29 sep

Gjenbruk av dongeri, frå bukse til hatt(ar)

Eg har vore så heldig å få nokre dongeribukser både her og derifrå. Sist frå svigerinna mi på andre sida av fjellet. Ikkje det at det er så kort tid sidan akkurat, men av og til må ting modnast litt før planar blir sette ut i livet. Dei som følger meg på Instagram (ohelenesyr) har sett desse hattane før. Hattar er ein ny erfaring for meg. Dei rundt meg her heime gir tommelen ned for stilen og meinar dette er mote for forrige århundre, om nokon gang, så då er det greitt å kunne vise fram og hente tilbakemeldingar gjennom blogg og facebook. Sjølv syns eg dei både er kjekke å sy og litt stilige å sjå på.

gjenbruk av dongeri

Her har det gått med store delar av buksebeina på ei bukse til dei to første hattane, og litt frå ulike bukser til den siste. Alle er i vaksen størrelse (frå ca 56/57 og oppover), så om det er nokon som er einige med meg i at dei er stilige og har lyst til å kjøpe dei må de berre ta kontakt!

Tøflene under har eg òg laga sidan sist blogginnlegg. Eitt i pelsskinn (sau) og eitt i rosa møbelhud men med såle av samme pels (men i raud). Det siste paret vart til berre fordi eg hadde denne bil-applikasjonen liggande frå ein eller annan gang tidlegare. Dei brune har blitt gitt bort og passa forhåpentlegvis den vetle sogningen som fekk dei.
2014-09-15 14.01.39

08 jun

Makalaus Krinkleull, eller “Janus møter Nøstebarn”

Denne veka har eg sydd og lappa litt ulltøy innimellom amming og bleiestell. Ja, for tenk at vi no blitt sju i familien vår! Den minste vetle jenta vår er perfekt på alle måtar, og alle i familien er så glade for å at ho endeleg er komen. Her på bildet er ho seks dagar gamal.

babyen

I dag har eg sydd ei ullbukse etter eige mønster (Makalaus bukse) i Krinkleull frå Janus. Det er kjekt at ein endeleg kan kjøpe ullstoff frå Janusfabrikken.
makalausbukse bakfra

Før fødselen fekk eg òg kjøpt ein heil Norgespakke med veldig godt brukt ulltøy. Dette har eg vaska og farga og lappa ein del av allerede. Nøstebarndressen (mørkeblå i midten under) fekk nye ribber på bein og ermer og den eine foten fekk nytt liv som lapp på kneet. Gensaren med stripete ribb fremst var ein kvit body før omsaum og farging. 
fiksetoy1

Eg har framleis igjen fleire plagg å reparere småhull på. Kjekt når ting kan gjenbrukast :)
fiksetoy2

15 aug

Bokslakt igjen

“Snille, bittelille Jumbo var en liten elefant som så gjerne ville se seg om i verden. Og en vakker dag så rømte han fra Berit og forsvant ut av døren for å gi seg ut på ferden…”

Lille Jumbo kom seg trygt heim til Berit veit vi, men her i huset har boka om stakkars Jumbo lenge mangla mange sider. Mange nok til at eg, til tross for (eller kanskje på grunn av) Egnerjubileum våga å gi boka ei ny oppgåve her i livet.

Denne boka er som “alle” veit ei tunn bok og ikkje egna for veske (ref. forrige innlegg). Men den er fin å sjå på, og kan gjerne henge på veggen. I går fekk eg mellom anna nokre urverk i posten frå “snopebutikken” cchobby. Og i kveld satte eg i gang med drill, skalpell og limpistol for å lage/montere bokklokke.

Tips til framgangsmåte for bokklokker av ulike variantar er det lett å finne på nett ved å søke på “reuse old books” eller lignande. I kveld fann eg òg bokklokker i denne norske bloggen.

Ungane her likte den godt, og dei to største jentene har alt bestilt meg til å vere med og designe eigne klokker til dei. Spørs om vi må ein tur til bokbyen i Fjærland i helga for å kikke på bøker ut frå korleis dei ser ut brukt som alt anna enn lesestoff!

