28 nov

Instruksjonsvideoar for Silhouette Studio

Som mange andre som har kjøpt Silhouette Cameo lasta eg ned programmet Silhouette Studio før maskina var komen i hus. Programmet er nemleg gratis å laste ned og å bruke.

Når eg så hadde fått maskina i hus valgte eg å oppgradere programmet til Designer Editon (DE) nokså med det same. Dei største skilnadane mellom gratisversjonen og DE er at ein då kan opne svg-filer direkte inn i programmet noko som gir tilgang på store mengder med filer berre med eit enkelt søk på Internett, at ein kan bruke viskelær og kutteverktøy og at ein kan bruke skisseverktøy. Ein pdf med skilnadane mellom gratisversjonen og Designer Edition kan du laste ned hersilhouettestudio
Eg har studert filmar på Youtube, lest ulike bloggar på engelsk og prøvd og feila når eg har lurt på noko med programmet eller maskina. Ofte søker eg på Google på engelsk og finn gjerne svaret rimeleg raskt.

Det eg imidlertid ser er at mange saknar informasjon på norsk. Det finst sikkert sjølv om eg ikkje har sett mykje av dette, men her kjem i alle fall dei fyrste tre – forhåpentlegvis ikkje dei siste – instruksjonsvideoane frå mi side. Alle med norsk teksting og uten tale.

Kom gjerne med tilbakemeldingar på filmane og med tema for nye filmar. Eg reknar med å kunne auke kvaliteten på dei etter kvart :)

10 nov

Litt sydd

Eg har ein fireåring i huset som har sett filmen Frost/Frozen sikkert «ein million» ganger. Så det var ikkje til å lure på svaret når mammaen i ein lur (eller mindre lur) augneblink spurde om jentungen ynskte seg «Elsakjole». I helga satte eg endeleg av tid til å få pønska ut korleis den skulle vere og fekk sydd den saman.

elsakjole
Eg kikka ein del på denne bloggsida før eg begynte. Eit kjekt og lærerikt prosjekt. No spørs det om minstemor må få ein kjole ho òg. Skal det bli ein miniElsakjole av stoffrestane, eller må ho kanskje få ein Anna-kjole som lillesøstera til Elsa i filmen?
Anna-Costume-Frozen
Godt ho enno ikkje har forstått at mamma fuskar med å sy klede….

Og så litt andre ting eg har sydd i det siste. Buksene under er dongeribukser etter «makalaus»-oppskrifta. Størrelsen heiter 90-100, men blir her heime brukt både av ho som brukar 86 og av ho som nærmar seg 110 i størrelse. Lang brukstid med andre ord!
retrobukse dongeribukser
Sidan det snart er vinter har eg sydd ein del huer og halsar i det siste. Halsen på bildet under er sydd i ullfrotte etter mønsteret eg selger i nettbutikken min. Eg har brukt den mønstervarianten som er bølgete her. Stjerna er reflexvinyl som eg har kutta ut med Silhouette Cameo for så å stryke på halsen. Kjekt å kunne pynte plagg med noko så praktisk som refleks! 2014-11-06 14.36.44

 

17 okt

Sy tøfler?

Kulda set inn og eg vurderer å opne for å sy nokre få (2-3-4?) par med skinntøfler på bestilling. Er det noko som kan vere av interesse? Prisar frå kr 260,- (for minste størrelse i skinn). Tillegg for enkelte dekorasjonar som navnebroderi etc. 

toefler martesko bugs

Om du klikkar på menyvalet tøffelgalleri over her kan du sjå nokre andre av tøflene eg har laga tidlegare. Ta kontakt for informasjon om tilgjengelege fargar og prisar. Første mann til mølla!

18.10.14: Fire bestillingar mottatt, og tusen takk folkens! Stengt for bestilling igjen inntil vidare :)

09 okt

Rosa oktober

Ulike kampanjer hjelper oss å hugse ekstra på dei brystkreftramma og kreftforeninga denne månaden. Eg ynskjer å støtte kreftforeninga direkte ved å gi halvparten av heile inntekta på desse varene til rosa sløyfe-aksjonen. Du kan bidra ved å kjøpe til ein pris du bestemmer sjølv så lenge det er minst halve prisen. Alt det eg får inn vert betalt inn til kreftforeninga sitt kontonummer 7001 09 88592 «rosa sløyfe» når alt er solgt og/eller månaden er omme. Du betalar halve prisen (eller utover det så langt du ynskjer), eg dekkar den eventuelle resten. 

Send meg ein mail (ohelene@ohelene.net) eller legg inn kommentar her om du vil kjøpe!2014-10-08 17.16.28

  • Strikkahue – passar til ca to år. Dobbel babyull. Kr 100,-
  • Prinsessekrune i sateng og bomull med strikk som gjer at den passar for mange eller alle hovudstørrelsar- kr 100,-
  • Skinntøfler med bilapplikasjon. Pelssåle av lammeskinn. Størrelse 3-6mnd eller til fot opp til 10,5 cm Kr 440,-
  • Dokkelue – hovuomkrets ca 24 . kr 50,-
  • Forkle i dongeri og bomull med trykknappar bak. Passar ca 18-24 mnd – kr 240,
  • Bukse i tynn bomullsribb. Passar ca 1-2 år – kr 200,-
  • Hue i bomullsjersey str 1-3 år kr 120,-
    På denne går det an å få vinyltrykk med motiv eller navn på for 40,-. 
    (Full pris i lista her)

Om du ikkje finn noko her du likar kan du jo støtte kreftforeninga direkte: https://kreftforeningen.no/rosasloyfe/stott-rosa-sloyfe/gi-en-gave-til-rosa-sloyfe/

Del gjerne!

04 okt

Makalaust langbruk

Eg likar veldig godt klede som kan brukast lenge. Dvs at det blir ribb både på ermer, beinkant og nede på gensarar på mange av plagga eg syr. Og langbruk blir resultatet. Eg skreiv i denne bloggposten for nesten eitt år sidan om buksa sydd i str. 70/80 som eg trudde vart knapp til ein eittåring. Den gangen brukt på ei på ca fem månader. Men nei, det vart den ikkje! No er jenta 16 månader og ho brukar den framleis. Det må ein kunne kalle ekte langbruk!
2013-10-01-16.16.58 2014-10-04 11.19.05
Mønsteret på denne buksa kan du finne i boka Handmade. Forløparen til buksa ligg som gratismønster til å laste ned i mønsterbutikken min (ein størrelse).

Eg syr desse buksene for salg og tar kr 200 for vanlige bomullsbukser i denne størrelsen og så oppover til rundt 390,- for ullbukser i størrelse 90/100.  Ta gjerne kontakt om du har ynskje om at eg skal sy ei bukse til deg. Eg har ein heil del ulike både kvalitetar og fargar av stoff.

29 sep

Gjenbruk av dongeri, frå bukse til hatt(ar)

Eg har vore så heldig å få nokre dongeribukser både her og derifrå. Sist frå svigerinna mi på andre sida av fjellet. Ikkje det at det er så kort tid sidan akkurat, men av og til må ting modnast litt før planar blir sette ut i livet. Dei som følger meg på Instagram (ohelenesyr) har sett desse hattane før. Hattar er ein ny erfaring for meg. Dei rundt meg her heime gir tommelen ned for stilen og meinar dette er mote for forrige århundre, om nokon gang, så då er det greitt å kunne vise fram og hente tilbakemeldingar gjennom blogg og facebook. Sjølv syns eg dei både er kjekke å sy og litt stilige å sjå på.

gjenbruk av dongeri

Her har det gått med store delar av buksebeina på ei bukse til dei to første hattane, og litt frå ulike bukser til den siste. Alle er i vaksen størrelse (frå ca 56/57 og oppover), så om det er nokon som er einige med meg i at dei er stilige og har lyst til å kjøpe dei må de berre ta kontakt!

