12 feb

Kontrastfelt ved hjelp av Offset

Offset er ein metode som man kan bruke om man til dømes ynskjer å bryte opp mot ein mønstra bakgrunn eller ynskjer ein annan farge rundt motivet for å framheve dette på annan måte. Det kan òg gi ein skuggeeffekt på design, eller brukast berre fordi du har funne to fargar som utfyller kvarandre fullt ut

Framgangsmåten for å lage kontrstfelt ved hjelp av offset er heilt lik på tekst og andre motiv. Eksempelet tek føre seg dekor til ei drikkeflaske med ein kontrastfarge heildekkande bak og ein annan farge på sjølve motivet.

Eg har fyrst laga hovudmotivet mitt ved å skrive teksten Vatn og H O der eg skal ha eit 2-tal i mellom H og O. 2-talet skriver eg for seg sjølv.


2-talet vil eg ha litt mindre enn bokstavane og skråstille mellom H og O.  Ved å trykke på talet blir det merkt og eg kan skubbe i eine hjørneklossen for å endre størrelse. Å bruke hjørneklossane til skalering gjer at motivet/talet held på proporsjonane. Så snur eg det litt ved å ta tak i den grøne kula og vri. Eg drar det så bort der eg vil ha det saman med resten av teksten før eg merker begge element og grupperer.

For å lage kontrastfeltet som ei “boble” rundt motivet brukar eg funksjonen Offset. Høgreklikk på motivet og vel offset i menyen som kjem fram. Du kan òg finne knappen for Offset på høgre meny oppe eller via tekstmenyen. 

Me skal ha ein ytre offset – ikkje ein internal offset her. Internal offset legg streken på innsida og Offset på utsida av den opprinnelige streken. Juster talet enten på skalaen, med piltastene eller ved å skrive inn ønska tal og trykk på Apply i menyen eller Enter på tastaturet.

Eg vel ein relativt stor offset på mitt motiv på 0,48 før eg trykker apply.  Eg sjekkar raskt om offset-linja er fleire deler (=fleire merkeboksar). I så tilfelle brukar eg Group (Ctrl + G, hurtigtast nede i venstre hjørne eller via tekstmenyen Object + Group) medan offset-linja fortsatt er merkt.

Eg har lyst til å ha ein vassdråpe som pynt mellom orda. Eg har ein som er ferdig vektorisert, og hentar denne inn i programmet mitt med File + Merge. Den passar fint mellom dei to orda. Eg merker orda og dråpen og gir desse blå linjefarge for å markere at desse skal kuttast samtidig


Eg vil òg ha ein offset rundt dråpen. Hadde eg lagt denne inn i starten saman med teksten kunne eg gjort dette samtidig med orda, men no må eg ha ein ny runde berre med dråpen. Legg merke til at du kan velge å ha både runde og kantente hjørner på offseten. Klikk deg gjerne inn på dei ulike for å sjå kva det har å seie for ditt motiv.

Når eg skal kutte motivet vil eg kutte orda og dråpen etter linjene rundt det blå motivet. Omrisset kan eg enten berre kutte etter den ytterste linja og legge under det andre som lag på lag. Eller eg kan kutte med begge linjene og få eit puslespel av omriss og motiv som eg må “pusle” i kvarandre. Eg vel det første med eit heildekkande område bak og sjølve motivet klistra oppå, lag på lag.

Når eg er klar til å kutte lastar eg materiale inn i maskina etter farge, eitt om gangen. Eg tek først materialet til orda og dråpen inn i kuttemaskina. Under Advanced vel eg å kutte etter linjefarge og hakar av berre den blå.

Når eg etterpå lastar inn materialet eg skal ha bak, hakar eg av på raud og fjernar haka på blå.

Dersom eg vil ha omrisset bak slik at det berre er på utsida og ikkje under heile motivet må eg hake av for begge fargane i denne omgangen.

Så er det berre å renske motiva og overføre dei til vassflaska mi eitt etter eitt.

Litt meir om offset pluss veldig mykje anna kan du lese om i e-boka mi som du kan kjøpe her.

25 jan

Den Norske Silhouettehandboka 1.0

I dag har eg store nyheiter! Etter mange lange veker med skriving er eg endeleg klar for å gi ut “Den Norske Silhouettehandboka”. Det har gått nokre ekstra dagar med å lage ein bokmålsvariant av boka i tillegg til orginalen på nynorsk, men no er begge utgåver i mål!

“Den Norske Silhouettehandboka 1.0” og “Den Norske Silhouettehåndboken 1.0” er heilt identiske utover målforma, og du får link til å laste ned begge bøker i pdf-format når du kjøper, så då kan du velge målføre sjølv.

Kjøpet gjeld for ein person/husstand. Boka leser du meir om og kjøper i nettbutikken!

04 jan

Compound Path versus Group versus Convert to Path

Compound path og Group, og motstykka deira Release Compound Path og Ungroup, er to hyppig brukte kommandoar i Silhouette Studio så fort du skal begynne å redigere eller lage noko sjølv. Convert to Path lagar saman med desse to ein viktig trio.

Det er ikkje alltid så lett å sjå skilnaden på desse sidan dei ofte gir tilsynelatande samme resultat, avhengig av kva man jobbar med sjølvsagt, og sidan det ofte ikkje inneber nokon skilnad når du skal kutte. Men med det same du skal bruke Silhouette Studio til å lage noko for utskrift på printer som t.d. eit print and cut* prosjekt, eller du skal fargelegge eit design i fleire fargar, til dømes for å kunne sjå for deg om resultatet av kuttelinjene du har laga blir som du har tenkt, kan det vere kjekt å vite litt meir om kva skilnadane er.

*Print and cut:  Design laga i Silhouette Studio kan skrivast ut til printer med registreringsmerker som di kuttemaskin kan lese av. Ved å bruke slike registreringsmerker “ser” kuttemaskina kor designet ligg på matta og du kan presist kutte ut motiv du har printa.

Eg skal prøve å illustrere skilnaden mellom “Group”, “Convert to Path” og “Make Compound Path” med nokre bilder frå programmet. Eg har her på arbeidflata mi henta inn eit bilde. Eg har traca dette og skrive ordet Prinsessa! under dei to bildene av prinsessa mi  

Desse tre er alle objekt i programmet sjølv om dei er ulike. Det raude er eit vektorbilde – ein linjetegning ut frå bildet til høgre.  Det andre er eit rastebilde i jpg-format, eit heilt vanleg bilde. Teksten er – tekst.

Sidan eg har stilt dei så fint opp tenkte eg å gruppere dei for at dei skal holde på avstanden seg imellom og på størrelsesforholda seg imellom. Eg velger alle tre ved å klikke på dei etter tur medan eg held nede shift (evt kan eg dra klikke i overkant i eine hjørna, holde museknappen nede og dra diagonalt over det heile slik at det blir danna ein firkant rundt det heile. Du kan òg bruke knapp nummer tre nede til venstre – den vil velge alt du har framme). Group fins på ein menyknapp nede i venstre hjørne, under høgreklikk og i Filmenyen under Objekt.

Å gruppere endrar ingen av objekta. Dei blir låst i forhold til kvarandre, men objekta er fortsatt vektor, raster og tekst.

Om vi i staden hadde brukt Convert to Path hadde objekta ikkje blitt låste til kvarandre som med Group. To av dei hadde òg blitt vesentleg endra. Vektorbildet ville fortsatt vere vektor, men rasterbildete ville blitt forandra til ei ramme med bildefyll. Eg har dratt litt i eine hjørneklossen for å illustrere. Teksten er blitt til ei linjetegning av eit ord og ikkje lengre redigerbar tekst.

Om eg i staden for å bruke Convert to Path haddde merkt alle og brukt “Make Compound Path” hadde eg fått fylgjande resultat:

Objekt i ein compound path er eitt og same objekt uavhengig av om dei heng saman eller ikkje.  Alle objekta er på same sti – path. Dei er låst i forhold til kvarandre og dei har alle fått samme eigenskap (raud fyllfarge). Om du bryter stien kan du t.d. sette dei raude endepunkta sammen med andre endepunkter på same sti sjølv om dei ikkje nødvendigvis er i same bilde.

Gruppering av objekter endrar ingen ting i forhold til kva lag (Layer) objekta ligg på.  Når man tegnar i Silhouette Studio tegnar man i eit nytt lag for kvart nye objekt man tegnar, dvs at det første havnar underst, nummer to oppå der osv. Dette er greitt å vite når man t.d. skal drive med Modify Tools som Subtract og Subtract All og når man skal fargelegge. Om man fargelegger eit heilt ark og legger det på toppen blir heile motivet fargelagt/borte fordi det er noko som ligg over det, men man kan enkelt sende objekt framover og bakover i forhold til dei andre og få fram dei fargane man ynskjer på rette plassane.

Her har eg tegna ein katt som sit og kikar på stjernene og ei flaggermus.

Eg ynskjer å ha ein måne der i tillegg og tegnar den på. Vi ser at den havnar framfor flaggermusa, altså som øverste lag.

Medan månen framleis er valgt går eg på objektmenyen og velger Object + Arrange + Send To Back. Vi merker bakgrunnen (ramma) og fyller denne med ein nattfarge.

Vi kan sjå at nokre av stjernene har havna bak bakgrunnen og sender difor bakgrunnen bakerst med samme kommando som vi brukte på månen. Kommandoen finst òg i høgreklikk-menyen.

Håpar dette gjorde deg litt klokare når det gjeld Compound Path/Path og Group. Det er alltid kjekt med ein kommentar, så legg gjerne igjen eit lite livsteikn om du har lest og hatt nytte av det eg skriver.

:)

03 jan

Tekst langs linje (Text to Path)

Ein av mine første filmar på YouTube i serien min om Silhouette Studio handla om å bøye tekst i sirkel. Å kunne la teksten følge ei form eller ei linje er ein kjekk funksjon i design av eigne kuttemotiv, men det er ikkje alle som veit at ikkje berre sirklar, men alle slags former og linjer kan brukast til dette. Det er sjølvsagt ikkje alle former og linjer som egnar seg like godt, men det meste kan tilpassast.

La meg vise deg med nokre døme først. Her kan du sjå to design der eg har kutta ordet ut av ei form. Ordet er plassert inne i forma langs kantlinja.

Du kan legge teksten enten på utsida eller på innsida av former, eller på den eine eller den andre sida av ein strek, ei kurve eller kva som helst slags linje som er ein sti. Alt du tegnar i Silhouette Studio er sti/path så alt du tegnar av former og linjer i programmet kan du bruke. I neste døme har eg sett inn ekstra mellomrom nokre plassar for at det betre skal passe med forma.

Legg merke til at linja på sjølve skya over her er gått frå å vere raud som den er standard når man tegnar den til å bli grå. Det viser oss at den ikkje lengre er ei aktiv kuttelinje. Om vi vil ha den som kuttelinje t.d. om vi skal kutte skya i ein farge og teksten i ein annan farge, så kan vi markere linja, gå på objektmenyen og der velge convert to path. Hugs at både tekst og linje då vil kuttast samtidig med mindre du går inn og velger no cut eller drar det elementet som ikkje skal kuttast til holdeområdet medan du sender det andre til kutting .

Når du setter teksten på ei form vil du legge merke til at den havnar enten på utsida (yttersving) eller innersida (innersving) av forma eller linja.

Du kan velge kvar den skal ligge ved å forsiktig dra musepeikaren til den eine eller andre sida av stien (inn i eller ut av forma – på opp- eller nedsida av strek). Du vil sjå at teksten hoppar inn/under om du bevegar deg eit stykke inn i/under streken og ut/opp om du bevegar musepeikaren ut/opp.