 

26 jul

Gjenbruk av bøker

Huset vårt inneheld ein heil masse bøker. Eg er litt arveleg belasta med bokglede, men innlegget her går ikkje på lesing. Tvert imot på alternativ bruk av bøker. I sommar kom det nemleg ei heil ladning med gamle bøker på trappa frå noko eit bibliotek hadde kassert. Eg likar veldig godt å lese, men her var det meir enn eg kunne gape over. Sjølv om eg sikkert burde formidla bøkene vidare til nokon som kanskje ville lese dei så gjer eg ikkje det. Ikkje alle bøkene i alle fall. Nokre av dei skal eg sprette opp…

Ei av bøkene har eg alt partert og laga om til ei veske etter inspirasjon frå mellom andre Hungrypanda og Wikihow. Eg trur eg vil  teste ut å følge den fyrste av desse meir slavisk  neste gang. Både fordi den er den som inneheld mest saum og fordi den ser ut til å gjere ting på litt lurare måtar på eit par av punkta eg streva med på denne.

Hankane er heimelaga av skinn med ståltråd som forsterkning inni.

18 okt

Oktoberstille – i bloggen

Når eg ser gjennom bilder på maskina mi og innlegg i bloggen er hausten ofte ei stille tid. Tilsynelatande. Det betyr for min del berre at det skjer mykje i RL i familien. Korps, 4H, musikkskule, allidrett, fotball, turn og klatring er noko av det som ungane er med på i haust. Og vi køyrer. Til og frå. Bringer og hentar.

Handarbeidsfronten avspeglar litt av dette. Ei av jentene har form og fantasi i 4Hoppgåve så då har ein del tid på syrommet blitt brukt til hennar prosjekter. Ho har mellom anna designa og klipt ut lappar til ei dongeriveske. Ho sydde sjølv bitane sammen til sidestykker og så monterte eg veska og sydde på hank. Ho fekk sjølv klippe opp alle kantar på veska før den fekk ein runde i vaskemaskin og tørketrommel. Stilig, ikkje sant?

Vegglommer til det nye rommet hennar har vi òg laga. Her sydde nok eg det meste, men det var ho som bestemte korleis det skulle sjå ut.

Lommene er frå ulike bukser som er kasserte og sjølve framstykket er deler frå to ulike buksebein frå to ulike bukser. Eg har ein heil kasse med dongerirestar så det var godt å få brukt litt av dette til desse to prosjekta. Bakstykket er einsfarga brun bomullslerret. Eg sydde på eit stykke med platevatt for å få det litt stivt.

På sundag er det haustfest og produkta frå årets oppgåve skal stillast ut. Midtimellomjenta har ballett som si oppgåve og stiller mest ut bilder. På festen skal ho danse (ikkje akkurat ballett men…) med ei vennine i heimesydd kostyme. Muligens både bukse og topp dersom mora får satt seg ned og sydd ferdig toppane. Elles får det bli heimesydde bukser og svarte t-skjorter frå Cubus ;)

28 aug

Gjenbruk og langbruk

Langbruk er gjerne ikkje eit ordentleg ord, men eg prøvde berre å finne eit ord for å bruke noko lenge. Vetlesysta har begynt i barnehagen og eg har kjøpt ein todelt overtrekksdress til henne til litt å ha når det regntøy eller parkdress blir for tjukt eller for tett. Eg likar ikkje å kjøpe tøyet berre akkurat passe stort, men det er heller ikkje så moro å gå i for store plagg, men med akkurat desse to plagga hadde eg ein plan for korleis eg kunne unngå dette.

Buksa har eg stramma strikken nede på nok til at den held seg oppe over skoa. Jakka måtte eg gå litt meir drastisk til verks med. Her bretta eg dobbelt litt av foret og sydde ein saum rundt heile ermet. Eg brukte ein tråd i sterk farge slik at den skal vere lett å plukke vekk når jenta treng lengre ermer. Her har eg tatt bilde når eg har fiksa eine ermet. Ein kan skimte legget såvidt på bildet.

Haust og skulestart er ofte tid for å rydde litt i klede. Med fire ungar blir det ein del som skal arvast mellom dei ulike ungane, noko som skal lagrast og noko som skal gis bort eller kastast. I haugen med avlagt tøy såg eg meg ut eit velourskjørt som eg har sydd om til ei bukse til vetlesysta. Litt stor enno. Kan tenke meg den er ca str. 86/92. Eg brukte mitt eige mønster.

