21 jul

Sommartider

Sommaren er definitivt her med både varmt vær, nakne tær og modne bær (drog eg den litt langt tru?) og blogging er noko av det siste eg tenker på og har tid til om dagane. Ikkje har eg tider til å sy eller produsere noko å blogge om heller. Vel ein hagepost eller to kunne eg jo ha fått til. Kunne skrive om det lange graset/kløveren på plenen eller agurkene som veks så vi kan sjå det frå dag til dag i drivhuset. Men ikkje i dag…

I det siste har vi brukt litt tid på Geocaching. Vi har funne 10 cachar til no, og har til og med plassert ut to små sjølv her i heimkommunen. Vi (les: eg) er så lett(e) å glede at det var store smil å spore når mailen tikka inn om at den eine posten alt var funnen av ein ivrig geocachar mindre enn eit døgn etter at vi gøymde den. Eller faktisk var den funnen av to, men den som var FTF (First To Find) har ikkje logga funnet sitt (enno). Og i hylla ligg det ein micro og ein nano-cache og ventar på å bli plassert ut når vi har fått tenkt ut gode plasseringar for dei. Desse er nok mykje lettare å plassere enn plastboksane vi var ute med i går, men desto verre å finne uten å bli oppdaga.


Men kor er manerane mine? Tusen tusen takk for gode ord på mitt innlegg om bloggeblues og ditto under hageinnlegget. Eg sluttar ikkje å blogge med det fyrste – om ikkje det skjer noko uforutsett då – men eg kan nok love at eg ikkje kjem til å gå for strebaralternativet d) heller. Å fortsette som no med sterke innslag av “ta det som det kjem” er kursen vidare. Takk for at du leser, og tusen takk til dykk som innimellom eller rett som det er legger igjen eit ord!!

Sjølv følger eg med ein heil mengde bloggar gjennom Google leser og innimellom prøver eg å ta meg tid til å gå vidare inn på bloggane og legge igjen kommentarar. Skulle gjerne ha tid til å gjort det meir, men det eg gjer som ikkje tar tid er å dele ein del innlegg via bloggen min (sjå til venstre i margen) som ein liten gest til gode innlegg/bloggar/bloggarar. Dette gjer eg mykje oftare enn eg postar nye innlegg og det visar ikkje i Bloglines, Google reader, Blogloving el.l. Så ta gjerne turen innom ein gang i blandt for å sjå om eg har nye anbefalingar til vidare bloggsurfing!

24 jun

Skattejakt med GPS


I ettermiddag plotta eg inn eit cache-punkt frå sida Geocahing.com på den nyinnkjøpte GPS’en, og stabla ungane i bilen. Dette til tross for at det var truande regnskyer å sjå både i eine og andre retninga. Vi var heller ikkje komne langt før regnet hølja ned. Eg kikka meg forsiktig rundt og noterte dårlig med regnklede i bilen, men til alt hell for den dårlige mora hadde regnet stoppa når vi kom til leiteplassen!

Dette punktet hadde vi prøvd oss på før utan å finne, og sjølv i dag susa vi først litt rundt før eg oppdaga at eg ikkje hadde plotta inn lengdegrada riktig. Når denne var på plass kunne vi berre spasere rett på boksen. Vandremynten vi hadde hatt ei stund fekk plass i boksen, og vi såg ein “Trakabulldog” som kom frå, og skal tilbake til, UK. Sidan vi ikkje skal den retninga fekk den ligg sånn i RL, men vi fekk den i alle fall med på lista vår sidan vi noterte koda.

Regnet kom på ny i det vi sette oss i bilen, men oppgira av funnet ville ungane  svært gjerne leite etter fleire cachar. Eg søkte opp koordinatar på mobilen til ein boks eg hadde lest om før, og etter ein liten stopp på REMA for proviantering var vi klare for ny leiting.

Den andre posten hadde eit svært treffande navn  som jo gav oss ein god indikasjon på kor vi skulle køyre (om ikkje eg i tillegg hadde kikka på kartet). Når vi parkerte bilen hadde regnet igjen gitt seg og ungane fekk styre GPS-en denne gangen når eg var litt sikrare på at alt var rett plotta inn.

Minnesteinen var omkransa av bartre og busker og det var ikkje heilt lett terreng å leite i. Broremann meinte at cachen måtte vere inne i ein busk der GPS-en gjekk mot null frå alle retningar, men busken var tom for anna enn barnåler. Litt sirkling rundt avdekka etter kvart ein artig boks med nøkkel og lås på ein stad ca 11-12 meter til side for dette punktet.

