24 mai

Pattern fill i Silhouette Studio DE

Silhouette Studio Designer Edition har en del kjekke funksjonar som eg brukar mykje. Mellom dei er pattern fill. Man kan både legge inn eigne bilder/mønster i mønstermappa (pattern) i biblioteket og/eller bruke dei direkte frå arbeidsbordet. Det siste krever rett nok ein del meir frå arbeidsminnet til programmet. Som kjent er ikkje det alt for imponerande. Men eg har gitt det ein sjanse i denne tut-en.

Eg har latt meg inspirere av andre til å lage eit veggbilde av orda mamma og pappa som passar perfekt for oss i bokstavtal sidan vi har fem barn saman. Heng deg på om du vil sjå korleis eg gjer det.

mplusp4

Eg skreiv først orda mamma og pappa og fann fram til rett størrelse og form på desse. Font: Adventurer Light.

Så gjorde eg bokstavane om til path. Marker orda. Høgreklikk og velg “Convert to Path” eller velg i menyen Object + Convert to Path. Medan orda fortsatt er markerte høgreklikkar eller går du i object-menyen igjen og velger ungroup. No er kvar bokstav eit objekt og du kan redigere dei kvar for seg.

Eg opna alle bildene som eg ville bruke inne i SIlhouette Studio med “merge”.

Marker så ein og ein bokstav og bruk “Property picker”, som du finn nede i venstre meny, til å hente inn bildet som fyll i bokstaven. Måten du gjer dette på er ved å ha bokstaven markert medan du trykker på bildet med verktøyet. Verktøyet forblir aktivt til du velger noko anna, så du kan fortsetje med alle bokstavane til du er ferdig.

mplusp

Her er det mest fargebilder, men òg eitt i svart kvitt. Eg vil ha resultatet i svart kvitt og dette kan du endre i Silhouette Studio!

Screenshot 2016-05-24 11.18.37

For å flytte på eller endre størrelse på fyllbildet velger du “Fill Pattern” i menyen oppe til høgre. Under advanced her kan du finne pan pattern som får fram krysset (sjå på bildet over her) som du kan dra i for å flytte på bildet. Og scale som er å endre størrelsen. Du kan òg velge å rotere bildet, gjere det transparent og ein del anna. Eg har berre brukt scale og pan i dette eksempelet.

mplusp2

Nå alle bildene var på plass hadde eg lyst til å gjere dei om til svart kvitt. Dette går an å gjere i Silhouette Studio, men er gjerne ein funksjon som ikkje er så kjent. Funksjonen er plasser i høgre øvre hjørne og heiter Shader effects. Dette er ikkje ein funksjon som er eksklusiv for Designer Editon såvidt eg har forstått, men den er ikkje tilgjengeleg før frå versjon 3 av programmet. Det står heller ingen ting om den i manualen merkeleg nok.

mplusp3

Under shader effects kan du endre mellom anna kontrast, lysstyrke, invertere fargane osv. Og altså då lage bildet om til gråskala. I praksis svart kvitt. Du drar då skalaen på amount heilt bort til 100% Det er litt småfeil i shader effects og den er ikkje alltid lett å bruke, men det er likevel såpass artig at eg brukar det ein del.

Så er det berre å få endra det bildet eg har lagt inn dobbelt og fullføre designet.

Hjartet har eg berre plassert under orda med “Send to back”. Hugs å velge bilder med god oppløysning viss du skal skrive ut.

mplusp4

 

 

20 jan

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge tekst rundt eit motiv eller om du vil ha frittståande tekst i t.d. hjarteform.  Prøv sjølv! Støtt deg gjerne på videoen eg laga om tekst til sirkel og bytt ut sirkelen med den forma du sjølv ynskjer.

Screenshot 2015-01-20 16.23.41

Elles er det for tida mest brodering på bunad som får handarbeidstida mi. Å ta bilde av framgangen er ikkje så lett på ei tre meter lang remse, så de får berre tru meg på ordet når eg seier at eg nærmar meg slutten på broderinga av fjella og bølgene som skal bli pynten på kanten nede på sognabunaden. 9. Mai er siste frist for ferdigstilling og eg har ein tanke om å unngå lange hektiske sykveldar i april. Om det lar seg gjennomføre står att å sjå. Heia meg!
bunadskant

 

10 nov

Litt sydd

Eg har ein fireåring i huset som har sett filmen Frost/Frozen sikkert “ein million” ganger. Så det var ikkje til å lure på svaret når mammaen i ein lur (eller mindre lur) augneblink spurde om jentungen ynskte seg “Elsakjole”. I helga satte eg endeleg av tid til å få pønska ut korleis den skulle vere og fekk sydd den saman.

elsakjole
Eg kikka ein del på denne bloggsida før eg begynte. Eit kjekt og lærerikt prosjekt. No spørs det om minstemor må få ein kjole ho òg. Skal det bli ein miniElsakjole av stoffrestane, eller må ho kanskje få ein Anna-kjole som lillesøstera til Elsa i filmen?
Anna-Costume-Frozen
Godt ho enno ikkje har forstått at mamma fuskar med å sy klede….

Og så litt andre ting eg har sydd i det siste. Buksene under er dongeribukser etter “makalaus”-oppskrifta. Størrelsen heiter 90-100, men blir her heime brukt både av ho som brukar 86 og av ho som nærmar seg 110 i størrelse. Lang brukstid med andre ord!
retrobukse dongeribukser
Sidan det snart er vinter har eg sydd ein del huer og halsar i det siste. Halsen på bildet under er sydd i ullfrotte etter mønsteret eg selger i nettbutikken min. Eg har brukt den mønstervarianten som er bølgete her. Stjerna er reflexvinyl som eg har kutta ut med Silhouette Cameo for så å stryke på halsen. Kjekt å kunne pynte plagg med noko så praktisk som refleks! 2014-11-06 14.36.44

 

04 okt

Makalaust langbruk

Eg likar veldig godt klede som kan brukast lenge. Dvs at det blir ribb både på ermer, beinkant og nede på gensarar på mange av plagga eg syr. Og langbruk blir resultatet. Eg skreiv i denne bloggposten for nesten eitt år sidan om buksa sydd i str. 70/80 som eg trudde vart knapp til ein eittåring. Den gangen brukt på ei på ca fem månader. Men nei, det vart den ikkje! No er jenta 16 månader og ho brukar den framleis. Det må ein kunne kalle ekte langbruk!
2013-10-01-16.16.58 2014-10-04 11.19.05
Mønsteret på denne buksa kan du finne i boka Handmade. Forløparen til buksa ligg som gratismønster til å laste ned i mønsterbutikken min (ein størrelse).

Eg syr desse buksene for salg og tar kr 200 for vanlige bomullsbukser i denne størrelsen og så oppover til rundt 390,- for ullbukser i størrelse 90/100.  Ta gjerne kontakt om du har ynskje om at eg skal sy ei bukse til deg. Eg har ein heil del ulike både kvalitetar og fargar av stoff.

13 okt

Baby i hus og tid til alt anna enn blogging

Tida fyk med baby i hus (og dei krev litt tid dei fire andre òg). Eg tenker innimellom at eg skulle nett ha blogga ditt og datt, men så er tanken borte like fort som den kom. Eg har imidlertid laga både det eine og det andre sidan sist blogginnlegg.

