strikking

Juleribb(er)

Her i huset er det pinnekjøt det går i i jula, men på hobbyfronten endar eg ofte opp med strikketøy når det er som mørkast ute. Det er då vi er samla alle inne om kveldane og å sitte med strikketøy er tross alt litt meir sosialt enn når eg set meg med symaskina. Så …

Juleribb(er) Read More »

Toveis

I vinterferien begynte eg på ein «toveis» kjole etter mønster frå Pickles til vetlesysta. Godt mjukt garn og fine fargar, men akk så tidkrevande mønster. Den har dessverre blitt liggande urørt etter at eg kom heim igjen. I kveld skal eg plukke den fram og sjå om eg kan få den til å vekse litt …

Toveis Read More »

Oisann

her var det visst lenge sidan sist post. Betyr i grunn berre at dagane fyk utan at eg får prioritert å bruke tid på å blogge. Litt handarbeide har det vorte likevel. Mellom anna har vetlesysta fått seg ein Oslo anorakk i Abuelita multi frå Pickles. Eg har brukt andre fargar enn i forslaga hjå …

Oisann Read More »

Nøtteliten

Eg held fortsatt på med prosjektet med å bruke opp ein del av garnet eg har liggande. Dette garnet var kjøpt på Nille til nisselue, men viste seg å vere alt for tynnt (der har du meg og garnkunnskap). Å strikke med dobbel tråd tenkte eg ikkje på, så eg «ofra» eit anna type garn …

Nøtteliten Read More »

Juhu!!

Nøstebloggen har hatt ullvøltema og eg meldte meg på konkurransen med ein ullbody som eg hadde sydd om til kjole. Og jammen vann eg ein av premiane! Gavekort på kr 1000,-. Trur det må bli litt garn og eit plagg til meg sjølv. Gratulerer herved alle dei andre vinnarane og takkar for premien. I gledesrusen ;) deler …

Juhu!! Read More »

Pompom

Eg syns det engelske navnet på duskar er så artig så difor får det lov til å bli tittelen i dag. Ja, og så handlar det jo faktisk litt om pom pom-ar eller duskar her ;) Lua i Abuelita tretråds tynn merino er ferdig, og den vart omtrent slik eg ville den skulle bli. Kunne kanskje …

Pompom Read More »

Teshas baggy lue

Ja, lua var rask å strikke den! Ferdig like før leggetid sundag kveld. Fargen meir lilla enn den ser ut på bildet, men slik er det gjerne med blitz. Eg fekk lyst på lua sjølv, så avtalen no er at om eg strikkar ei til til henne – i lyseblått garn – så skal eg få denne. …

Teshas baggy lue Read More »

Eg har lyster

Ja, altså det kan vere så mangt man har lyst til, og eg har nok ikkje verken færre eller fleire lyster enn andre. Men nett no har eg altså lyst til å strikke dette settet frå Norsk Husflid nr. 4 i 2010. Bladet/bildet er litt krøllete av å ha vore passasjer i strikkekorga sidan det …

Eg har lyster Read More »

Sommarstrikk

I sommar har det blitt mykje strikking. Ein hobby som ein kan ta med seg på verandaen og elles rundtomkring der ein måtte like å opphalde seg. Sidan vetlesysta brukar tøybleier treng ho litt ekstra med ullbukser. Den turkise med lilla striper øverst på bildet passar no, medan den mangefarga underst nok må ligge på vent eit …

Sommarstrikk Read More »

Fargehobby

Sidan sist post berre  hadde kvite plagg, kjem det litt meir fargerike ting denne gangen. Først ut er ein «koseklut» eller leike som eg sydde her ein dag. Den likar ho veldig godt å leike med, spesielt juksepelsen og lappane. Eg har sydd bånd og lappar rundt heile kanten og lagt inn ein liten pose …

Fargehobby Read More »

Å sy ei strikkeveske – del 1 (Making a knitting bag – part 1)

Dette bildet viser dei ulike delene i veska. Ytter og innerstoff og fôr er klipt ut i identiske delar (dvs. eg reinklipper dei like etter at lommer og diverse er satt på). Som du ser er innerdelane her ferdige med fôr og lommer – klar til å bli satt sammen. Starten og ein nærmare kikk …

Å sy ei strikkeveske – del 1 (Making a knitting bag – part 1) Read More »