Glidebrytaren i starten av teksten lar deg justere kor langt frå linja, innover eller utover, teksten din skal ligge. Om du vil endre bokstavstørrelse eller font m.m.  må du enten merke heile teksten (Ctrl+a)  medan du står i den grøne tekstboksen, eller gå ut av tekstboksen og merke teksten ved å klikke på den. Då kan du endre alle teksteigenskaper i “Text Style”/tekst stil-menyen.

Du kan sjølvsagt òg bruke kuttelinjer i ulike bilder du har traca til å forme tekst. Traca foto gir ofte kuttelinjer med veldig mange punkter med korte linjedeler mellom, så utfordringa er å finne passande linjer der du kan få plassert ein tekst. Ofte kan det bli like fint å legge på ein offset på bildet eller deler av dette og bruke den til å forme teksten.

Her er eit traca bilde av eitt av barna mine som liten. Eg har lagt på ein nokså stor offset på 0,3 og brukar den til å forme teksten “1 år!”

Dersom du skal bruke designet ditt til kutting i HTV / varmeoverførbar vinyl, eller på anna måte treng å ha den spegelvendt må du passe litt ekstra på. Teksten lever litt sitt eige liv når den fortsatt er tekst.

Ein metode er å spegelvende teksten før du legg den på forma eller linja. Då må du hugse å òg spegelvende forma/linja fyrst. Ja om ikkje du har ei heilt symmetrisk form eller linje som er lik uansett om du spegelvender den. Bakdelen med denne metoden er at det ikkje alltid er lett å sjå på designet spegelvendt om det blir slik du har lyst til å ha det.
Metode to krev at du når du er ferdig med å redigere teksten med størrelse, avstand mellom bokstavane etc. gjer den om til path. Høgreklikk på teksten og “Convert to Path”. Bakdelen med denne metoden er at teksten ikkje lengre er redigerbar tekst men ei linjetegning. Det kan vere greitt å kunne bruke metodane alt etter kva krav du har til å kunne redigere det i etterkant. Man kan alltids angre tilbake med angreknapp eller Ctrl + Z :)

Linja eller forma du har brukt til å bøye teksten langs er fortsatt inaktiv, men du kan endre dette i filmenyen om du vil kutte den saman med teksten, slik eg har forklart lengre oppe.

Funksjonen med tekst til linje kan man òg utnytte med såkalla dingbat-fontar. Fontar som inneheld små bilder i staden for bokstavar. Desse fontane har ferdige små linjetegningar som vil oppføre seg som tekst og dermed vil kunne formast langs ei linje på same måten som tekst. Her vist med eksempel frå fonten KG Heart Doodles.

 

21 des

Tracing av foto i Silhouette Studio

Her er ein video eg nettopp har laga på to ulike metodar å trace bilder på.

Utfordringa med bilder er at man må justere seg etter korleis bildet er. Mørk eller lys bakgrunn, mykje detaljer eller store felter med veldig mykje lik farge. Fargebilder eller svart kvitt. Einsfarga trykk eller trykk med fleire fargar?

Ikkje alle bilder er like lette å få til uten å redigere dei først. Men når man så får det til opnar det opp store mogelegheiter for å lage eigne trykk til klede eller interiør med eigne bilder!

Legg gjerne igjen ein kommentar her eller på YouTube så eg veit om filmane mine treffer og hjelper. Kanskje har du noko du gjerne skulle hatt ein film om? Eller noko du syns skulle vore anleis med filmane? Takk for at du ser på!

21 des

Kurs i bloggen

Eg har begynt å legge ut nokre leksjonar i bloggen min knytt til bruken av Silhouette Studio. To av dei  fyrste leksjonane går på kunsten å trace utklippsbilder. Etter kvart kjem det fleire leksjonar knytt til bruken av Silhouette Studio med forhåpentlegvis stigande vanskegrad.

Ta ein titt innom, og legg gjerne att ein kommentar om du finn det nyttig! Eg tar òg meir enn gjerne imot konstruktive innspel på om “kursa” skal vere lagt opp anleis eller innspel til tema. Uansett håpar eg dette er nyttig for deg!

06 des

Bruk av fontar som Samantha Upright (av Laura Worthington)

Når man skal lage eigne design er det kjekt å kunne leike seg med ulike fontar. Eg har tidlegare vist korleis og kor man eksempelvis kan finne nye fontar til bruk på pc/mac og med det i Silhouette Studio.

Men så er det ein del frustrasjon ute og går knytt til fontar som har alternative bokstavar med fine swirlar og snurrar. Kor er desse?! Korleis får man dei fram i Silhouette Studio. Eg skal vise deg korleis du gjer dette på ein pc med Windows og tenker òg å kort kome innom korleis du gjer det på mac.

Fonten som eg skal bruke som eksempel er Samantha Upright Pro av Laura Worthington. Denne kan gjere at eg kan endre eit ord frå å vere kjedelige

foer

til litt meir spennande til dømes slik:

etter

Men korleis? Kor finner eg desse bokstavane med snurrar på?

Du kan dessverre ikkje finne dei inne i Silhouette Studio. Meir avanserte vektorprogram som Illustrator og liknande har innebygd tilgang på alternative bokstavar/glyphs, men altså ikkje Silhouette Studio. Men slapp av. Det er eigentleg ikkje så komplisert. Muligens litt tungvindt, men nokså enkelt når du har lært det.

Skriv teksten din i Silhouette Studio og endre til rett font. Eg brukar Samantha Upright Pro.

Så opnar me eit program som heiter Charmap eller Tegnkart i Windows. Søk etter den om ikkje du finner den med det samme programma dine. Inne i dette programmet kan du få oversikt over alle tegn som er inne i kvar enkelt av fontane du har installert på maskina di.

Eg trykker i feltet Skrift og skriver Samantha og får opp rett font. Standard er denne gruppert som vist her. Unicode og Alt.

charmap

Vi ynskjer å kun sjå dei bokstavane/tegna som ligg i Private Use Areas / PUA eller Tegn for personlig bruk. Vi trykker på feltet Grupper etter: og blar oss ned til Unicode underområde.

charmap2

No poppar det opp ei ny lita rute ved sida av dei andre. I denne kan du sjå oversikt over alle desse underområda. Vi blar nesten heilt ned til botnen der vi finn Tegn for personlig bruk (PUA).

charmap3

Når du trykker på / velger denne vil du sjå at tegna som kjem opp i tegnkartet endrar seg. No ser du plutselig alle dei alternative bokstavane!

skjermbilde-2016-12-06-18-18-29charmap4

For å velge trykker du på bokstaven (du kan bla mellom dei med piltastane) og nei – eg trur ikkje det går an å få den større enn den er – men eg skal gi deg eit alternativ etterpå). Når den er havna i ruta Kopier følgende tegn: kan du trykke på velg og etterpå på kopier og du har den klar til å lime inn i Silhouette Studio.

Flytt deg over i Studio. Dobbeltklikk deg inn i tekstruta. Merk bokstaven du vil erstatte – evt sett markøren der du vil lime inn bokstav der det ikkje er nokon.

skjermbilde-2016-12-06-18-24-46

Lim inn og vips!skjermbilde-2016-12-06-18-25-24

Vi vippsar eit par ganger til fort og gæli og har fått noko som dette:

etterja

Bakdelen med Tegnkart/Charmap er at det er så knøtt lite. Det er ikkje lett å sjå kva bokstavar som vil ta seg best ut når du skal sjå det på ein kvadratcm! Eg brukar difor helst eit anna program. Programmet er gratis, men du må sjølv laste det ned til din pc og installere det. Fordelen med Tegnkart er at det ligg der klart.

Programmet eg snakkar om er NexusFont. Det finst fleire ulike slike fontprogram, men eg har landa på dette enn så lenge. Her kan eg teste ut kva font som passar best til teksten eg skal skrive uten at alt stoppar opp. Eg kan sortere fontane mine – det har eg berre såvidt begynt med – i kategoriar. Og eg kan altså få tilgang på PUA-koda symboler i fontane! Eg søker opp fonten i høgre øvre hjørne. Høgreklikkar på fonten og velger Charmap.

skjermbilde-2016-12-06-18-29-00

I dette programmet er Charmap ein god del større og du får bedre forutsetningar til å velge rett bokstav med ein gang.

skjermbilde-2016-12-06-18-29-41

Du får bokstaven eller bokstavane (kan ta med meir enn ein bokstav om gangen) med deg inn i Studio på tilsvarandre måte. Select og Copy.

NexusFont finst ikkje for iOs, men Apple har sin eigen font-manager i Fontbook. Her kan du finne symbola og kopiere desse med deg inn i Studio. Du kan lese meir om det hjå Apple. Det vi er inne på her står under Forhåndsvisning og Symboler.

Når du kjøper eller lastar ned fontar bør du sjekke om dei alternative bokstavane/tegna er PUA-koda. Det er desse du får tilgang til gjennom Charmap. :) Lukke til med swirlane og glyphane!

 

27 okt

Nye betalingsalternativ i nettbutikken, Vipps og mCASH

vipps-mcash
No kan du velge å betale via Vipps og mCASH i nettbutikken min! Dette vil for deg vere ein raskare måte å få fullført kjøpet ditt på enn via betaling til bankkonto. Med Vipps eller mCASH ser eg med det same kven det er som har betalt og skal ha tilsendt vare :) Du kan bruke desse betalingmetodane uavhengig av kvar du sjølv har konto.

paypal_logo

Det aller raskaste for kjøp av digitale varer er likevel framleis PayPal. Du kan betale med kort via PayPal uavhengig av om du har konto der eller ikkje, og PayPal har innebygd sikring dersom det skulle bli problem rundt eit kjøp. Ved bruk av PayPal får du automatisk tilsendt link til nedlasting av di vare rett etter kjøp, 24 timar i døgnet året rundt utan å vere avhengig av at eg manuelt godkjenner kjøpet ditt :)

Takk for at du handlar hjå meg!

31 mai

Forklekjole – ny versjon av eit gamalt mønster

I dag har eg lagt ut eit nytt mønster i nettbutikken min. Forklekjole i to størrelsar som dekkar 9 mnd til 3 år.

Forklekjole to-i-ein

Når eg først begynte å sy denne typen kjolar var det etter eit mønster frå alt om handarbeide frå ca 1980. Så gav eg vekk bladet som mønsteret var i – litt sånn i vanvare muligens. Eg har likevel fortsatt med å sy likande kjolar men måtte då pønske ut mitt eige mønster. Eg har no tegna oppatt mønsteret eg har hatt liggande gratis i nettbutikken og selger det no i størrelsane 74/80 og 92/98.

Her kan du sjå ein sammenligning av det orginale mønsteret frå alt om handarbeide (etter eit bilde) og mitt mønster av i dag.

aoh vs min

Forklekjole er eit praktisk og fint plagg som ein kan pynte så mykje eller lite man vil. Ein kort kjole som ikkje er i vegen når barn skal opp og ned av det dei skal opp og ned av. Eit plagg som held dei verste flekkane borte frå magen på den fine gensaren utan å vere ei smekke. Plagget har eg lest tradisjonelt har vore brukt både til jenter og gutar, ja kvifor ikkje i grunn.

Mønsteret mitt selger eg i nettbutikken min her. Når du kjøper mønsteret kjøper du òg ein lisens for ein person til å sy for sal av mønsteret (unnateke fabrikkproduksjon). Dersom du har spørsmål eller kommentarar til dette så ta kontakt.

24 mai

Pattern fill i Silhouette Studio DE

Silhouette Studio Designer Edition har en del kjekke funksjonar som eg brukar mykje. Mellom dei er pattern fill. Man kan både legge inn eigne bilder/mønster i mønstermappa (pattern) i biblioteket og/eller bruke dei direkte frå arbeidsbordet. Det siste krever rett nok ein del meir frå arbeidsminnet til programmet. Som kjent er ikkje det alt for imponerande. Men eg har gitt det ein sjanse i denne tut-en.