Kul cache! Men altså, wünderbaum er ikkje det rette å putte inni ein tett ziplockpose! ;) Ungane tok med seg kvar sin plastfigur (som lukta wünder-grantre) frå boksen og vi la igjen ei SMILI-nål frå den gang då, og ein liten bamsefigur. Hadde det vore opp til ungane hadde vi nok leita opp enno fleire boksar, men mor hadde fleire cons enn pros for å fortsette leitinga i dag. Det eine var at vi må spare nokre til eldstejenta kjem heim frå leir. Det andre at det er ikkje SÅ mange boksar i området så vi må spre leitinga litt utover i tid. Til slutt var det berre rett og slett lenge nok for vetlesysta å sitte i bil i dag. Dette til tross for at regnet stoppa kvar gang vi gjekk ut av bilen – inkludert heime etter turen!!

22 jun

Kveldstur på “Åsen”

Eg har ein god nabo som innimellom lokkar meg med på trimtur. I går var ein slik kveld og vi rusla heilt opp til enden av grusvegen – til Åsen. Godt å røre på seg og godt å skravle. Er ikkje sikker på om det er tytinga eller trimmen som er beste helsebota med desse turane våre ;)

Når vi snudde for å gå nedatt skein sola gjennom skylaget og dette måtte eg prøve å få fanga med “Cyber-shot’en” min. Altså mobilbilde i beste stil. Har auka lysstyrken litt i dei mørkaste partia av bildet, men elles er det ikkje endra.

No har eg forresten fått ein GPS i hus og gledar meg til å ta med ungane på leiting etter Geocachar. Vi har ikkje hatt for mykje hell med oss på turane våre så langt, men moro har det vore uansett.

02 jun

Geocaching

Vi prøvde oss på ein ny hobby på sundag. Eg har lenge lest på nett om geocaching og visst at det er nokre få boksar her i nærområdet. Det har berre ikkje passa slik at vi har kome oss av garde på leiting før. Ungane har vore villige, men dei siste to åra har vi konsentrert oss om turorientering i staden.

No er sesongen for turorientering enno ikkje i gang (såvidt eg veit) og eg lokka difor med meg dei tre eldste på skattejakt i staden. Litt for seint kom eg på at GPS ikkje var noko vi hadde tilgang til sidan telefonen min er på reperasjon, men vi prøvde likevel. Første post som skulle vere ved flyplassen fann vi ikkje tross iherdig leiting, men vi prøver igjen seinare på denne. Andre plassen vi leita var hintet såpass tydelig at vi kunne gå nesten rett på. Moro for små og store. Vi fann til og med ein såkalla Travel Coin der. Tok den med oss og planla å legge den igjen på neste stad. Bildet er nokså avslørande, men eg reknar med det er greitt å legge det ut her sidan eg ikkje skriver kor det er og sidan det tross alt er nokså tydelige hint i teksten til denne boksen.

Problemet var berre at dei to neste postane vi prøvde å finne var litt for godt gøymt for oss (og her trur eg ikkje vi kan skulde på mangel på GPS heller sidan eg er overbevist om at vi leita på rett stad).

 

Men uansett var det moro å vere på tur og moro å leite, så ungane er bestemte på at dette skal vi prøve på meir. Eg har funne ut at det er ein post ikkje langt frå huset til bestemor og bestefar så den skal vi i alle fall prøve å finne i sommar. Kanskje vi kan lokke med oss dei to søskenbarna der på leitinga. Så får vi prøve å få lagt frå oss denne “reisemynten” så raskt som vi klarar her i nærområdet. Vi har ein post på fjellet her òg, men mynten lurer eg på om vi skal prøve å legge ein annan stad.

Lurer du på kva geocaching er? http://www.gcinfo.no/ http://www.geocaching.com/

25 feb

Når man ikkje orkar så store sprell…

…får man kose seg med dei små.

Som å grille pinnebrød og marshmallows i bålpanna i innkøysla.

Vinterferien har blitt prega av sjukdom i huset. Heldigvis berre slik sjukdom som er noko dritt å ha i hus, men som tross alt går raskt over.

No er vi nesten friske igjen (og no er ferien nesten over). Eg har fullført eitt par vottar i løpet av veka og er godt fornøgd med det. Lurer på om eg skal prøve å tove dei eller beholde dei som dei er og bruke dei sjølv. Dei er så mjuke og gode og passar akkurat.