31 mai

Tøfler igjen

 

For fleire dagar, kanskje til og med veker, sidan skar eg opp pelsskinn til fleire par tøfler. Eit skulle vetlesysta ha, og nokre skal eg bruke til fødselsgaver. Nokre par har eg lova, og til og med ei bestilling og to her lokalt har eg tatt på meg – det som pleier ta livet av all sylyst. Men det ser ut til å gå bra denne gangen. Muligens fordi eg berre syr det eg har lyst til innimellom uansett. ;)

Eg har endra litt på designet på pelstøflene og blir meir og meir fornøgd med dei. Opprinnelig sydde eg pelstøflene med ei list rundt hælkappa og ei list over vrista. No har eg gått bort frå begge desse to listene og syns tøfflene både verkar bedre å ha på og ser mykje finare ut. Vetlesysta sine nye tøfler som vart tatt i bruk før eg tok bilder av dei er òg i det nye designet. Eg har enno masser med pels og skinn som eg håpar å kunne lage tøfler og anna moro av utover hausten når vetlesysta begynnar nokre dagar i veka i barnehagen.

Eg tenkte òg eg skulle vise fram ein genser som eg har fiksa litt på. Den kvite gensaren over er ein Nøstebarngenser, opprinneleg i str. 62/68. Gensaren hadde fortsatt god vidde og halsopninga passa, men var sørgelig kort på ermer og nede. Dette løyste eg ved å sprette opp kanten nede og sy på ein god breid ribb i ullstoff. Ermene har òg fått ribbekantar, men her klipte eg av den opprinnelige kanten då den var vanskelig å sprette fint opp. Ho brukar enno genseren med oppbrett på ermene så denne trur eg kan brukast heile sommaren (og det ser ut til å trengast med den type vêr vi har hatt til no). Merkelappen bak i gensaren har eg forresten klipt ut. Eg syns det er dumt at desse plagga som er såpass gode skal ha ein stiv kløande merkelapp i nakken.

04 apr

Dokkemakeover

Mellomste jenta vår har ei sminkedokke som ikkje var spesielt morsom å leike med lengre. Flokete hår – heilt dekka av sminke og rett og slett rufsete. Ikkje var det igjen meir sminke heller visst. Ikkje så rart kanskje når ho har hatt den eit par år. Bildet her viser ikkje det tunne laget av sminke, men tru meg – den var skikkelig innsmurt over alt.

Eg lova å sjå kva eg kunne gjere med den, men gav opp å prøve med hårbørsten i går kveld då eg såg at ikkje kom nokon veg. Likevel hadde eg ikkje heilt lyst til å gi meg på det så i dag har eg og Google prøvd å få skikk på dokka (rettare: dokkehovudet). Og det er utruleg kva den dama (for Google må vere ei dame vel?) kan finne ut av.

Først prøvde eg å finne ut av om det er mogeleg å rense dokkeansiktet. Fann ulike forslag og landa ned på å prøve med symaskinolje sidan eg hadde ei flaske av dette på veg ut av huset (øydelagd kork). Olja gjorde susen og litt pirking i øyrer og nase fekk fjerna sminkerestar der òg. Såg ikkje ut som om dette gjorde henne noko.

Neste søk gjekk på å få litt skikk på håret. Fizz i håret kallast det visst på engelsk når det er brusete og flokete og det dukka opp mange ulike hjelpsame sider under søk på dette og doll+hair. Balsam og bakepulver gjekk att i råda og det same gjorde tøymjuknar, som vart mitt valg. Sjå kor ho smiler der ho ligg i lunka vatn med tøymjuknar i. Eg tenkjer ho kjenner at flokane løyser seg opp. Eg tok hovudet av basen for å kunne få den bedre ned i vatnet og for å kunne tømme hodet for vatn etterpå.

Eg lot henne ligge ei stund i dette vatnet før eg fann fram hårbørste og satte vatn på kok på komfyren. Google viste meg nemleg eit par filmar på Youtube der det vart brukt damp til å få retta ut dokkehår. Sidan eg ikkje har nokon fancy steamer eller lignande meinte eg damp frå kokande vatn i kjelen måtte gjere susen så etter grundig børsting heldt eg henne ei stund over dampen medan eg fortsatte å børste.

Eg innrømmar gladeleg at eg er litt utålmodig av meg, så når eg var komen så langt og det ikkje vart fortgang i å få håret glatt gav eg henne (håret) nokre raske dypp ned i det kokande vatnet. Eg gjorde det litt med hjarta i halsen sidan det tross alt er snakk om tynne plasthår her. Men dette gjorde susen og håret vart veldig mykje rettare. Så var det berre å la henne tørke og få montert henne på basen igjen. No gjeld det berre å få fylt på med litt dokkevennlig sminke igjen og så er ho klar til timesvis med leik!