Eg har latt meg inspirere av andre til å lage eit veggbilde av orda mamma og pappa som passar perfekt for oss i bokstavtal sidan vi har fem barn saman. Heng deg på om du vil sjå korleis eg gjer det.

mplusp4

Eg skreiv først orda mamma og pappa og fann fram til rett størrelse og form på desse. Font: Adventurer Light.

Så gjorde eg bokstavane om til path. Marker orda. Høgreklikk og velg “Convert to Path” eller velg i menyen Object + Convert to Path. Medan orda fortsatt er markerte høgreklikkar eller går du i object-menyen igjen og velger ungroup. No er kvar bokstav eit objekt og du kan redigere dei kvar for seg.

Eg opna alle bildene som eg ville bruke inne i SIlhouette Studio med “merge”.

Marker så ein og ein bokstav og bruk “Property picker”, som du finn nede i venstre meny, til å hente inn bildet som fyll i bokstaven. Måten du gjer dette på er ved å ha bokstaven markert medan du trykker på bildet med verktøyet. Verktøyet forblir aktivt til du velger noko anna, så du kan fortsetje med alle bokstavane til du er ferdig.

mplusp

Her er det mest fargebilder, men òg eitt i svart kvitt. Eg vil ha resultatet i svart kvitt og dette kan du endre i Silhouette Studio!

Screenshot 2016-05-24 11.18.37

For å flytte på eller endre størrelse på fyllbildet velger du “Fill Pattern” i menyen oppe til høgre. Under advanced her kan du finne pan pattern som får fram krysset (sjå på bildet over her) som du kan dra i for å flytte på bildet. Og scale som er å endre størrelsen. Du kan òg velge å rotere bildet, gjere det transparent og ein del anna. Eg har berre brukt scale og pan i dette eksempelet.

mplusp2

Nå alle bildene var på plass hadde eg lyst til å gjere dei om til svart kvitt. Dette går an å gjere i Silhouette Studio, men er gjerne ein funksjon som ikkje er så kjent. Funksjonen er plasser i høgre øvre hjørne og heiter Shader effects. Dette er ikkje ein funksjon som er eksklusiv for Designer Editon såvidt eg har forstått, men den er ikkje tilgjengeleg før frå versjon 3 av programmet. Det står heller ingen ting om den i manualen merkeleg nok.

mplusp3

Under shader effects kan du endre mellom anna kontrast, lysstyrke, invertere fargane osv. Og altså då lage bildet om til gråskala. I praksis svart kvitt. Du drar då skalaen på amount heilt bort til 100% Det er litt småfeil i shader effects og den er ikkje alltid lett å bruke, men det er likevel såpass artig at eg brukar det ein del.

Så er det berre å få endra det bildet eg har lagt inn dobbelt og fullføre designet.

Hjartet har eg berre plassert under orda med “Send to back”. Hugs å velge bilder med god oppløysning viss du skal skrive ut.

mplusp4

 

 

06 apr

Fornying av kuttematte til Silhouette Cameo

Etter ei tids bruk blir limet på kuttematta gjerne metta av støv. Ikkje minst dersom ein kuttar i papir. Eg har to orginale matter i bruk. Begge desse var veldig støvete og kleba lite no. Eg tok bilder medan eg fornya dei slik at du kan sjå kva eg gjorde og evt. plukke opp nokre tips. Mattene er slitte i tillegg til å vere støvete, men dei gjer nytten lenge enno. Dei fleste kuttemerkene er frå når eg var ny med maskina. Eg er heldigvis blitt litt bedre på å stille inn slik at det vanligvis ikkje kuttar for djupt lengre.

Eg brukte ting eg hadde i hus – dvs malertapen måtte eg kjøpe ny sidan eg ikkje hadde meir igjen. Limet eg brukar er KK100, ein lim som eg òg brukar når eg applikerer og maskinbroderer. Leit etter ikkje-permanent spraylim. Ulike typar som ser sikre ut er 3M ReMount og Gunold KK 100 eller KK2000.

2016-04-06 13.21.01

Begynn med å fjerne beskyttelsesarket og legg det til side. Tørk forsiktig over matta med ein våtserviett. Ikkje gni. Bruk store , lette bevegelsar. Vi skal ikkje ha av limlaget, berre støvet som er klistra i det.

2016-04-06 13.23.44

Denne matta er mest slitt i øverste venstre hjørne. Typisk der eg legg småbitar av vinyl når eg skal kutte restar. Kanskje eg må bli flinkare til å variere litt.

2016-04-06 13.27.30

Her er matta nokonlunde rein. Limlaget er fortsatt der på dei plassene det ikkje er slitt bort.

2016-04-06 13.32.32

Eg maskerte kantane – dei vil vi ikkje ha lim på – og så gjekk eg ut og spraya eit tynt lag på heile matta med spraylim. Holdt sprayen kanskje 20-30 cm unna. Pass på å ikkje puste det inn! Spraya eit par ganger ekstra der eg kunne sjå matta var blank på grunn av at limen var omtrent borte. Tok bort maskeringstapen og lot det tørke.

Med matte nummer to ville eg teste ut ein annan vaskemåte. Tappa litt vatn i kjøkkenvasken og hadde oppi ein dråpe zalo. Gneid forsiktig med fingrane på matta for å løyse opp støvet og skylte godt av såpevatnet.

2016-04-06 13.38.28

Når matta var tørr kjentes den perfekt klebrig ut til kutting av t.d. papir som krev ei meir lettklebande matte. Eg valgte derfor å ikkje gi denne ny lim i fyrste omgang. Berre ei lita stripe på sida måtte få litt ekstra – det var nemleg nokså raskt å gni av lim på denne vaskemetoden når eg vart litt for ivrig. Men elles var nok dette meir effektivt enn å bruke våtserviett.

2016-04-06 13.41.50

Uansett ingen grunn til å kjøpe nye matter for meg på lenge.

Eg har i tillegg heimelaga matter som eg har laga av sjablongplast. Denne er akkurat passe stiv. Eg har spraya den med lim som over her etter at eg først ruta opp med permanent tusj. Sjablongplast-matta mi er dobbelt så lang som den orginale Silhouette-matta og er fin til t.d. store papirarbeider.

Og så eit råd på tampen. Vær nøye med å bruke beskyttelsesarket som følger med matta så held den seg fin lengre!

14 mar

Frå barnetegning til kuttefil for Silhouette

Å lage vinyltrykk av ungen sin eigen tegning er kjempestas – både for kunstnaren sjølv og for mor. Dette er lettast med strektegningar som ikkje er fargelagde. Så her er det berre å satse på at nokre av tegningane i bunken frå barnehage- skule eller frå tegnestunder heime kan brukast til vidare bearbeiding. Det pla bli mange kunstverk å velge i, i løpet av relativt kort tid.

28 nov

Fleirfarga motiv i Silhouette Studio (bildetungt innlegg)

Å kunne lage fleirfarga motiv i Silhouette Studio – med Silhouette Cameo (eller Portrait m.fl.) blir fort eit ønske når man er ny med Silhouette Studio. Eg skal vise deg at dette slett ikkje er så komplisert og at dette er noko alle som klarar å bruke sjølve programmet kan klare. Måten eg gjer det på er litt omstendeleg, men sikrar deg prikkfri plassering lag på lag noko som sparar deg for ein del irritasjon i etterkant.

Du startar med å finne kva motiv du ynskjer å lage. Eg prøver å halde meg unna copyrighta motiv. Som regel kan man lett finne kva ein har lov til å gjere med bildene man finner på nett. Til personleg bruk er det rikeleg å plukke i – om man skal bruke det komersielt må man gjerne betale litt lisensar.

Sidan eg skal vise ein måte å lage fleirfarge motiv på som ALLE kan klare ber eg deg om å finne ei linjetegning av motivet du skal ha som til dømes noko som dette:

6-09 copy

Det spelar ikkje så stor rolle kva fargar motivet eller ytterlinja har, så lenge ytterlinja er i god kontrast til alle fargane. Så noko slikt som dette kan vi òg bruke:

3-04 copy

Bilder med berre fargar utan (tydelig) ytterlinje krev meir arbeid med tracinga som dette uglebildet frå clipartpanda.com. Dette vil eg ikkje gå inn på i dette innlegget. Graderte fargar vil òg vere verre å trace, men der kan man som regel velge å bruke same farge på heile fargefeltet og få eit ok resultat likevel.cute-owl-halloween-clipart-owl3

Om du brukar ei linjetegning som utgangspunkt for eit fleirfarga design må du naturleg nok velge sjølv kva fagar du vil den skal vere i til slutt. Det flotte er at sjølv om du tracar eit farga motiv kan du fortsatt sjølv velge kva fargar du vil kutte og lage den i!

Klargjering for kutting av fleire fargar til eitt og same motiv:

Opne motivet ditt i Silhouette Studio. Eg har Designer Editon, noko som gjer at knappar og funksjonar til tider vil vere ulikt frå gratisversjonen av programmet. Tracing er såvidt eg hugsar ikkje ulikt frå gratisversjonen til DE.

Eg vel å bruke den søte kvalen frå Vecteezy.com over her. Velg knappen “Open the Trace window”. Select trace area. Omring designet med tracevindauga. Ta vekk haka ved High Pass filter. Når du har gult på alt av ytterlinjer trykker du på Trace. Eg overser skuggen under kvalen sidan denne ikkje er innanfor kantlinja og eg ikkje ynskjer å ha den med i denne omgang.

Screenshot 2015-11-28 20.27.16

Så startar jobben med å hente ut dei delane vi treng til kvar farge. Kvalen er i fire fargar. Omrisset, overdelen, under framme og under bak. Eg velger samme farge under framme og bak og reduserer dermed til tre fargar.

Eg legg på ein liten trekant som skal vere hjelpa mi til å få laga perfekt plassert oppå kvarandre etter kutting og så ei ramme rundt. Dette for å kunne enklare sjekke at ingen ting har flytta på seg medan eg driv og herjar med designet. Eg skal vise dette mot slutten. Ramma gjer òg reinskinga av vinyl enklare. Då ser designet slik ut:

Screenshot 2015-11-28 20.31.14

Fargane eg i fortsetninga legg på er berre for at det skal vere enklare å sjå at eg har valgt rette delar på rett plass. Maskina kuttar etter linjene og fargar har ingen betydning verken på linjer eller fyll når designet ikkje skal skrivast ut på ein printer.

Eg kopierer som sagt opp designet til det talet fargar eg skal ha fordi eg tykkjer dette er enklast når eg velger å ha hjelpelinjer/-figurar i tillegg. Det går fint an å berre hente ut alle deler frå same kopi, men det blir opp til deg. Tre kopiar blir det i alle fall hjå meg her. Fargen i trekantane har eg fylt inn ved å bruke pipette-verktøyet. Dette berre som ein hjelp til meg sjølv.

