Kategori: saum

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Vrangsydd kjole med knyting på skuldrene

I det siste har eg sydd eit par søte kjolar til minste jenta i huset. Denne typen små kjolar eller toppar kan man enkelt vrangsy, men framgangsmåten blir ulik alt etter om det er glidelås/knapping i ryggen eller om det er opning på skuldrane. Eg tok nokre bilder undervegs medan eg sydde kjolen med sommarfuglar…
Read more

Forklekjole – ny versjon av eit gamalt mønster

I dag har eg lagt ut eit nytt mønster i nettbutikken min. Forklekjole i to størrelsar som dekkar 9 mnd til 3 år. Når eg først begynte å sy denne typen kjolar var det etter eit mønster frå alt om handarbeide frå ca 1980. Så gav eg vekk bladet som mønsteret var i – litt…
Read more

Travle tider

Her i heimen er det konfirmasjon i starten av mai og ein del som ein tenker skulle vore gjort før den tid. Blogging og kosesaum lyt difor stort sett vente til roligare tider. For no syr eg bunad. Bunader. Eg har sydd til snart-toåringen og til konfirmanten og sydd om ein bunad til femåringen. Trettenåringen…
Read more

Kjentfolk i bladet!

Eg har vore så heldig å få vere bloggprofil i aprilnummeret av Alt om Håndarbeide – symagasinet. Har du lyst til å vere med i trekninga om å få tilsendt eit eksemplar av dette bladet? Kommenter her i bloggen på dette innlegget, på Instagram eller på Facebook så trekker eg ut ein vinnar fredag på…
Read more

Sykveld

I går kveld (og natt vart det nesten) hadde vi sykveld i barnehagen/grendahuset vårt. Vi var ikkje så mange denne fyrste gangen, men det er veldig mange som har sagt at dei har lyst til å vere med «neste gang» så det gler eg meg alt til. Må berre få bestemt ein dato og sjekka…
Read more

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge…
Read more

Eit nytt mønster i nettbutikken i dag òg

Mønsteret eg har lagt ut i nettbutikken i dag er eit PDF-mønster på dokke-, baby- eller barnehue med knyting, berekna på elastiske stoff. Eg har sydd og pønska på dette mønsteret av og på i over tre år og hatt testsyarar på den i to ulike omgangar – tusen takk til dykk! No vel eg…
Read more

Ei hua for adle hove

Overskrifta er på sognamaol og treng gjerne ei lita oversetjing, eller kanskje ikkje. Uansett kjem det her eit mønster og framgangsmåte på ei hua som skal kunne passe dei fleste. Du laste ned mønsteret som PDF gratis i nettbutikken. Framgangsmåten er ikkje så ulik den som følger med mønsteret som òg ligg til nedlasting gratis i nettbutikken min,…
Read more

Å skjære i stoff med Silhouette Cameo

Som «sydame» er det kjekt å kunne bruke cameoen til å klippe ut stoff t.d. til applikasjonar. Klart det går an å klippe med saks, men det går ein del raskare med plotteren pluss at eg kan få mange heilt like deler om eg ynskjer det. Eg skjærer ut stoff med to ulike metodar. Skilnaden…
Read more

Litt sydd

Eg har ein fireåring i huset som har sett filmen Frost/Frozen sikkert «ein million» ganger. Så det var ikkje til å lure på svaret når mammaen i ein lur (eller mindre lur) augneblink spurde om jentungen ynskte seg «Elsakjole». I helga satte eg endeleg av tid til å få pønska ut korleis den skulle vere og fekk sydd…
Read more

Sy tøfler?

Kulda set inn og eg vurderer å opne for å sy nokre få (2-3-4?) par med skinntøfler på bestilling. Er det noko som kan vere av interesse? Prisar frå kr 260,- (for minste størrelse i skinn). Tillegg for enkelte dekorasjonar som navnebroderi etc.     Om du klikkar på menyvalet tøffelgalleri over her kan du sjå…
Read more

Makalaust langbruk

Eg likar veldig godt klede som kan brukast lenge. Dvs at det blir ribb både på ermer, beinkant og nede på gensarar på mange av plagga eg syr. Og langbruk blir resultatet. Eg skreiv i denne bloggposten for nesten eitt år sidan om buksa sydd i str. 70/80 som eg trudde vart knapp til ein eittåring. Den gangen…
Read more

Gjenbruk av dongeri, frå bukse til hatt(ar)