Eg har sydd ein del av ulla eg kjøpte på Janusfabrikken. Ei jakke i Krinkelull – med ulljersey i hetta. Eit favorittplagg allerede. Eg lurer imidlertid på å ta litt av på ermene for at den skal vere meir passelig no.

2013-08-09 19.38.51

Av ulljersey har eg sydd mellom anna tre bodyar, tre bukser og ein heildress i litt ulike fargekombinasjonar. Bodymønsteret er laga med deler frå ulike mønster og buksa eg har sydd er ein enkel tights frå Ottobre.

2013-09-21 14.09.22 2013-09-22 10.36.012013-09-22 10.38.11

Buksa som eg bidrog med i boka “Handmade” er komen heim etter å ha delteke på lansering av boka og er teken i bruk her. Eg trudde denne var sydd i str. 70/80, men i og med at den ikkje er i elastisk materiale passar den godt til minstemor på rundt 65 cm, og eg trur den blir nokså stram før ho blir eitt år (80). Dvs at det sikkert er lurt å gå opp i størrelse om ein syr i stumt materiale.

2013-10-01 16.16.58

Vetlesysta som går i barnehagen trengde sårt nye tøfler, og denne gangen tegna eg rundt foten hennar som utgangspunkt for sålen. Blir vel fotformsko det ;) Ho ville helst hatt rosa tøfler, men sidan det ikkje var rosa pelsskinn i haugen min godtok ho brunt med kvit pels. Eg har òg skore til skinn til tøfler til minstemor, men eg ventar på å få tak i strikk til dei før eg syr dei sammen. Ho skal få modell med høgt skaft i burgunder pelsskinn. Planlegg å prøve ein liten ny vri på denne sidan den høge modellen enno ikkje er heilt slik eg vil ha den. Skinnet er som alltid Islandspels frå Skinnlåven på Hønefoss.

2013-10-07 20.12.44

Non-stop-top har eg strikka fleire av tidlegare. Eit greitt mønster som ikkje gir alt for mykje hovudbry. Denne gangen strikka eg i Kauni (EQ/Regnbogefarga) og pinne nr. 3. Eg hadde tenkt sist eg strikka denne at eg skulle lage halsen rundare framme, men gløymde det igjen. Neste gang… Det eg imidlertid gjorde var å strikke inn tre kortrader over nesten heile bakstykket nederst i ryggen slik at den er sidare bak. Eg strikka òg inn ei hullrad nede. Den har dobbel funksjon. Pynt og knapphull. Knapphull til å feste bodystykket som eg òg laga til ekstra utenom mønsteret. Minstemor er ikkje så lang i ryggen enno at bodystykket hadde så mykje for seg, men eg syns det var grueleg lurt påkome ;)

2013-10-12 11.34.13

Ho lyt få fleire slike vestar/kjolar og sidan eg har som mål å få til ein bedre hals på denne bør eg gjerne berre legge opp på nytt mens eg fortsatt hugsar kva eg hadde tenkt :P

08 jun

Makalaus Krinkleull, eller “Janus møter Nøstebarn”

Denne veka har eg sydd og lappa litt ulltøy innimellom amming og bleiestell. Ja, for tenk at vi no blitt sju i familien vår! Den minste vetle jenta vår er perfekt på alle måtar, og alle i familien er så glade for å at ho endeleg er komen. Her på bildet er ho seks dagar gamal.

babyen

I dag har eg sydd ei ullbukse etter eige mønster (Makalaus bukse) i Krinkleull frå Janus. Det er kjekt at ein endeleg kan kjøpe ullstoff frå Janusfabrikken.
makalausbukse bakfra

Før fødselen fekk eg òg kjøpt ein heil Norgespakke med veldig godt brukt ulltøy. Dette har eg vaska og farga og lappa ein del av allerede. Nøstebarndressen (mørkeblå i midten under) fekk nye ribber på bein og ermer og den eine foten fekk nytt liv som lapp på kneet. Gensaren med stripete ribb fremst var ein kvit body før omsaum og farging. 
fiksetoy1

Eg har framleis igjen fleire plagg å reparere småhull på. Kjekt når ting kan gjenbrukast :)
fiksetoy2

22 mar

Småplukk til eit lite knøtt

Vi (les: eg) begynnar så smått å kome i reirbyggingsmodus. Det er vel ikkje så rart i og med at våren er rett rundt hjørna ;)

Av plagga her var det første eg laga ribbebuksa i Kauni (EQ og EC). Eg prøvde meg på første gang på å strikke med Magic Loop og første møte med dette garnet. Garnet er greitt nok det, men eg vart skuffa over at det var såpass mange knutar/skøyter på garnet og at eg difor måtte nøste vekk ein del garn på andre beinet t.d. Men stilig vart det jo. Og eg har igjen nok garn til nok eit lite prosjekt eller to. Garnet er ikkje så mjukt at eg vil ha det direkte mot hud – i alle fall ikkje på baby, men til ytter- eller mellomplagg passar det fint.

Ikauniribbebukse

Etter buksa var ferdig la eg opp til eit babyteppe i babyull frå Sparkjøp. Eg strikkar desse alltid av seks nøster/300 gram. Då blir dei store nok til å vere eit teppe som kan brukast i mange år. Alle mine fire ungar har fått minst eitt slikt teppe. Etter teppet strikka eg ei bittelita hue i babyull. Denne tenker eg kan vere fin å ha på baby første timane/dagane uansett årstid.

teppeoghue

I dag har eg sydd ei lita bukse med matchande hue. Størrelse nyfødd 50/60. Eg syns det meste av bukser som er til salgs i butikkane er enten i litt for stivt stoff eller med bein eller… Ein blir gjerne litt kresen av å sy sjølv, men eg har i alle fall planar om å lage fleire slike til babygarderoben. Som ein kan sjå av biletet er det full vår ute :P

elefantsett

15 feb

Karneval og strikketid

Februar er tid for karneval, og sjølv om eg ikkje alltid er like entusiastisk i forhold til krumspring utover kvardagen så prøver eg å stille opp. Når det så er toåringen som skal i veg er krava (heldigvis) ikkje alt for høge. Jentungen ville vere “pus” på karnevalet i barnehagen og det hadde vi ikkje spor av i utkledningskassa vår. Men vi har skinn og vi hadde ein hårbøyle som ikkje var i bruk. Så då sydde eg to doble trekantar som eg tredde inn på hårbøylen.

Kombinert med litt sminke vart ho den søtaste pusen i mils omkrets.

puseoerer

Elles nevnte eg vel nett at eg strikka på Mariusgenser til eldstejenta. No er den ferdig og eg har notert meg eit par-tre ting. Eg burde ha gått ned ein halv pinnetjukkelse til pinne nr. 3 og halsen på størrelse XS vart alt for vid slik eg strikka den. Eg endte med å felle ned til 84 masker, noko eg syns vart passeleg.

Etter at eldsta no har “prøvd” gensaren i eit par døgn har eg endeleg fått den av henne for å få blokka den. Så får vi tru den er tørr igjen til bruk i morgon.

marius med rosa

Ja og så veit eg kva feil eg ikkje skal gjere i mønsterborden om eg skal strikke Marius fleire ganger… Det er ei her som ynskjer seg Mariusjakke i orginalfargane og med glidelås, men eg har ikkje lova noko som helst enno. Blir i tilfelle strikka i Smart.