Screenshot 2015-11-28 21.44.16Bruk Release Compound Path for å kunne velge og få tak i berre den linja ein er ute etter på kvar av kopiane.
Screenshot 2015-11-28 21.46.07

Eg startar med det mørkeblå omrisset. Ved å halde nede shift kan eg klikke på og velge fleire deler om gangen. Eg tar med trekanten som høyrer til kvar enkelt del, men ikkje firkanten rundt i første omgang.
Screenshot 2015-11-28 22.12.14
Når eg har valgt dei bitane eg skal ha i tillegg til trekanten velger eg Make Compound Path. Eg kan like gjerne velge grupper, men i dei tilfellene det skal vere “hull” i biten vil Make Compound Path vise det meir rett. Fargelegg så med rett farge. Velg omrisset i tillegg til dei farga bitane og grupper/”Group Selected Shapes”. Pass på at du ikkje flyttar på nokon av bitane mens du held på. Er du uheldig og forskyver ting kan du alltid gå tilbake til forrige steg med Ctrl+Z eller med Edit + Undo i menyen. Dra fargen til side og sjå at du har fått med det du ynskjer.
Screenshot 2015-11-28 22.23.36
Gjenta for dei andre fargane. Hugs å ta med “hull” i den aktuelle fargen som auga på det lyseblå i dette tilfellet. Når du jobbar med mange bitar kan det ofte vere enklare å bruke kommandoar frå menylinja i staden for å høgreklikke inne i designet når dette er mogeleg. Dette for å redusere sjansen for å forskyve bitar i forhold til kvarandre.
Screenshot 2015-11-28 22.26.12
Og siste fargen på plass
Screenshot 2015-11-28 22.30.18
No skal du få sjå første grunnen til at eg brukar mange kopiar og ikkje berre hentar ut delene frå ein og same kopi av designet. Høgreklikk på bunnfarge og velg “Send to Back” for å sikre at det vises rett. Marker alle fargane og opne Align vinduaga.  Trykk center. I og med at alle har samme form framleis, i og med ramma rundt, vil dei no havne perfekt oppå kvarandre og du vil kunne sjå om du har forskyve ein eller annan del under redigeringa. I tilfelle kan du gå tilbake mange steg med Ctrl+Z og ordne dette.
Screenshot 2015-11-28 22.37.34
Når du skal presse på fleire lag med vinyl legger du eit lite tøystykke under der trekanten kjem for å unngå at denne kjem på plagget ditt. Med sjølvklebande vinyl kan du enkelt ta denne bort etter stabling av laga.

Dette er min måte å gjere dette på. Om utgangspunktet er ei linjetegning gjer du det akkurat på same måte – du må berre sjølv bestemme kor mange og kva fargar du skal bruke og kor dei skal vere. :)

Her kan du sjå ein enklare måte å gjere det same på:

Takk for at du leste! Kjekt om du legg igjen ein liten kommentar eller takk om du set pris på mine steg-for-steg forklaringar

21 nov

Backup av filer frå Silhouette Studio

Silhouette Studio har frå versjon 3 av innebygd backupfunksjon av library-filene. Backup (sikkerheitskopi) som er lagra på ein ekstern HD eller anna minnemedium er kjekt å ha den dagen pcen eller macen ikkje startar opp og du ikkje får tilgang til filene som ligg der.

Dette handlar om backup av filene som ligg i “My Library”.backup11. Inne i programmet trykker du på File + Library + Export Library
backup2
2. Velg mappe og filnavn for backupen din. Eg har her brukt dato. Filtypen er ein heilt eigen: studio_library Det er òg nyttig å hugse om ein treng å søke etter fila seinare. Trykk OK eller Enter.backup3
3. Å eksportere Library flyttar eller sletter ingen filer på maskina di, men lagar ei backupfil av desse som ved behov kan hentast inn i programmet igjen.backup4
Vips så er du sikra mot å miste alle dine filer ved eventuelle dataproblemer. Filer som du har kjøpt via Silhouette Store har du rett til å laste ned på nytt, men å hente inn backupen er mykje raskare.

Ved behov for å hente inn filene t.d. ved nyinstallering av programmet på ei anna datamaskin velger du File + Library + Import Library og velger di studio_library fil.

14 okt

Nokre vanlige utfordringar ved bruk av Suilhouette Studio…

…og ulike løysingar på desse

Ver obs på at menyar, ikoner og plasseringar kan vere ulike alt etter versjon av programmet og ut frå om du har Designer Edition eller ikkje.

Utfordring: Innstillingane mine er i inch. Eg skulle gjerne hatt dei i cm eller mm. Kva gjer eg?

Løysing: Opne Innstillingspanelet enten ved å trykke på tannhjulet nede i høgre hjørne eller på Edit + Preferences på menylinja. Tastatursnarveg for det same er Ctrl+K. Når Preferences-menyen er open i høgre sidekant velger du General og kan der velge den måleeininga du ynskjer for programmet.

Utfordring: Eg ser ikkje rutenettet på arket mitt. / Eg vil ikkje ha rutenett på arket mitt. Korleis endrar eg dette?

Løysing: Du kan enten trykke på View og hake av eller hake bort haka ved Show Grid i menylinja og rutenettet kjem fram eller blir borte med det same. Eller du kan bruke ikonet som ser ut som eit lite rutenett oppe til høgre. Nummer tre frå høgre. I menyen som kjem fram til høgre då velger du å sette eller ta bort hake ved Show Grid.

Utfordring: Eg har slått på rutenettet, men eg ser det fortsatt ikkje!

Løysing: Sjekk under innstillingane ( View + Grid Options, eller ved å trykke på rutenett-ikonet) at fargen på rutenettet ditt ikkje står på kvit. I så tilfelle vil du ikkje kunne sjå rutenettet på det kvite arket.

Utfordring: Trådkrysset som følger musa eller linjalen langs kanten på arbeidsfeltet mitt – kor aktiverer eg dette / det vil eg ha bort!

Løysing: Same som over. Under View – Show Crosshairs/Rulers. Eller Ikonet som ser ut som eit rutenett og trykke på ved Crosshairs/Rulers i menyen som kjem fram. Når feltet er blått er reiskapen aktiv.

Utfordring: Eg prøver å tegne noko / lime inn noko på arbeidsfeltet, men eg klarar ikkje å få det til å legge seg eksakt der eg vil ha det. Det verkar som om det hoppar litt når eg setter det inn.

Løysing: Snap to grid betyr at alt du jobbar med blir forankra i rutenettet. Dette skjer uavhengig av om du har rutenettet synlig eller ikkje. Om du ikkje ynskjer denne fuksjonen tar du bort hake ved Snap to grid. Menyen finn du under View + Grid Options, eller ved å trykke på rutenett-ikonet.

Utfordring: Eg vil kutte i eit anna format enn det eg gjorde sist eller det som programmet foreslår eller eg ynskjer å kutte uten matte.

Løysing: View + Design Page Settings eller ved å trykke på ikonet som ser ut som eit rektangel med to piler på, nummer fem frå høgre. Her kan du velge den størrelsen du ynskjer på arket. Du kan òg kutte i materiale (vinyl) som er mykje lengre enn matta. Då velger du “None” under innstillingane for matte her. Show Cut Border slår på ei ramme som visar deg kor designet ditt må vere innafor for å bli kutta.

Utfordring: Eg skal kutte små restar av eit materiale, men eg ser ikkje kor eg skal legge designet på rutenettet slik at kniven treffer material-bitane mine. Arket dekkar jo for rutenettet!

Løysing: Trikset er å skjule det kvite arket på arbeidsfeltet slik at du ser rutenettet bedre. Trykk på View + Design Page Options, eller på ikonet som ser ut som eit rektangel med to piler på, nummer fem frå høgre. Nederst står det reveal mat. Juster prosenttalet til du ser matta tydelig nok til å få plassert designet etter eige ynskje.

25 apr

Saumlaust

I kveld har det vore dobbelt saumlaust her. Ikkje har eg sydd ein einaste saum verken for hand eller på symaskina, men på pcen har eg laga saumlause mønsterfiler til bruk i Silhouette Studio.

Eg brukar programmet Inkscape til dette, og sidan eg har Designer Edition av Studio Silhouette kan eg legge mønterfilene mine rett inn i programmet og bruke dei som fyllmønster. Eg likar alt som kan forenkle designprosessen! :) Og så kjekt som det er å lage eigne mønster. Med fleire konfirmasjonar rett rundt hjørnet skal det vel bli ei råd å få brukt litt papir òg sjølv om eg helst likar å jobbe i litt meir haldbare materialer.

hjerte1 hjerte2 dragon

Hjertene i mønstera over er frå ein symbolfont, dragen frå graphicsfactory.com, og framgangsmåten for å lage sjølve filene fann eg på verysimpledesigns.

Det som forresten er litt ekstra kjekt med å lage slike eigne mønsterfiler er at det òg kunne blitt heilt fantasisk morsomme eigendesigna stoff ut av det.

20 apr

Travle tider

Her i heimen er det konfirmasjon i starten av mai og ein del som ein tenker skulle vore gjort før den tid. Blogging og kosesaum lyt difor stort sett vente til roligare tider. For no syr eg bunad. Bunader. Eg har sydd til snart-toåringen og til konfirmanten og sydd om ein bunad til femåringen. Trettenåringen brukar den vi har arva frå mormor og eg brukar min eigen som eg sjølv fekk som konfirmant.
2015-04-20 10.53.25Her heng dei – nesten ferdige. Manglar berre litt montering av maljer og belter.

23 mar

Kjentfolk i bladet!

Eg har vore så heldig å få vere bloggprofil i aprilnummeret av Alt om Håndarbeide – symagasinet. Har du lyst til å vere med i trekninga om å få tilsendt eit eksemplar av dette bladet?

IMG_20150323_103146

Kommenter her i bloggen på dette innlegget, på Instagram eller på Facebook så trekker eg ut ein vinnar fredag på morgonen.

Fredag:  Eg trekte ut ein kommentar på Facebook. Vinnaren er tagga der :)

20 feb

Utkledning og masker

Utkledning er alltid moro! Ungane likar å bli malt i ansiktet, og ein av dei store mine begynnar å få skikkelig taket på å lage fine ansiktsmalingar. Me Eg har samla klede og utstyr til utkledning like lenge som me har hatt ungar, og masker er ein viktig del av samlinga.

Handelsstanden gjer gode pengar på utkledning både i februar og oktober, og det må jo vere opp til kvar enkelt om og i tilfelle kor mykje ein ynskjer å kjøpe ferdig. Men det ER jo moro å lage sjølv, så her får du eit par masker som er berre å skjære ut. Trykk på bildene for å laste ned kuttefilene til bruk i Silhouette Studio (.studio3 format – Dropboxlenker).

Screenshot 2015-02-20 13.18.34  Screenshot 2015-02-20 13.22.01

Pingvinmaska skal skjærast ut i papp og limast saman. Av den grunn er den svarte delen under nesten heile maska. Den andre er til å skjære ut som ein enkelt del i papp, så den kan du kanskje prøve print&cut på?

Leik i veg både medan du lagar maskene og ikkje minst etterpå!

19 feb

Handlenett – sy det sjølv

Frå 1. april blir det miljøavgift på å kjøpe plastposar i butikk. Eit litt omstridt verkemiddel sidan nokre meinar at plastposar ikkje er eit problem i Norge. Men det er nok uansett eit tiltak som gjer at underteikna kjem til å lettare hugse å ta med handlenett heimefrå. Og om ikkje du har handlenett å ta med så er det eit raskt prosjekt! Eit perfekt nybegynnarprosjekt om du vil, og eit fint prosjekt for den erfarne til å kunne utbrodere og tilpasse akkurat slik at det blir nett (!) slik du vil ha det.

google handlenett
(google bildesøk: “handlenett i stoff”)

Det ligg mange gode oppskrifter på handlenett/handlevesker ute alt, så det skal eg ikkje bruke tid på å lage. Eg vil berre peike deg i retning nokre fine bloggar som viser deg korleis.

RandiSign har eit fint instruksjonsinnlegg på handleveske i voksduk i bloggen sin, men eg vil tru du kan sy same veska av andre materiale òg. Bentesroterom viser deg ei litt avstiva veske med fòr og Annesand viser deg korleis du lagar eit mjukt fòra handlenett i sitt blogginnlegg.

