru meg på ordet når eg seier at eg nærmar meg slutten på broderinga av fjella og bølgene som skal bli pynten på kanten nede på sognabunaden. 9. Mai er siste frist for ferdigstilling og eg har ein tanke om å unngå lange hektiske sykveldar i april. Om det lar seg gjennomføre står att å sjå. Heia meg!
bunadskant

 

10 nov

Litt sydd

Eg har ein fireåring i huset som har sett filmen Frost/Frozen sikkert “ein million” ganger. Så det var ikkje til å lure på svaret når mammaen i ein lur (eller mindre lur) augneblink spurde om jentungen ynskte seg “Elsakjole”. I helga satte eg endeleg av tid til å få pønska ut korleis den skulle vere og fekk sydd den saman.

elsakjole
Eg kikka ein del på denne bloggsida før eg begynte. Eit kjekt og lærerikt prosjekt. No spørs det om minstemor må få ein kjole ho òg. Skal det bli ein miniElsakjole av stoffrestane, eller må ho kanskje få ein Anna-kjole som lillesøstera til Elsa i filmen?
Anna-Costume-Frozen
Godt ho enno ikkje har forstått at mamma fuskar med å sy klede….

Og så litt andre ting eg har sydd i det siste. Buksene under er dongeribukser etter “makalaus”-oppskrifta. Størrelsen heiter 90-100, men blir her heime brukt både av ho som brukar 86 og av ho som nærmar seg 110 i størrelse. Lang brukstid med andre ord!
retrobukse dongeribukser
Sidan det snart er vinter har eg sydd ein del huer og halsar i det siste. Halsen på bildet under er sydd i ullfrotte etter mønsteret eg selger i nettbutikken min. Eg har brukt den mønstervarianten som er bølgete her. Stjerna er reflexvinyl som eg har kutta ut med Silhouette Cameo for så å stryke på halsen. Kjekt å kunne pynte plagg med noko så praktisk som refleks! 2014-11-06 14.36.44

 

04 okt

Makalaust langbruk

Eg likar veldig godt klede som kan brukast lenge. Dvs at det blir ribb både på ermer, beinkant og nede på gensarar på mange av plagga eg syr. Og langbruk blir resultatet. Eg skreiv i denne bloggposten for nesten eitt år sidan om buksa sydd i str. 70/80 som eg trudde vart knapp til ein eittåring. Den gangen brukt på ei på ca fem månader. Men nei, det vart den ikkje! No er jenta 16 månader og ho brukar den framleis. Det må ein kunne kalle ekte langbruk!
2013-10-01-16.16.58 2014-10-04 11.19.05
Mønsteret på denne buksa kan du finne i boka Handmade. Forløparen til buksa ligg som gratismønster til å laste ned i mønsterbutikken min (ein størrelse).

Eg syr desse buksene for salg og tar kr 200 for vanlige bomullsbukser i denne størrelsen og så oppover til rundt 390,- for ullbukser i størrelse 90/100.  Ta gjerne kontakt om du har ynskje om at eg skal sy ei bukse til deg. Eg har ein heil del ulike både kvalitetar og fargar av stoff.

29 sep

Gjenbruk av dongeri, frå bukse til hatt(ar)

Eg har vore så heldig å få nokre dongeribukser både her og derifrå. Sist frå svigerinna mi på andre sida av fjellet. Ikkje det at det er så kort tid sidan akkurat, men av og til må ting modnast litt før planar blir sette ut i livet. Dei som følger meg på Instagram (ohelenesyr) har sett desse hattane før. Hattar er ein ny erfaring for meg. Dei rundt meg her heime gir tommelen ned for stilen og meinar dette er mote for forrige århundre, om nokon gang, så då er det greitt å kunne vise fram og hente tilbakemeldingar gjennom blogg og facebook. Sjølv syns eg dei både er kjekke å sy og litt stilige å sjå på.

gjenbruk av dongeri

Her har det gått med store delar av buksebeina på ei bukse til dei to første hattane, og litt frå ulike bukser til den siste. Alle er i vaksen størrelse (frå ca 56/57 og oppover), så om det er nokon som er einige med meg i at dei er stilige og har lyst til å kjøpe dei må de berre ta kontakt!

Tøflene under har eg òg laga sidan sist blogginnlegg. Eitt i pelsskinn (sau) og eitt i rosa møbelhud men med såle av samme pels (men i raud). Det siste paret vart til berre fordi eg hadde denne bil-applikasjonen liggande frå ein eller annan gang tidlegare. Dei brune har blitt gitt bort og passa forhåpentlegvis den vetle sogningen som fekk dei.
2014-09-15 14.01.39

14 aug

Korleis lage eigne merkelappar (gjensyn)

Eg har òg tidlegare skrive ein post om korleis eg lagar eigne merkelappar til klede og ting eg syr. Eg har òg kjøpt min del av merkelappar, men det er kjekt å kunne lage sine heilt eigne i akkurat den fargen du treng og i den mengda du treng. Så her kjem eit gjensyn med same tema.

Her har eg brukt min nokså nye Silhouette Cameo i prosessen, men det er akkurat same framgangsmåte uansett korleis du velger å sette bokstavane på tøyet.

Merk eit tøystykke med det du vil ha som logo. Du kan t.d. brodere, bruke tekstiltusj, t-skjorteoverføringsark eller som eg har gjort her, vinyl kutta til i plotteren.
label1

Skjær eller klipp til tøystykket ein cm større i alle kantar enn sjølve merket.
label2

Brett stykket midt på, som er midt i logoen i mitt tilfelle sidan eg vil ha merke på begge sider.  Sy dei to kortsidene og klipp av hjørnet inn mot bretten utan å klippe i saumen.
label3

Vreng og press med strykejarn. Hugs å beskytte lappen med strykeark om det er vinyl du stryker på.
label

Resultatet er ein fin dobbelsidig merkelapp som du kan sy på produktet ditt.DSC_5001

 

bug&bird har ein fin tutorial på korleis du kan lage eigne merkelappar med silkeband!

11 aug

Forklekjole med lomme, eller omvendt

Denne forklekjolen vart til i dag fordi eg måtte teste ut lommer med rund opning. Eg er sikker på at eg har sett slike lommer på nett, men siste dagars googling kunne ikkje gi meg noko bilde eller instruksjon. Difor altså utprøving. Lomma vart kul syns eg sjølv. Kjolen er full i feilskjær (smalt tidsrom til saum) men grei nok til heimebruk.

PhotoGrid_1407757313716

13 okt

Baby i hus og tid til alt anna enn blogging

Tida fyk med baby i hus (og dei krev litt tid dei fire andre òg). Eg tenker innimellom at eg skulle nett ha blogga ditt og datt, men så er tanken borte like fort som den kom. Eg har imidlertid laga både det eine og det andre sidan sist blogginnlegg.

Eg har sydd ein del av ulla eg kjøpte på Janusfabrikken. Ei jakke i Krinkelull – med ulljersey i hetta. Eit favorittplagg allerede. Eg lurer imidlertid på å ta litt av på ermene for at den skal vere meir passelig no.

2013-08-09 19.38.51

Av ulljersey har eg sydd mellom anna tre bodyar, tre bukser og ein heildress i litt ulike fargekombinasjonar. Bodymønsteret er laga med deler frå ulike mønster og buksa eg har sydd er ein enkel tights frå Ottobre.