Eg har òg fått strikka ein liten “sjelevarmer” etter mønster frå Nøstebarn. I størrelse nyfødd. Men så små nyfødde som denne ser ut til å passe til har vi ikkje vanlegvis her i familien. Vi får sjå om den passar, elles er det vel andre (eller ei dokke) som kan ha nytte av den. Søt var den i alle fall. Den er 12 cm breid/høg – men elastisk på grunn av rillestrikken.

sjelevarmer

Tøflene frå førre post har forresten vore i bruk i barnehagen eit par veker alt. No har eg klipt ut pelsskinn til nokre heilt små tøfler, som er så kjekke å ha til barselgaver og liknande.

27 okt

Uhu!

Oktober går mot slutten og Halloween skal feirast med gode venner både her og der. 9åringen bestilte kappe – med ermer og hette. Etter å ha kikka på kapper i leikebutikkane og tenkt litt fram og tilbake har eg i dag sydd ei kappe til henne her heime.

Her kan du sjå korleis eg klipte ut i stoff som er bretta dobbelt to ganger. “Mot brett” er først oppe i skulder-erme-linja og så midt framme. Utklippet mellom ermet og sjølve kappa vart til hette. Gledar meg til å prøve den på henne når ho kjem heim.

Eg skvetter kvar gang eg går forbi den der den står og sniker i kroken ;)

18 okt

Oktoberstille – i bloggen

Når eg ser gjennom bilder på maskina mi og innlegg i bloggen er hausten ofte ei stille tid. Tilsynelatande. Det betyr for min del berre at det skjer mykje i RL i familien. Korps, 4H, musikkskule, allidrett, fotball, turn og klatring er noko av det som ungane er med på i haust. Og vi køyrer. Til og frå. Bringer og hentar.

Handarbeidsfronten avspeglar litt av dette. Ei av jentene har form og fantasi i 4Hoppgåve så då har ein del tid på syrommet blitt brukt til hennar prosjekter. Ho har mellom anna designa og klipt ut lappar til ei dongeriveske. Ho sydde sjølv bitane sammen til sidestykker og så monterte eg veska og sydde på hank. Ho fekk sjølv klippe opp alle kantar på veska før den fekk ein runde i vaskemaskin og tørketrommel. Stilig, ikkje sant?

Vegglommer til det nye rommet hennar har vi òg laga. Her sydde nok eg det meste, men det var ho som bestemte korleis det skulle sjå ut.

Lommene er frå ulike bukser som er kasserte og sjølve framstykket er deler frå to ulike buksebein frå to ulike bukser. Eg har ein heil kasse med dongerirestar så det var godt å få brukt litt av dette til desse to prosjekta. Bakstykket er einsfarga brun bomullslerret. Eg sydde på eit stykke med platevatt for å få det litt stivt.

På sundag er det haustfest og produkta frå årets oppgåve skal stillast ut. Midtimellomjenta har ballett som si oppgåve og stiller mest ut bilder. På festen skal ho danse (ikkje akkurat ballett men…) med ei vennine i heimesydd kostyme. Muligens både bukse og topp dersom mora får satt seg ned og sydd ferdig toppane. Elles får det bli heimesydde bukser og svarte t-skjorter frå Cubus ;)

18 aug

Skinnsaum

Haust = skulestart. Eg hadde lova eldstejenta mi eit nytt pennal i skinn og at det skulle vere ferdig til skulestart. To dagar før er vel i rikeleg god tid vel? Eg broderte navnet hennar på eine sida før eg sydde det saman. Eit firkanta stykke på 20×23 cm (23 er lengda) og sirklar med 7 cm diameter i endane. Glidelås på 25 cm for at den skal sitje godt fast i endane. Denne syr ein på før ein syr på sirklane i endane. Eg la òg inn ein folda skinnbit i kvar ende for å ha noko å halde i når ein skal opne og lukke glidelåsen.

Det var forresten ikkje berre skuleungane som skulle ut av huset her i dag. Minstejenta vår hadde fyrste tilvenningsdag i barnehagen og eg var med heile tida. Under lunsjen såg eg at det mangla stropper på fleire av tripp-trapp-stolane. Det er lenge sidan barnehagen har hatt så mange små som i år (trur eg), og at slike småting forsvinn når dei ikkje er i bruk er ikkje så rart. Eg spurde om dei var interessert i at eg skulle sy nokre nye, for det er veldig kjapt gjort. Det var dei. Så medan vetlesysta sov ut etter barnehagebesøket, og  broderimaskina jobba med å merke mellom anna handdukar og koseklutar som skal vere med i barnehagen, sydde eg tre stk.

Framgangsmåten er som fylgjer: Klipp ei skinnreim 46 cm lang og tre cm breid og klipp endane runde. Brett remsa dobbelt og sy rundt langs kanten frå ca fem cm frå bretten til du kjem like høgt på andre sida. Putt ei (tre)perle ned i remsa, mellom saumane, og sy så tvers over øverst (ca fem cm under bretten). Forståeleg? Om du ser på bildet og i tillegg har brukt ein tripp-trapp-stol så gir det kanskje meining. No kan du sy matchande remser til alle stoputene du har ;)

Vidare planar på syrommet er å lage i alle fall ei smekke etter oppskrift frå boka Growing Up Sew Liberated som eg fekk i posten her om dagen. Ei vendbar smekke som ein kan bruke både bak fram og på begge sider. Må vere perfekt til barnehagen der eg ikkje kjem til å hugse å  kan ta den heim for vask kvar einaste dag. Om eg i tillegg syr to, så burde eg vere godt sikra på den fronten.

24 jun

Skattejakt med GPS


I ettermiddag plotta eg inn eit cache-punkt frå sida Geocahing.com på den nyinnkjøpte GPS’en, og stabla ungane i bilen. Dette til tross for at det var truande regnskyer å sjå både i eine og andre retninga. Vi var heller ikkje komne langt før regnet hølja ned. Eg kikka meg forsiktig rundt og noterte dårlig med regnklede i bilen, men til alt hell for den dårlige mora hadde regnet stoppa når vi kom til leiteplassen!

Dette punktet hadde vi prøvd oss på før utan å finne, og sjølv i dag susa vi først litt rundt før eg oppdaga at eg ikkje hadde plotta inn lengdegrada riktig. Når denne var på plass kunne vi berre spasere rett på boksen. Vandremynten vi hadde hatt ei stund fekk plass i boksen, og vi såg ein “Trakabulldog” som kom frå, og skal tilbake til, UK. Sidan vi ikkje skal den retninga fekk den ligg sånn i RL, men vi fekk den i alle fall med på lista vår sidan vi noterte koda.

Regnet kom på ny i det vi sette oss i bilen, men oppgira av funnet ville ungane  svært gjerne leite etter fleire cachar. Eg søkte opp koordinatar på mobilen til ein boks eg hadde lest om før, og etter ein liten stopp på REMA for proviantering var vi klare for ny leiting.

Den andre posten hadde eit svært treffande navn  som jo gav oss ein god indikasjon på kor vi skulle køyre (om ikkje eg i tillegg hadde kikka på kartet). Når vi parkerte bilen hadde regnet igjen gitt seg og ungane fekk styre GPS-en denne gangen når eg var litt sikrare på at alt var rett plotta inn.