Tøflene under har eg òg laga sidan sist blogginnlegg. Eitt i pelsskinn (sau) og eitt i rosa møbelhud men med såle av samme pels (men i raud). Det siste paret vart til berre fordi eg hadde denne bil-applikasjonen liggande frå ein eller annan gang tidlegare. Dei brune har blitt gitt bort og passa forhåpentlegvis den vetle sogningen som fekk dei.
2014-09-15 14.01.39

14 sep

Symaskinnåler

Symaskinnåler er ofte eit tilbakevendande tema i spørsmål og diskusjonar på syforum og i sygrupper på Facebook. Dette er slett ikkje rart, for ei symaskinnål er ikkje ei symaskinnål og ferdig med det. Feil nål kan både skade maskina (!) og eit elles godt prosjekt kan bli øydelagt eller mindre bra. Mange merkar dette først når dei syr i strikka stoffer som jersey og oppdagar hol rundt saumen, noko som kan skje dersom ein ikkje brukar nåler som «dyttar» trådane til side i staden for å skjære dei over. Skinnåler som er berekna til lær og tjukt skinn brukt i for tunt skinn kan gjere at heile saumen raknar. Men både hoppesting og andre rare saumar kan skuldast at nåla er begynt å bli sløv eller har fått ein skade.

Sewing-machine-needles-types-150x150 tnc5-w250-150x150 114-machine-needle-05-150x150

Nålene finst i mange tjukkelsar og med mange ulike spissar og til og med med ulik lengd og med med to, eller til og med tre nåler i ei, såkalla tvilling- og trillingnåler. Tvillingnålene kjem igjen i ulik breidde mellom nålene og i ulike typar for ulikt stoff. Det finst nåler med fjør på til frihandsquilting og det finst nåler som trer seg sjølv. Sa du at du skulle ha ei symaskinnål?

Det enklaste, eller i alle fall nokså sjølvsagde ved val av symaskinnål er å finne kva nålesystem du skal ha. Dette blir nemleg i hovudsak bestemt ut frå maskindu har. Og då snakkar eg ikkje mest merkenavnet, men om du har ei vanleg heimesymaskin, ei overlockmaskin, ei tvillingsaumsmaskin (coverstitch) eller broderimaskin.

Til vanlege symaskiner skal du ha eit system som heiter 130/705 H eller HAx1 som er ulike navn på same nålesystem. Nokre nålpakkar står det begge deler på, nokre berre ein av betegnelsane. Nokre overlockmaskiner skal ha ein annan nålesystem, den som heiter ELx705, men mange overlockmaskiner og tvillingsaumsmaskiner kan òg bruke 130/705. Mi tvillingsaumsmaskin Brother 2340CV har berre 130/705H (HAx1) 90/14 nåler anbefalt i manualen. Compulock maskina mi, som er ei kombinet overlock og coverstitch, kan òg bruke same nåler som vanlige symaskiner. Hugs at det finst ulike merker av overlock og coverstitchmaskiner, og kanskje er berre eitt av nålesystema anbefalt for di maskin! Manualen er alltid ein grei plass å starte.

universal-150x150leather-150x150 naaler-150x150

Uansett nålesystem må du i tillegg velge type nål. Dette gjer du ut frå kva du skal sy i. Typen har ofte same navn som stoffet du skal sy i, eller seier noko om saumen eller eigenskapane til den spesielle nåla. Ulike eksempel på vanlige typar nåler er «ballpoint», «universal» eller «standard», «stretch», «jersey», «denim/jeans», «leather», «sharp/microtex», eller «tvillingnål». I dei ulike pakkane med nåler er det ulikt tjukke nåler. Tjukkelsen på nålene står oftast oppgitt med både amerikansk og europeisk mål. Typisk 70/10, 80/12 eller 90/14 for standard nåler. Jeansnåler har ofte tjukkelsar opp til 100/16. Som regel vil du trenge ei tjukkare nål til tjukt stoff enn til tunnare stoff. Tjukkelsen på tråden må òg takast omsyn til. Dersom du syr med tjukk tråd må du sikre at det er god passasje i nålauga til tråden. Såkalla topstitchnåler vil typisk vere både grove og med stort nålauga, og metallic/metafil nåler er tilpassa metalltråd.

Tvillingnålene har nummer som seier noko om avstanden mellom nålene og tjukkelsen på kvar av nålene i europeisk mål. T.d. 4,0/100. Som du forstår kan du snevre inn valget av nål nokså bra berre med å sjå på navnet, og med litt øving veit du sånn ca kva tjukkelse du er ute etter til det enkelte prosjektet. Frå vanskeleg og forvirrande og tilbake til nokså greitt i grunn.

No har du altså litt styr på kva nål du skal velge til prosjektet ditt, Men kva nål står det eigentleg i maskina? Kva sydde eg sist? Eller kva type nål er det som står der i nåleputa der? Merking med neglelakk i fargekodar har eg høyrt er ein lur måte å halde nålene frå kvarandre på; i grunn burde dei kome ferdig fargekoda frå fabrikken! Eg for min del prøver å ta ut nåla frå maskina etter ferdig saum, og sette den inn med flat side fram i orginalpakken om eg berre har sydd litt med den. På den måten ser eg kva type nål det er og at den har vore brukt før. Å la ein liten stoffbit ligge att under pressarfoten kan òg gi deg eit hint til neste gang du skal sy om kva du hadde fore ved sist økt.

Kor ofte skal ein så skifte nål? Når er den utslitt? Eg har lest åtte til ti timar saum anbefalt, men eg skiftar nok nåler mykje oftare enn som så sjølv. Eg har lest tips om å stikke nåla nokre ganger gjennom ei brukt nylonstrømpebukse. Ei «flisete» nål vil trekke med seg trådar. Det hender eg sjekkar med ei nagl ned langs spissen for sjå om den har blitt skada om eg merkar maskina fuskar i saumen, eller trillar den langs bordet for å sjå om den er bøygd, men eg må innrømme at er eg i tvil så byter eg alltid nål. Og eg unnar meg som oftast ei ny nål til nye prosjekter. Eg tenker at nåla i alle fall må vere god om syinga skal gå greitt og fint.

 

06 sep

Harry Plotter, eller i alle fall ei litt magisk maskin

Silhouette Cameo er ein digital plotter – eller kutte-/skjæremaskin om du vil, som i det siste har vorte populær hjå mange av oss som syr litt. Den blir då brukt til å kutte ut vinyl til å stryke på klede, sjablongar til tekstilmaling eller til å kutte ut stoff til t.d. applikasjonar. Silhouette Cameo er ein rimelig plotter til heimebruk. Den har ikkje verken styrken eller varigheit som industrielle plottarar, men med rett bruk kan den gi mange mange timars moro.

silhouette 2014-06-24 17.24.06 2014-07-04 15.42.22

Sidan eg kjøpte mi maskin før sommaren har eg prøvd den på å kutte vinyl både til å stryke på klede, vinyl til å lime på veggar, postkasse og andre overflater og papir til heilt enkle bursdagskort. Fort og kjapt, og veldig fasinerande å sitte og sjå den jobbar. Gratisprogrammet Silhouette Studio fungerer som hjernen til maskina og når ein har designa eller henta fram ferdige design der er det berre å mate maskina med det den skal skjære ut.

Den kan òg samarbeide greitt med skrivaren og skjære ut design som eg har printa ut der først. Stoff, skinn, mosegummi, kartong, plast og papir er nokre av materala den lett klarar å skjære i. Det gjeld berre å finne rette innstillingar på maskina. Her er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan klare å bruke den til. Eg har t.d. òg kjøpt eigne tusjar til den slik at den kan skrive i staden for å kutte.

2014-07-05 22.55.00 label1 2014-06-30 19.20.01

Sidan eg no har hatt maskina nokre månader kan eg forsikre deg om at eg har nådd å gjere ein del tabbar og lære ein del av eigne feil. Dette til tross for at eg har studert lærevideoar på Youtube grundig og lest mange blogginnlegg. Her kjem difor nokre få av mine tips så kanskje du kan unngå nokre av dei same feila som eg har gjort, eller rett og slett berre kanskje tips du ikkje hadde tenkt på.

1. Bruk «Test Cut» for alt det er verdt. Denne funksjonen skjærer ut ein trekant og eit kvadrat på ein kvadratcm og sparar deg for store tabbar med dyre materialer.

testcut

2. Ikkje kast arket som følger med kuttematta di! Legg dette på igjen mellom kvar gang du brukar matta. Matta er dekt med klister og trekker til seg det som er av støv. Med litt omsorg går det litt lengre tid før du må rense og legge på ny lim på matta. Når du imidlertid ein gang må gjere dette kan du bruke spraylim for å fornye.

3. Når du skal skjære ut vinyl til å stryke på klede må du hugse å spegelvende alt for å få det den vegen du vil ha det på kleda. Dette gjer du med funksjonen mirror som du finn i menyvalet Object – Mirror – Flip Horizontally.

mirror

4. Sjekk kniven innimellom for restar av vinyl. Det skal ikkje så mange bitane til der før kniven kuttar dårligare eller upresist. Men forsiktig – den er skarp!