2013-09-21 14.09.22 2013-09-22 10.36.012013-09-22 10.38.11

Buksa som eg bidrog med i boka “Handmade” er komen heim etter å ha delteke på lansering av boka og er teken i bruk her. Eg trudde denne var sydd i str. 70/80, men i og med at den ikkje er i elastisk materiale passar den godt til minstemor på rundt 65 cm, og eg trur den blir nokså stram før ho blir eitt år (80). Dvs at det sikkert er lurt å gå opp i størrelse om ein syr i stumt materiale.

2013-10-01 16.16.58

Vetlesysta som går i barnehagen trengde sårt nye tøfler, og denne gangen tegna eg rundt foten hennar som utgangspunkt for sålen. Blir vel fotformsko det ;) Ho ville helst hatt rosa tøfler, men sidan det ikkje var rosa pelsskinn i haugen min godtok ho brunt med kvit pels. Eg har òg skore til skinn til tøfler til minstemor, men eg ventar på å få tak i strikk til dei før eg syr dei sammen. Ho skal få modell med høgt skaft i burgunder pelsskinn. Planlegg å prøve ein liten ny vri på denne sidan den høge modellen enno ikkje er heilt slik eg vil ha den. Skinnet er som alltid Islandspels frå Skinnlåven på Hønefoss.

2013-10-07 20.12.44

Non-stop-top har eg strikka fleire av tidlegare. Eit greitt mønster som ikkje gir alt for mykje hovudbry. Denne gangen strikka eg i Kauni (EQ/Regnbogefarga) og pinne nr. 3. Eg hadde tenkt sist eg strikka denne at eg skulle lage halsen rundare framme, men gløymde det igjen. Neste gang… Det eg imidlertid gjorde var å strikke inn tre kortrader over nesten heile bakstykket nederst i ryggen slik at den er sidare bak. Eg strikka òg inn ei hullrad nede. Den har dobbel funksjon. Pynt og knapphull. Knapphull til å feste bodystykket som eg òg laga til ekstra utenom mønsteret. Minstemor er ikkje så lang i ryggen enno at bodystykket hadde så mykje for seg, men eg syns det var grueleg lurt påkome ;)

2013-10-12 11.34.13

Ho lyt få fleire slike vestar/kjolar og sidan eg har som mål å få til ein bedre hals på denne bør eg gjerne berre legge opp på nytt mens eg fortsatt hugsar kva eg hadde tenkt :P

06 aug

Lærekøyring – eller Blogging a la Instagram

Trening må til når ein skal sy med ny(e) maskiner. Eg har fått øvd litt etter at eg fekk covermaskina i hus, men køyrer fortsatt litt i grøftene i svingane for å halde meg til lærekøyringsmetaforen. Men plagga er gode og i bruk til tross for litt feilskjær og passar fint til minstemor. Ikkje minst er det kjekt å kle henne i heimelaga tøy.

 IMG_20130728_193119  IMG_20130724_100620

 

IMG_20130806_191523 IMG_20130803_181310

Her er det ulldress sydd frå ein litt krympa ulltunika frå Nøstebarn, bomullsheildress i ny bomull og ullbody og dress  i ny ulljersey frå Janusfabrikken.

 IMG_20130805_094740 IMG_20130805_164349 

Måndag var eg sjølv på Janusfabrikken og handla meir ull. Utvalet var eit heilt anna enn i nettbutikken, og eg kom heim med mange ulike fargar og kvalitetar, med meir eller mindre planar bak. På vegen heim var eg òg innom Voss og Tiljamiid. Sjølv om dei ikkje selger mønstra jersey lengre, handla eg ørlitt der òg. Dei to øverste stoffene er derfrå. Bambusvelour og -jersey.

08 jun

Makalaus Krinkleull, eller “Janus møter Nøstebarn”

Denne veka har eg sydd og lappa litt ulltøy innimellom amming og bleiestell. Ja, for tenk at vi no blitt sju i familien vår! Den minste vetle jenta vår er perfekt på alle måtar, og alle i familien er så glade for å at ho endeleg er komen. Her på bildet er ho seks dagar gamal.

babyen

I dag har eg sydd ei ullbukse etter eige mønster (Makalaus bukse) i Krinkleull frå Janus. Det er kjekt at ein endeleg kan kjøpe ullstoff frå Janusfabrikken.
makalausbukse bakfra

Før fødselen fekk eg òg kjøpt ein heil Norgespakke med veldig godt brukt ulltøy. Dette har eg vaska og farga og lappa ein del av allerede. Nøstebarndressen (mørkeblå i midten under) fekk nye ribber på bein og ermer og den eine foten fekk nytt liv som lapp på kneet. Gensaren med stripete ribb fremst var ein kvit body før omsaum og farging. 
fiksetoy1

Eg har framleis igjen fleire plagg å reparere småhull på. Kjekt når ting kan gjenbrukast :)
fiksetoy2

12 mai

Småttisklede

Småen i magen begynnar å nærme seg dato for lansering. Noko eksakt dato har han eller ho ikkje klart å gje meg, men så langt ut i juni blir det i alle fall ikkje. I dag har eg vaska opp litt klede for å ha slik i starten og vi hadde klar overvekt av bodyar. Altså passa det perfekt å sy nokre bukser.

Den kvite buksa er sydd av bambusjersey. Ribbekantane er òg ein bambusjersey med litt spandex. Ei tunn og lett bukse som blir fin når sommaren kjem. Ooga booga-buksa er bomull med bomullsribb, og den blå er velour + gul bomullsribb. Dei to lysaste buksene har òg fått seg ei matchande hue. Mønsteret til buksene er det same som eg har bidrege med i boka “Handmade”.

makalaus

Siste kveldane har eg strikka, og rekt opp og strikka litt meir på ei lita bleiebukse i ull. Men no er den ferdig. Oppskrifta er litt Curly Purly og litt berre fri fantasi. Beina vart så lange som eg hadde garn til.

Har visst heller ikkje vist fram dei to bodyane eg har strikka etter Fragaria si oppskrift “Benjamins voksebody“(str. 0-5 mnd). Dei ser, som det meste som er ribbestrikka, kjempelange ut uten unge inni. Den brune er i Islandsk Kambgarn og den kvite i Merinoull frå Nille/Gjestal. Den brune er meir kompakt enn den andre, så eg er litt spent på korleis den er i bruk. Den kvite er i det same garnet som eg strikka lue i tidlegare.

strikkesmaatt

 

No er pinnane tomme her, men garnkassen er ikkje tom så eg skal nok klare å finne på noko som kan vere kjekt å ha til ein liten kropp. Nokre fleire sokkar kanskje. Eller ein vest? Eller nokre små vottar til småkjølige kveldar. Skinntøfler skulle eg jo òg ha sydd, ikkje sant?

 

22 mar

Småplukk til eit lite knøtt

Vi (les: eg) begynnar så smått å kome i reirbyggingsmodus. Det er vel ikkje så rart i og med at våren er rett rundt hjørna ;)

Av plagga her var det første eg laga ribbebuksa i Kauni (EQ og EC). Eg prøvde meg på første gang på å strikke med Magic Loop og første møte med dette garnet. Garnet er greitt nok det, men eg vart skuffa over at det var såpass mange knutar/skøyter på garnet og at eg difor måtte nøste vekk ein del garn på andre beinet t.d. Men stilig vart det jo. Og eg har igjen nok garn til nok eit lite prosjekt eller to. Garnet er ikkje så mjukt at eg vil ha det direkte mot hud – i alle fall ikkje på baby, men til ytter- eller mellomplagg passar det fint.