Minnesteinen var omkransa av bartre og busker og det var ikkje heilt lett terreng å leite i. Broremann meinte at cachen måtte vere inne i ein busk der GPS-en gjekk mot null frå alle retningar, men busken var tom for anna enn barnåler. Litt sirkling rundt avdekka etter kvart ein artig boks med nøkkel og lås på ein stad ca 11-12 meter til side for dette punktet.

Kul cache! Men altså, wünderbaum er ikkje det rette å putte inni ein tett ziplockpose! ;) Ungane tok med seg kvar sin plastfigur (som lukta wünder-grantre) frå boksen og vi la igjen ei SMILI-nål frå den gang då, og ein liten bamsefigur. Hadde det vore opp til ungane hadde vi nok leita opp enno fleire boksar, men mor hadde fleire cons enn pros for å fortsette leitinga i dag. Det eine var at vi må spare nokre til eldstejenta kjem heim frå leir. Det andre at det er ikkje SÅ mange boksar i området så vi må spre leitinga litt utover i tid. Til slutt var det berre rett og slett lenge nok for vetlesysta å sitte i bil i dag. Dette til tross for at regnet stoppa kvar gang vi gjekk ut av bilen – inkludert heime etter turen!!

04 apr

Dokkemakeover

Mellomste jenta vår har ei sminkedokke som ikkje var spesielt morsom å leike med lengre. Flokete hår – heilt dekka av sminke og rett og slett rufsete. Ikkje var det igjen meir sminke heller visst. Ikkje så rart kanskje når ho har hatt den eit par år. Bildet her viser ikkje det tunne laget av sminke, men tru meg – den var skikkelig innsmurt over alt.

Eg lova å sjå kva eg kunne gjere med den, men gav opp å prøve med hårbørsten i går kveld då eg såg at ikkje kom nokon veg. Likevel hadde eg ikkje heilt lyst til å gi meg på det så i dag har eg og Google prøvd å få skikk på dokka (rettare: dokkehovudet). Og det er utruleg kva den dama (for Google må vere ei dame vel?) kan finne ut av.

Først prøvde eg å finne ut av om det er mogeleg å rense dokkeansiktet. Fann ulike forslag og landa ned på å prøve med symaskinolje sidan eg hadde ei flaske av dette på veg ut av huset (øydelagd kork). Olja gjorde susen og litt pirking i øyrer og nase fekk fjerna sminkerestar der òg. Såg ikkje ut som om dette gjorde henne noko.

Neste søk gjekk på å få litt skikk på håret. Fizz i håret kallast det visst på engelsk når det er brusete og flokete og det dukka opp mange ulike hjelpsame sider under søk på dette og doll+hair. Balsam og bakepulver gjekk att i råda og det same gjorde tøymjuknar, som vart mitt valg. Sjå kor ho smiler der ho ligg i lunka vatn med tøymjuknar i. Eg tenkjer ho kjenner at flokane løyser seg opp. Eg tok hovudet av basen for å kunne få den bedre ned i vatnet og for å kunne tømme hodet for vatn etterpå.

Eg lot henne ligge ei stund i dette vatnet før eg fann fram hårbørste og satte vatn på kok på komfyren. Google viste meg nemleg eit par filmar på Youtube der det vart brukt damp til å få retta ut dokkehår. Sidan eg ikkje har nokon fancy steamer eller lignande meinte eg damp frå kokande vatn i kjelen måtte gjere susen så etter grundig børsting heldt eg henne ei stund over dampen medan eg fortsatte å børste.

Eg innrømmar gladeleg at eg er litt utålmodig av meg, så når eg var komen så langt og det ikkje vart fortgang i å få håret glatt gav eg henne (håret) nokre raske dypp ned i det kokande vatnet. Eg gjorde det litt med hjarta i halsen sidan det tross alt er snakk om tynne plasthår her. Men dette gjorde susen og håret vart veldig mykje rettare. Så var det berre å la henne tørke og få montert henne på basen igjen. No gjeld det berre å få fylt på med litt dokkevennlig sminke igjen og så er ho klar til timesvis med leik!

Dette var forresten moro! *kikkar meg rundt etter andre flokete dokkehovud*

11 sep

Litt meir strikking

Det har blitt tid til enno litt meir strikking i det siste. Først ut ein vest i ribb av alpakkagarn. Nydeleg og mjuk! Skulle hatt ein slik ein sjølv – men med så tunnt garn er det ikkje til å tenke på å få ferdig eit plagg i vaksenstørrelse for meg.

Eg har òg strikka ei ny ullbukse. Ei selebukse med skråblikk på Ultimate Longies-oppskrifta i sjølve buksedelen (ned til aukinga i skrittet). Den vart kjempesøt på. Berre synd dette garnet nuppar ein del. Har igjen ein rest som eg skal strikke lue av har eg tenkt. Skikkelige friske fargar på denne.

Og så spørs det om eg må ha ein liten strikkepause/hobbypause for å studere litt og skrive oppgåve. Vi får sjå. Det er utruleg kor kjekt alt anna blir når det er noko ein burde ha gjort. Men spøk til side. Sanninga er at eg faktisk gledar meg til å skrive, så eg får skunde meg å jobbe iherdig før lysta går over ;)

26 aug

Litt småsøm

Vetlesysta er blitt fem månader straks og tida nærmar seg då ho kan sitte med matbordet som andre folk. Tripp-trapp-stolen er stilt inn til henne alt og her om dagen fekk eg sydd ferdig puta til den. Stoffet meinar eg er frå Stoff og Stil, og eg syns det passa godt her. Reint sånn bortsett frå at kvitt på ei pute ved matbordet er å be om vaskejobb. Eg sydde ein ekstra skinnstropp til stolen i kvitt skinn som skal høyre til. Eg må nok sy ei pute (og ein stropp) til som vi kan ha når det eine settet er i vask. Det bør gå litt raskare å sy det neste når eg først har laga eitt.

Eldstejenta fekk seg ein bamse før skulen slutta i vår og med farsotten onepiece gåande vart det naturleg at eg spøka med at ho burde hatt ein onepiece ho òg (det er ein ho-hund må vite). Eldstejenta tok det slett ikkje som nokon spøk og eg fann fram ark og måleband og laga mønster til dressen. Litt ekstra å tenke på når det er til ein hund i forhold til eit menneske – hull til hale og øyrer for eksempel – men vi fekk det til til slutt.

Med ein onepiece ferdig og vist fram i bursdagsselskap her i huset, vart det nokså klart at det var fleire i klassen som hadde samme bamsen. Samme bamsen, men naken. Og når ein først har laga eit mønster klart og stoffet er i hus (her brukte eg ei bukse eldstejenta ikkje ville ha) er det rimeleg raskt å sy fleire like ting. Så denne som går som bursdagspresang i dag:

Eldstejenta sin hund sit modell. No blir det spennande å høyre kor mange like bamsar det eigentleg finst i 5b…

09 jul

Buksestrikk og buksesøm i kvitt

Først ut i dagens skryt er ei bleiebukse, som dessverre vart i minste laget. Mjuk og god i dobbel (trippel i skrittet) merino ulljersey. Eg kjem nok til å sy fleire slike, men i litt større størrelse. Denne er det kanskje nokon andre som vil overta? Det er fullt mogeleg å farge denne typen ulltøy. 