5. Ekstra kuttematter kan du lage av ulike former for plast, t.d. sjablongark. Eg har nokre store på 50 x 32 cm som eg har merkt av samme rutemønster på som på orginalmatta. Matta har eg så spraya med KK100.

6. Når du brukar vinyl så plasserer du designet ditt så nær kanten som du kan før kutting, og klipper reint inntil designet ditt før du «lukar»  (engelsk=weed). Du kan gjenbruke små bitar dersom du øver deg på å plassere det rett på matta i forhold til kor du har plassert designet i Silhouette Studio.

7. Når du skal luke eit ferdig kutta design i vinyl tykkjer eg ofte det er greiast å ta småbitane først. T.d. inni bokstavar og andre små områder.

8. Shift + G slår av og på rutemønsteret i Silhouette Studio. Her er ei liste over andre tastatursnarvegar i programmet både for Mac og Pc.

9. Gratisprogrammet Inkscape er fint å bruke til å konvertere filer til dfx som er eit filformat sjølv gratisversjonen av Silhouette Studio kan lese. Etter at du har lært deg dette kan du gå på jakt etter gratis svg-filer på nettet!

10.  Appen InstaFontMaker (Android) eller Font Maker (Apple) lar deg lage ein font av di eiga handskrift. Denne kan du så igjen bruke i Silhouette Studio. Stilig, ikkje sant? Eg har sjølv berre testa ut Androidversjonen.

14 aug

Korleis lage eigne merkelappar (gjensyn)

Eg har òg tidlegare skrive ein post om korleis eg lagar eigne merkelappar til klede og ting eg syr. Eg har òg kjøpt min del av merkelappar, men det er kjekt å kunne lage sine heilt eigne i akkurat den fargen du treng og i den mengda du treng. Så her kjem eit gjensyn med same tema.

Her har eg brukt min nokså nye Silhouette Cameo i prosessen, men det er akkurat same framgangsmåte uansett korleis du velger å sette bokstavane på tøyet.

Merk eit tøystykke med det du vil ha som logo. Du kan t.d. brodere, bruke tekstiltusj, t-skjorteoverføringsark eller som eg har gjort her, vinyl kutta til i plotteren.
label1

Skjær eller klipp til tøystykket ein cm større i alle kantar enn sjølve merket.
label2

Brett stykket midt på, som er midt i logoen i mitt tilfelle sidan eg vil ha merke på begge sider.  Sy dei to kortsidene og klipp av hjørnet inn mot bretten utan å klippe i saumen.
label3

Vreng og press med strykejarn. Hugs å beskytte lappen med strykeark om det er vinyl du stryker på.
label

Resultatet er ein fin dobbelsidig merkelapp som du kan sy på produktet ditt.DSC_5001

 

bug&bird har ein fin tutorial på korleis du kan lage eigne merkelappar med silkeband!

11 aug

Runde lommer med rund opning

rundelommer Lommene på kjolen i forrige post var utprøving av rund opning på lommer men no tar eg det eit steg vidare og lagar heile lomma trillande rund. Har du lyst til å sy liknande lommer så kjem forklaringa på saum av slike lommer her: 1. Klipp ut fire sirklar. Gjerne i to ulike stoffer. Innerstoffet vil syne lite, så mønster er litt bortkasta. Klipp ut sirkelen som skal vere opninga i lomma,  men obs ikkje for nær næraste ytterkant. Dette har med å gjere at for liten avstand vil gjere det vanskeleg å vrenge og du må la det stå igjen meir å sy frå retta til slutt = værre å få fint. På mine lommer her som er 15 cm i diameter var3,5 cm frå kanten omtrent minimum. Opninga blir ca 1 cm større i diameter etter alt er sydd saman, så ta omsyn til det når du velger kor stor opning du vil ha. rundelommer2 2. Sy stoffstykka saman to og to rette mot rette rundt opninga i midten. Klipp hakk i saumrommet – evt med taggesaks slik som eg har gjort det her. rundelommer3 3. Vreng den eine sirkelen inn gjennom opninga slik at stoffa blir vrange mot vrange. Press med strykejarn. rundelommer4 4. Marker med to knappenåler eit valgt punkt ytterst på kanten på begge stoffsirklar. Eg trur at ein plass i nærleiken av den smalaste kanten er ein god plass å starte, men prøv deg fram. rundelommer5 5. Brett dei to sidene som er markert med nåler tilbake over resten av tøysirkelen slik at resten av stoffet havnar i midten. Sjå nøye på korleis nålene står i stoffet på dei to bildene over sidan desse stoffa er like på retta og vranga. På dette bildet er tøysirkelen snudd 180 grader i forhold til på forrige bilde. rundelommer6 6. Pass på at nålene møtes og at du held stoffet i midten godt unna – no skal me sy igjen. rundelommer7 7. Start saumen eit stykke før nålene og sy langs kanten så langt du kan utan å treffe stoffet som er rulla inn i midten. Dra så fram stoff frå midten og hald fram med saumen til det er att omtrent tre cm vrengeopning. De som har sydd panneband kjenner igjen noko her muligens ;) Du må gjerne lirke litt om du har valgt å legge opninga i midten for tett opptil kanten. (Om det er uråd å dra fram stoff må du stoppe og evt sy stor vrengeopning frå retta.) rundelommer8rundelommer9 8. På dette tidspunktet liknar det ikkje noko anna enn Lille Larva Aldrimett ein tidleg sundagsmorgon, men ikkje fortvil! Vreng lomma ut gjennom opninga som står att og press det fint og glatt med strykejarn. Vrengeopninga kan vere utfordrande å få bretta fin og rund. Eg har av og til brukt ein pappmal av eit utsnitt av sirkelen (med diameter ferdig sammensydd) og lagt denne inni vrengeopninga og pressa tøyet rundt denne. Pappen tar eg ut før eg syr. rundelommer0 9. Her er ferdig pressa lomme klar til å bli sydd på, i dette tilfellet, ein forklekjole. Mitt siste tips er å sy begge lommer parallellt slik at du blir ferdig med begge samtidig. Om du vil ha andre former på lommene er frangangsmåten den same. Pass berre på at du har ein breid nok «kanal» til vrenging rundt langs heile lommekanten.

11 aug

Forklekjole med lomme, eller omvendt

Denne forklekjolen vart til i dag fordi eg måtte teste ut lommer med rund opning. Eg er sikker på at eg har sett slike lommer på nett, men siste dagars googling kunne ikkje gi meg noko bilde eller instruksjon. Difor altså utprøving. Lomma vart kul syns eg sjølv. Kjolen er full i feilskjær (smalt tidsrom til saum) men grei nok til heimebruk.

PhotoGrid_1407757313716

07 aug

Prosjekt og mønster (tutorials)

Sida med tittelen over har fått ei lita ansiktsløfting. Eg vil prøve å halde denne oppdatert med mønstera og beskrivelsane eg legg ut. Gi gjerne ein lyd om det er noko du saknar på denne lista.

Sida finn du her eller i menyvalet.

04 mai

Kan det bli festdrakt – igjen?

7. mai 2011 sydde eg på festdrakt til ho som då var minst. Den drakta har eg ikkje lengre, og kjolen eg syns var grei til minstemor her heilt fram til i dag syns eg no er grei nok som reserve. Det aller kjekkaste hadde jo vore å sy ei ny festdrakt til henne. Kvit ull er funne fram til overdelen. Skjørtedelen er klipt til og no skal eg berre få landa på kva broderi eg skal lage på ryggen av drakta. Noko rosemalingslignande kanskje?

Screenshot lite

13 okt

Baby i hus og tid til alt anna enn blogging

Tida fyk med baby i hus (og dei krev litt tid dei fire andre òg). Eg tenker innimellom at eg skulle nett ha blogga ditt og datt, men så er tanken borte like fort som den kom. Eg har imidlertid laga både det eine og det andre sidan sist blogginnlegg.

Eg har sydd ein del av ulla eg kjøpte på Janusfabrikken. Ei jakke i Krinkelull – med ulljersey i hetta. Eit favorittplagg allerede. Eg lurer imidlertid på å ta litt av på ermene for at den skal vere meir passelig no.

2013-08-09 19.38.51

Av ulljersey har eg sydd mellom anna tre bodyar, tre bukser og ein heildress i litt ulike fargekombinasjonar. Bodymønsteret er laga med deler frå ulike mønster og buksa eg har sydd er ein enkel tights frå Ottobre.