Dette var forresten moro! *kikkar meg rundt etter andre flokete dokkehovud*

27 mar

Forklekjolar

Eg må innrømme at eg ikkje har sydd så mange forklekjolar på ei stund, men det å ha ei jente på så godt som eitt år fekk fram lysta på ny. I grunn tenkte eg å sy nokre enkle og praktiske smekker, men så kom eg på forklekjolane og tenkte at kanskje det var like greitt å kle henne i slike for å skåne ullbodyar og toppar litt. Som tenkt så gjort.

Den første eg sydde var etter mål frå eit gammalt alt om håndarbeide. Eller eigentleg har eg gitt bort det bladet, så eg sydde den etter ein forklekjole vi hadde liggande – som igjen var sydd etter det mønsteret. Kjolen er sydd i gamle gardiner i bomull og har to sett med knappar på skuldrene. Uheldigvis vart den alt for stor og vid for vetlesysta og sklei av skuldrene hennar.

Så då tegna eg like godt mønster til ein forklekjole som både vart smalare og mindre. Denne sydde eg òg dobbel, men med ei side i eit lett linstoff og ei side i eit nydelig lillafarga bomullsstoff. Den einsfarga sida fekk eit stort broderi av ein sommarfugl midt på magen. Eg brukte knappeskrekk-metoden på denne kjolen.

Kjolen sit fint på og er lett å ta av og på, men den var fortsatt litt stor rundt halsen i forhold til å skulle ta av for søl, så eg tegna på nytt. Tredje kjole fekk knappar på skuldrene og sat som eit skot. Sydd i hhv. einsfarga bomullslerret og eit tynnt mønstra bomullsstoff frå skapet.

Sidan eg har øvd meg på å lage mønster til pdf ved hjelp av denne tutorialen og gratisprogrammet Inkscape denne helga, tenkte eg å prøve å få digitalisert mønsteret på denne siste kjolen. Det eg imidlertid har gjort er å shine opp tekstdelen til tøffelmønsteret mitt litt og tegna digitalt eit par andre mønster i bloggen (“Heit-i-håve”-hua og “Bukse med plass til bleierompe“).

Når ein har slikt å gjere på er det nesten greitt at det har snøa kvar dag i heile helga. Hagebladet eg fekk sist veke vitnar om at årstida ser anleis ut andre stader, så for ikkje å komme heilt på hælane har eg tenkt å starte hagesesongen i drivhuset så snart eg kan få lurt litt straum inn der til ein frostvakt.

25 mar

Juhu!!

Nøstebloggen har hatt ullvøltema og eg meldte meg på konkurransen med ein ullbody som eg hadde sydd om til kjole. Og jammen vann eg ein av premiane! Gavekort på kr 1000,-. Trur det må bli litt garn og eit plagg til meg sjølv. Gratulerer herved alle dei andre vinnarane og takkar for premien.

I gledesrusen ;) deler eg mønsteret på lua i forrige post . PDF-fil. Høgreklikk og velg lagre. Ikkje vær redd for å gi tilbakemelding om mønsteret. Eg har ikkje skrive strikkemønster før.

15 mar

Brette lime stappe

Eit materiale eg ikkje har brukt så mykje før i mine hobbyar er papir. I dette tilfellet eit gammalt teikneseriehefte. Litt gulna i kantane men det gjer ingen ting for det eg lagar, som tross alt er forventa å vere eit eingangsprodukt: godteposar til vekas sjuårsdag. Papiret var litt sprøtt og rivna lett, så ideelt sett skulle eg sikkert brukt litt stivare og nyare papir.

Eg har funne ein del beskrivelsar på engelsk på korleis ein gjer dette slik eg hadde tenkt det skulle sjå ut, men ingen på norsk. Så difor tenkte eg at eg like godt kan skrive det ned så eg hugsar det til neste gang ;)

Eg begynte med å skjære margen av heftet for å få størst mogeleg sider å arbeide med. Å rive ut arka gav litt svinn så papirkniven vart eit bedre alternativ. To og to ark vart limt sammen med overlapp på langsida slik at dei danna ein sylinder med kortsidene som opninga. *la tørke*

Brett så sylinderen flat og brett inn ein kant i kvar langside. Eg fann ut etter litt prøving og feiling at det passar å brette inn 1/8 av breidden i kvar side – Sidan tegneseriearka mine er ca 16 cm breide vart det 2 cm her. Eg brukte Hera Marker og linjal for å lage linjer å brette etter.

“Vreng” bretten inn slik at arbeidet ditt ser slik ut:

Brett så opp ein kant frå botnen. Her har eg funne ut at 1/4 av den opprinnelige breidden (eller halve omkretsen om du vil) passar – i mitt tilfelle 4 cm. Brett mot begge sider.