Eg har òg sydd ein ullpysj, i tunn blå ulljesery og ei bukse (under) i offwhite ullinterlock. Eg har tenkt å farge denne buksa når eg får tak i kool-aid eller noko anna eg kan bruke.

Det siste eg har gjort ferdig til snuppa er ei kvit ullbukse i Bjørnegarn frå Tre Bjørner. Starten (ned til kilen begynnar) er etter Curly Purly-oppskrifta mens eg vidare strikka kile, maska sammen i skrittet og strikka beina berre på innfallsmetoden. Eg valgte å strikke vrangbord på heile beinlengden. Nederst strikka eg ei hullrad til pynt. Buksa er stor og god enno.

11 jun

Hiver oss på onepiece-bylgja ;)

Strengt tatt er vel ikkje dette meir enn ein babydress, men søt er den jo syns eg. Har brukt hette frå eit mønster, ermer frå eit anna og sjølve kroppen frå eit tredje – sånn ca.

DSC_1117
Dressen er berre akkurat passe, så den får bli brukt til kjølige dagar no i sommar. Nokre av dei kjem visst alt no i helga.

DSC_1112
Eigaren har fått forbokstaven sin på ryggen/baken.

Ho er ganske søt modellen òg! ;)
DSC_1113

17 mai

Sju veker gammal på den 17. mai

I dag på nasjonaldagen er vetlesysta blitt heile sju veker gammal. Ho og eg tok det roleg heime på dagen mens pappaen hadde med dei tre andre ungane i skule-/barnehagetoget og folketoget.

Er ho ikkje fin vel?
028
Ho tar smokken innimellom, men føretrekk heilt klart tommelen…

09 apr

Eit like stort mirakel kvar einaste gang!!

Den siste måndagen i mars kom denne vesle jenta til oss. No er familien vår verkeleg komplett!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No har vi eit heilt firkløver og føler oss som verdens heldigaste foreldre. Vi syns førebels at ho lignar mest på den nest eldste av våre.

Forståeleg nok blir det ikkje så svært mykje hobbyaktivitet på heimebane her no. Vi går heller litt susne og trøytte rundt og kosar oss med at babyen er komen heim til oss endeleg. Dei tre store er verkar alle forelska i henne og viser det på kvar sin måte.  Om ho gret og ikkje lar seg trøste blir dei fortvila, kanskje spesielt når dei sjølve skal sove, men stort sett er ho ho ei roleg jente som søv lenge om gangen.

Eg gledar meg til å få rytmen og formen på plass såpass at eg kan få leike fram nokre småplagg til henne på symaskina eller med strikkepinnane. Bleiene som eg sydde vart stort sett for små til den ikkje heilt lille frøkena på vel 4 kilo.

05 feb

Babytøy igjen

Eit sett i velour etter mønster frå Ottobre 1/2005. Størrelse 62, men min erfaring med klede sydd frå Ottobremønster i forhold til kjøpetøy er at det er litt stort. Grøn er ikkje min favorittfarge i utgangspunktet, men eg syns dette vart nokså fint likevel.
veloursett

Her om dagen sydde eg ei bukse i jesery med kantar i ribb. Dette er verkeleg fargar eg fell for for tida!
campingbukse

Omslagsjakke i ulljersey vart det òg tid til her ein dag. Veit ikkje om den kjem til å bli så mykje brukt. Ullstoffet er litt stivt og bånda var ikkje dei rette (stive skråband). Får sjå korleis den kjennest ut etter vask. Har tenkt å bruke same mønsteret til å sy ei jakke i mjukare ullstoff.
ullomslag

Minsten har òg fått seg ei bukse sidan sist eg posta noko i bloggen. Ei bukse i restar av isoli. Den har eg ikkje klart å få tatt bilde av mellom kvar gang den er i vask. Den har vore med to dagar i barnehagen alt denne veka. Er vel eit greitt kompliment det.

11 jan

Eg er nok litt gal…

…iallefall etter eigen standard. Eg vurderer nemlig seriøst å bruke tøybleier til babyen. Eg har sydd nokre alt-i-eitt (AIO) bleier litt sånn for å sjå kva det går i, men tenker å prøve brettebleier med ullbukse utenpå til å begynne med.

I går kveld fann eg fram noko lanolingarn (Nøstebarn?) som eg hadde liggande og strikka ei ullbukse etter mønster frå nettopp Nøstebarn. Ei veldig rask bukse å lage så eg er i gang med ei til, men den prøver eg å strikke med heile buksa i ribbestrikk. Eg strikkar begge i den minste størrelsen. Om eg har garn igjen når sjølve buksa er ferdig skal eg strikke på nokre korte føtter òg.

trekantbukse

Snor i buksa får kome seinare når eg ser om eg har garn igjen av dette garnet eller om eg må finne eit anna alternativ. Silkeband t.d. Babyteppet er òg ferdig, men tubesokkane sliter eg litt meir med. Litt kjedligare å strikke og så krev det litt meir konsentrasjon enn eg ofte har på trøytt kveldstid.

01 jan

Tøydokke a la waldorf

Minstejenta ynskte seg å få sy dokke til jul, så vi gav henne eit materialsett til waldorfdokke. Naturleg nok var det mykje som vart for vanskeleg for henne, men ho har fått vere med på det som ho kunne klare å gjere sjølv undervegs.

dukke

I dag fekk dokka augo og munn og til slutt hår. Klede måtte eg òg lage sidan vi ikkje har dokker (eller klede) av denne størrelsen frå før. Dokka er ca 30 cm lang. Eigaren av dokka har alt bestilt “ein pose” med klede til henne, men eg tenker at ho skal få lov til å prøve seg på litt dokketøy-laging sjølv etter kvart.

Vi brukte framgangsmåten frå Sløyddetaljer.

30 des

Litt strikka og litt sydd

Det er stadig vekk krabaten i magen som blir tilgodesett med alt av mammas håndarbeidstid. Nesten iallefall. Har på gang ei Waldorfdukke saman med mellomsta, men den får vi vise fram når den har fått fjes og hår – om vi (les: eg) får det til.

Denne buksa er strikka i str. 0-1 år etter mønster frå Nøstebarn. Til heimreisa frå føden kanskje?

 

Eg driv og strikkar sokkar som skal vere til og kanskje klarar eg til og med ei eller anna slags jakke før mars.

Sokkane kan du sjå her i strikkekorga mi. Det er tube-/spiralsokkar uten hæl. Mulig dei blir litt for store til ein nyfødd, men eg skulle vel klare å finne andre ting å ha på føttene til den lille om så er… Det andre som ligg i korga for tida er eit ullteppe i babyull. Eg har strikka fire slike før i år og dette blir altså det femte, påbegynte iallefall. Å få det ferdig i 2009 kan eg berre gløyme. Eg strikkar teppet av 300 gram garn så det blir stort og godt. Strikka frå hjørne til hjørne.

Her er dei fire andre teppa eg har strikka i år. Dei to øverste er fast med i senga til minsten medan jentene sine slenger litt meir rundt.