2013-09-21 14.09.22 2013-09-22 10.36.012013-09-22 10.38.11

Buksa som eg bidrog med i boka «Handmade» er komen heim etter å ha delteke på lansering av boka og er teken i bruk her. Eg trudde denne var sydd i str. 70/80, men i og med at den ikkje er i elastisk materiale passar den godt til minstemor på rundt 65 cm, og eg trur den blir nokså stram før ho blir eitt år (80). Dvs at det sikkert er lurt å gå opp i størrelse om ein syr i stumt materiale.

2013-10-01 16.16.58

Vetlesysta som går i barnehagen trengde sårt nye tøfler, og denne gangen tegna eg rundt foten hennar som utgangspunkt for sålen. Blir vel fotformsko det ;) Ho ville helst hatt rosa tøfler, men sidan det ikkje var rosa pelsskinn i haugen min godtok ho brunt med kvit pels. Eg har òg skore til skinn til tøfler til minstemor, men eg ventar på å få tak i strikk til dei før eg syr dei sammen. Ho skal få modell med høgt skaft i burgunder pelsskinn. Planlegg å prøve ein liten ny vri på denne sidan den høge modellen enno ikkje er heilt slik eg vil ha den. Skinnet er som alltid Islandspels frå Skinnlåven på Hønefoss.

2013-10-07 20.12.44

Non-stop-top har eg strikka fleire av tidlegare. Eit greitt mønster som ikkje gir alt for mykje hovudbry. Denne gangen strikka eg i Kauni (EQ/Regnbogefarga) og pinne nr. 3. Eg hadde tenkt sist eg strikka denne at eg skulle lage halsen rundare framme, men gløymde det igjen. Neste gang… Det eg imidlertid gjorde var å strikke inn tre kortrader over nesten heile bakstykket nederst i ryggen slik at den er sidare bak. Eg strikka òg inn ei hullrad nede. Den har dobbel funksjon. Pynt og knapphull. Knapphull til å feste bodystykket som eg òg laga til ekstra utenom mønsteret. Minstemor er ikkje så lang i ryggen enno at bodystykket hadde så mykje for seg, men eg syns det var grueleg lurt påkome ;)

2013-10-12 11.34.13

Ho lyt få fleire slike vestar/kjolar og sidan eg har som mål å få til ein bedre hals på denne bør eg gjerne berre legge opp på nytt mens eg fortsatt hugsar kva eg hadde tenkt :P

06 aug

Lærekøyring – eller Blogging a la Instagram

Trening må til når ein skal sy med ny(e) maskiner. Eg har fått øvd litt etter at eg fekk covermaskina i hus, men køyrer fortsatt litt i grøftene i svingane for å halde meg til lærekøyringsmetaforen. Men plagga er gode og i bruk til tross for litt feilskjær og passar fint til minstemor. Ikkje minst er det kjekt å kle henne i heimelaga tøy.

 IMG_20130728_193119  IMG_20130724_100620

 

IMG_20130806_191523 IMG_20130803_181310

Her er det ulldress sydd frå ein litt krympa ulltunika frå Nøstebarn, bomullsheildress i ny bomull og ullbody og dress  i ny ulljersey frå Janusfabrikken.

 IMG_20130805_094740 IMG_20130805_164349 

Måndag var eg sjølv på Janusfabrikken og handla meir ull. Utvalet var eit heilt anna enn i nettbutikken, og eg kom heim med mange ulike fargar og kvalitetar, med meir eller mindre planar bak. På vegen heim var eg òg innom Voss og Tiljamiid. Sjølv om dei ikkje selger mønstra jersey lengre, handla eg ørlitt der òg. Dei to øverste stoffene er derfrå. Bambusvelour og -jersey.

21 jul

Maskinene mine

Her i starten av månaden fekk eg plutselig kasta litt sylyst over meg og satte meg ned med maskinparken min. Ja, for når ein har fem maskiner kan det vel kallast ein maskinpark. Ein liten presentasjon kan vere på sin plass. Først dei fire første i rekkefølga dei kom i hus.
Husqvarna Daisy kjøpte eg som første maskin i 2001 eller deromkring. Før det sydde eg på lånte maskiner. Nummer to er Janome 6600 pro. Ein arbeidshest og feinschmecker på ein gang. Den kan mykje, er sterk og syr godt. Trearen er broderimaskina Janome 350E. Denne brukar eg til broderi på alt frå skinntøfler til dåpskjolar. Ja, det blir visst stort sett med det. Den fjerde, Janome Compulock, er ei kombinert overlock og coverstitchmaskin. Siste funksjonen har eg aldri fått heilt til dessverre, så den er i bruk som rein overlockmaskin. Og overlocksaumar syr den sikkert og flott.

Viking_Daisy6600pro

janome_350ejanome_compulock_888

Det femte og siste medlemet i parken er dette:

brother cover

Ein Brother coverstitch. Den syr tvilling-, trilling- og kjedesaum og er kan vel kallast ein lillebror både på størrelse og at den har så avgrensa bruksområde. Men her blir igjen linja frå sangen om lillebror sann for det denne kan er det lillebror som kan best!

Etter berre litt testing av maskina kjenner eg at det skal bli moro å bruke denne framover!

pysjogbody

08 jun

Makalaus Krinkleull, eller «Janus møter Nøstebarn»

Denne veka har eg sydd og lappa litt ulltøy innimellom amming og bleiestell. Ja, for tenk at vi no blitt sju i familien vår! Den minste vetle jenta vår er perfekt på alle måtar, og alle i familien er så glade for å at ho endeleg er komen. Her på bildet er ho seks dagar gamal.

babyen

I dag har eg sydd ei ullbukse etter eige mønster (Makalaus bukse) i Krinkleull frå Janus. Det er kjekt at ein endeleg kan kjøpe ullstoff frå Janusfabrikken.
makalausbukse bakfra

Før fødselen fekk eg òg kjøpt ein heil Norgespakke med veldig godt brukt ulltøy. Dette har eg vaska og farga og lappa ein del av allerede. Nøstebarndressen (mørkeblå i midten under) fekk nye ribber på bein og ermer og den eine foten fekk nytt liv som lapp på kneet. Gensaren med stripete ribb fremst var ein kvit body før omsaum og farging. 
fiksetoy1

Eg har framleis igjen fleire plagg å reparere småhull på. Kjekt når ting kan gjenbrukast :)
fiksetoy2

12 mai

Småttisklede

Småen i magen begynnar å nærme seg dato for lansering. Noko eksakt dato har han eller ho ikkje klart å gje meg, men så langt ut i juni blir det i alle fall ikkje. I dag har eg vaska opp litt klede for å ha slik i starten og vi hadde klar overvekt av bodyar. Altså passa det perfekt å sy nokre bukser.

Den kvite buksa er sydd av bambusjersey. Ribbekantane er òg ein bambusjersey med litt spandex. Ei tunn og lett bukse som blir fin når sommaren kjem. Ooga booga-buksa er bomull med bomullsribb, og den blå er velour + gul bomullsribb. Dei to lysaste buksene har òg fått seg ei matchande hue. Mønsteret til buksene er det same som eg har bidrege med i boka «Handmade».

makalaus

Siste kveldane har eg strikka, og rekt opp og strikka litt meir på ei lita bleiebukse i ull. Men no er den ferdig. Oppskrifta er litt Curly Purly og litt berre fri fantasi. Beina vart så lange som eg hadde garn til.

Har visst heller ikkje vist fram dei to bodyane eg har strikka etter Fragaria si oppskrift «Benjamins voksebody«(str. 0-5 mnd). Dei ser, som det meste som er ribbestrikka, kjempelange ut uten unge inni. Den brune er i Islandsk Kambgarn og den kvite i Merinoull frå Nille/Gjestal. Den brune er meir kompakt enn den andre, så eg er litt spent på korleis den er i bruk. Den kvite er i det same garnet som eg strikka lue i tidlegare.

strikkesmaatt

 

No er pinnane tomme her, men garnkassen er ikkje tom så eg skal nok klare å finne på noko som kan vere kjekt å ha til ein liten kropp. Nokre fleire sokkar kanskje. Eller ein vest? Eller nokre små vottar til småkjølige kveldar. Skinntøfler skulle eg jo òg ha sydd, ikkje sant?

 

15 apr

Og vinnaren er…

… kommentar nummer

nummer2

Gratulerer NorLin!