Ikauniribbebukse

Etter buksa var ferdig la eg opp til eit babyteppe i babyull frå Sparkjøp. Eg strikkar desse alltid av seks nøster/300 gram. Då blir dei store nok til å vere eit teppe som kan brukast i mange år. Alle mine fire ungar har fått minst eitt slikt teppe. Etter teppet strikka eg ei bittelita hue i babyull. Denne tenker eg kan vere fin å ha på baby første timane/dagane uansett årstid.

teppeoghue

I dag har eg sydd ei lita bukse med matchande hue. Størrelse nyfødd 50/60. Eg syns det meste av bukser som er til salgs i butikkane er enten i litt for stivt stoff eller med bein eller… Ein blir gjerne litt kresen av å sy sjølv, men eg har i alle fall planar om å lage fleire slike til babygarderoben. Som ein kan sjå av biletet er det full vår ute :P

elefantsett

23 feb

Handmade. Norges beste syoppskrifter

handmade by meFor to år sidan kom boka Made by me – Sybloggernes beste oppskrifter, og no er det klart for oppfølgaren! Den må jo berre (heilt objektivt sett sjølvsagt) bli enno bedre. Eg var så heldig å få lov til å vere med denne gangen!

Boka kan forhåndsbestillast i alle landets nettbokhandlar, og vil være i sal i alle bokhandlar fra ca. 15. april. Prisen er kr 389,-. Om du er medlem i hobbybokklubben kjem boka til deg der som hovudbok i april.

Mitt bidrag i boka er ei enkel baby/barnebukse og eg er sjølvsagt kjempespent på responsen på mitt eige mønster. I tillegg kjenner eg godt til fleire av dei andre som bidrar i boka via bloggverdenen/syforum og eg trur er sikker på at dette er ei bok mange vil ha lyst til å eige.

Frå forlaget si eiga omtale av boka:

Et utvalg av Norges beste syoppskrifter!

Bli inspirert av kreativiteten og sygleden til bidragsyterne i denne boken. Oppskriftene er et resultat av en konkurranse som ble spredt via sosiale medier, og de 50 beste bidragene er samlet i Handmade. Her finner du oppskrifter på klær til voksne og barn, tilbehør, interiørprosjekter og utstyr til babyen. Boken passer like godt for deg som er helt ny i faget som for deg som har traktert symaskinen en stund.

Følg gjerne Motor Forlag på Facebook!

21 nov

Testing testing 1,2,3…

…4 og 5.

Testing må til når ein skal få til gode plagg. Og testing har det blitt ein del av siste tida – av huer. Eg har både fått andre til å teste huemønster via forumet sykroken og har sydd ein heil del huer her heime sjølv.

Her er fem av dei minste eg har sydd siste dagane. Frå størrelse 24 som passar til ei lita dokke, str. 32 som passar til baby-born-dokka og opp til str. 47 som passar til vetlesysta her i huset. Størrelsen større er òg omtrent i boks. Planen er å få fram mønster på desse opp til og med ca 53 cm.

Eg tykkjer etter kvart at eg har fått fram ei hue som går godt ned både i panna og nakken, men det står att ein del prøving før eg er framme ved ferdig mønster i alle størrelsar.

Alle babyhuene har ytterstoff av bomullsjersey frå ulike butikkar, og innside i enten ull eller bambus. Dokkehuene har innside i bomullsjersey. Som snorer brukar eg helst flate skosnører. Gode, mjuke og skikkeleg haldbare snorer.

Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal legge ut mønsteret for deling/sal. Det fins etter kvart mange mønster å få kjøpt på nett, så det er mogeleg eg berre brukar dette mønsteret for eigen produksjon.

19 nov

Lun hals og varm puls – mønsterslepp

No kan de få kjøpe mønster på den flotte halsen (/kragen/laushalsen) og pulsvarmarane som eg har pusla med i det siste.

“Mønsterbutikken” finn du her eller ved å fylgje linken oppe på menyen. Mønstera er digitale (pdf-filer) og til personleg bruk. Skikkelig raske, fine og varme både til gåver og til eins eigne og god bruk av restebitar etter t.d. kjolesaum.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til mønstera eller til kjøp av desse.

Takk til gode sydamer på sykroken som har stilt opp og prøvesydd og kommentert på mønsteret for meg!

07 nov

Varm puls

Eg syslar med å lage mønster til pulsvarmar og hals og i dag sydde eg nokre nye av fyrste sorten for å teste ut framgangsmåten. Herlege mjuke i finaste merinoull. Desse er fine både til tastaturbruk og utendørsaktivitetar når det er berre litt kaldt.

Gode nettvenner hjelper meg med å teste ut mønsteret før eg legger det ut for salg. Lurer på å inkludere ei lue i mønsteret, men har ikkje heilt bestemt meg for kva slags lue det i tilfelle skal vere.

06 nov

Litt kladd med fleece og nok ein onion-kjole

I dag har eg sydd dette settet i fleece i dag som ein “kladd” på vegen mot å lage eit godt mønster på hals og pulsvarmarar i valgfritt stretchmateriale. Eg tenker sjølv primært å lage halsen i ull og evt. pulsvarmarane i litt fleire variantar som pyntete i jersey eller litt varmare i ull. Mønsteret har eg tenkt å prøve å digitalisere slik at det skal kunne delast.

Pulsvarmarane vart straks adoptert av eldstejenta på 11, og mellomsta har bestilt seg eit par ho òg. ;) Fargen er lilla på desse og både halsen og pulsvarmarane er vendbare (men like på begge sider).

Kjolen som eg nevnte i forrige post laga eg ferdig i går. Den har fått lommer og broderi. På venstre arm står det “Take what’s left and make it right”. Ei lita heks og katten hennar har fått plass på rompa. Broderiet er laga med tråden Güterman Mara som eg har fått til å teste ut frå denne nettbutikken via forumet sykroken.

Eg har laga lomma av eit einaste stykke tøy og viser gjerne korleis eg gjer det om nokon er interessert.

03 nov

Onion 2035

Tunika sydd i isoli med fôr av bomullsjersey i hetta (og som kant nederst). Mønster Onion 2035.

Eg har sydd nokre gensarar/tunikaer og kjolar til meg sjølv, men dei blir stort sett ikkje så mykje brukt. Eg har alltid eit eller anna å utsette på dei. Enten det er passform, ein eller annan feil eg syns eg har gjort, eller halsen. Halsen er nemleg veldig viktig for eit plagg – bortsett frå på bukser muligens ;). Denne tunikaen har fått hette, noko som lagar ein god hals. Og for den saks skuld er eg villig til å sy fleire hetter sjølv om eg ofte syns dei blir litt i vegen. Kanskje ikkje så mykje i vegen på eit vaksenplagg som til barn, men det er eit litt uavklart forhold mellom meg og hetter.