Sjølv har eg tidlegare lagt ut mønster på denne skulderveska som sikkert kan duge til litt handling den òg.

15 feb

Kutt ut!

På handarbeidsfronten går det framleis mest i bunad, men eg “leikar” meg òg ein del med Cameoen og programmet som høyrer til. I dag har eg lagt ut ein ny video på Youtube om Print and Cut (med bruk av mønster/Pattern) og eg har vel heller ikkje lenka til den forrige videoen min her inne, så difor kjem dei begge to her.

 

 

06 feb

Kjærleik

Eg legg ikkje skjul på at eg føretrekk nynorsk som skriftspråk. Eg tykkjer språket har ein god klang og at orda “smakar” bedre enn mange av dei tilsvarande på andre språk. At mange føretrekk å bruke bokmål eller til og med engelsk framfor norsk kan eg både forstå og respektere når eg ser velklingande veggord og slåande rim. Men eg skriv slik eg tykkjer det vert mest naturleg for meg utan at eg med det vil seie noko om kva andre skal gjere.

No nærmar det seg alle hjerters dag og i høve dette vil eg gjerne få dele eit hjarta som du kan bruke på den måten du sjølv måtte ynskje enten det er å bruke det som det er eller ved å endre det – legge til eller trekke frå. Det einaste du ikkje kan gjere er å dele eller selge designet i seg sjølv. Om du lagrar dette bildet (kjaerleik.svg) kan du opne og kutte det direkte i Silhouette Studio dersom du har designer edition. Versågod!


Screenshot 2015-01-25 16.58.47

PS! Eg lagar meir enn gjerne eit veggord eller likande til deg på engelsk eller bokmål, urdu eller spansk om du ynskjer det, men om eg skal lage noko sjølv blir det helst på norsk. På nynorsk. Det ligg hjarta mitt nærast.

24 jan

Ord i former

Det er kjekt å lære å lære noko nytt, og eg syns òg det er kjekt å kunne dele med meg av det eg lærer. Kanskje deler då andre noko med meg tilbake? Uansett går eg i pluss slik eg ser det. Det eg har lyst til å dele denne gangen er korleis du kan lage ord som har form av det du måtte ynskje. Eg har brukt eit eple i denne videoen.

Kom med tilbakemeldingar! Gjerne her i bloggen i kommentarfeltet. Sjølv om eg ser at folk spelar av videoane på YouTube er det kjekt å få vite om det er til nytte. Litt tilbakemeldingar gir ny giv til å lage fleire filmar.

24 jan

Sykveld

I går kveld (og natt vart det nesten) hadde vi sykveld i barnehagen/grendahuset vårt. Vi var ikkje så mange denne fyrste gangen, men det er veldig mange som har sagt at dei har lyst til å vere med “neste gang” så det gler eg meg alt til. Må berre få bestemt ein dato og sjekka om lokalet er ledig og så syr me på nytt. 2015-01-23 19.08.45

20 jan

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge tekst rundt eit motiv eller om du vil ha frittståande tekst i t.d. hjarteform.  Prøv sjølv! Støtt deg gjerne på videoen eg laga om tekst til sirkel og bytt ut sirkelen med den forma du sjølv ynskjer.

Screenshot 2015-01-20 16.23.41

Elles er det for tida mest brodering på bunad som får handarbeidstida mi. Å ta bilde av framgangen er ikkje så lett på ei tre meter lang remse, så de får berre tru meg på ordet når eg seier at eg nærmar meg slutten på broderinga av fjella og bølgene som skal bli pynten på kanten nede på sognabunaden. 9. Mai er siste frist for ferdigstilling og eg har ein tanke om å unngå lange hektiske sykveldar i april. Om det lar seg gjennomføre står att å sjå. Heia meg!
bunadskant

 

09 jan

Ny med Silhouette Cameo

Eg er over middels interessert i programvare og duppedingsar. Så å “leike” med Silhouette Cameo1 i kombinasjon med programvara Silhouette Studio, er på kort tid blitt ein av mine favorittsyslar i ledige stunder. At dette knyter saman to av mine andre favorittar, data og saum, er vel hovudgrunnen til det. På forumet for maskina på Facebook ser eg at det var mange som fann ei slik maskin under juletreet. Gratulerer med eit flott verktøy! Mange sit nok dessverre enno og skular bort på den uoppakka maskina med litt sånn ærefrykt med tanke på alt den kan utrette. Kor skal ein begynne?!

Ein liten parantes om sjølve maskina:
Silhouette Cameo1 er ei digital kuttemaskin som skjærer ut figurar i ulike materiale. Det kan vere papir, vinyl, stoff, plast etc.
Andre versjonar av maskina er SD, Cameo2 (nyaste versjon) og Portrait.

Mitt forslag til begynnelse er å laste ned programmet Silhouette Studio frå Silhouette Amerika si side og installere dette. Start programmet etter at du har installert det.

I programmet er det ein funksjon for å kjøpe og laste ned design direkte frå Silhouette Store. Du må registrere ein konto for å kjøpe design, og det gjer du enkelt via nettsida deira om ikkje du finn ut av det i Silhouette Studio.  Denne kontoen er den du skal bruke for å få tak i designa som følger med maskina. Du vil òg kunne registerere maskina di på nettsida der. Silhouette Store har eit gratis design kvar veke, og elles både bokstavsett/fontar og mange typar kjøpedesign til ulikt formål. Prisane varierer alt etter om du kjøper til å bruke privat eller til komersiell bruk.

Pakk så opp maskina frå øskja!! Den kjem med straumkabel, usb-kabel og kuttematte. Plugg maskina i med nettkabel og koble den til pcen med usb-ledninga. Slå den på med straumknappen. Om alt går som det skal vil du sjå i Silhouette Studio (etter dette kalla Studio) at maskina er kobla til.

Korleis lagar/finn eg motiv til å kutte? 

– Kjøpefiler t.d. i Silhouette Store som er klare til bruk med vinyl , print and cut eller som papirprosjekter m.m. Alt etter kva DU er mest interessert i.
– Skriv inn tekst direkte i Studio. Denne vil vere klar til kutting direkte. Veggord på do?
– Tegn eigne motiv i Studio med tegnefunksjonane som finst der. Slepp laus kunstnaren i deg.
– Last ned bildefiler og hent desse inn i Studio.

Her er ei lita liste over kva filer som kan opnast i Studio (versjon 3) via open, merge eller import og veldig kort om skilnaden på dei to ulike bildeformata brukt i Studio:

I  vektorformat (Tracing * er ikkje naudsynt, dvs at dei er klare til å brukast direkte til kutting. Kan enkelt fargeleggast om du vil skrive ut for “print and cut”. Kvaliteten blir uendra sjølv om du endrar størrelsen på bilda)
.studio (Silhouette Studio sine eigne filer)
.gsd
.dxf
.svg (krev oppgradering til Designer Edition)
.ttf/otf

I bitmap/rasterformat (Desse må tracast*, men kan brukast til utskrift direkte. Kan brukast som mønster/patterns – dette går eg ikkje inn på her no. Kvaliteten på bildet er avhengig av pixelstørrelsen.)
.jpg
.gif
.png
.tif
.pdf
. bmp
.wmf (berre windows)
.pict (berre MAC)

Og så ei i lita ordliste. Med maskina kjem nemleg eit vell av nye ord. Nokre av dei har vi enno ikkje innarbeidd gode norske ord for sidan programmet ikkje (enno) finst på norsk:

HTV- Heat transfer vinyl./Varmeoverførbar vinyl. Er berekna på å bruke på tøy.  Skal ligge i maskina enten med eller uten kuttematte * med den blanke plastsida ned.  Det finst ulike typar HTV som festar seg til ulike typar stoff. Skal, som det går fram av navnet, overførast ved bruk av varme. Både strykejarn, varme-  og strykepresse kan nyttast. Man brukar ikkje damp i denne prosessen.

Kutteinnstillingar. I Studio vil du kunne velge mellom ein del forhåndsinnstilte kutteinnstillingar. Ofte er desse heilt perfekte til ditt bruk, og like ofte må du endre dei for at kuttinga skal bli fin og rein. Kuttinnstillingane blir oppgitt med tre tall t.d. 3-5-20 der det første står for innstillinga på kniven, det andre talet for farten og det siste talet for tjukkelse.

Kuttematte  Maskina kjem med ei plastmatte som er limbelagt på eine sida, og som har eit rutenett slik som du ser den i Studio. Denne matta brukar du for å få det som maskina skal kutte til å ikkje bli dratt rundt av kniven. Du tar av det grøne beskyttelsesarket før bruk. Ta vare på arket og legg det på matta mellom kvar gang du brukar den. Matta skal ideelt sett ikkje bli kutta i, men det skjer og den blir slitt etter bruk. Du kan òg kutte ein del materialer uten matte.

Rhinestones/Liksomdiamantar. Designer Edition lar deg lage malar/templates til rhinestones. Du treng då den påstrykbare varianten og eit template ark som du brukar til å lage malane i. Desse heiter Rhinestone template sheets.

Sketching/Skissing. Kuttemaskina kan i staden for å skjære kuttelinjene tegne desse. Du må då byte ut kniven med penn/tusj el.l. Du treng då tusjar tilpassa maskina eller ein penneholdar slik at du kan bruke eigne pennar/tusjar/byantar.

Sjølvklebande/Adhesive vinyl er berekna på å limast på vegg eller gjenstandar. Finst i ulike merker og kvalitetar til både innandørs og utandørs bruk. Vinylen skal på samme måte som HTV* ligge i maskina med eller uten kuttematte*

Tracing/Lese inn (bilde). Dersom du opnar/hentar inn bildefiler i .jpg eller andre bitmaptypar i Studio, må bildet lagast om til vektorformat for at Studio skal kunne bruke den til kutting. Denne prosessen heiter tracing. Korleis du tracar har eg vist i eit par videoar som eg har lagt ut her tidlegare. Du finn dei via Youtube-kanalen min.

Weeding/Luking. Når du har kutta t.d. i vinyl vil det bli negative områder i designet som skal plukkast vekk før du kan overføre designet ditt til der det skal vere enten på kjøkkenveggen eller på minstemann si smekke. Denne prosessen med å ta bort overflødig materiale kallar ein weeding. Luking vil vere eit greitt norsk ord for dette.

Klar til å kome i gang?

No sit du der altså med blanke ark, bokstavleg talt om du ser i Studio, og ei flett ny maskin som kan “alt.” Ta deg ei lita stund på å tenke igjennom kva det var som gjorde at du kjøpte/ynskte deg denne. Var det for å ta scrapbookingen til ny høgder? Var det for å lage kule trykk på babybodyen, fars truser eller storebrors russedress? Var det for å lage veggord til alle rom i huset? Eller var det noko heilt anna? For denne maskina kan “nesten alt”!

Om det var berre ein generell WOW den maskina kan ALT og den MÅ eg berre HA, så rår eg deg til å prøve å lande på eit par område til å begynne med. Og så er det i grunn berre å sette i gang.

Last inn eit enkelt design, gjerne eit av dei som kom med maskina. Putt materialet ditt på kuttematta* eller last den direkte inn i cameoen. Pass på at det er god plass bak maskina då matta bevegar seg ut på baksida når maskina jobbar. Velg kutteinnstillingar* tilpassa materialet ditt. Still inn kniven på foreslåtte djubde og gi det eit forsøk.

Lukke til! Vis meg gjerne det du lagar!