Billedbevis på trekninga – utført via Random.org kl 20:34 i går kveld:

2013-04-14 20.34.30

Takk til alle som deltok. Kvar og ein fekk meg til å smile ved at de la igjen kommentarar, sjølv om nokre fekk meg til å skratte litt meir enn andre.

10 apr

Har du lyst på den nye syboka «Handmade» heilt gratis?

handmade by meEg har tidlegare fortalt at eg har vore så heldig å få vere med i ei ny sybok som kjem ut no i april. No nærmar boka seg med stormskritt, og eg har fått lov til å lodde ut eit eksemplar i bloggen min. Boka er hovudbok i Hobbyklubben  no i april!

Om du vil vere med i trekninga av boka så legg igjen ein kommentar her. Gjerne ein som får meg til å smile ;) Eg har ingen andre krav enn dette.

Trekninga blir gjort den 14. april etter kl 20.00.

 

Her heime går det elles i strikking og litt småreperasjonar på symaskina for tida.

 

kragejakke smart

Kragejakka av Sandnes Smart, men etter oppskrift frå «Strikk til Nøstebarn» nærmar seg ferdig. Eg skulle opprinneleg strikke den av restegarn, men endte opp med å måtte kjøpe tre nøster (dvs. nesten halvparten av det eg trengte). Så no håpar eg jakka fell i smak. Har berre igjen å strikke knappestolpane.

2013-03-29 22.27.31

Eg har òg strikka nokre små søte brune raggsokkar til baby i tunn Abuelita merino multi. Mønsteret eg har brukt til desse er henta frå «Myk Start» og heiter raggsokk til mini og mamma.

2013-04-10 10.43.45

Før eg strikka raggsokkane laga eg eit par «Stay-on Baby Booties» i kvitt. Dei vart litt store med tanke på ein heilt nyfødd, men sikkert gode til vinteren igjen.

 

22 mar

Småplukk til eit lite knøtt

Vi (les: eg) begynnar så smått å kome i reirbyggingsmodus. Det er vel ikkje så rart i og med at våren er rett rundt hjørna ;)

Av plagga her var det første eg laga ribbebuksa i Kauni (EQ og EC). Eg prøvde meg på første gang på å strikke med Magic Loop og første møte med dette garnet. Garnet er greitt nok det, men eg vart skuffa over at det var såpass mange knutar/skøyter på garnet og at eg difor måtte nøste vekk ein del garn på andre beinet t.d. Men stilig vart det jo. Og eg har igjen nok garn til nok eit lite prosjekt eller to. Garnet er ikkje så mjukt at eg vil ha det direkte mot hud – i alle fall ikkje på baby, men til ytter- eller mellomplagg passar det fint.

Ikauniribbebukse

Etter buksa var ferdig la eg opp til eit babyteppe i babyull frå Sparkjøp. Eg strikkar desse alltid av seks nøster/300 gram. Då blir dei store nok til å vere eit teppe som kan brukast i mange år. Alle mine fire ungar har fått minst eitt slikt teppe. Etter teppet strikka eg ei bittelita hue i babyull. Denne tenker eg kan vere fin å ha på baby første timane/dagane uansett årstid.

teppeoghue

I dag har eg sydd ei lita bukse med matchande hue. Størrelse nyfødd 50/60. Eg syns det meste av bukser som er til salgs i butikkane er enten i litt for stivt stoff eller med bein eller… Ein blir gjerne litt kresen av å sy sjølv, men eg har i alle fall planar om å lage fleire slike til babygarderoben. Som ein kan sjå av biletet er det full vår ute :P

elefantsett

23 feb

Handmade. Norges beste syoppskrifter

handmade by meFor to år sidan kom boka Made by me – Sybloggernes beste oppskrifter, og no er det klart for oppfølgaren! Den må jo berre (heilt objektivt sett sjølvsagt) bli enno bedre. Eg var så heldig å få lov til å vere med denne gangen!

Boka kan forhåndsbestillast i alle landets nettbokhandlar, og vil være i sal i alle bokhandlar fra ca. 15. april. Prisen er kr 389,-. Om du er medlem i hobbybokklubben kjem boka til deg der som hovudbok i april.

Mitt bidrag i boka er ei enkel baby/barnebukse og eg er sjølvsagt kjempespent på responsen på mitt eige mønster. I tillegg kjenner eg godt til fleire av dei andre som bidrar i boka via bloggverdenen/syforum og eg trur er sikker på at dette er ei bok mange vil ha lyst til å eige.

Frå forlaget si eiga omtale av boka:

Et utvalg av Norges beste syoppskrifter!

Bli inspirert av kreativiteten og sygleden til bidragsyterne i denne boken. Oppskriftene er et resultat av en konkurranse som ble spredt via sosiale medier, og de 50 beste bidragene er samlet i Handmade. Her finner du oppskrifter på klær til voksne og barn, tilbehør, interiørprosjekter og utstyr til babyen. Boken passer like godt for deg som er helt ny i faget som for deg som har traktert symaskinen en stund.

Følg gjerne Motor Forlag på Facebook!

15 feb

Karneval og strikketid

Februar er tid for karneval, og sjølv om eg ikkje alltid er like entusiastisk i forhold til krumspring utover kvardagen så prøver eg å stille opp. Når det så er toåringen som skal i veg er krava (heldigvis) ikkje alt for høge. Jentungen ville vere «pus» på karnevalet i barnehagen og det hadde vi ikkje spor av i utkledningskassa vår. Men vi har skinn og vi hadde ein hårbøyle som ikkje var i bruk. Så då sydde eg to doble trekantar som eg tredde inn på hårbøylen.

Kombinert med litt sminke vart ho den søtaste pusen i mils omkrets.

puseoerer

Elles nevnte eg vel nett at eg strikka på Mariusgenser til eldstejenta. No er den ferdig og eg har notert meg eit par-tre ting. Eg burde ha gått ned ein halv pinnetjukkelse til pinne nr. 3 og halsen på størrelse XS vart alt for vid slik eg strikka den. Eg endte med å felle ned til 84 masker, noko eg syns vart passeleg.

Etter at eldsta no har «prøvd» gensaren i eit par døgn har eg endeleg fått den av henne for å få blokka den. Så får vi tru den er tørr igjen til bruk i morgon.

marius med rosa

Ja og så veit eg kva feil eg ikkje skal gjere i mønsterborden om eg skal strikke Marius fleire ganger… Det er ei her som ynskjer seg Mariusjakke i orginalfargane og med glidelås, men eg har ikkje lova noko som helst enno. Blir i tilfelle strikka i Smart.

Eg har òg fått strikka ein liten «sjelevarmer» etter mønster frå Nøstebarn. I størrelse nyfødd. Men så små nyfødde som denne ser ut til å passe til har vi ikkje vanlegvis her i familien. Vi får sjå om den passar, elles er det vel andre (eller ei dokke) som kan ha nytte av den. Søt var den i alle fall. Den er 12 cm breid/høg – men elastisk på grunn av rillestrikken.

sjelevarmer

Tøflene frå førre post har forresten vore i bruk i barnehagen eit par veker alt. No har eg klipt ut pelsskinn til nokre heilt små tøfler, som er så kjekke å ha til barselgaver og liknande.

14 jan

UFO-jakt

Denne veka har eg rydda litt på syrommet mitt (så no ser det berre passelig rotete ut) og samtidig jakta litt på UFO-ar = UFerdige Objekt eller opprinneleg UnFinished Objects.

No har eg fått sydd sålar på nokre strikkatøfler som eg bytta til meg for *mumle* år sidan, sydd nytt innertrekk på ei velbrukt pute, stramma strikken på eit bleieomslag og reparert eit bordtennisnett til gutungen. I tillegg har eg heva eine bordet på syrommet slik at det no er i passe ståhøgde. Har sakna eit skikkelig bord til skjæring/klipping, men så kom eg på at eg jo har stillbare bein på eine bordet mitt og då var det fort gjort å endre høgda på det.

Kva skal eg ta fatt på no då? Vetlesysta skulle hatt nye tøfler i barnehagen og har rikeleg med andre UFO-ar som eg kunne ha prøvd å fått ferdigstilt.

Men det er  jo alltid kjekkast å starte på noko nytt ;)

05 jan

Juleribb(er)

Her i huset er det pinnekjøt det går i i jula, men på hobbyfronten endar eg ofte opp med strikketøy når det er som mørkast ute. Det er då vi er samla alle inne om kveldane og å sitte med strikketøy er tross alt litt meir sosialt enn når eg set meg med symaskina.