Eg har alt klipt til ein tunika til i samme mønster. Litt smalare i ryggen og lengre overdelar, heilt lange ermer (denne vart verken 3/4 eller lange) og ikkje fullt så spiss hette. Det siste rett og slett fordi det ikkje var stoff til meir. Mulig eg brukar restane av stoffet til lommer. Lilla isoli med fôr av rosa/cerise bomullsjersey. Kanskje eg til og med pyntar den med eit eller anna broderiet.

27 okt

Uhu!

Oktober går mot slutten og Halloween skal feirast med gode venner både her og der. 9åringen bestilte kappe – med ermer og hette. Etter å ha kikka på kapper i leikebutikkane og tenkt litt fram og tilbake har eg i dag sydd ei kappe til henne her heime.

Her kan du sjå korleis eg klipte ut i stoff som er bretta dobbelt to ganger. “Mot brett” er først oppe i skulder-erme-linja og så midt framme. Utklippet mellom ermet og sjølve kappa vart til hette. Gledar meg til å prøve den på henne når ho kjem heim.

Eg skvetter kvar gang eg går forbi den der den står og sniker i kroken ;)

09 sep

Litt barnehagesaum og actionbilder av gårsdagens bukse

Eg har pusla med litt syarbeider i dag òg. Tøfler til barnehagen må til og dei fekk visst køyrt seg med det samme ute i sandkassa (ut med pappaen ja). Så vått som det var i graset dag vart ho både litt våt og kald på føtene til slutt, men det heldt lenge. Så ingen kan seie at dei ikkje er skikkelig testa i alle fall. Buksa som eg sydde i går gjekk med i same testen. Funkar godt både til traktorkøyring, sandkassegraving og anna moro.

I går sydde eg forresten òg ei jerseylue med ullfôr. Den er berre ein litt større størrelse av lua eg har sydd tidlegare etter eige mønster (eit mønster som eg visstnok hadde tenkt å dele – skriver opp digitalisering av mønsteret på to-do-lista). Vetlesysta meinar forresten at om katten kan drikke av sølepyttar når han er tyst, ja så kan vel ho òg gjere det!?

08 sep

Ei bukse som slett ikkje er kilen

Eg har sydd fleire bukser etter eige mønster til vetlesysta no, og dei har alle vorte litt ulike. Nokre har eg sydd uten kile og nokre med, nokre med lange bein, nokre med korte, nokre med ribb og nokre uten. Så var det det med kile då – veldig greitt å få lagt til litt slitestyrke og bevegelsesrom i skrittet, men plundring å få sydd fint sammen. Så kva gjer ein då? Jo, ein lagar eit mønster uten kile. Eller, buksa har på ein måte kile likevel sidan eg har integrert litt ekstra stoff i bakstykket.

Den lilla ullbuksa under var første test på dette nye mønsteret. Sjølve buksa er i ein tynn ullfilt og kantane oppe og nede i ulljesery.


Etter første utkast tegna eg mønsteret på nytt og sydde ny testbukse. Denne har eg ikkje fått prøvd på jenta enno, men eg syns den ser ut til å vere slik eg vil ha den. Buksa er sydd i velourrestar etter ein kjole/tunika eg sydde til meg sjølv her om dagen. Velour har god strekk, så eg har brukt samme stoff til ribb både oppe og nede som i sjølve buksa. Resultatet er ei romsleg bukse heilt utan irriterande saumar midt framme og bak.

28 aug

Gjenbruk og langbruk

Langbruk er gjerne ikkje eit ordentleg ord, men eg prøvde berre å finne eit ord for å bruke noko lenge. Vetlesysta har begynt i barnehagen og eg har kjøpt ein todelt overtrekksdress til henne til litt å ha når det regntøy eller parkdress blir for tjukt eller for tett. Eg likar ikkje å kjøpe tøyet berre akkurat passe stort, men det er heller ikkje så moro å gå i for store plagg, men med akkurat desse to plagga hadde eg ein plan for korleis eg kunne unngå dette.

Buksa har eg stramma strikken nede på nok til at den held seg oppe over skoa. Jakka måtte eg gå litt meir drastisk til verks med. Her bretta eg dobbelt litt av foret og sydde ein saum rundt heile ermet. Eg brukte ein tråd i sterk farge slik at den skal vere lett å plukke vekk når jenta treng lengre ermer. Her har eg tatt bilde når eg har fiksa eine ermet. Ein kan skimte legget såvidt på bildet.

Haust og skulestart er ofte tid for å rydde litt i klede. Med fire ungar blir det ein del som skal arvast mellom dei ulike ungane, noko som skal lagrast og noko som skal gis bort eller kastast. I haugen med avlagt tøy såg eg meg ut eit velourskjørt som eg har sydd om til ei bukse til vetlesysta. Litt stor enno. Kan tenke meg den er ca str. 86/92. Eg brukte mitt eige mønster.

26 jun

Eplenikkers

Kanskje ikkje akkurat rett bruk av ordet, men det var det som falt ned i hovudet som nødvendig tittel på dette blogginnlegget.

Buksa er frå eige mønster som sist, og stoffet er mønstra babycord. På denne klipte eg buksedelene 6 cm kortare på beina enn i orginalmønsteret. Oppe i livet laga eg ei linning av to stykker like breie som hhv fram- og bakstykke (bakstykket er ørlitt breiare) x 8 cm. Inne i linninga har eg ein 3 cm brei strikk som eg sydde fast på buksa sammen med linninga. På den måten vrir den seg ikkje i bruk eller vask.

Buksa gir godt bevegelsesrom til tross for at stoffet ikkje er elastisk. Eg vurderte å sy på volang eller blondekant nede, men bestemte meg for at mønsteret i stoffet var meir enn nok pynt i seg sjølv på denne.

Lengda på buksa er heilt perfekt i sommarvarmen. Kort nok til at buksa er luftig. Lang nok til at sola ikkje svir den tynne huda og til å dekke knea når småsteinar og kvistar spenner bein på vetlesysta.

Eg elskar å få kommentarar!

24 jun

Hjertebukse

Buksemønsteret eg har delt tidlegare fungerer fint òg på stumme stoffer. Dvs. eg har brukt jersey som ribb oppe og på beina, men eg skal òg sy ei sommarbukse uten ribb og vise at det går fint òg uten dette, men med linning og strikk oppe. Tenker å prøve å notere ned mål på linninga når eg syr den slik at eg kan skrive dette inn i buksemønsteret.

Buksa er sydd av to fargar babycord og den nevte jerseyen. Eg brukte saumrom på ca 1cm på alle kantar på denne unnateke på kilen og den passar godt til vetlesysta på 15 månader. Ribben i livet er skikkelig breid og her har ho den bretta dobbel. Buksa er lang og god, og uten sko kjem den litt lett under beina sidan eg ikkje laga ribben så veldig stram. Sommarbuksa eg har tenkt å sy skal eg lage med litt kortare bein. Sånn ca midt på leggen.

08 jun

Sol sol kom igjen!

Ja, i dag har sola faktisk vore framme. Kanskje var det den blomstrete solhatten som lokka den fram ;) Hatten vart til medan vetlesysta sov formiddagslur og mønsteret er litt sånn frå her og der. Seks bua trekantar på ni cm breidde, inkludert ein halv cm saumrom på alle kantar, vart til pullen.