Eg har vore så heldig å få nokre dongeribukser både her og derifrå. Sist frå svigerinna mi på andre sida av fjellet. Ikkje det at det er så kort tid sidan akkurat, men av og til må ting modnast litt før planar blir sette ut i livet. Dei som følger meg på Instagram (ohelenesyr) har…
Read more

Symaskinnåler

Symaskinnåler er ofte eit tilbakevendande tema i spørsmål og diskusjonar på syforum og i sygrupper på Facebook. Dette er slett ikkje rart, for ei symaskinnål er ikkje ei symaskinnål og ferdig med det. Feil nål kan både skade maskina (!) og eit elles godt prosjekt kan bli øydelagt eller mindre bra. Mange merkar dette først…
Read more

Korleis lage eigne merkelappar (gjensyn)

Eg har òg tidlegare skrive ein post om korleis eg lagar eigne merkelappar til klede og ting eg syr. Eg har òg kjøpt min del av merkelappar, men det er kjekt å kunne lage sine heilt eigne i akkurat den fargen du treng og i den mengda du treng. Så her kjem eit gjensyn med same…
Read more

Runde lommer med rund opning

Lommene på kjolen i forrige post var utprøving av rund opning på lommer men no tar eg det eit steg vidare og lagar heile lomma trillande rund. Har du lyst til å sy liknande lommer så kjem forklaringa på saum av slike lommer her: 1. Klipp ut fire sirklar. Gjerne i to ulike stoffer. Innerstoffet vil syne…
Read more

Forklekjole med lomme, eller omvendt

Denne forklekjolen vart til i dag fordi eg måtte teste ut lommer med rund opning. Eg er sikker på at eg har sett slike lommer på nett, men siste dagars googling kunne ikkje gi meg noko bilde eller instruksjon. Difor altså utprøving. Lomma vart kul syns eg sjølv. Kjolen er full i feilskjær (smalt tidsrom…
Read more

Kan det bli festdrakt – igjen?

7. mai 2011 sydde eg på festdrakt til ho som då var minst. Den drakta har eg ikkje lengre, og kjolen eg syns var grei til minstemor her heilt fram til i dag syns eg no er grei nok som reserve. Det aller kjekkaste hadde jo vore å sy ei ny festdrakt til henne. Kvit…
Read more

Baby i hus og tid til alt anna enn blogging

Tida fyk med baby i hus (og dei krev litt tid dei fire andre òg). Eg tenker innimellom at eg skulle nett ha blogga ditt og datt, men så er tanken borte like fort som den kom. Eg har imidlertid laga både det eine og det andre sidan sist blogginnlegg. Eg har sydd ein del…
Read more

Lærekøyring – eller Blogging a la Instagram

Trening må til når ein skal sy med ny(e) maskiner. Eg har fått øvd litt etter at eg fekk covermaskina i hus, men køyrer fortsatt litt i grøftene i svingane for å halde meg til lærekøyringsmetaforen. Men plagga er gode og i bruk til tross for litt feilskjær og passar fint til minstemor. Ikkje minst…
Read more

Maskinene mine

Her i starten av månaden fekk eg plutselig kasta litt sylyst over meg og satte meg ned med maskinparken min. Ja, for når ein har fem maskiner kan det vel kallast ein maskinpark. Ein liten presentasjon kan vere på sin plass. Først dei fire første i rekkefølga dei kom i hus. Husqvarna Daisy kjøpte eg…
Read more

Makalaus Krinkleull, eller «Janus møter Nøstebarn»

Denne veka har eg sydd og lappa litt ulltøy innimellom amming og bleiestell. Ja, for tenk at vi no blitt sju i familien vår! Den minste vetle jenta vår er perfekt på alle måtar, og alle i familien er så glade for å at ho endeleg er komen. Her på bildet er ho seks dagar…
Read more

Småttisklede

Småen i magen begynnar å nærme seg dato for lansering. Noko eksakt dato har han eller ho ikkje klart å gje meg, men så langt ut i juni blir det i alle fall ikkje. I dag har eg vaska opp litt klede for å ha slik i starten og vi hadde klar overvekt av bodyar.…
Read more

Har du lyst på den nye syboka «Handmade» heilt gratis?