05 jan

Eit nytt mønster i nettbutikken i dag òg

Mønsteret eg har lagt ut i nettbutikken i dag er eit PDF-mønster på dokke-, baby- eller barnehue med knyting, berekna på elastiske stoff. Eg har sydd og pønska på dette mønsteret av og på i over tre år og hatt testsyarar på den i to ulike omgangar – tusen takk til dykk! No vel eg å legge mønsteret ut for sal slik det er pr. i dag.

Med i denne fila får du mønster til størrelsar frå 23 til 55 cm (annakvar på oddetal) og ei grundig steg for steg skildring med bilder.

knytehue
(Stoffet i denne hua er “Lillestoff” kjøpt hjå Kjekk og Søt)

Takk for at du respekterer kopiretten! Du kan bruke dette mønsteret til å produsere for sal i liten skala, men ikkje kopiere og dele vidare eller selge mønsteret i seg sjølv. Eg set òg pris på om du opplyser kva mønster som er brukt dersom du velger å produsere for sal.

Du finn mønsteret her.

04 jan

Ei hua for adle hove

Overskrifta er på sognamaol og treng gjerne ei lita oversetjing, eller kanskje ikkje. Uansett kjem det her eit mønster og framgangsmåte på ei hua som skal kunne passe dei fleste.

klossi
Du laste ned mønsteret som PDF gratis i nettbutikken.

Framgangsmåten er ikkje så ulik den som følger med mønsteret som òg ligg til nedlasting gratis i nettbutikken min, men denne hua er litt anleis og litt enklare å lage.  Det finst mange liknande mønster på nett, og dette er mitt – slik eg tykkjer huene vert finast. Sjå berre kor rund og fin den blir i toppen.
toppen

Du må gjerne bruke mønsteret både til å sy til deg sjølv og til andre og for sal om du vil. Eg blir glad om du opplyser kva mønster du brukar, men stiller ikkje noko krav om dette. Om andre vil ha mønsteret er det fint om du viser dei hit for å hente sin eigen kopi i staden for å dele fila direkte. Du kan ikkje reprodusere mønsteret i seg sjølv for sal.

Mønsteret inneheld saumrom på ca 3/4 cm tilpassa overlock, og er i ein størrelse som (litt avhengig av strekken i stoffet) passar frå ca 3-5 år og oppover. Om du finn at du treng mindre eller større omkrets eller høgde står du sjølvsagt fritt til å endre på dette sjølv.

hue m brett

I tillegg til mønsteret har eg laga ein illustrasjon til hjelp når du skal sy. Den viser stoffet slik det er når du har klipt det ut. Studer denne før du syr. Illustrasjonen ligg i mønsterfila.

hueillustrasjon

Du treng 45 x 45 cm jersey eller anna elastisk stoff. Hua skal syast med elastisk saum på symaskin (t.d. skrå sikksakk) eller med overlockmaskin. Eg brukar firetrådars overlocksaum når eg syr huer.

1.Skriv ut mønsterdelane, og lim dei saman eller tegn opp på eit A3ark. Fire mønsterdeler er halve mønsteret mot brett (tilsvarar halve illustrasjonen over).

klipp ut

2. Hua har altså ein mønsterdel som du klipper ut mot brett, av jersey eller anna materiale med god elastisitet. Marker på vrangsida av stoffet hakka som skal klippast ut i begge endar når du teiknar av.  Vent med å klippe desse ut til etter du har sydd rundt heile hua (frå A til B).
Dersom du har eit stoff med mønster med retning er det lurt å markere kva del av hua som skal vere ytterstoff slik at mønsteret kjem rett veg på denne.

Tips: Dersom du ynskjer ei hue med  to ulike stoff på utsida og innsida kan du dele mønsteret på midten – langs den prikka linja på illustrasjonen. Hugs å legge til saummonn. Du klipper då stoff til utsida av delen med A midt framme og til innsida av delen med B midt framme. Sy saman begge delene før du held fram som om du skulle sydd hua i berre eitt stoff.

3. Legg stoffet dobbelt langs brettelinja midt framme, rette mot rette, og sy rundt hua frå A til B. Skrå saumen inn i starten og skrå ut igjen på enden. Dette gir minst mogeleg bulkar på ferdig hue.

 

4. Klipp ut hakka i kvar ende av hua, både i det som blir innerdelen og i det som blir ytterdelen.
trekant vekk

5.Legg hua flat, men motsatt veg av forrige saum, slik at du kan sy saumane G-CD-J og H-EF-I (bokstavar jfr illustrasjonen). La det stå att to-tre cm å vrenge gjennom før I, i innerdelen. Kor stor opning du treng til vrenging er litt avhengig av kor elastisk stoffet ditt er.

sy enden
vrengeopning

6.Brett lua dobbel medan den framleis er på vranga og sy med sikksakk saman dei to punkta der fire saumar møtes. (CD mot EF) Dette vil hindre hua i å folde seg ut under vask og når den blir handtert.

sy i toppen

7. Vreng hua gjennom vrengeopninga utan å dra for mykje i saumen i opninga. Sy vrengeopninga igjen for hand med stigesting (sjå illustrasjon under).
stigesting
Desse stinga kjem på innsida av lua, men det kan gjerne sjå fint ut for det. Om du føretrekk å sy igjen opninga med maskin, anbefalar eg å sy ei toppstikning heilt i kanten.

8. Vreng hua rett inni seg sjølv og du er ferdig!

hue u brett

 

03 jan

Å skjære i stoff med Silhouette Cameo

Som “sydame” er det kjekt å kunne bruke cameoen til å klippe ut stoff t.d. til applikasjonar. Klart det går an å klippe med saks, men det går ein del raskare med plotteren pluss at eg kan få mange heilt like deler om eg ynskjer det.
medlim
Eg skjærer ut stoff med to ulike metodar. Skilnaden ligg i at eg får eit motiv med eller uten lim på baksida.

Uavhengig av kva metode eg skal bruke stryker eg først stoffet. Eg brukar òg ein klesrulle for å fjerne lo og lause trådar så desse ikkje lagar ujavnheiter i kuttinga.
strykeogfjernelo

Klesrulla er forresten veldig god å ha til å gå over ferdige produkter med òg. Eg brukar denne mykje på syrommet.

Silhouette Studio har innstilling for kutting av stoff i nedtrekksmenyen under “cut”. Her velger eg light fabric som tilsvarer tynne bomullsstoff. Instillingane på 3-5-33 passar godt for ein ny kniv er mi erfaring. kutting av stoff

TIPS: Om du studerer bildet over kan du sjå at eg har lagt nokre symbol ved sida av kuttematta på skjermen. Desse er symbol eg har tenkt å kutte i eit anna stoff. I staden for å markere dei med NO CUT i cut-menyen drar eg dei berre av matta, noko som gjer at maskina ikkje lengre tar omsyn til dei. Rask og grei løysing i mange tilfelle.

stoffkniv
Eg har kjøpt ein eigen kniv til stoff. Etter det eg har forstått er kniven heilt lik den svarte og at den einaste skilnaden er fargen i plasten. Skilnaden går rett og slett på det praktiske med å kunne halde knivane frå kvarandre. Å bruke stoffkniven på papir vil sløve den fortare enn om den berre blir brukt til stoff.

Så attende til dei to ulike metodane.

Om eg vil ha eit motiv uten lim stryker eg stoffet fast på eit ark frysepapir. Dette er eit papirark som er voksa på eine sida. Stoffet legg du mot vokssida og så stryker du enten på stoffet eller på papiret. Når eg vil ha eit motiv ferdig til å stryke på stryker eg i staden for på vliesofix eller anna tilsvarande dobbelsidig limprodukt på baksida.

Når Viss du får lim på strykejarnet ditt finst det eigne rensestiftar til å fjerne denne limen med. Men prøv å unngå å stryke på limen!

Eg lar papiret sitte på når eg klebar stoffet på kuttematta i begge tilfeller og kuttinga blir heilt identisk for dei to metodane. Kniven skal ikkje skjære i papiret i nokon av tilfellene. Kjapt og greit stoffmotiv klart for applikasjon.
A

Om du lurer på applikasjon laga eg eit instruksjonsinnlegg om det for ei god tid sidan.

13 des

Fontar og fontar i Silhouette Studio

Det er to måtar ein kan sette inn bokstavar eller tekst i design på i Silhouette Studio. Eller skal eg seie to typar fontar å bruke. Fyrst ser vi på dei to ulike typane fontar, eller kor ein finn dei og korleis du får dei på plass på maskina di.

Den eine er dei standard fontane du har på maskina di eller nye fontar du lastar ned. Dette er fontar du kan finne over alt på nett frå gratis fontar med fri bruksrett eller til personleg bruk til lisensierte fontar med alle rettar. Dei sistnevnte kostar ofte ein heil del men gjer at du kan lage produkt for sal med fontane.

Til nedlasting av fontar har eg mellom anna brukt sidene:

dafont.com
Screenshot 2014-12-13 08.53.41fontspace.com
Screenshot 2014-12-13 08.52.19

1001freefonts.com
Screenshot 2014-12-13 08.51.45

Det finst mange andre tilsvarande sider.

TIPS:  Om nokon sender deg eit bilde og ber deg lage noko som lignar og du lurer på kva font ein er ute etter kan du bruke https://www.myfonts.com/WhatTheFont/ og laste opp bilde der.

Det finst fleire slike tenester på nett.

Når du har lasta ned nye fontar til maskina di må du installere dei før dei vil vere synlege i ulike program.

Windows:
Finn mappa der du har lasta ned fila. Mange ganger er font-fila pakka saman med ei tekstfil med rettigheiter etc. i ei zip-mappe, og så må du først pakke opp denne. Opne så font-fila og trykk på installer oppe til venstre. No må du opne aktuelt program (les. Silhouette Studio) på nytt og fonten skal då ligge i nedtrekksmenyen i text style.

Mac:
På mac kan du enten installere manuelt ved å legge fonten du har lasta ned i font-mappa eller ved å bruke Fontbook. Restart programmet om fonten ikkje er synleg med det same.

Så til tekstbehandling i Silhouette Studio.

Fontane du har installert vil du finne i nedtrekksmenyen under menyvalet text style, og du vil finne dei i andre program som brukar tekst på datamaskina di, men om du leitar under fontar i library vil du ikkje finne dei der.

Fontane til library må ein kjøpe via Silhouette Store der det pr no (des. 2014) typisk kostar $2,99 for eit alfabetsett. Dette kan verke litt unødvendig all den tid det finst gratis fontar å laste ned «overalt» på nettet, men ein fordel med å kjøpe fontar gjennom Silhouette Store er i alle fall at ein kan få tak i fontar som er spesielt tilpassa t.d. kutting i vinyl eller til å bruke med skissepenn.
Screenshot 2014-12-13 08.38.46

Så til den praktiske biten. Når du skal legge til tekst velger du altså bokstavstil enten ved å velge font inne i text style vindauga…
Screenshot 2014-12-13 08.37.41

…eller ved å velge ein font i library. Som du ser har eg berre ein tilgjengeleg font i mitt bibliotek.
Screenshot 2014-12-13 08.43.27

Du kan gå fram og tilbake mellom desse fontane sjølv etter at du har skrive inn teksten ved å markere teksten og trykke på eit nytt fontnavn enten i nedtrekksmenyen under text style eller inne i biblioteket under My fonts.
Screenshot 2014-12-13 19.02.46

28 nov

Instruksjonsvideoar for Silhouette Studio

Som mange andre som har kjøpt Silhouette Cameo lasta eg ned programmet Silhouette Studio før maskina var komen i hus. Programmet er nemleg gratis å laste ned og å bruke.