Til bremmen har eg brukt ei stripe på 90×9 cm (greie tal) bretta dobbel, sydd saman i kortendane og snurpa sammen til rett vidde – i dette tilfellet ca 48 cm. Monteringa vart i hovudsak gjort med overlock, men siste finish med symaskin. Under bremmen er det små øyreklaffar og snorer som held hatten godt på plass. Slike små er elles kjent for å nappe av hovudplagg nokså effektivt.

Kommentar?

03 jun

Huer til eittåring

Våren har vore kald og våt og dei to første dagane av juni har vore like eins. “I morgon” kjem nok sommaren, men enn så lenge treng vi både hue og jakke. Vetlesysta mangla ei god hue og eg har lenge tenkt å prøve å sy ei etter modell frå ei god strikkahue, og som tenkt så gjort.

Begge huene er i dobbelt stoff. Den eine er i bambusjersey og den eine med ytterside i bomullsjersey men med bambus innside. Vetlesysta er ca 47 cm rundt hovudet og desse passar perfekt. Passe trur eg forresten dei kjem til å gjere lenge, for det er stoff med god strekk i i begge to. Sydd med 3 trådars overlocksaum og med ein ørliten vendeopning i nakken sydd saman for hand. På den måten har dei ikkje vrangside og kan brukast med begge sider ut. Snorene er i hhv bambus og bomull og uten noko som helst kanting, men jersey raknar lite så eg reknar med dette går heilt fint.

Ja og så fekk eg vist fram vetlesysta òg ;)

31 mai

Tøfler igjen

 

For fleire dagar, kanskje til og med veker, sidan skar eg opp pelsskinn til fleire par tøfler. Eit skulle vetlesysta ha, og nokre skal eg bruke til fødselsgaver. Nokre par har eg lova, og til og med ei bestilling og to her lokalt har eg tatt på meg – det som pleier ta livet av all sylyst. Men det ser ut til å gå bra denne gangen. Muligens fordi eg berre syr det eg har lyst til innimellom uansett. ;)

Eg har endra litt på designet på pelstøflene og blir meir og meir fornøgd med dei. Opprinnelig sydde eg pelstøflene med ei list rundt hælkappa og ei list over vrista. No har eg gått bort frå begge desse to listene og syns tøfflene både verkar bedre å ha på og ser mykje finare ut. Vetlesysta sine nye tøfler som vart tatt i bruk før eg tok bilder av dei er òg i det nye designet. Eg har enno masser med pels og skinn som eg håpar å kunne lage tøfler og anna moro av utover hausten når vetlesysta begynnar nokre dagar i veka i barnehagen.

Eg tenkte òg eg skulle vise fram ein genser som eg har fiksa litt på. Den kvite gensaren over er ein Nøstebarngenser, opprinneleg i str. 62/68. Gensaren hadde fortsatt god vidde og halsopninga passa, men var sørgelig kort på ermer og nede. Dette løyste eg ved å sprette opp kanten nede og sy på ein god breid ribb i ullstoff. Ermene har òg fått ribbekantar, men her klipte eg av den opprinnelige kanten då den var vanskelig å sprette fint opp. Ho brukar enno genseren med oppbrett på ermene så denne trur eg kan brukast heile sommaren (og det ser ut til å trengast med den type vêr vi har hatt til no). Merkelappen bak i gensaren har eg forresten klipt ut. Eg syns det er dumt at desse plagga som er såpass gode skal ha ein stiv kløande merkelapp i nakken.

28 mai

Kjole til liten og kanskje til stor

Her om dagen sydde eg ein kjole etter ei bok frå Meedom og Meedom. Kjolen er sydd i A-form med raglanerme. Stoffet er bomull frå “det-hugsar-eg-ikkje” og størrelsen skulle vere ca 2 år. Har tenkt å sy ein lignande i eit “retrostoff” (stoff eg har fått frå mor mi) til vetlesysta, men eg må pønske litt meir på mønsteret først. Forstod meg ikkje heilt på kva strekar eg skulle følge i halslinja.

Elles driv eg med å prøve å få til eit mønster på kjole i stretchstoffer – med ikkje alt for skrå raglanerme – som skal passe til meg. Har såpass mange mønster at eg skulle tru at ein kombinasjon skulle kunne gjere susen. Men etter ein ok kladd og ein mislukka så går eg grundigare til verks og prøver å lage møsteret frå grunnen av ved hjelp av prøvedokka. Tida vil vise om det blir kjole av det.

20 mai

Se min kjole

…den er rød som rosen. Ein Sukkertøykjole a la Klinke(kul)t etter mønster frå boka “Made By Me”, som ein kan lese om i “alle” bloggar no om dagen. Eg har òg ein kopi av den etter at far min spanderte den på meg i bursdagsgave. Eg har ikkje eigentleg bursdag no, men det syns ikkje nokon av oss var så nøye. Boka er nett så fin som eg håpa den skulle vere, og jammen meg vart det nokre nye bloggar på leselista mi òg. Klinkekult er ein av dei.

Min versjon av kjolen vart til av eit ribbstoff med dårlig strekk (sjølve kjolen), pluss litt restar av raud isoli (ermene) og velour (bærestykka).  Over saumen under bysten har eg sydd på eit pynteband med hjarter. Kjolen er rask å lage og sit rimelig godt på. Eg sydde ein størrelse M og det var ikkje så aller verst til meg. Litt knapp høgde til bysten (treng saggemonn etter fire omgangar amming), men i beste poseringsstil er det ingen som ser det.

Kler eg raudt då forresten? Tja. Men eg blir glad av fargen, så då regnar eg med at det blir bra uansett.

17 mai

Vel overstått vel

Ja, overstått er både niesa sin konfirmasjon og nasjonaldagen. Bunadsskjortene og festdrakta klarde prøven, og med ein kjapp skjortevask dagen mellom festane vart det samme påkledning i begge høva. Den største skjorta var til og med heilt fin å klatre i tre med ;)

Den minste jenta her er ikkje så lett å fange på bilder, men drakta passa fint. Ekstra kjekt å ha laga heile antrekket sjølv frå topp til tå (berre strømpebukse og body som var kjøpt).

Eldstejenta vår har ikkje vore lysten på festdrakt på nokre år, så ho gjekk i ein kvit sommarkjole. I konfirmasjonen heldt det såvidt temperaturmessig, men slik det låg an med veret til 17. mai trengte ho noko meir utenpå. Så der rauk planen min om ikkje å bli sitjande og sy seint den 16. mai. ;)

I ein kasse med høg knitrefaktor (ulike syntetiske materialer a la fleece og teddyfôr) fann eg ein halvmeter med svart fuskepels. Denne brukte eg til ein heilt enkel langerma bolero, og jenta heldt seg god og varm heile dagen. Til og med etter at ho var komen heim og heilt andre aktivtetar enn marsjering og speling stod på planen ;) Muligens eit eingangsplagg.

15 mai

Skaut til “bunaden” i siste liten

Om du er som meg så merkar du gjerne ikkje før siste kvelden før 17. mai at du ikkje har hovdplagg som passar til vetlejenta. Ikkje fortvil! Det fiksar du fort med symaskina. Eller kanskje du har eit skaut uten lue inni og har ei lita Houdinispire slik som vi har? Eg skal her gi deg ein link oppskrift på skaut samt vise korleis du fort kan sette inni ei lue i skautet. Dette vil lettare få skautet til å bli værande på hovudetn (utan at barnet har to knyteband under haka), og den vil lune hovudet litt på det som kan vere ein nokså sur og kald dag her vest.