I går sydde eg denne “veksebodyen” etter mønster frå Ottobre 1/2004. Halsen henta eg frå ein annan body då eg ville ha konvolutthals. Er litt spent på korleis den er i størrelsen. Har satt inn tre sett med knappar slik at den kan regulerast etter som babyen veks.

Stoffet har eg kjøpt på nett ein eller annan plass. Frå USA trur eg. Ribben på ermene er frå Stoff og Stil. Eg kjem nok ikkje til å sy fleire slike før eg har fått prøvd den ut. Lyseblått skal kunne passe til både gut og jente sidan vi ikkje veit kjønn på babyen i magen.

09 des

Litt meir utstyr og tøy til småtten

Vi er godt over halvveges i ventinga på vår lille magebuar og eg har kosa meg med å lage litt meir mjuke ting til han eller henne. Teppet i tofarga fleece frå Michas stoffeche var det første eg laga av dette. Teppet kanta eg med eit blomstra bomullsstoff.  Eg syns ikkje eg vart heilt heldig med å runde av hjørnene, spesielt sidan eg ikkje skråklipte kantbanda. Men no får det vere som det vart. Eg har teke opp att tre av blomstene frå bomullsstoffet og brukt som applikasjonar på teppet.

utstyr2

Den brune lua er sydd etter mønster frå “Barnetøj du selv kan sy” men uten lister inni. Størrelse 3 mnd. Tøyet er ein blanding av bambus og bomull frå Bamboo Fabric Store. Omtrent i t-skjortetjukkelse.

Tøyskoa er med inspirasjon frå ei oppskrift som ligg ute på forumet tettinntil. Eg har modifisert oppskrifta litt sidan eg ikkje ville ha meir skøytar enn nødvendig på innsida. Innsida er difor i berre to stykker. Utsida er òg endra litt. Mellom anna med ei list som går over heile høgda framme. Foret er i ullfilt og utsida er i ein kombinasjon av (litt for tunnt?) bomullsstoff og skinn. Håpar dei blir gode å ha på. Sålen er omtrent 12-13 cm lang, så dei passar vel ikkje sånn heilt med det samme.

utstyr3

27 nov

Kosar meg med å lage babyting

Desse lammeskinnstøflene er tenkte til småtten i magen. Ca 9,5 cm lange i sålen reknar eg med dei passar med det samme han eller ho kjem til verden. Varme føtter er viktig – og sjølv om både mars og april er vårmånader er eg sikker på at dei kjem godt til nytte.
babyutstyr
Smekka/halstørkledet er etter mønster frå AOH nr. 3/2007. Modell nr. 29. Jersey framside og fleece bakside. Dobbelt opp med trykknappar gjer at den kan brukast lenge. Ingen av dei tre ungane vi har no har gulpa i stor skala som babyar så eg forventar ikkje det denne gangen heller, men den kan godt duge som halstørkle på litt kjølige dagar.

24 okt

Sjå ho syr igjen!!

Blogging har ikkje blitt prioritert frå meg på lang tid, og det har heller ikkje blitt sydd så mykje her heime. No ser det imidlertid ut som om inspirasjonen er på plass igjen. I mars (kanskje april) blir vi seks i familien og den lille må jo få litt heimesydd. Når eg så syr til ein liten baby som ikkje ein gang er fødd, blir det til at dei tre som skal få ein lillebror eller ei lillesøster òg må få eit og anna plagget.

Buksa er sydd til eldstejenta frå mønster i Ottobre design nr. 4/2006. Modell nr. 37 i størrelse 140. Eg har ikkje fått henne til å prøve den enno, men eg håpar den passar. Modellen skulle syast i “fritidstyg”, men eg sydde den i dongeri med jerseykantar. Håpar den er god å ha på. Litt kjedelige fargar, men så kanskje ikkje “alt” av flekkar visar på den heller. Eg starta på denne i god tid til skulestart, men har ikkje brukt tid på den før no. Når ein så først kjem i gang tar det plutselig ikkje så lang tid å få det ferdig.

syrigjen

Pysjamasen/sparkedrakta uten fot er sydd etter mønster frå det nyaste Ottobre design, 6/2009. Modell nr. 3. Størrelsen er 62 sidan mine barn sjeldan har brukt mindre tøy enn det. Den har konvoluttopning i halsen og trykknappar i skrittet. Gledar meg alt til å sy meir til den lille krabaten som eg alt kan kjenne røre på seg innimellom. Lurer på å la modell 4. i samme blad bli neste prosjekt. Ei selebukse med vide bein. Evt. sy den i velour med ribb nede og i minste størrelse.

Sidan vi ikkje veit kva kjønn babyen er merkar eg at eg blir litt opphengt i at det skal vere kjønnsnøytrale fargar. Ikkje slik at det ikkje blir raude eller blå plagg, men jammen har eg mykje veldig rosa og “jentete” stoffer liggande. Kanskje eg må prøve å bytte til meg litt meir nøytrale stoff…

17 mai

Vel blåst!

Så var feiringa av dagen over for vår del. Barnetog – is – leikar – pølser og ein liten opptreden i folketoget ved fløytemusikanten vår. Fløyta vart ordna av korpsdirigenten heldigvis! Med avspeling av MGP-opptak midt på dagen (sidan ingen av oss såg det i går) vart dagen ikkje så aller verst. Og beviset på at vi ikkje berre har slitt sofaen er her:  Første grønskeflekken som kom til og med før avreise heimefrå.

groentkne

Her er fire av fem i familien på skuleplassen etter barnetoget. Minsten har ikkje fått noko heimesydd til 17. mai i år, men “vikingkjolen har eg som kjent sydd, minsta sin kjole sydde eg i april i fjor og ytterst på benken sit eldsta med sommarfuglskjørtet eg vart ferdig med i går.

17familie

16 mai

Klare til 17. mai!

Skjørtet som eldsta bestilte er ferdig. Utgangspunktet er som nevnt “Salsa dress” frå Ottobre nr. 1/2004. Eg valgte å plassere glidelåsen i sida i stadenfor midt framme sidan eg hadde stormønstra stoff. I tillegg la eg eit legg midt framme og har satt i strikk  både framme og bak i linninga (mot berre bak på mønsteret). Eg klipte av kanten nede litt slik at volangen visar og syns det vart eit søtt skjørt. Eldsta har sjølv valgt kva stoff som skulle brukast.

maiskjoert

Og med fullføring av skjørtet er alt av klær og utstyr klart til nasjonaldagsfeiring. I følge yr.no blir det opphaldsver, men ikkje så mykje meir enn det. Håpar at det blir varmt nok til at jakkene kan ligge heime. I år skal vi delta både i barne- og folketog. Eller korpsmusikanten vår skal delta i folketoget og alle sammen i barnetoget. Fløyta er på reperasjon så det er ikkje sikkert ho får blitt med å opptre i morgon, men aspirantane marsjerer uansett utan å spele så det spelar (!) ikkje så stor rolle for henne.

I morgon er det berre å hoppe i kleda etter ein roleg frukost. Alt skal iallefall vere klart no. Fløytene og flagga tar eg ikkje fram før i kveld slik at vi har ein viss sjans for å faktisk få dei med oss ut av huset.

maiklede

08 apr

Bukser til minstejenta.