Når eg så hadde fått maskina i hus valgte eg å oppgradere programmet til Designer Editon (DE) nokså med det same. Dei største skilnadane mellom gratisversjonen og DE er at ein då kan opne svg-filer direkte inn i programmet noko som gir tilgang på store mengder med filer berre med eit enkelt søk på Internett, at ein kan bruke viskelær og kutteverktøy og at ein kan bruke skisseverktøy. Ein pdf med skilnadane mellom gratisversjonen og Designer Edition kan du laste ned hersilhouettestudio
Eg har studert filmar på Youtube, lest ulike bloggar på engelsk og prøvd og feila når eg har lurt på noko med programmet eller maskina. Ofte søker eg på Google på engelsk og finn gjerne svaret rimeleg raskt.

Det eg imidlertid ser er at mange saknar informasjon på norsk. Det finst sikkert sjølv om eg ikkje har sett mykje av dette, men her kjem i alle fall dei fyrste tre – forhåpentlegvis ikkje dei siste – instruksjonsvideoane frå mi side. Alle med norsk teksting og uten tale.

Kom gjerne med tilbakemeldingar på filmane og med tema for nye filmar. Eg reknar med å kunne auke kvaliteten på dei etter kvart :)

10 nov

Litt sydd

Eg har ein fireåring i huset som har sett filmen Frost/Frozen sikkert “ein million” ganger. Så det var ikkje til å lure på svaret når mammaen i ein lur (eller mindre lur) augneblink spurde om jentungen ynskte seg “Elsakjole”. I helga satte eg endeleg av tid til å få pønska ut korleis den skulle vere og fekk sydd den saman.

elsakjole
Eg kikka ein del på denne bloggsida før eg begynte. Eit kjekt og lærerikt prosjekt. No spørs det om minstemor må få ein kjole ho òg. Skal det bli ein miniElsakjole av stoffrestane, eller må ho kanskje få ein Anna-kjole som lillesøstera til Elsa i filmen?
Anna-Costume-Frozen
Godt ho enno ikkje har forstått at mamma fuskar med å sy klede….

Og så litt andre ting eg har sydd i det siste. Buksene under er dongeribukser etter “makalaus”-oppskrifta. Størrelsen heiter 90-100, men blir her heime brukt både av ho som brukar 86 og av ho som nærmar seg 110 i størrelse. Lang brukstid med andre ord!
retrobukse dongeribukser
Sidan det snart er vinter har eg sydd ein del huer og halsar i det siste. Halsen på bildet under er sydd i ullfrotte etter mønsteret eg selger i nettbutikken min. Eg har brukt den mønstervarianten som er bølgete her. Stjerna er reflexvinyl som eg har kutta ut med Silhouette Cameo for så å stryke på halsen. Kjekt å kunne pynte plagg med noko så praktisk som refleks! 2014-11-06 14.36.44

 

17 okt

Sy tøfler?

Kulda set inn og eg vurderer å opne for å sy nokre få (2-3-4?) par med skinntøfler på bestilling. Er det noko som kan vere av interesse? Prisar frå kr 260,- (for minste størrelse i skinn). Tillegg for enkelte dekorasjonar som navnebroderi etc. 

toefler martesko bugs

Om du klikkar på menyvalet tøffelgalleri over her kan du sjå nokre andre av tøflene eg har laga tidlegare. Ta kontakt for informasjon om tilgjengelege fargar og prisar. Første mann til mølla!

18.10.14: Fire bestillingar mottatt, og tusen takk folkens! Stengt for bestilling igjen inntil vidare :)

09 okt

Rosa oktober

Ulike kampanjer hjelper oss å hugse ekstra på dei brystkreftramma og kreftforeninga denne månaden. Eg ynskjer å støtte kreftforeninga direkte ved å gi halvparten av heile inntekta på desse varene til rosa sløyfe-aksjonen. Du kan bidra ved å kjøpe til ein pris du bestemmer sjølv så lenge det er minst halve prisen. Alt det eg får inn vert betalt inn til kreftforeninga sitt kontonummer 7001 09 88592 “rosa sløyfe” når alt er solgt og/eller månaden er omme. Du betalar halve prisen (eller utover det så langt du ynskjer), eg dekkar den eventuelle resten. 

Send meg ein mail (ohelene@ohelene.net) eller legg inn kommentar her om du vil kjøpe!2014-10-08 17.16.28

  • Strikkahue – passar til ca to år. Dobbel babyull. Kr 100,-
  • Prinsessekrune i sateng og bomull med strikk som gjer at den passar for mange eller alle hovudstørrelsar- kr 100,-
  • Skinntøfler med bilapplikasjon. Pelssåle av lammeskinn. Størrelse 3-6mnd eller til fot opp til 10,5 cm Kr 440,-
  • Dokkelue – hovuomkrets ca 24 . kr 50,-
  • Forkle i dongeri og bomull med trykknappar bak. Passar ca 18-24 mnd – kr 240,
  • Bukse i tynn bomullsribb. Passar ca 1-2 år – kr 200,-
  • Hue i bomullsjersey str 1-3 år kr 120,-
    På denne går det an å få vinyltrykk med motiv eller navn på for 40,-. 
    (Full pris i lista her)

Om du ikkje finn noko her du likar kan du jo støtte kreftforeninga direkte: https://kreftforeningen.no/rosasloyfe/stott-rosa-sloyfe/gi-en-gave-til-rosa-sloyfe/

Del gjerne!

04 okt

Makalaust langbruk

Eg likar veldig godt klede som kan brukast lenge. Dvs at det blir ribb både på ermer, beinkant og nede på gensarar på mange av plagga eg syr. Og langbruk blir resultatet. Eg skreiv i denne bloggposten for nesten eitt år sidan om buksa sydd i str. 70/80 som eg trudde vart knapp til ein eittåring. Den gangen brukt på ei på ca fem månader. Men nei, det vart den ikkje! No er jenta 16 månader og ho brukar den framleis. Det må ein kunne kalle ekte langbruk!
2013-10-01-16.16.58 2014-10-04 11.19.05
Mønsteret på denne buksa kan du finne i boka Handmade. Forløparen til buksa ligg som gratismønster til å laste ned i mønsterbutikken min (ein størrelse).

Eg syr desse buksene for salg og tar kr 200 for vanlige bomullsbukser i denne størrelsen og så oppover til rundt 390,- for ullbukser i størrelse 90/100.  Ta gjerne kontakt om du har ynskje om at eg skal sy ei bukse til deg. Eg har ein heil del ulike både kvalitetar og fargar av stoff.

29 sep

Gjenbruk av dongeri, frå bukse til hatt(ar)

Eg har vore så heldig å få nokre dongeribukser både her og derifrå. Sist frå svigerinna mi på andre sida av fjellet. Ikkje det at det er så kort tid sidan akkurat, men av og til må ting modnast litt før planar blir sette ut i livet. Dei som følger meg på Instagram (ohelenesyr) har sett desse hattane før. Hattar er ein ny erfaring for meg. Dei rundt meg her heime gir tommelen ned for stilen og meinar dette er mote for forrige århundre, om nokon gang, så då er det greitt å kunne vise fram og hente tilbakemeldingar gjennom blogg og facebook. Sjølv syns eg dei både er kjekke å sy og litt stilige å sjå på.

gjenbruk av dongeri

Her har det gått med store delar av buksebeina på ei bukse til dei to første hattane, og litt frå ulike bukser til den siste. Alle er i vaksen størrelse (frå ca 56/57 og oppover), så om det er nokon som er einige med meg i at dei er stilige og har lyst til å kjøpe dei må de berre ta kontakt!

Tøflene under har eg òg laga sidan sist blogginnlegg. Eitt i pelsskinn (sau) og eitt i rosa møbelhud men med såle av samme pels (men i raud). Det siste paret vart til berre fordi eg hadde denne bil-applikasjonen liggande frå ein eller annan gang tidlegare. Dei brune har blitt gitt bort og passa forhåpentlegvis den vetle sogningen som fekk dei.
2014-09-15 14.01.39

14 sep

Symaskinnåler

Symaskinnåler er ofte eit tilbakevendande tema i spørsmål og diskusjonar på syforum og i sygrupper på Facebook. Dette er slett ikkje rart, for ei symaskinnål er ikkje ei symaskinnål og ferdig med det. Feil nål kan både skade maskina (!) og eit elles godt prosjekt kan bli øydelagt eller mindre bra. Mange merkar dette først når dei syr i strikka stoffer som jersey og oppdagar hol rundt saumen, noko som kan skje dersom ein ikkje brukar nåler som «dyttar» trådane til side i staden for å skjære dei over. Skinnåler som er berekna til lær og tjukt skinn brukt i for tunt skinn kan gjere at heile saumen raknar. Men både hoppesting og andre rare saumar kan skuldast at nåla er begynt å bli sløv eller har fått ein skade.

Sewing-machine-needles-types-150x150 tnc5-w250-150x150 114-machine-needle-05-150x150

Nålene finst i mange tjukkelsar og med mange ulike spissar og til og med med ulik lengd og med med to, eller til og med tre nåler i ei, såkalla tvilling- og trillingnåler. Tvillingnålene kjem igjen i ulik breidde mellom nålene og i ulike typar for ulikt stoff. Det finst nåler med fjør på til frihandsquilting og det finst nåler som trer seg sjølv. Sa du at du skulle ha ei symaskinnål?

Det enklaste, eller i alle fall nokså sjølvsagde ved val av symaskinnål er å finne kva nålesystem du skal ha. Dette blir nemleg i hovudsak bestemt ut frå maskindu har. Og då snakkar eg ikkje mest merkenavnet, men om du har ei vanleg heimesymaskin, ei overlockmaskin, ei tvillingsaumsmaskin (coverstitch) eller broderimaskin.

Til vanlege symaskiner skal du ha eit system som heiter 130/705 H eller HAx1 som er ulike navn på same nålesystem. Nokre nålpakkar står det begge deler på, nokre berre ein av betegnelsane. Nokre overlockmaskiner skal ha ein annan nålesystem, den som heiter ELx705, men mange overlockmaskiner og tvillingsaumsmaskiner kan òg bruke 130/705. Mi tvillingsaumsmaskin Brother 2340CV har berre 130/705H (HAx1) 90/14 nåler anbefalt i manualen. Compulock maskina mi, som er ei kombinet overlock og coverstitch, kan òg bruke same nåler som vanlige symaskiner. Hugs at det finst ulike merker av overlock og coverstitchmaskiner, og kanskje er berre eitt av nålesystema anbefalt for di maskin! Manualen er alltid ein grei plass å starte.

universal-150x150leather-150x150 naaler-150x150

Uansett nålesystem må du i tillegg velge type nål. Dette gjer du ut frå kva du skal sy i. Typen har ofte same navn som stoffet du skal sy i, eller seier noko om saumen eller eigenskapane til den spesielle nåla. Ulike eksempel på vanlige typar nåler er «ballpoint», «universal» eller «standard», «stretch», «jersey», «denim/jeans», «leather», «sharp/microtex», eller «tvillingnål». I dei ulike pakkane med nåler er det ulikt tjukke nåler. Tjukkelsen på nålene står oftast oppgitt med både amerikansk og europeisk mål. Typisk 70/10, 80/12 eller 90/14 for standard nåler. Jeansnåler har ofte tjukkelsar opp til 100/16. Som regel vil du trenge ei tjukkare nål til tjukt stoff enn til tunnare stoff. Tjukkelsen på tråden må òg takast omsyn til. Dersom du syr med tjukk tråd må du sikre at det er god passasje i nålauga til tråden. Såkalla topstitchnåler vil typisk vere både grove og med stort nålauga, og metallic/metafil nåler er tilpassa metalltråd.