Finn fram skautet som du enten har kjøpt eller sydd sjølv (t.d. etter dette mønsteret). Finn fram matchande stoff til ei lue. Bruk gjerne hjelmluemønsteret som eg var så heldig å få lov til å publisere av Elsebeth Günter for nokre år sidan. Du kan eigentleg sy inni kva lue som helst, men om du vil gjere det heilt enkelt så kan du sy ei jerseylue av to deler som eg har gjort. Om du vil sy ei innerlue av stumme stoffer (uten stretch) må du vere litt meir nøye på at måla passar overeins i framkant og i halslinja. Med jersey kan du meir jukse det til og sleppe unna med det – og no hastar det jo, ikkje sant?

Beskrivelsen til bildene frå venstre mot høgre frå øverst til nederst og bildene blir større om ein klikkar på dei.

1. Legg jerseystoff dobbelt med brett øverst (der skautet har sin stoffbrett). Legg skautet oppå og tegn av framkant og underkant. Underkanten er halslinja og den har du på forhånd snurpa inn ein del.

2. Brett skautet til side og tegn ein fin boge rundt bakhovudet. Klipp ut og sy delene sammen. Kast gjerne over kantane nede og framme med overedge eller sikksakksaum. Det har eg ikkje gjort, men eg veit ikkje om du kan sjå det verken på bildene eller på sjølve skautet.

3. Nåle jerseystoffet si rettside mot skautet si vrangside som på bildet. Om du ikkje har ferdigsydd skaut og skal sette på blondekant kan du sy rett mot rett på “normal” måte og legge blonda mellom på dette punktet. Tilpass det når du syr sjølve skautet. Du må i tilfelle beregne litt saumrom i framkant av innerlua.

4. Slik ser det ut på rettsida av skautet og det som blir inni lua når det seinare blir vrengt inn i skautet.

5. Sy saumen framme. La det stå att litt i kvar kant slik at du har plass til å brette inn kanten på jerseystoffet etterpå (i neste punkt).

6. Brett inn (hadde eg ikkje alt sagt det) og nåle fast jerseystoffet rett over kanten på løpegangen på skautet. Eg sydde på innerlua slik at den måtte strekkast berre ørlitt for å passe det sammensnurpa skautet. Slik er det rom for å stramme det meir, men uten at det blir veldig mykje stoff rundt halsen på barnet.

7. Slik ser skautet ut ferdig.

8. Lua er berre ein praktisk funksjon og har lav show-off-faktor, men eg trur eg kan love skikkelige actionbilder etter at eg har fått kledd opp vetlesysta på alvor. Nett no hadde ho slett ikkje lyst til å vere modell.

13 mai

La festen starte

Jammen vart eg ferdig med begge skjortene! Yngstejenta si skjorte vart ferdig medan ho sov formiddagslur i dag. Eller siste finish med elastisk kant nede sydde eg på i ettermiddag medan ho var ute og leikte med eine storesøstera. Ubetalte barnevakter skal IKKJE undervurderast! Her er skjorta på eigaren før den elastiske kanten var sydd på. Det passa henne ikkje heilt å vere modell, men det kan ein visst ikkje sjå på bildet – om ein overser spor etter tårer.

Den elastiske kanten nede er meint å hindre både at vinden står rett opp under skjorta, og halde den på plass uten å stramme slik som body-skjorter lett gjer.

Eg må innrømme at eg gler meg veldig til å kle på henne før konfirmasjonen på sundag. Eg har nemleg ikkje prøvd på henne heile drakta på same tid enno. Berre plagg for plagg.

Skaut har eg forresten òg sydd. Eg sydde først eit som var for lite, men det har reist avgarde og skal feire 17. mai ein heilt annan stad. Så sydde eg eit heilt enkelt skaut av det eg hadde igjen av blondestoffet. Uten lue denne gangen. Men jenta hadde null problemer med å røske den av hovudet før eg hadde sagt hipp-hipp-hu, så den vart sendt tilbake til syrommet for endringar. Der fekk ei enkel lue i kvit jersey (t-skjortetjukkelse), sydd til dette formålet, fast plass inni skautet ved hjelp av eit par saumar.

11 mai

3 dagar

Blir det ferdig til helga dette då?

– Ei skjorte er ferdig – med mogeleg litt for lange ermer. Får prøve den på jenta i morgon.

– Ei skjorte er fortsatt ikkje ein gang halvferdig, men heldigvis er det den minste.  

– Bunaden min heng uprøvd i gangen, men eg har i alle fall tatt den ut av skapet. Ikkje at eg har bestemt meg for om eg skal gå med bunad, men å prøve den gjer det kanskje litt lettare å bestemme seg.

– Eldstejenta mi manglar visstnok eit eller anna å ha på seg òg. På 17. mai skal ho ha korpsuniform, men det er vel å dra det litt langt å be henne stille i den i konfirmasjonen…

10 mai

Fem dagar på meg, og ein “gi-bort”

Eg held litt igjen på hurraropa, for rett nok er sjølve festdrakta til vetlesysta ferdig, men det står ein del att. Butikkane her hadde ikkje skjorter i rette størrelsar verken til vetlesysta eller til niåringen. Så då er det vel berre å sy…

Eg har klipt ut stoff til skjorte til den minste medan eg berre har kome så langt at eg har funne kva mønster eg skal ta utgangspunkt i til den andre skjorta. Og alt skal vere klart til vi skal i konfirmasjon på sundag!

Skautet vart litt knapt, så eg syr eit nytt etter kvart og gir bort dette til den som måtte ha bruk for det. Det er skaut med lue inni. Jenta mi er 46-47 cm rundt hovudet og den passar nok til ei som er berre litt mindre.

Skautet er sydd av samme stoff som forkleet utanpå og av kvit bomull inni. Skriv ein kommentar og så trekker eg om det skulle vere fleire som har lyst på det. Om det må pr post for å komme fram til den som vil ha det, og sidan det er eit typisk 17. mai-plagg, sender eg det i posten torsdag. Då skulle det vere nokonlunde bankers at det når fram til festdagen.

24 apr

5års bloggjubileum og litt action

5 år med blogging på ohelene.net har det blitt! Eg blogga ei stund før det òg, men første post som vart skriven i denne bloggen vart skriven 24. April 2006. Den gamle bloggen eg nevner i den posten er borte-borte-vekk, slik det jo er med Internett. Noko vil ein gjerne skal bli borte og det blir der “for alltid” medan andre ting plutselig er vekk.

Og her er actionbilder av heildressen til mellomstejenta mi som lova.

Og eit lite bilde av zebragenseren på. Modellen var ikkje heilt samarbeidsvillig men eg fekk no fanga henne på film i forbifarten.

20 apr

God påske!

På syrommet mitt no ligg denne nesten ferdige heildressen i ca str. 134. Mønsteret laga eg ved å sette sammen eit mønster til jakke og eit mønster til bukse. Lommene har eg plukka frå eit tredje mønster. Eg ofra eit glidelås for å få eit tofarga glidelås (eller eg fekk jo to tofarga glidelås men…) noko som eg syns vart ein kul effekt. Skal prøve å få tatt litt actionbilder når eg får den heilt ferdig. Manglar berre nokre små detaljer no, men det ser ut som om påske og skulefri ikkje er tida som gir mest sytid for ho mor.