Minstejenta mi vil ho alltid vere sjølv om ho er ikkje så lita lengre. Buksa er sydd etter mønster frå Ottobre nummer 1/2009 og i størrelse 128. Eg la på litt ekstra i beinlengde på den rosa buksa sidan den skulle ha strikk nede.

bukser

Buksene er begge i velour frå MG-tyger og  den rosa ribben er òg derifrå. Den raude ribben hugsar eg ikkje kor eg har kjøpt. Lurer på om det var med i ein “forundringspakke” frå SGS ein gang i tida. Eg hadde tenkt å bruke den raude ribben nederst på buksebeina på buksa, men den var rett og slett for lite elastisk. Eg har brukt strikk inne i linninga på begge buksene, men altså strikk berre nederst på den rosa.

Det var altså to av tre – ho vil eigentleg ha ei tredje bukse som skal vere BÅDE raud og rosa. Vi får sjå.

07 apr

Ny sjanse

Ein kjole som var blitt for liten, og som dessuten hadde fått ei rift i sida, har fått ein ny sjanse. Eg klipte av overdelen og erstatta den med ein av jersey. Har kanta den med overedge-saum og håpar at det er elastisk nok. Den same saumen er brukt nederst og for at det skulle vere litt av samme detaljane på begge delane av kjolen.

kjole1

kjole2

kjole3

05 apr

Musikk Musakk

Vi har eit musikkinstrument på veg! Ein trombone!

Ikkepedia seier dette om tromboner:
“… en dings av metall som brukes til å lage lyd. Blir vanligvis gitt til små drittunger som begynner i skolekorps, så de kan plage foreldrene hjemme. Før man har lært å spille på trombonen, noe som aldri skjer, er det letteste å lage billyder. Man drar sliden fram og tilbake mens man blåser. De fleste kommer ikke videre fra dette stadiet, dessverre… ” les meir frå ikkepedia om trombone.

Wikipedia framstår hakket meir seriøs og blir derfor så altfor kjedelig å sitere her. Linken om trombone er her for spesielt interesserte: http://no.wikipedia.org/wiki/Trombone

Instrumentet vi har bestilt er ein Jupiter tenortrombone. Planen er at eg skal prøve å  hente fram for lengst gløymde kunnskaper frå skulekorpstida.  Det er mange år sidan eg sist tok i ein trombone så eg reknar med at  eg blir ein grei øvingspartner for minsta som  er den som har lyst til å lære for fyrste gang. No  puggar eg notelære og prøver å hugse kva notane heiter i f-nøkkel.  Gorillafaktoren (lengde på armane i forhold til kroppslengda) er  vel omtrent det einaste som fortsatt er fullt på høgde til trombonespel.

Minsta og eg gledar oss til vi får hornet i hus og håpar dei andre i huset held ut med meg/oss til dei værste sure tonane er spelte.

24 des

God jul!

Så har nissen vore her til stor glede for både små og store.

Vi må gå og vente ei stund til før vi får ta av papiret på pakkane, men det klarar vi i år som i fjor. Ute er det kvitt. Inne er det fyr i ovnen og lys på juletreet. Grauten er ferdig og snart skal vi sjå kven som får mandelen. Pinnekjøttet er satt på kok og alt er klart for ei rolig heimejul.

Ynskjer ei god jul til alle kjente og andre som måtte slumpe innom og lese dette.

19 nov

Ringblomstkrem!

Bedre seint enn aldri er det vel noko som heiter. For meg har det vore andre ting enn blogging som har vore viktig ei stund, og eg beklagar lises at du ikkje fann nytt lesestoff når du var innom.

Ringblomstkremen vart laga i oktober etter at vi kom igjen frå Island. Då hadde blada lagt i olivenolje litt lengre enn dei 5-6 vekene som stod i oppskrifta, men eg tok sjansen på at det ikkje gjorde noko.

Denne gangen brukte eg oppskrifta til punkt og prikke sidan vi endte opp med steinhard krem i fjor.

50 gram bivoks vart smelta i vannbad.

før den silte olivenolja vart blanda gradvis inn.

Det heile skilte seg og vi rørte leeenge for å få det til å stivne.

Litt etter litt stivna det, men på dette tidspunktet hadde hjelparen min på seksogeithalvt mista lysta på å bli hudkremmakar og funne seg andre aktivitetar. Eg gjekk difor meir drastisk til verks og henta fram stavmiksaren. Då skal eg sei det vart fart i sakene. Kremen vart både glatt og kvit på kort tid. Litt krem gjekk naturleg nok tapt fordi den stivna på miksaren og oppetter kantane på skåla (og litt rundt på kjøkkendisken) men på dette tidspunktet var eg berre glad eg vart ferdig.

Ulike boksar frå skap og skuffer vart fylte med krem og lagra kjølig med tanke på julegavesesongen. Kremen er prøvd ut her heime. Ikkje heilt silkeglatt sidan det fortstt er litt harde bivokspartiklar inni kremen, men bra til å vere heimelaga. Ein nokså feit krem vart det òg. Om vi lagar igjen neste år? Det får tida vise.

11 okt

Ég tala ekki íslensku…

Seks dagar på ville vakre Island. Litt “amputert” ferie sidan minstemann måtte ha gips to veker lengre enn vi trudde. Men så får vi tru han blir heilt bra til slutt. Eg vart overraska over at islandsk var så veldig ulikt norsk. Har alltid høyrt at islandsk er som gammalnorsk, men det er nokså lenge sidan gammalnorsk var snakka hertillands iallefall! Difor overskrifta som betyr: Eg snakkar ikkje islandsk.
Den økonomiske krisa som rådar merka vi lite og ingen ting til som turistar.

På laurdag når vi kom til Island var det snø og kaldt. Vi skulle køyre ein god etappe, men tok middag ved den Blå Lagunen før vi køyrde vidare.

Røyken er damp som stiger opp like ved den Blå Lagunen.

Dette vatnet var kaldt, men like fullt fasinerande blått.

Vi prøvde oss på hesteriding på eit hotell/hestegard som heiter Eldhestar på staden Hveragerdi. Vi fekk visst dei roligaste hestane dei hadde, for dei gjekk samme tempo uansett kva vi gjorde. At stiane for ein times ridetur gjekk rundt og rundt hotellet var litt nedtur for oss som hadde sett for oss ridetur ut i marka med ørlitt meir fart i. Sterk vind og kaldt regn gjorde ikkje akkurat opplevelsen bedre så vi avslutta etter ca 15-20 minutt kalde og våte. Godt at vi har hestegard like ved oss heime der ein òg kan få lov til å ri på islandshest.

I sjølve byen Hveragerdi hadde dei eit stort utendørs basseng med varmt vatn. På kantane var det to små basseng med vatn som var hhv 38 og 40 grader varme. Kjempegodt å ligge i det varme vatnet med vinden hylande rundt øyrene. Det nye vasstette kameraet mitt fekk òg prøvd seg. Her er det minstejenta som har fotografert mor under vatnet.

På grunn av at minstemann fortsatt sat i rullestol og alt av fjellturar og naturvandring vart utelukka (delvis òg på grunn av veret) reiste vi til Reykjavik to dagar før planlagt. Vi skulle eigentleg ha vore to dagar på ei hytte ute ved Skaftafjell nasjonalpark.