Så i desember har eg strikka ribbestrikk. Fyrst ein genser av Pickels Pure Alpaca. Garnet skulle fyrst bli kjole, men praktiske meg endra meining etter ei stund (og så tok strikkemønsteret på stakken på kjolen veeeldig lang tid å strikke) og rekte opp. Og det vart flott som genser! Vetlesysta fekk denne i julegåve frå oss. «Har du strikka den til meeg?!» Kjekt med ungar som blir glade og overraska sjølv om dei har prøvd plagget undervegs i prosessen ;) Dette er ein veldig mjuk og veldig varm gensar.

I romjula strikka eg ein NonStopTop i Nøstebarn-garn (link til mønster i Ravelry – krev innlogging). Nøstebarngarn er ikkje mitt favorittgarn må eg innrømme, til det er det litt for stikketete og stivt (kanskje spesielt etter å ha strikka med Pickles Alpaca), men oppskrifta anbefalar eg. Men det geniale er at på denne blir det berre to trådfester – start og slutt, med mindre du strikkar med fleire fargar. Eg trur den er nokså varm, for den ryker nokså fort av igjen når ho har den på inne.

Eg valgte å strikke bakstykket litt sidare og syns det gjer toppen ekstra fin. Kunne òg tenkt å tatt av to omgangar ved knappen/splitten framme for at den ikkje skal ligge så tett på halsen, så det skal eg gjere neste gang eg brukar dette mønsteret.

Gensaren som eg strikka til jul var litt i største laget til å ta i bruk med det samme, så eg tenkte eg skulle strikke ein ribbegenser til. Denne gangen i litt tunnare garn og altså litt mindre. Denne gangen blir det Abuelita tretråds merino/merino multi. Garnet vart ikkje slik i mønsteret som eg hadde tenkt det oppstrikka, men mjukt og godt er det i alle fall. Denne strikkar eg etter oppskrifta på Ribbegenser i Nøstebarnboka, men i staden for pinne nr. 2,5 og 3 brukar eg pinne nr 3 (bård) og 3,5.

I romjula spurte dessuten eldstejenta om eg kunne strikke henne ein Mariusgenser. Og sidan det er svært sjeldan den jenta spør meg om å lage noko til henne kunne eg ikkje seie nei. Så no vekslar eg mellom ribbegensaren og Marius. Den siste blir i orginalgarnet Sandnes Alpakka.

Men to ulike prosjekt – begge med pinne nr 3,5 – gjer vel at eg får nok av strikking for ei stund. Så då får eg tørke litt støv av symaskina igjen. I det siste har den visst kun fått lov til å bidra med reparasjonar av tøy.

 

08 des

Magisk flette

Har du nokon gang prøvd teknikken hemmelig eller magisk flette? Av ei remse med skinn kan du lage enten bokmerke, armband eller kanskje til og med til eit belte eller hundehalsband. Dette er relativt enkelt å gjere om du kan flette vanlig, det einaste som er skilnaden er nokre enkle vriar innimellom mens du flettar.

Eit armband t.d. lagar eg av eit emne som er litt breiare enn det eg vil ha det til slutt, og i alle fall 1 cm lengre enn det eg vil ha det. Eit breidt emne «stel» meir av breidda fram til ferdig produkt enn eit smalt emne. Litt vanskeleg å gje ein eksakt mal på dette. Til meg sjølv ville eg brukt 22 cm x 1,5 cm breidde for å få eit ferdig armband på ca 21 cm.

Del remsa i tre like delar på midten men ikkje heilt ut i endane. La det stå igjen så mykje du treng til å knytte, sette på spenner eller kva som passar til ditt produkt.

Eg har teikna korleis magien går føre seg i hemmelig/magisk flette i ein nedlastbar pdf her:
hemmelig

 

eller du kan sjå på denne videoen på Youtube:

Det går òg an å flette med fem «trådar». Då må du endre på kor tid og kor du smetter enden gjennom og litt på sjølve flettinga. Om du er nysjerrig på dette kan du sjå på denne:

14 sep

Fora pung

Om ein googlar på «lined zippered pouch tutorial» kan ein finne mengder av framgangsmåtar på korleis ein lagar slike pungar som dette. Bildene på google viser pungar i ulike størrelsar og av ulik utsjånad.

Eg har funne min måte å gjere det på, ein måte som eg syns gir god form på pungen rundt endane på glidelåsen og som lagar ein liten botn slik at pungen kan stå oppreist under rette forhold.

Ytterstoffet her mistenker eg er frå IKEA – korriger meg gjerne. Litt sånn halvstivt med ørlitt struktur. Innerstoffet er vanlig lappestoff – tunn bomull. Glidelåsen er resirkulert frå eit eller anna plagget. Planlegg å bruke litt av lappestoffene mine til å lage fleire slike pungar. Kjekke å ha til dømes i veska, kofferten, strikkekorga, skulesekken eller toalettveska til dei små tinga. Kjapt prosjekt til korte systunder.

15 aug

Bokslakt igjen

«Snille, bittelille Jumbo var en liten elefant som så gjerne ville se seg om i verden. Og en vakker dag så rømte han fra Berit og forsvant ut av døren for å gi seg ut på ferden…»

Lille Jumbo kom seg trygt heim til Berit veit vi, men her i huset har boka om stakkars Jumbo lenge mangla mange sider. Mange nok til at eg, til tross for (eller kanskje på grunn av) Egnerjubileum våga å gi boka ei ny oppgåve her i livet.

Denne boka er som «alle» veit ei tunn bok og ikkje egna for veske (ref. forrige innlegg). Men den er fin å sjå på, og kan gjerne henge på veggen. I går fekk eg mellom anna nokre urverk i posten frå «snopebutikken» cchobby. Og i kveld satte eg i gang med drill, skalpell og limpistol for å lage/montere bokklokke.

Tips til framgangsmåte for bokklokker av ulike variantar er det lett å finne på nett ved å søke på «reuse old books» eller lignande. I kveld fann eg òg bokklokker i denne norske bloggen.

Ungane her likte den godt, og dei to største jentene har alt bestilt meg til å vere med og designe eigne klokker til dei. Spørs om vi må ein tur til bokbyen i Fjærland i helga for å kikke på bøker ut frå korleis dei ser ut brukt som alt anna enn lesestoff!

 

26 jul

Gjenbruk av bøker

Huset vårt inneheld ein heil masse bøker. Eg er litt arveleg belasta med bokglede, men innlegget her går ikkje på lesing. Tvert imot på alternativ bruk av bøker. I sommar kom det nemleg ei heil ladning med gamle bøker på trappa frå noko eit bibliotek hadde kassert. Eg likar veldig godt å lese, men her var det meir enn eg kunne gape over. Sjølv om eg sikkert burde formidla bøkene vidare til nokon som kanskje ville lese dei så gjer eg ikkje det. Ikkje alle bøkene i alle fall. Nokre av dei skal eg sprette opp…

Ei av bøkene har eg alt partert og laga om til ei veske etter inspirasjon frå mellom andre Hungrypanda og Wikihow. Eg trur eg vil  teste ut å følge den fyrste av desse meir slavisk  neste gang. Både fordi den er den som inneheld mest saum og fordi den ser ut til å gjere ting på litt lurare måtar på eit par av punkta eg streva med på denne.

Hankane er heimelaga av skinn med ståltråd som forsterkning inni.

06 mar

Toveis

I vinterferien begynte eg på ein «toveis» kjole etter mønster frå Pickles til vetlesysta. Godt mjukt garn og fine fargar, men akk så tidkrevande mønster. Den har dessverre blitt liggande urørt etter at eg kom heim igjen. I kveld skal eg plukke den fram og sjå om eg kan få den til å vekse litt igjen.

31 jan

Oisann

her var det visst lenge sidan sist post. Betyr i grunn berre at dagane fyk utan at eg får prioritert å bruke tid på å blogge. Litt handarbeide har det vorte likevel. Mellom anna har vetlesysta fått seg ein Oslo anorakk i Abuelita multi frå Pickles.