Tvillingnålene har nummer som seier noko om avstanden mellom nålene og tjukkelsen på kvar av nålene i europeisk mål. T.d. 4,0/100. Som du forstår kan du snevre inn valget av nål nokså bra berre med å sjå på navnet, og med litt øving veit du sånn ca kva tjukkelse du er ute etter til det enkelte prosjektet. Frå vanskeleg og forvirrande og tilbake til nokså greitt i grunn.

No har du altså litt styr på kva nål du skal velge til prosjektet ditt, Men kva nål står det eigentleg i maskina? Kva sydde eg sist? Eller kva type nål er det som står der i nåleputa der? Merking med neglelakk i fargekodar har eg høyrt er ein lur måte å halde nålene frå kvarandre på; i grunn burde dei kome ferdig fargekoda frå fabrikken! Eg for min del prøver å ta ut nåla frå maskina etter ferdig saum, og sette den inn med flat side fram i orginalpakken om eg berre har sydd litt med den. På den måten ser eg kva type nål det er og at den har vore brukt før. Å la ein liten stoffbit ligge att under pressarfoten kan òg gi deg eit hint til neste gang du skal sy om kva du hadde fore ved sist økt.

Kor ofte skal ein så skifte nål? Når er den utslitt? Eg har lest åtte til ti timar saum anbefalt, men eg skiftar nok nåler mykje oftare enn som så sjølv. Eg har lest tips om å stikke nåla nokre ganger gjennom ei brukt nylonstrømpebukse. Ei “flisete” nål vil trekke med seg trådar. Det hender eg sjekkar med ei nagl ned langs spissen for sjå om den har blitt skada om eg merkar maskina fuskar i saumen, eller trillar den langs bordet for å sjå om den er bøygd, men eg må innrømme at er eg i tvil så byter eg alltid nål. Og eg unnar meg som oftast ei ny nål til nye prosjekter. Eg tenker at nåla i alle fall må vere god om syinga skal gå greitt og fint.

 

06 sep

Harry Plotter, eller i alle fall ei litt magisk maskin

Silhouette Cameo er ein digital plotter – eller kutte-/skjæremaskin om du vil, som i det siste har vorte populær hjå mange av oss som syr litt. Den blir då brukt til å kutte ut vinyl til å stryke på klede, sjablongar til tekstilmaling eller til å kutte ut stoff til t.d. applikasjonar. Silhouette Cameo er ein rimelig plotter til heimebruk. Den har ikkje verken styrken eller varigheit som industrielle plottarar, men med rett bruk kan den gi mange mange timars moro.

silhouette 2014-06-24 17.24.06 2014-07-04 15.42.22

Sidan eg kjøpte mi maskin før sommaren har eg prøvd den på å kutte vinyl både til å stryke på klede, vinyl til å lime på veggar, postkasse og andre overflater og papir til heilt enkle bursdagskort. Fort og kjapt, og veldig fasinerande å sitte og sjå den jobbar. Gratisprogrammet Silhouette Studio fungerer som hjernen til maskina og når ein har designa eller henta fram ferdige design der er det berre å mate maskina med det den skal skjære ut.

Den kan òg samarbeide greitt med skrivaren og skjære ut design som eg har printa ut der først. Stoff, skinn, mosegummi, kartong, plast og papir er nokre av materala den lett klarar å skjære i. Det gjeld berre å finne rette innstillingar på maskina. Her er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan klare å bruke den til. Eg har t.d. òg kjøpt eigne tusjar til den slik at den kan skrive i staden for å kutte.

2014-07-05 22.55.00 label1 2014-06-30 19.20.01

Sidan eg no har hatt maskina nokre månader kan eg forsikre deg om at eg har nådd å gjere ein del tabbar og lære ein del av eigne feil. Dette til tross for at eg har studert lærevideoar på Youtube grundig og lest mange blogginnlegg. Her kjem difor nokre få av mine tips så kanskje du kan unngå nokre av dei same feila som eg har gjort, eller rett og slett berre kanskje tips du ikkje hadde tenkt på.

1. Bruk “Test Cut” for alt det er verdt. Denne funksjonen skjærer ut ein trekant og eit kvadrat på ein kvadratcm og sparar deg for store tabbar med dyre materialer.

testcut

2. Ikkje kast arket som følger med kuttematta di! Legg dette på igjen mellom kvar gang du brukar matta. Matta er dekt med klister og trekker til seg det som er av støv. Med litt omsorg går det litt lengre tid før du må rense og legge på ny lim på matta. Når du imidlertid ein gang må gjere dette kan du bruke spraylim for å fornye.

3. Når du skal skjære ut vinyl til å stryke på klede må du hugse å spegelvende alt for å få det den vegen du vil ha det på kleda. Dette gjer du med funksjonen mirror som du finn i menyvalet Object – Mirror – Flip Horizontally.

mirror

4. Sjekk kniven innimellom for restar av vinyl. Det skal ikkje så mange bitane til der før kniven kuttar dårligare eller upresist. Men forsiktig – den er skarp!

5. Ekstra kuttematter kan du lage av ulike former for plast, t.d. sjablongark. Eg har nokre store på 50 x 32 cm som eg har merkt av samme rutemønster på som på orginalmatta. Matta har eg så spraya med KK100.

6. Når du brukar vinyl så plasserer du designet ditt så nær kanten som du kan før kutting, og klipper reint inntil designet ditt før du “lukar”  (engelsk=weed). Du kan gjenbruke små bitar dersom du øver deg på å plassere det rett på matta i forhold til kor du har plassert designet i Silhouette Studio.

7. Når du skal luke eit ferdig kutta design i vinyl tykkjer eg ofte det er greiast å ta småbitane først. T.d. inni bokstavar og andre små områder.

8. Shift + G slår av og på rutemønsteret i Silhouette Studio. Her er ei liste over andre tastatursnarvegar i programmet både for Mac og Pc.

9. Gratisprogrammet Inkscape er fint å bruke til å konvertere filer til dfx som er eit filformat sjølv gratisversjonen av Silhouette Studio kan lese. Etter at du har lært deg dette kan du gå på jakt etter gratis svg-filer på nettet!

10.  Appen InstaFontMaker (Android) eller Font Maker (Apple) lar deg lage ein font av di eiga handskrift. Denne kan du så igjen bruke i Silhouette Studio. Stilig, ikkje sant? Eg har sjølv berre testa ut Androidversjonen.

14 aug

Korleis lage eigne merkelappar (gjensyn)

Eg har òg tidlegare skrive ein post om korleis eg lagar eigne merkelappar til klede og ting eg syr. Eg har òg kjøpt min del av merkelappar, men det er kjekt å kunne lage sine heilt eigne i akkurat den fargen du treng og i den mengda du treng. Så her kjem eit gjensyn med same tema.

Her har eg brukt min nokså nye Silhouette Cameo i prosessen, men det er akkurat same framgangsmåte uansett korleis du velger å sette bokstavane på tøyet.

Merk eit tøystykke med det du vil ha som logo. Du kan t.d. brodere, bruke tekstiltusj, t-skjorteoverføringsark eller som eg har gjort her, vinyl kutta til i plotteren.
label1

Skjær eller klipp til tøystykket ein cm større i alle kantar enn sjølve merket.
label2

Brett stykket midt på, som er midt i logoen i mitt tilfelle sidan eg vil ha merke på begge sider.  Sy dei to kortsidene og klipp av hjørnet inn mot bretten utan å klippe i saumen.
label3

Vreng og press med strykejarn. Hugs å beskytte lappen med strykeark om det er vinyl du stryker på.
label

Resultatet er ein fin dobbelsidig merkelapp som du kan sy på produktet ditt.DSC_5001

 

bug&bird har ein fin tutorial på korleis du kan lage eigne merkelappar med silkeband!

11 aug

Runde lommer med rund opning

rundelommer Lommene på kjolen i forrige post var utprøving av rund opning på lommer men no tar eg det eit steg vidare og lagar heile lomma trillande rund. Har du lyst til å sy liknande lommer så kjem forklaringa på saum av slike lommer her: 1. Klipp ut fire sirklar. Gjerne i to ulike stoffer. Innerstoffet vil syne lite, så mønster er litt bortkasta. Klipp ut sirkelen som skal vere opninga i lomma,  men obs ikkje for nær næraste ytterkant. Dette har med å gjere at for liten avstand vil gjere det vanskeleg å vrenge og du må la det stå igjen meir å sy frå retta til slutt = værre å få fint. På mine lommer her som er 15 cm i diameter var3,5 cm frå kanten omtrent minimum. Opninga blir ca 1 cm større i diameter etter alt er sydd saman, så ta omsyn til det når du velger kor stor opning du vil ha. rundelommer2 2. Sy stoffstykka saman to og to rette mot rette rundt opninga i midten. Klipp hakk i saumrommet – evt med taggesaks slik som eg har gjort det her. rundelommer3 3. Vreng den eine sirkelen inn gjennom opninga slik at stoffa blir vrange mot vrange. Press med strykejarn. rundelommer4 4. Marker med to knappenåler eit valgt punkt ytterst på kanten på begge stoffsirklar. Eg trur at ein plass i nærleiken av den smalaste kanten er ein god plass å starte, men prøv deg fram. rundelommer5 5. Brett dei to sidene som er markert med nåler tilbake over resten av tøysirkelen slik at resten av stoffet havnar i midten. Sjå nøye på korleis nålene står i stoffet på dei to bildene over sidan desse stoffa er like på retta og vranga. På dette bildet er tøysirkelen snudd 180 grader i forhold til på forrige bilde. rundelommer6 6. Pass på at nålene møtes og at du held stoffet i midten godt unna – no skal me sy igjen. rundelommer7 7. Start saumen eit stykke før nålene og sy langs kanten så langt du kan utan å treffe stoffet som er rulla inn i midten. Dra så fram stoff frå midten og hald fram med saumen til det er att omtrent tre cm vrengeopning. De som har sydd panneband kjenner igjen noko her muligens ;) Du må gjerne lirke litt om du har valgt å legge opninga i midten for tett opptil kanten. (Om det er uråd å dra fram stoff må du stoppe og evt sy stor vrengeopning frå retta.) rundelommer8rundelommer9 8. På dette tidspunktet liknar det ikkje noko anna enn Lille Larva Aldrimett ein tidleg sundagsmorgon, men ikkje fortvil! Vreng lomma ut gjennom opninga som står att og press det fint og glatt med strykejarn. Vrengeopninga kan vere utfordrande å få bretta fin og rund. Eg har av og til brukt ein pappmal av eit utsnitt av sirkelen (med diameter ferdig sammensydd) og lagt denne inni vrengeopninga og pressa tøyet rundt denne. Pappen tar eg ut før eg syr. rundelommer0 9. Her er ferdig pressa lomme klar til å bli sydd på, i dette tilfellet, ein forklekjole. Mitt siste tips er å sy begge lommer parallellt slik at du blir ferdig med begge samtidig. Om du vil ha andre former på lommene er frangangsmåten den same. Pass berre på at du har ein breid nok “kanal” til vrenging rundt langs heile lommekanten.

11 aug

Forklekjole med lomme, eller omvendt

Denne forklekjolen vart til i dag fordi eg måtte teste ut lommer med rund opning. Eg er sikker på at eg har sett slike lommer på nett, men siste dagars googling kunne ikkje gi meg noko bilde eller instruksjon. Difor altså utprøving. Lomma vart kul syns eg sjølv. Kjolen er full i feilskjær (smalt tidsrom til saum) men grei nok til heimebruk.

PhotoGrid_1407757313716

07 aug

Prosjekt og mønster (tutorials)

Sida med tittelen over har fått ei lita ansiktsløfting. Eg vil prøve å halde denne oppdatert med mønstera og beskrivelsane eg legg ut. Gi gjerne ein lyd om det er noko du saknar på denne lista.

Sida finn du her eller i menyvalet.