foto

Pattern fill i Silhouette Studio DE

Silhouette Studio Designer Edition har en del kjekke funksjonar som eg brukar mykje. Mellom dei er pattern fill. Man kan både legge inn eigne bilder/mønster i mønstermappa (pattern) i biblioteket og/eller bruke dei direkte frå arbeidsbordet. Det siste krever rett nok ein del meir frå arbeidsminnet til programmet. Som kjent er ikkje det alt for …

Pattern fill i Silhouette Studio DE Read More »

Hagen i juli

Hagen har fått lide litt under at det har vore «innevêr» i store delar av ferien. Ikkje det at vi har vore berre inne, men å stå og luke eller klippe plen i regnver har ikkje frista så veldig. Etter nokre soldagar er plenen slått, dei fleste beda er luka og jammen har eg fått …

Hagen i juli Read More »

Ny linse

Min kjære har eit Nikon D70 som eg låner når eg skikkelig skal kose meg med fotografering. Orginallinsa som sat på kameraet hadde fått seg ein trøkk og demontering i forsøk på reperasjon resulterte i at den fungerte, men at den var nokså skakk og støvete. Her om dagen bestilte eg difor ei Nikkorlinse 18-200 …

Ny linse Read More »

Geocaching

Vi prøvde oss på ein ny hobby på sundag. Eg har lenge lest på nett om geocaching og visst at det er nokre få boksar her i nærområdet. Det har berre ikkje passa slik at vi har kome oss av garde på leiting før. Ungane har vore villige, men dei siste to åra har vi …

Geocaching Read More »

Ut på tur

Utsikt mot der eg bur. Litt nede i dalen utenfor synsvidde. På veg til fjells. Slike skiturar burde alle fått lov til å ta ein gang i blandt. Er medisin mot det meste og mine batteri vart iallefall lada litt igjen av denne turen enn så kort den var.

Haust

Å… fange hausten i eitt bilde er ein utfordring for den med beslutningsvegring. Gule blader, rustne fargar i lyng og trær, spegelbilder i søledammar og støvlar som er minst like våte inni som utenpå. For meg er dette bildet eit bilde på haust. Skodda heng over fjella og sauene er komne ned frå sommarbeitet runde …

Haust Read More »

Tar du den så tar du den.

Eit av årets store høgdepunkter! Urte- og staudedagen på museet «vårt». Hagelaget arrangerer plantebyttedag der du lever ei plante (frå hagar uten Iberia) og får velge deg ei anna plante til å ta med heim. Vi hadde veldig mange menneske innom og eg fekk tak i nokre godbitar sjølv både frå byttebordet og frå planteutsala. Eg bytta til meg: Smågullkorg  …

Tar du den så tar du den. Read More »

Naturbilde – veke 20

Ein Rhododendron eg fekk som avleggar i fjor er komen med sin fyrste knopp. Alltid like spennande å sjå kva som kjem ut av ein stor eller liten blomsterknopp. Bildet er eit utsnitt av det orginale bildet. My weekly contribution for the Nature Photo «Knitalong».

God påske!

Vil med dette bildet få ynskje alle som stikker innom her ei god påske. Eg trudde det var vår og hadde visst heilt gløymt korleis det er å bu på 300 moh inne i ein vestlandsfjord. Snø i april er meir vanlig enn uvanlig, men påskeliljene taklar det heilt fint. I wish you all a Happy Easter!

Stegastein

Vi har brukt store deler av dagen på ei utflukt til Aurland. Målet var Stegastein – utsiktspunktet på den framtidige turistvegen mellom Lærdal og Aurland. Det var ein liten skuffelse at fremste delen av utsikta var avsperra slik at litt av effekten av å stå og sjå rett ned 640 meter vart borte. … ta …

Stegastein Read More »

Naturbilde – veke 12

Dette bildet frå ein bekk/ei elv ikkje så langt unna heimen vår er mitt fyrste bidrag til naturbildealongen. Vatn er eit spennande motiv som eg likar godt å ta bilde av – både som is, som snø og i levande, rennande bekkar og elvar. My first contribution for the nature photo along.

Naturfoto

Eg var ute ein tur i ettermiddag og såg på vårtegn. Bekken som går lystig igjen enkelte plassar og som andre plassar smeltar snøen akkurat nok til at den viser i terrenget. Bjørka står enno naken her hos oss, men det er berre snakk om nok varme dagar no før den begynnar å livne til med …

Naturfoto Read More »

Leiketøy.

Eg har fått meg eit nytt leiketøy -eit digitalt tegnebrett. Argumentet eg brukte overfor meg sjølv for å kjøpe det var at eg kan bruke det til å lage eigne bilder til stingsetting (til maskinbroderi). Det har eg tenkt å gjere òg – men fyrst må eg leike meg litt og lære dei ulike funksjonane. …

Leiketøy. Read More »