Eg har brukt andre fargar enn i forslaga hjå Pickles sidan eg ikkje hadde nok einsfarga til å bruke same fargen overalt der det skulle vere einsfarga. Vart ikkje så veldig imponert over plagget. Mulig det er meg, men hetta verkar slaskete og eg fekk det ikkje til å stemme frå halsen og opp sjølv om eg hadde rett masketal i følge oppskrifta. Fekk no juksa det sammen på eit vis. Skulle sikkert ha strikka kanten på hetta på ein annan måte men eg gjorde det slik som det stod i mønsteret (med mindre eg har misforstått noko).

Men ei fin «by-jakke» vart det uansett. Har starta på ein «Hudson Hat» i restegarnet (link til kjøpemønsteret på Ravelry – ein nettstad som krev innlogging).

21 nov

Testing testing 1,2,3…

…4 og 5.

Testing må til når ein skal få til gode plagg. Og testing har det blitt ein del av siste tida – av huer. Eg har både fått andre til å teste huemønster via forumet sykroken og har sydd ein heil del huer her heime sjølv.

Her er fem av dei minste eg har sydd siste dagane. Frå størrelse 24 som passar til ei lita dokke, str. 32 som passar til baby-born-dokka og opp til str. 47 som passar til vetlesysta her i huset. Størrelsen større er òg omtrent i boks. Planen er å få fram mønster på desse opp til og med ca 53 cm.

Eg tykkjer etter kvart at eg har fått fram ei hue som går godt ned både i panna og nakken, men det står att ein del prøving før eg er framme ved ferdig mønster i alle størrelsar.

Alle babyhuene har ytterstoff av bomullsjersey frå ulike butikkar, og innside i enten ull eller bambus. Dokkehuene har innside i bomullsjersey. Som snorer brukar eg helst flate skosnører. Gode, mjuke og skikkeleg haldbare snorer.

Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal legge ut mønsteret for deling/sal. Det fins etter kvart mange mønster å få kjøpt på nett, så det er mogeleg eg berre brukar dette mønsteret for eigen produksjon.

19 nov

Lun hals og varm puls – mønsterslepp

No kan de få kjøpe mønster på den flotte halsen (/kragen/laushalsen) og pulsvarmarane som eg har pusla med i det siste.

«Mønsterbutikken» finn du her eller ved å fylgje linken oppe på menyen. Mønstera er digitale (pdf-filer) og til personleg bruk. Skikkelig raske, fine og varme både til gåver og til eins eigne og god bruk av restebitar etter t.d. kjolesaum.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til mønstera eller til kjøp av desse.

Takk til gode sydamer på sykroken som har stilt opp og prøvesydd og kommentert på mønsteret for meg!

07 nov

Varm puls

Eg syslar med å lage mønster til pulsvarmar og hals og i dag sydde eg nokre nye av fyrste sorten for å teste ut framgangsmåten. Herlege mjuke i finaste merinoull. Desse er fine både til tastaturbruk og utendørsaktivitetar når det er berre litt kaldt.

Gode nettvenner hjelper meg med å teste ut mønsteret før eg legger det ut for salg. Lurer på å inkludere ei lue i mønsteret, men har ikkje heilt bestemt meg for kva slags lue det i tilfelle skal vere.

06 nov

Litt kladd med fleece og nok ein onion-kjole

I dag har eg sydd dette settet i fleece i dag som ein «kladd» på vegen mot å lage eit godt mønster på hals og pulsvarmarar i valgfritt stretchmateriale. Eg tenker sjølv primært å lage halsen i ull og evt. pulsvarmarane i litt fleire variantar som pyntete i jersey eller litt varmare i ull. Mønsteret har eg tenkt å prøve å digitalisere slik at det skal kunne delast.

Pulsvarmarane vart straks adoptert av eldstejenta på 11, og mellomsta har bestilt seg eit par ho òg. ;) Fargen er lilla på desse og både halsen og pulsvarmarane er vendbare (men like på begge sider).

Kjolen som eg nevnte i forrige post laga eg ferdig i går. Den har fått lommer og broderi. På venstre arm står det «Take what’s left and make it right». Ei lita heks og katten hennar har fått plass på rompa. Broderiet er laga med tråden Güterman Mara som eg har fått til å teste ut frå denne nettbutikken via forumet sykroken.

Eg har laga lomma av eit einaste stykke tøy og viser gjerne korleis eg gjer det om nokon er interessert.

03 nov

Onion 2035

Tunika sydd i isoli med fôr av bomullsjersey i hetta (og som kant nederst). Mønster Onion 2035.

Eg har sydd nokre gensarar/tunikaer og kjolar til meg sjølv, men dei blir stort sett ikkje så mykje brukt. Eg har alltid eit eller anna å utsette på dei. Enten det er passform, ein eller annan feil eg syns eg har gjort, eller halsen. Halsen er nemleg veldig viktig for eit plagg – bortsett frå på bukser muligens ;). Denne tunikaen har fått hette, noko som lagar ein god hals. Og for den saks skuld er eg villig til å sy fleire hetter sjølv om eg ofte syns dei blir litt i vegen. Kanskje ikkje så mykje i vegen på eit vaksenplagg som til barn, men det er eit litt uavklart forhold mellom meg og hetter.

Eg har alt klipt til ein tunika til i samme mønster. Litt smalare i ryggen og lengre overdelar, heilt lange ermer (denne vart verken 3/4 eller lange) og ikkje fullt så spiss hette. Det siste rett og slett fordi det ikkje var stoff til meir. Mulig eg brukar restane av stoffet til lommer. Lilla isoli med fôr av rosa/cerise bomullsjersey. Kanskje eg til og med pyntar den med eit eller anna broderiet.

27 okt

Uhu!

Oktober går mot slutten og Halloween skal feirast med gode venner både her og der. 9åringen bestilte kappe – med ermer og hette. Etter å ha kikka på kapper i leikebutikkane og tenkt litt fram og tilbake har eg i dag sydd ei kappe til henne her heime.

Her kan du sjå korleis eg klipte ut i stoff som er bretta dobbelt to ganger. «Mot brett» er først oppe i skulder-erme-linja og så midt framme. Utklippet mellom ermet og sjølve kappa vart til hette. Gledar meg til å prøve den på henne når ho kjem heim.

Eg skvetter kvar gang eg går forbi den der den står og sniker i kroken ;)

18 okt

Oktoberstille – i bloggen

Når eg ser gjennom bilder på maskina mi og innlegg i bloggen er hausten ofte ei stille tid. Tilsynelatande. Det betyr for min del berre at det skjer mykje i RL i familien. Korps, 4H, musikkskule, allidrett, fotball, turn og klatring er noko av det som ungane er med på i haust. Og vi køyrer. Til og frå. Bringer og hentar.

Handarbeidsfronten avspeglar litt av dette. Ei av jentene har form og fantasi i 4Hoppgåve så då har ein del tid på syrommet blitt brukt til hennar prosjekter. Ho har mellom anna designa og klipt ut lappar til ei dongeriveske. Ho sydde sjølv bitane sammen til sidestykker og så monterte eg veska og sydde på hank. Ho fekk sjølv klippe opp alle kantar på veska før den fekk ein runde i vaskemaskin og tørketrommel. Stilig, ikkje sant?

Vegglommer til det nye rommet hennar har vi òg laga. Her sydde nok eg det meste, men det var ho som bestemte korleis det skulle sjå ut.

Lommene er frå ulike bukser som er kasserte og sjølve framstykket er deler frå to ulike buksebein frå to ulike bukser. Eg har ein heil kasse med dongerirestar så det var godt å få brukt litt av dette til desse to prosjekta. Bakstykket er einsfarga brun bomullslerret. Eg sydde på eit stykke med platevatt for å få det litt stivt.

På sundag er det haustfest og produkta frå årets oppgåve skal stillast ut. Midtimellomjenta har ballett som si oppgåve og stiller mest ut bilder. På festen skal ho danse (ikkje akkurat ballett men…) med ei vennine i heimesydd kostyme. Muligens både bukse og topp dersom mora får satt seg ned og sydd ferdig toppane. Elles får det bli heimesydde bukser og svarte t-skjorter frå Cubus ;)

09 sep

Litt barnehagesaum og actionbilder av gårsdagens bukse

Eg har pusla med litt syarbeider i dag òg. Tøfler til barnehagen må til og dei fekk visst køyrt seg med det samme ute i sandkassa (ut med pappaen ja). Så vått som det var i graset dag vart ho både litt våt og kald på føtene til slutt, men det heldt lenge. Så ingen kan seie at dei ikkje er skikkelig testa i alle fall. Buksa som eg sydde i går gjekk med i same testen. Funkar godt både til traktorkøyring, sandkassegraving og anna moro.