Eg har tidlegare fortalt at eg har vore så heldig å få vere med i ei ny sybok som kjem ut no i april. No nærmar boka seg med stormskritt, og eg har fått lov til å lodde ut eit eksemplar i bloggen min. Boka er hovudbok i Hobbyklubben  no i april! Om du vil vere med…
Read more

Småplukk til eit lite knøtt

Vi (les: eg) begynnar så smått å kome i reirbyggingsmodus. Det er vel ikkje så rart i og med at våren er rett rundt hjørna ;) Av plagga her var det første eg laga ribbebuksa i Kauni (EQ og EC). Eg prøvde meg på første gang på å strikke med Magic Loop og første møte med…
Read more

Sytankar

Handmade. Norges beste syoppskrifter

For to år sidan kom boka Made by me – Sybloggernes beste oppskrifter, og no er det klart for oppfølgaren! Den må jo berre (heilt objektivt sett sjølvsagt) bli enno bedre. Eg var så heldig å få lov til å vere med denne gangen! Boka kan forhåndsbestillast i alle landets nettbokhandlar, og vil være i sal i…
Read more

Karneval og strikketid

Februar er tid for karneval, og sjølv om eg ikkje alltid er like entusiastisk i forhold til krumspring utover kvardagen så prøver eg å stille opp. Når det så er toåringen som skal i veg er krava (heldigvis) ikkje alt for høge. Jentungen ville vere «pus» på karnevalet i barnehagen og det hadde vi ikkje…
Read more

«Eg vil ha lilla tøfle» mamma!»

  Eg treng vel ikkje seie noko om kor lenge ho har gått med litt for små tøfler i barnehagen – no gjeld det berre å få sydd dei!

UFO-jakt

Denne veka har eg rydda litt på syrommet mitt (så no ser det berre passelig rotete ut) og samtidig jakta litt på UFO-ar = UFerdige Objekt eller opprinneleg UnFinished Objects. No har eg fått sydd sålar på nokre strikkatøfler som eg bytta til meg for *mumle* år sidan, sydd nytt innertrekk på ei velbrukt pute,…
Read more

Fora pung

Om ein googlar på «lined zippered pouch tutorial» kan ein finne mengder av framgangsmåtar på korleis ein lagar slike pungar som dette. Bildene på google viser pungar i ulike størrelsar og av ulik utsjånad. Eg har funne min måte å gjere det på, ein måte som eg syns gir god form på pungen rundt endane…
Read more

Gjenbruk av bøker

Huset vårt inneheld ein heil masse bøker. Eg er litt arveleg belasta med bokglede, men innlegget her går ikkje på lesing. Tvert imot på alternativ bruk av bøker. I sommar kom det nemleg ei heil ladning med gamle bøker på trappa frå noko eit bibliotek hadde kassert. Eg likar veldig godt å lese, men her…
Read more

Sniktitt

Dette driv eg på med om dagane.

Testing testing 1,2,3…

…4 og 5. Testing må til når ein skal få til gode plagg. Og testing har det blitt ein del av siste tida – av huer. Eg har både fått andre til å teste huemønster via forumet sykroken og har sydd ein heil del huer her heime sjølv. Her er fem av dei minste eg…
Read more

Lun hals og varm puls – mønsterslepp

No kan de få kjøpe mønster på den flotte halsen (/kragen/laushalsen) og pulsvarmarane som eg har pusla med i det siste. «Mønsterbutikken» finn du her eller ved å fylgje linken oppe på menyen. Mønstera er digitale (pdf-filer) og til personleg bruk. Skikkelig raske, fine og varme både til gåver og til eins eigne og god…
Read more

Stjernehals in action

Halsen som eg driv og lagar til mønster på er verkeleg onesize (fits most). Her er det vetlesysta som er modell. Ho er ikkje lengre så lett å fange i linsa ;) Men eg klarde det til slutt!

Varm puls

Eg syslar med å lage mønster til pulsvarmar og hals og i dag sydde eg nokre nye av fyrste sorten for å teste ut framgangsmåten. Herlege mjuke i finaste merinoull. Desse er fine både til tastaturbruk og utendørsaktivitetar når det er berre litt kaldt. Gode nettvenner hjelper meg med å teste ut mønsteret før eg…
Read more

Litt kladd med fleece og nok ein onion-kjole

I dag har eg sydd dette settet i fleece i dag som ein «kladd» på vegen mot å lage eit godt mønster på hals og pulsvarmarar i valgfritt stretchmateriale. Eg tenker sjølv primært å lage halsen i ull og evt. pulsvarmarane i litt fleire variantar som pyntete i jersey eller litt varmare i ull. Mønsteret…
Read more

Onion 2035

Tunika sydd i isoli med fôr av bomullsjersey i hetta (og som kant nederst). Mønster Onion 2035. Eg har sydd nokre gensarar/tunikaer og kjolar til meg sjølv, men dei blir stort sett ikkje så mykje brukt. Eg har alltid eit eller anna å utsette på dei. Enten det er passform, ein eller annan feil eg…
Read more

Uhu!