01 apr

Ut på tur

fjelltur11
Utsikt mot der eg bur. Litt nede i dalen utenfor synsvidde.
fjelltur2
På veg til fjells.

Slike skiturar burde alle fått lov til å ta ein gang i blandt. Er medisin mot det meste og mine batteri vart iallefall lada litt igjen av denne turen enn så kort den var.

11 okt

Ég tala ekki íslensku…

Seks dagar på ville vakre Island. Litt “amputert” ferie sidan minstemann måtte ha gips to veker lengre enn vi trudde. Men så får vi tru han blir heilt bra til slutt. Eg vart overraska over at islandsk var så veldig ulikt norsk. Har alltid høyrt at islandsk er som gammalnorsk, men det er nokså lenge sidan gammalnorsk var snakka hertillands iallefall! Difor overskrifta som betyr: Eg snakkar ikkje islandsk.
Den økonomiske krisa som rådar merka vi lite og ingen ting til som turistar.

På laurdag når vi kom til Island var det snø og kaldt. Vi skulle køyre ein god etappe, men tok middag ved den Blå Lagunen før vi køyrde vidare.

Røyken er damp som stiger opp like ved den Blå Lagunen.

Dette vatnet var kaldt, men like fullt fasinerande blått.

Vi prøvde oss på hesteriding på eit hotell/hestegard som heiter Eldhestar på staden Hveragerdi. Vi fekk visst dei roligaste hestane dei hadde, for dei gjekk samme tempo uansett kva vi gjorde. At stiane for ein times ridetur gjekk rundt og rundt hotellet var litt nedtur for oss som hadde sett for oss ridetur ut i marka med ørlitt meir fart i. Sterk vind og kaldt regn gjorde ikkje akkurat opplevelsen bedre så vi avslutta etter ca 15-20 minutt kalde og våte. Godt at vi har hestegard like ved oss heime der ein òg kan få lov til å ri på islandshest.

I sjølve byen Hveragerdi hadde dei eit stort utendørs basseng med varmt vatn. På kantane var det to små basseng med vatn som var hhv 38 og 40 grader varme. Kjempegodt å ligge i det varme vatnet med vinden hylande rundt øyrene. Det nye vasstette kameraet mitt fekk òg prøvd seg. Her er det minstejenta som har fotografert mor under vatnet.

På grunn av at minstemann fortsatt sat i rullestol og alt av fjellturar og naturvandring vart utelukka (delvis òg på grunn av veret) reiste vi til Reykjavik to dagar før planlagt. Vi skulle eigentleg ha vore to dagar på ei hytte ute ved Skaftafjell nasjonalpark.

Fyrste dagen i reykjavik køyrde vi tilbake til den Blå Lagunen. Denne gangen for å bade sjølv om vermeldingane og dei faktiske forholda var nokså ufyselige. Tavla ved bassenget viste 0 grader og vermeldingane sa kuling. Laguna var skikkelig piska opp av vinden. I vatnet var det imidlertid gode og varme 39-40 grader. Vatnet var kjempesalt og håret vårt vart heilt stivt etterpå av det høge innhaldet av kisel i vatnet. Minstemann venta tålmodig i kafeen medan mor og far bada etter tur og fekk vekselsvis is frå mor og far.


Her er lillesøster i bassenget. Alle under 11 år gikk gratis og for oss vaksne kosta det 2300,- kroner pr. stk. Islandske kroner altså.

Siste dagen i ferien køyrde vi ut til Geysir forbi Thingvellir. På denne strekninga kunne vi sjå sprekker i jorda etter tidligare jordskjelv. Dei mørke strekane nede til høgre her og bortover er djupe sprekker. Island ligg midt på delelinja mellom det Europeiske og den Nord-Amerikanske kontinentet. Noko som skapar både hyppige jordskjelv (sist i fjor sommar på 5,3) og gir tilgang til den geotermiske energien som øya er kjent for.

Ved Geysir fekk vi sjå det vi kom for av både boblande kokande kjelder og sprutande geysiarar.

Skal vi tilbake til Island ein gang må det bli uten rullestol.

Og sannsynligvis på ei årstid der det er litt varmare.

02 sep

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje.

No skal dei ligge i olje – lyst – i 5-6 veker;  litt kortare tid enn minstemann skal ha gips på foten…

Her skal den stå og godgjere seg i karmen på kjøkenglaser. Den passar godt mellom minstemann sin “storsteinsamling”, fjorårets samling av lommerusk og minstejenta si flaske med ekstra fine små steinar.