20 feb

Utkledning og masker

Utkledning er alltid moro! Ungane likar å bli malt i ansiktet, og ein av dei store begynnar å få skikkelig taket på å lage fine ansiktsmalingar. Me eg har samla klede og utstyr til utkledning like lenge som me har hatt ungar, og masker er ein viktig del av samlinga. Handelsstanden gjer òg gode pengar på utkledning både i februar og oktober, og det må jo vere opp til kvar enkelt om ein ynskjer å kjøpe eller å lage sjølv. Men det ER moro å lage sjølv. Trykk på bildene for å laste ned kuttefilene (.studio3 format).

Screenshot 2015-02-20 13.18.34
Screenshot 2015-02-20 13.22.01
Pingvinmaska skal kunne skjærast ut i papp og limast saman. Av den grunn er den svarte delenunder nesten heile maska. Den andre er òg til å skjære ut i papp, men den kan du kanskje prøve print&cut på? Leik i veg!

19 feb

Handlenett – sy det sjølv

Frå 1. april blir det miljøavgift på å kjøpe plastposar i butikk. Eit litt omstridt verkemiddel sidan nokre meinar at plastposar ikkje er eit problem i Norge. Men det er nok uansett eit tiltak som gjer at underteikna kjem til å lettare hugse å ta med handlenett heimefrå. Og om ikkje du har handlenett å ta med så er det eit raskt prosjekt! Eit perfekt nybegynnarprosjekt om du vil, og eit fint prosjekt for den erfarne til å kunne utbrodere og tilpasse akkurat slik at det blir nett (!) slik du vil ha det.

google handlenett
(google bildesøk: «handlenett i stoff»)

Det ligg mange gode oppskrifter på handlenett/handlevesker ute alt, så det skal eg ikkje bruke tid på å lage. Eg vil berre peike deg i retning nokre fine bloggar som viser deg korleis.

RandiSign har eit fint instruksjonsinnlegg på handleveske i voksduk i bloggen sin, men eg vil tru du kan sy same veska av andre materiale òg. Bentesroterom viser deg ei litt avstiva veske med fòr og Annesand viser deg korleis du lagar eit mjukt fòra handlenett i sitt blogginnlegg.

Sjølv har eg tidlegare lagt ut mønster på denne skulderveska som sikkert kan duge til litt handling den òg.

06 feb

Kjærleik

Eg legg ikkje skjul på at eg føretrekk nynorsk som skriftspråk. Eg tykkjer språket har ein god klang og at orda «smakar» bedre enn mange av dei tilsvarande på andre språk. At mange føretrekk å bruke bokmål eller til og med engelsk framfor norsk kan eg både forstå og respektere når eg ser velklingande veggord og slåande rim. Men eg skriv slik eg tykkjer det vert mest naturleg for meg utan at eg med det vil seie noko om kva andre skal gjere.

No nærmar det seg alle hjerters dag og i høve dette vil eg gjerne få dele eit hjarta som du kan bruke på den måten du sjølv måtte ynskje enten det er å bruke det som det er eller ved å endre det – legge til eller trekke frå. Det einaste du ikkje kan gjere er å dele eller selge designet i seg sjølv. Om du lagrar dette bildet (kjaerleik.svg) kan du opne og kutte det direkte i Silhouette Studio dersom du har designer edition. Versågod!


Screenshot 2015-01-25 16.58.47

PS! Eg lagar meir enn gjerne eit veggord eller likande til deg på engelsk eller bokmål, urdu eller spansk om du ynskjer det, men om eg skal lage noko sjølv blir det helst på norsk. På nynorsk. Det ligg hjarta mitt nærast.

24 jan

Ord i former

Det er kjekt å lære å lære noko nytt, og eg syns òg det er kjekt å kunne dele med meg av det eg lærer. Kanskje deler då andre noko med meg tilbake? Uansett går eg i pluss slik eg ser det. Det eg har lyst til å dele denne gangen er korleis du kan lage ord som har form av det du måtte ynskje. Eg har brukt eit eple i denne videoen.

Kom med tilbakemeldingar! Gjerne her i bloggen i kommentarfeltet. Sjølv om eg ser at folk spelar av videoane på YouTube er det kjekt å få vite om det er til nytte. Litt tilbakemeldingar gir ny giv til å lage fleire filmar.

24 jan

Sykveld

I går kveld (og natt vart det nesten) hadde vi sykveld i barnehagen/grendahuset vårt. Vi var ikkje så mange denne fyrste gangen, men det er veldig mange som har sagt at dei har lyst til å vere med «neste gang» så det gler eg meg alt til. Må berre få bestemt ein dato og sjekka om lokalet er ledig og så syr me på nytt. 2015-01-23 19.08.45