Fyrste dagen i reykjavik køyrde vi tilbake til den Blå Lagunen. Denne gangen for å bade sjølv om vermeldingane og dei faktiske forholda var nokså ufyselige. Tavla ved bassenget viste 0 grader og vermeldingane sa kuling. Laguna var skikkelig piska opp av vinden. I vatnet var det imidlertid gode og varme 39-40 grader. Vatnet var kjempesalt og håret vårt vart heilt stivt etterpå av det høge innhaldet av kisel i vatnet. Minstemann venta tålmodig i kafeen medan mor og far bada etter tur og fekk vekselsvis is frå mor og far.


Her er lillesøster i bassenget. Alle under 11 år gikk gratis og for oss vaksne kosta det 2300,- kroner pr. stk. Islandske kroner altså.

Siste dagen i ferien køyrde vi ut til Geysir forbi Thingvellir. På denne strekninga kunne vi sjå sprekker i jorda etter tidligare jordskjelv. Dei mørke strekane nede til høgre her og bortover er djupe sprekker. Island ligg midt på delelinja mellom det Europeiske og den Nord-Amerikanske kontinentet. Noko som skapar både hyppige jordskjelv (sist i fjor sommar på 5,3) og gir tilgang til den geotermiske energien som øya er kjent for.

Ved Geysir fekk vi sjå det vi kom for av både boblande kokande kjelder og sprutande geysiarar.

Skal vi tilbake til Island ein gang må det bli uten rullestol.

Og sannsynligvis på ei årstid der det er litt varmare.

01 okt

Vindtette panneband

Desse er laga i høve haustferien vest i havet.

Ytterstoffet er bevernylon på alle tre, men foret er ullfilt, bomullsfleece og polyesterfleece alt etter kva eg hadde av matchande fargar.

Ungane har fått navnet sitt brodert på pannebanda i same farge som pannebandet så det ikkje skal vere så veldig tydelig.

03 sep

Litt handicapsøm

I dag er det den uheldige minstemannen i huset som har fått nyte godt av mammaen sin søm. Ei ny pute til rullestolen (den orginale vart litt våt ved eit uhell). Stoffet er kjøpt hjå Hartsfabric.

Ei joggebukse har fått borrelås og glidelås slik at den enkelt kan kles av og på guten i sittande eller liggande tilstand.

02 sep

Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje.

No skal dei ligge i olje – lyst – i 5-6 veker;  litt kortare tid enn minstemann skal ha gips på foten…

Her skal den stå og godgjere seg i karmen på kjøkenglaser. Den passar godt mellom minstemann sin “storsteinsamling”, fjorårets samling av lommerusk og minstejenta si flaske med ekstra fine små steinar.

08 aug

Oppå Åsen der veks det blåbær!

Desserten i dag var som ein lun haustdag!

Fyrst oppå Åsen for å plukke litt blåbær med minstemann.


Mest i magen men litt i skåla.

Så ut i hagen og plukke litt ville bringebær. Fordelt på fem glas. Litt melis på toppen og ein skvett mjølk til dei som ville ha det. Værsågod!


“Mamma? Kan eg få meir?”

07 aug

Vi skal til…

Island!!

Om ca to månader – i haustferien skal vi besøke landet som eg har ynskt å besøke i mange år. Gledar meg som ein liten unge. No må eg berre finne ei guidebok for å få lest meg litt opp på Island. Og kanskje ein roman eller to med handling frå Island. Har du forslag?

05 aug

Heimelaga leikedeig.

Vi har i fleire år laga eigen leikedeig med stor suksess. Ungane elskar å leike med den, naturleg nok i periodar. Deigen er mykje mjukare enn ferdig kjøpt plastelina (og lignar kanskje heller litt på Play-Doh), Å kunne velge fargen sjølv er jo heller ingen ulempe.

Her er oppskrifta eg brukar. Den er ikkje min, men funne ein eller annan stad på den store verdensveven. Den finst i mange utgaver, men eg syns dette blir ein god og smidig deig.

  • Bland 5 dl mjøl, 1 dl salt  og 1 ss sitronsyre (frå apoteket).
  • Kok opp 5 dl vatn og bland i 1,5 dl matolje.
  • Om du vil ha farge på deigen kan du tilsetje fargepulver eller konditorfarge (gjerne oljebasert). Bland fargen i vatnet om du brukar konditorfarge, i mjølet om du brukar fargepulver.
  • Bland det våte og det turre godt saman.
  • Kna deigen saman og den er ferdig til bruk. Den er litt varm til å begynne med.

Om ein oppbevarer denne i ein tett boks kan ein ha den i mange månader. Eg trur vi har hatt ein og samme porsjon i over eit halvt år utan problem.

03 aug

Frisk luft

Vi er ikkje dei aller ivrigaste når det kjem til å ta med ungane på fjelltur, men av og til kjem vi oss ut og då kosar vi oss alle mann. Litt lokking med rosiner eller kjeks for å halde motivasjonen oppe må til.

At det veks blåbær ved stien er heller ingen bakdel når det gjeld å halde humøret oppe.

04 apr

Det er ikkje boss – for meg.

Om du nokon gang har kasta stoffer fordi dei tar opp plass i huset så har eg veldig lyst at du ikkje berre gjer det automatisk neste gang. Eg brukar ein del gjenbruksstoffer og bomull t.d. kan brukast til det meste. Her er innhaldet i ein pose eg fekk no i veka. Har planar for dei mønsterrutete gardinene og stoffet med vårblomstrar på alt!

stoffer

Elles driv eg og lagar gensarar til ungane. Dei har kvar sine ynskje på både fargar og broderi og ingen ting er kjekkare enn når dei har lyst på det eg lagar.

genserbroderi

 

29 mar

Finbukse til minstemann.

Minstemann skal få fireårsbok i kyrkja i morgon og guten er uten finbukse. Det var situasjonen litt tidlegare i kveld. No har eg klipt og sydd og håpar han kan stille i pentøy i morgon. Eg har ikkje fått prøvd på han buksa sidan den vart sydd etter leggetid, men eg fekk sjekka både livvidde og mål til lengde før han sovna.

linbuks linbukse

Eg sydde buksa sammen vrangt mot vrangt i sidene og dekka saumen med eit pynteband på utsida. Lin er såpass stivt at eg ville unngå dei saumane eg kunne på innsida. Bandet var ikkje langt nok så eg måtte jukse litt oppe i linninga og eg vart fornøgd med effekten om eg får seie det sjølv. No håpar eg buksa passar og at guten (som er litt bestemt når det gjeld klede – sjølv så liten som han er) vil ha den på.

26 des

“…lys over mørke lår…” og “…i krybba lagt på skrå…”

Julesangar utført av små barn har ein eigen sjarm sjølv om nokre av feiltolkingane er så artige at det er vanskelig å halde latteren unna. Våre to minste har vridd både på “Luciasangen” og “No tenner vi det første lys” så konsekvent at eg ikkje trur dei kjem til å synge dei anleis på mange år enno.
pyntetre

No er altså pakkane opna, juletreet har vore i golvet ein obligatorisk gang, pinnekjøtet er oppete og vi er på alle måtar godt i gang med jula og kosar oss med gode fridagar alle saman.

 

We are having nice holidays and hope the same for you!