I går sydde eg forresten òg ei jerseylue med ullfôr. Den er berre ein litt større størrelse av lua eg har sydd tidlegare etter eige mønster (eit mønster som eg visstnok hadde tenkt å dele – skriver opp digitalisering av mønsteret på to-do-lista). Vetlesysta meinar forresten at om katten kan drikke av sølepyttar når han er tyst, ja så kan vel ho òg gjere det!?

08 sep

Ei bukse som slett ikkje er kilen

Eg har sydd fleire bukser etter eige mønster til vetlesysta no, og dei har alle vorte litt ulike. Nokre har eg sydd uten kile og nokre med, nokre med lange bein, nokre med korte, nokre med ribb og nokre uten. Så var det det med kile då – veldig greitt å få lagt til litt slitestyrke og bevegelsesrom i skrittet, men plundring å få sydd fint sammen. Så kva gjer ein då? Jo, ein lagar eit mønster uten kile. Eller, buksa har på ein måte kile likevel sidan eg har integrert litt ekstra stoff i bakstykket.

Den lilla ullbuksa under var første test på dette nye mønsteret. Sjølve buksa er i ein tynn ullfilt og kantane oppe og nede i ulljesery.


Etter første utkast tegna eg mønsteret på nytt og sydde ny testbukse. Denne har eg ikkje fått prøvd på jenta enno, men eg syns den ser ut til å vere slik eg vil ha den. Buksa er sydd i velourrestar etter ein kjole/tunika eg sydde til meg sjølv her om dagen. Velour har god strekk, så eg har brukt samme stoff til ribb både oppe og nede som i sjølve buksa. Resultatet er ei romsleg bukse heilt utan irriterande saumar midt framme og bak.

28 aug

Gjenbruk og langbruk

Langbruk er gjerne ikkje eit ordentleg ord, men eg prøvde berre å finne eit ord for å bruke noko lenge. Vetlesysta har begynt i barnehagen og eg har kjøpt ein todelt overtrekksdress til henne til litt å ha når det regntøy eller parkdress blir for tjukt eller for tett. Eg likar ikkje å kjøpe tøyet berre akkurat passe stort, men det er heller ikkje så moro å gå i for store plagg, men med akkurat desse to plagga hadde eg ein plan for korleis eg kunne unngå dette.

Buksa har eg stramma strikken nede på nok til at den held seg oppe over skoa. Jakka måtte eg gå litt meir drastisk til verks med. Her bretta eg dobbelt litt av foret og sydde ein saum rundt heile ermet. Eg brukte ein tråd i sterk farge slik at den skal vere lett å plukke vekk når jenta treng lengre ermer. Her har eg tatt bilde når eg har fiksa eine ermet. Ein kan skimte legget såvidt på bildet.

Haust og skulestart er ofte tid for å rydde litt i klede. Med fire ungar blir det ein del som skal arvast mellom dei ulike ungane, noko som skal lagrast og noko som skal gis bort eller kastast. I haugen med avlagt tøy såg eg meg ut eit velourskjørt som eg har sydd om til ei bukse til vetlesysta. Litt stor enno. Kan tenke meg den er ca str. 86/92. Eg brukte mitt eige mønster.

19 aug

Hausten er i gang i hagen

Hausten er nok mi favorittårstid. Mine eigne skuleopplevingar var gode, og hausten såleis fylt med gode forventningar. No blir dette avløyst av spenning knytt til våre eigne ungar sine skuleår.

Noko anna som like mykje som dette gjer hausten til ei kjekk årstid er alt som veks og modnast i hagen og i drivhuset. Her er eit lite utvalg av bilder frå når vetlesysta og eg hadde oss ein runde med kamera ute og i drivhuset.

 

18 aug

Skinnsaum

Haust = skulestart. Eg hadde lova eldstejenta mi eit nytt pennal i skinn og at det skulle vere ferdig til skulestart. To dagar før er vel i rikeleg god tid vel? Eg broderte navnet hennar på eine sida før eg sydde det saman. Eit firkanta stykke på 20×23 cm (23 er lengda) og sirklar med 7 cm diameter i endane. Glidelås på 25 cm for at den skal sitje godt fast i endane. Denne syr ein på før ein syr på sirklane i endane. Eg la òg inn ein folda skinnbit i kvar ende for å ha noko å halde i når ein skal opne og lukke glidelåsen.

Det var forresten ikkje berre skuleungane som skulle ut av huset her i dag. Minstejenta vår hadde fyrste tilvenningsdag i barnehagen og eg var med heile tida. Under lunsjen såg eg at det mangla stropper på fleire av tripp-trapp-stolane. Det er lenge sidan barnehagen har hatt så mange små som i år (trur eg), og at slike småting forsvinn når dei ikkje er i bruk er ikkje så rart. Eg spurde om dei var interessert i at eg skulle sy nokre nye, for det er veldig kjapt gjort. Det var dei. Så medan vetlesysta sov ut etter barnehagebesøket, og  broderimaskina jobba med å merke mellom anna handdukar og koseklutar som skal vere med i barnehagen, sydde eg tre stk.

Framgangsmåten er som fylgjer: Klipp ei skinnreim 46 cm lang og tre cm breid og klipp endane runde. Brett remsa dobbelt og sy rundt langs kanten frå ca fem cm frå bretten til du kjem like høgt på andre sida. Putt ei (tre)perle ned i remsa, mellom saumane, og sy så tvers over øverst (ca fem cm under bretten). Forståeleg? Om du ser på bildet og i tillegg har brukt ein tripp-trapp-stol så gir det kanskje meining. No kan du sy matchande remser til alle stoputene du har ;)

Vidare planar på syrommet er å lage i alle fall ei smekke etter oppskrift frå boka Growing Up Sew Liberated som eg fekk i posten her om dagen. Ei vendbar smekke som ein kan bruke både bak fram og på begge sider. Må vere perfekt til barnehagen der eg ikkje kjem til å hugse å  kan ta den heim for vask kvar einaste dag. Om eg i tillegg syr to, så burde eg vere godt sikra på den fronten.

21 jul

Sommartider

Sommaren er definitivt her med både varmt vær, nakne tær og modne bær (drog eg den litt langt tru?) og blogging er noko av det siste eg tenker på og har tid til om dagane. Ikkje har eg tider til å sy eller produsere noko å blogge om heller. Vel ein hagepost eller to kunne eg jo ha fått til. Kunne skrive om det lange graset/kløveren på plenen eller agurkene som veks så vi kan sjå det frå dag til dag i drivhuset. Men ikkje i dag…

I det siste har vi brukt litt tid på Geocaching. Vi har funne 10 cachar til no, og har til og med plassert ut to små sjølv her i heimkommunen. Vi (les: eg) er så lett(e) å glede at det var store smil å spore når mailen tikka inn om at den eine posten alt var funnen av ein ivrig geocachar mindre enn eit døgn etter at vi gøymde den. Eller faktisk var den funnen av to, men den som var FTF (First To Find) har ikkje logga funnet sitt (enno). Og i hylla ligg det ein micro og ein nano-cache og ventar på å bli plassert ut når vi har fått tenkt ut gode plasseringar for dei. Desse er nok mykje lettare å plassere enn plastboksane vi var ute med i går, men desto verre å finne uten å bli oppdaga.


Men kor er manerane mine? Tusen tusen takk for gode ord på mitt innlegg om bloggeblues og ditto under hageinnlegget. Eg sluttar ikkje å blogge med det fyrste – om ikkje det skjer noko uforutsett då – men eg kan nok love at eg ikkje kjem til å gå for strebaralternativet d) heller. Å fortsette som no med sterke innslag av «ta det som det kjem» er kursen vidare. Takk for at du leser, og tusen takk til dykk som innimellom eller rett som det er legger igjen eit ord!!

Sjølv følger eg med ein heil mengde bloggar gjennom Google leser og innimellom prøver eg å ta meg tid til å gå vidare inn på bloggane og legge igjen kommentarar. Skulle gjerne ha tid til å gjort det meir, men det eg gjer som ikkje tar tid er å dele ein del innlegg via bloggen min (sjå til venstre i margen) som ein liten gest til gode innlegg/bloggar/bloggarar. Dette gjer eg mykje oftare enn eg postar nye innlegg og det visar ikkje i Bloglines, Google reader, Blogloving el.l. Så ta gjerne turen innom ein gang i blandt for å sjå om eg har nye anbefalingar til vidare bloggsurfing!