Men i vindaugskarmen står karsen og den er heilt klar!

18 apr

Kai

Raud skulle buksa vere. Nett som Kai si bukse. Han Lego-Ninja-Kai du veit. 

Eg fekk klar beskjed i etterkant om at Kai slett ikkje har Ninjago skrive (applikert) på sine bukser men at det var heilt greitt altså. Eg syns forresten ikkje buksa fekk så god passform (Ottobremønster) men eigaren er veldig godt fornøgd – så då så. Alle lommene er sydd på utenpå med falsk trillingsaum. Artig effekt, men litt vanskelig å hindre stofflaga i å forskyve seg i forhold til kvarandre medan ein syr.

14 apr

Zebra, Viking og Ninjago

Den lilla vesten har eg strikka av garn eg hadde igjen etter eg strikka “Thesas Baggy lue” til eldstejenta. Garnet er Viking superwash og mønsteret er Non-stop trøya størrelse 0-2 år. Denne legger eg nok bort til å ha til hausten eller vinteren igjen.

Zebragensaren er strikka av nesten eit nøste med Opal Zebra. Eg brukte masketalet frå Non-stop trøya, men la opp tjue masker mindre framme og la desse opp etterpå ved å legge opp to og to ved kvar vending til eg hadde masketalet eg skulle ha. Halsen vart litt sånn “trappe-aktig” så eg burde muligens lagt opp på ein litt annan måte, men eg fekk iallefall ein litt lavare hals framme slik eg hadde lyst til. Eg har elles strikka ca halve ermene og eit breidt stykke nede på bolen med eit nummer tynnare pinne for å få ein gensar som kan brukast lenge med oppbrett. Pinnar hhv 3,5 og 2,5.

Gensaren er i ca str. 2 år og det står att å feste trådar før den er ferdig. Sjølv om den er meint å passe til to år trur eg nesten vetlesysta kan bruke den alt no. Kalde dagar ser det ut som vi har ei stund til

Prosjekt “bruke opp det eg har” fortset med halv intensitet. Dvs. at eg gir meg sjølv lov til å kjøpe litt materiale så sant eg brukar meir enn eg kjøper. Eg har handla litt stoffer frå Tiljamiid design og Stoff og Stil. Til saman ca 3 meter med stoff (ull, bambus, raud og lilla isoli og eit lyseblått jerseystoff med print). Det eine stoffet er raud isoli som er på god veg til å bli Ninjago-bukse på bestilling frå min kjære son.

I tillegg har eg fått i hus fire buntar garn som eg valgte som del av premien eg vann på nøstebarn sin ullvølkonkurranse. Syrin i fargen og fordelt på to buntar totrådsgarn og to buntar tretråds. Må tenke litt over kva det skal bli til, men litt av det skal eg iallefall ha til noko eg kan bruke sjølv.

29 mar

Mønster på forklekjole

Eg sydde min første forklekjole for ca fem år sidan etter eit mønster i eit Alt om Håndarbeide frå februar 1980. Dette mønsteret har eg i mellomtida gitt bort saman med alle dei gamle blada. Så når eg no skulle prøve å sy ein kjole måtte eg ta utgangspunkt i ein kjole eg hadde liggande og prøve å tegne eit nytt mønster.
 
Eg mistenker forresten at den kjolen eg no tok utgangspunkt i ikkje er sydd etter mønsteret, men igjen tegna av ein kjole eg har sydd av det mønsteret ein gang – om du forstår ;) For den første kjolen eg sydde denne gangen syns eg ikkje sat så godt på eittåringen min . Eg tegna den derfor om ein del.
Oppdatering 2016: Det er med dette utgangspunktet eg har kome fram til mønsteret eg selger i nettbutikken. 

 

27 mar

Forklekjolar

Eg må innrømme at eg ikkje har sydd så mange forklekjolar på ei stund, men det å ha ei jente på så godt som eitt år fekk fram lysta på ny. I grunn tenkte eg å sy nokre enkle og praktiske smekker, men så kom eg på forklekjolane og tenkte at kanskje det var like greitt å kle henne i slike for å skåne ullbodyar og toppar litt. Som tenkt så gjort.

Den første eg sydde var etter mål frå eit gammalt alt om håndarbeide. Eller eigentleg har eg gitt bort det bladet, så eg sydde den etter ein forklekjole vi hadde liggande – som igjen var sydd etter det mønsteret. Kjolen er sydd i gamle gardiner i bomull og har to sett med knappar på skuldrene. Uheldigvis vart den alt for stor og vid for vetlesysta og sklei av skuldrene hennar.

Så då tegna eg like godt mønster til ein forklekjole som både vart smalare og mindre. Denne sydde eg òg dobbel, men med ei side i eit lett linstoff og ei side i eit nydelig lillafarga bomullsstoff. Den einsfarga sida fekk eit stort broderi av ein sommarfugl midt på magen. Eg brukte knappeskrekk-metoden på denne kjolen.

Kjolen sit fint på og er lett å ta av og på, men den var fortsatt litt stor rundt halsen i forhold til å skulle ta av for søl, så eg tegna på nytt. Tredje kjole fekk knappar på skuldrene og sat som eit skot. Sydd i hhv. einsfarga bomullslerret og eit tynnt mønstra bomullsstoff frå skapet.

Sidan eg har øvd meg på å lage mønster til pdf ved hjelp av denne tutorialen og gratisprogrammet Inkscape denne helga, tenkte eg å prøve å få digitalisert mønsteret på denne siste kjolen. Det eg imidlertid har gjort er å shine opp tekstdelen til tøffelmønsteret mitt litt og tegna digitalt eit par andre mønster i bloggen (“Heit-i-håve”-hua og “Bukse med plass til bleierompe“).

Når ein har slikt å gjere på er det nesten greitt at det har snøa kvar dag i heile helga. Hagebladet eg fekk sist veke vitnar om at årstida ser anleis ut andre stader, så for ikkje å komme heilt på hælane har eg tenkt å starte hagesesongen i drivhuset så snart eg kan få lurt litt straum inn der til ein frostvakt.

08 mar

Sum sum

Ja symaskina den surrar og går. Tøflene eg tok opp bestilling på vart ferdige i dag når vetlesysta sov ein microdupp (ho har feber og søv urolig både natt og dag). Her er det eine paret. Det andre er i samme farge, men har navn frampå.

Sidan vetlesysta ikkje var så lysten på å sove liggande, tett som ho er, vart det til at eg tok henne på ryggen i Boba’en min. Og med ein sovande unge på ryggen kan ein gjere mykje rart som ein ikkje får til med t.d. ein unge sovande i fanget. Eg valgte å klippe tøy til luer. Eldstejenta kom nemleg heim med ønsker for luer til nokre av vennene i går – om eg kunne sy? Og det kan eg jo.  Så med jentungen sovande på ryggen klipte eg luer i stor skala for så å sy dei sammen når ho var vaken (tilbake på ryggen igjen) seinare. Går fint å sy ståande må vite ;) Luene er i litt ulike størrelsar (små der stofftilgangen satte avgrensingar) og stoff. Her har eg brukt både microfleece, ribb og anna jersey.

