19 aug

Hausten er i gang i hagen

Hausten er nok mi favorittårstid. Mine eigne skuleopplevingar var gode, og hausten såleis fylt med gode forventningar. No blir dette avløyst av spenning knytt til våre eigne ungar sine skuleår.

Noko anna som like mykje som dette gjer hausten til ei kjekk årstid er alt som veks og modnast i hagen og i drivhuset. Her er eit lite utvalg av bilder frå når vetlesysta og eg hadde oss ein runde med kamera ute og i drivhuset.

 

10 apr

Min fyrste sesong i drivhuset

Dette har eg venta på! Å få begynne i drivhuset. No har eg lurt inn straum og vatn og overser at det er ein meter med snø i enkelte deler av hagen. Inne i drivhuset skal nemleg frostvakten passe på spirene som ungane og eg skal lokke opp av pottene.


Straum og vatn – litt sånn midlertidig til vi får lagt det ordentleg inn.

Vi skal så blomster, salat, agurk og tomat. Vatningsanlegg skal eg òg montere.

Løkane har overlevd vinteren i drivhuset og er i full spiring. Ramsløken til venstre kjem forhåpentlegvis etter etter kvart, men om ikkje meinar eg å hugse at det står nokre løkar ute i eit bed (under snøen).