Opne så opp posen slik at du får plass til å brette botnen slik som på bildet under. Legg merke til at hjørnebretten havnar mot bretten du nettopp har laga 4cm opp frå botnen. Flappane er på langsida av botnen på posen.

Ta gjerne litt lim inn i trekantane som dannar seg i kvart hjørne før du fortset med å brette og lime dei to klaffane over mot midten av botnen slik:

Press botnen flat frå innsida av posen slik at limflatene ligg godt mot kvarandre. Eg brukar linjalen til hjelp her. Legg gjerne posen flatt under ei bok medan den tørkar eller gjer som meg og ta utolmodig eit skrytebilde for å vise fram den ferdige kule papirposen!

No må eg berre inspisere posane for å sjekke om tegneseriane på posane passar seg i ein sjuårsdag…

17 feb

Å stoppe ull med maskin

Det er mogleg at ull er best å reparere for hand. Ja, til og med sannsynleg at det gir best resultat for dei litt tjukkare plagga. Men om haugen med tynne ullplagg ull veks høg samtidig som ungane veks ut av plagga – før dei blir reparert. Ja, då er stopping med maskin det beste for meg! Ikkje treng det vere kjedelig heller!

Eg brukar to-tre ulike føtter på maskina til reparasjon av tøy. Stoppefoten på maskina er kjekk til dette. Eg tenker mest på den som knapphullsfot, men i manualen min heiter den stoppefot. Maskina mi har eigne sting til stopping med denne. Saumen med stoppefot kan du sjå nede til venstre på bildet. Øverst til høgre viser eg lappen eg har satte oppå stoppinga etterpå. Har berre sydd ein saum rundt nokre millimeter inne på lappen på frihand.

Nede til høgre har eg brukt frihandssaum med quiltefoten eller det som vel òg er kalla stoppefot (full forvirring her). Holet var inni det som er hovudet på sommarfuglen. Her kan ein tegne med maskin akkurat det som fell ein inn. For å kunne sy på frihand på så tunnt stoff må eg bruke stabiliseringsmateriale. Bakgrunnsbildet viser kva eg har bak hullet. Det kvite papiret er “stitch and tear” og den grå biten er ulljesery frå ei kassert trøye. Papiret river eg av etter at eg har sydd. Dette legg eg då naturleg nok underst. Eg legg alltid lapp under hulla når eg stoppar og gjerne òg ein lapp på framsida for å pynte eller gjere det enno sterkare.

Trøya med sommarfugl på er forresten farga med Dymo Nitor farge. Ein porsjon raud og ein porsjon turkis gav ein dus lillafarge. Flott til alle dei slitte grå opprinnelig kvite ullplagga.

06 feb

Ullvøl

Nøstebloggen har denne månaden eit tema og ein konkurranse som heiter ullvøl. Då må eg jo vise fram det eg har gjort med den eine nøstebarnbodyen vår. Denne bodyen har vore i bruk heilt frå vetlesysta var nyfødd og har no fått lange ribbekantar på ermene og eit lite skjørt nederst i staden for bodylukningen. Begge deler i mjuk ullribb frå Naturesfabrics. Perfekt plagg når ho tuslar rundt her heime uten anna enn bleie under eller med bar bak.

19 nov

Gjenbruk av ull

Siste ottobre (sjå forrige post) hadde eit mønster på moonboots som eg tenkte kunne passe fint å sy i ull. Her er det ein genser som eg har tova i maskina – med vilje – som er ytterstoffet. Innerstoffet er ulljersey frå naturesfabrics. Løkkene som strikken går gjennom er skinn.

Eg har berre såvidt prøvd dei på foten til vetlesysta og det såg ut som om passforma var bra. Om eg skal lage fleire par vil eg unngå saumen framme ved å klippe begge sidestykka ut som eit samanhengande stykke. Det vart litt klumpete framme på tåa. Har tru på at desse er gode og varme.

04 jul

Frå sommarkjole til sommardress

Stoffet i denne drakta kjem frå ein sommarkjole i jersey som eg hadde lagt til side til bedre tider. Det var akkurat nok stoff til ei drakt i størrelse 74, som vesla kan vekse inn i i løpet av sommaren eller hausten. Dei kvite kantane er i bambusjersey.

Eg har brukt to mønster frå Ottobre som utgangspunkt. Ei heildrakt frå nr. 4 og raglanermer/topp frå ein genser frå nr. 6 i 2006.  Knappar er på veg frå The Snap Store sammen med eit nytt “Die-Set” til små knappar så eg får ikkje gjort den ferdig før dei er komne.