06 mar

“Heit i håve”

Sognamaol er ikkje alltid like lett for folk med andre tungemål å forstå, men passe “heit  i  håve” er det viktig å vere uansett dialekt.

Desse tre ohelenehuene vart til medan mine tre eldste var på bading med faren på laurdag og minstejenta sov søtt i vogna. Eg lukka alle dører mellom oss og fyrte opp Compulocken. Luemønsteret er mitt eigne og eg har her prøvd ut tre ulike variantar. Eller forresten er det berre to sidan elefantlua berre er ein mindre størrelse av Ooga booga-lua. Den rosa med paisely-mønster er ei slags oversiza baggylue. Til desse luene går det med ca 80 cm stoff.

Alle luene vart sittande på ut dagen etter prøving på dei respektive “håvene” og det tar eg som ei god tilbakemelding. Når eg først var i farten sydde eg fire luer til: Ei til ei besøkande jente og ei til lillesøstera hennar som broremann skulle på besøk til. Dei tok eg ikkje bilde av før dei forsvann ut døra men her er dei to siste eg sydde seinare på dagen. Det er nok ikkje siste lua frå denne kanten :D

Den eine lua (den minste) skal få flytte til Bergen sammen med tøflene frå sist post. Tøflene har no fått ein enkel skinnsåle under slik at dei både er sklisikre og held litt lengre.

Eg trur dette betyr at eg har kome over den tidvise vegringa mot å klippe i jerseystoffene mine! *hurra*

Om du vil ha ein kopia av mønsteret mitt på baggy huer og ei enkel forklaring på korleis eg syr dei, så kan du laste dette gratis ned i mønsterbutikken min.

17 feb

Å stoppe ull med maskin

Det er mogleg at ull er best å reparere for hand. Ja, til og med sannsynleg at det gir best resultat for dei litt tjukkare plagga. Men om haugen med tynne ullplagg ull veks høg samtidig som ungane veks ut av plagga – før dei blir reparert. Ja, då er stopping med maskin det beste for meg! Ikkje treng det vere kjedelig heller!

Eg brukar to-tre ulike føtter på maskina til reparasjon av tøy. Stoppefoten på maskina er kjekk til dette. Eg tenker mest på den som knapphullsfot, men i manualen min heiter den stoppefot. Maskina mi har eigne sting til stopping med denne. Saumen med stoppefot kan du sjå nede til venstre på bildet. Øverst til høgre viser eg lappen eg har satte oppå stoppinga etterpå. Har berre sydd ein saum rundt nokre millimeter inne på lappen på frihand.

Nede til høgre har eg brukt frihandssaum med quiltefoten eller det som vel òg er kalla stoppefot (full forvirring her). Holet var inni det som er hovudet på sommarfuglen. Her kan ein tegne med maskin akkurat det som fell ein inn. For å kunne sy på frihand på så tunnt stoff må eg bruke stabiliseringsmateriale. Bakgrunnsbildet viser kva eg har bak hullet. Det kvite papiret er “stitch and tear” og den grå biten er ulljesery frå ei kassert trøye. Papiret river eg av etter at eg har sydd. Dette legg eg då naturleg nok underst. Eg legg alltid lapp under hulla når eg stoppar og gjerne òg ein lapp på framsida for å pynte eller gjere det enno sterkare.

Trøya med sommarfugl på er forresten farga med Dymo Nitor farge. Ein porsjon raud og ein porsjon turkis gav ein dus lillafarge. Flott til alle dei slitte grå opprinnelig kvite ullplagga.

15 feb

Nyanskaffelse + symønster får ny eigar

Eg har fått meg sybyste og håpar at det kan vere hjelpa eg treng til å klare å få sydd brukbare klesplagg til meg sjølv. Bysten er frå Stoff og Stil og er her ikledd ei ulljakke som eg liksom aldri har blitt heilt ferdig med. Den skal få ein eller annan form for lukning framme. Oversjå rotet! Kreativiteten flyt i dette rommet!

Så over til trekninga av symønster:

Den som mottek sytten gamle symønster i posten er

Liane Thomasson  med dette innlegget: 

“Jaaaa… jeg vil gjerne ha mønstre. Jeg elsker gamle mønstre, for de er fantastiske å bruke som inspirasjonskilder :)”

Sjekk ut den flotte nettbutikken hennar: Sommerfuglene

Send meg adressa di Liane så sender eg mønstera til deg. Håpar du får mykje glede av dei!

13 feb

Ullbukse med mønster

Underbetalt modell

Eg har endelig fått ferdig både mønster og ein ny prøvemodell til bukse. Her buksa på ein litt for kortbeint modell og her er mønsteret– til fri privat bruk.
(Tillegg 12.08.14 – dette er mønsteret som er vidareutvikla til Makelaus bukse som er publisert i “Handmade”)

Buksa er sydd med sømrom på ca 2 cm i sidekantar og nede og ca 4 cm oppe. Heile buksa er i ulljersey frå naturesfabrics. Kanten oppe og nede er i opprinnelig naturfarga ulljersey, men farga med KoolAid – ei blandig av blått og raudt pulver. Størrelsen er ca 80 cl. Om ein klipper 1 cm sømrom i kantane og reduserer til to cm oppe blir den kanskje rundt 70 cl.

Framdel og bakdel på denne buksa skal kvar for seg klippast ut i eitt stykke mot brett. Altså ingen søm midt framme eller midt bak.

Buksa har skikkelig god passform over tøybleiestumpen og ein breid ribb oppe sikrar at buksa ikkje siger ned. Om ein syr ribb nede i staden for berre å kante vil buksa kunne brukast lengre.

06 feb

Ullvøl

Nøstebloggen har denne månaden eit tema og ein konkurranse som heiter ullvøl. Då må eg jo vise fram det eg har gjort med den eine nøstebarnbodyen vår. Denne bodyen har vore i bruk heilt frå vetlesysta var nyfødd og har no fått lange ribbekantar på ermene og eit lite skjørt nederst i staden for bodylukningen. Begge deler i mjuk ullribb frå Naturesfabrics. Perfekt plagg når ho tuslar rundt her heime uten anna enn bleie under eller med bar bak.

30 okt

Fleecebukse – ein prototype

Fleece er ikkje mitt favorittmateriale, men eg må innrømme at det har ein del eigenskaper som eg ikkje kan oversjå. At det held tett (over formsydde bleier) er iallefall heilt sikkert. Vetlesysta trengde eit alternativ til ullbukser over bleiene og sidan eg hadde nokre “få” meter med fleece liggande var det naturleg å lage kladden/prototypen i fleece. Særleg sidan den då kunne brukast som bleiebukse om den vart ok.

Utgangspunktet er ein bukseform eg likar til vetlesysta og så har eg tegna eit mønster etter eige hovud ut frå denne. Eg likar best at det ikkje er søm bak på buksene til dei heilt små og då må det til ein kile i skrittet i staden. Dette for å kompensere for den utsvingen ein kan få til ved å sy saman to deler foran og bak. Ser for meg at eg kan plassere ein søt applikasjon eller eit broderi på rompa på denne modellen. Nederst på beina har eg sydd på eit pynteband, men alternativt kan ein lage ribb som oppe på buksa eller berre sy opp kanten.