Oktober går mot slutten og Halloween skal feirast med gode venner både her og der. 9åringen bestilte kappe – med ermer og hette. Etter å ha kikka på kapper i leikebutikkane og tenkt litt fram og tilbake har eg i dag sydd ei kappe til henne her heime. Her kan du sjå korleis eg klipte…
Read more

Oktoberstille – i bloggen

Når eg ser gjennom bilder på maskina mi og innlegg i bloggen er hausten ofte ei stille tid. Tilsynelatande. Det betyr for min del berre at det skjer mykje i RL i familien. Korps, 4H, musikkskule, allidrett, fotball, turn og klatring er noko av det som ungane er med på i haust. Og vi køyrer.…
Read more

Litt barnehagesaum og actionbilder av gårsdagens bukse

Eg har pusla med litt syarbeider i dag òg. Tøfler til barnehagen må til og dei fekk visst køyrt seg med det samme ute i sandkassa (ut med pappaen ja). Så vått som det var i graset dag vart ho både litt våt og kald på føtene til slutt, men det heldt lenge. Så ingen…
Read more

Ei bukse som slett ikkje er kilen

Eg har sydd fleire bukser etter eige mønster til vetlesysta no, og dei har alle vorte litt ulike. Nokre har eg sydd uten kile og nokre med, nokre med lange bein, nokre med korte, nokre med ribb og nokre uten. Så var det det med kile då – veldig greitt å få lagt til litt…
Read more

Gjenbruk og langbruk

Langbruk er gjerne ikkje eit ordentleg ord, men eg prøvde berre å finne eit ord for å bruke noko lenge. Vetlesysta har begynt i barnehagen og eg har kjøpt ein todelt overtrekksdress til henne til litt å ha når det regntøy eller parkdress blir for tjukt eller for tett. Eg likar ikkje å kjøpe tøyet…
Read more

Skinnsaum

Haust = skulestart. Eg hadde lova eldstejenta mi eit nytt pennal i skinn og at det skulle vere ferdig til skulestart. To dagar før er vel i rikeleg god tid vel? Eg broderte navnet hennar på eine sida før eg sydde det saman. Eit firkanta stykke på 20×23 cm (23 er lengda) og sirklar med…
Read more

Eplenikkers

Kanskje ikkje akkurat rett bruk av ordet, men det var det som falt ned i hovudet som nødvendig tittel på dette blogginnlegget. Buksa er frå eige mønster som sist, og stoffet er mønstra babycord. På denne klipte eg buksedelene 6 cm kortare på beina enn i orginalmønsteret. Oppe i livet laga eg ei linning av…
Read more

Hjertebukse

Buksemønsteret eg har delt tidlegare fungerer fint òg på stumme stoffer. Dvs. eg har brukt jersey som ribb oppe og på beina, men eg skal òg sy ei sommarbukse uten ribb og vise at det går fint òg uten dette, men med linning og strikk oppe. Tenker å prøve å notere ned mål på linninga…
Read more

For 1500 kroner i garn!

Eg skal fortelle om den o-store-garnhandelen, men først vil eg vise fram nokre skinntøfler som eg har sydd siste dagane. Dei med navn på er forhåpentlegvis snart framme hjå sin nye eigar medan dei tre andre er ledige på markedet. Innermål hhv 11cm (lilla) og 12,5 cm (beige og burgunder). Vetlesysta som er 15 månader…
Read more

Sol sol kom igjen!

Ja, i dag har sola faktisk vore framme. Kanskje var det den blomstrete solhatten som lokka den fram ;) Hatten vart til medan vetlesysta sov formiddagslur og mønsteret er litt sånn frå her og der. Seks bua trekantar på ni cm breidde, inkludert ein halv cm saumrom på alle kantar, vart til pullen. Til bremmen har…
Read more

Huer til eittåring

Våren har vore kald og våt og dei to første dagane av juni har vore like eins. «I morgon» kjem nok sommaren, men enn så lenge treng vi både hue og jakke. Vetlesysta mangla ei god hue og eg har lenge tenkt å prøve å sy ei etter modell frå ei god strikkahue, og som…
Read more