Dokkemakeover

Mellomste jenta vår har ei sminkedokke som ikkje var spesielt morsom å leike med lengre. Flokete hår – heilt dekka av sminke og rett og slett rufsete. Ikkje var det igjen meir sminke heller visst. Ikkje så rart kanskje når ho har hatt den eit par år. Bildet her viser ikkje det tunne laget av sminke, men tru meg – den var skikkelig innsmurt over alt.

Eg lova å sjå kva eg kunne gjere med den, men gav opp å prøve med hårbørsten i går kveld då eg såg at ikkje kom nokon veg. Likevel hadde eg ikkje heilt lyst til å gi meg på det så i dag har eg og Google prøvd å få skikk på dokka (rettare: dokkehovudet). Og det er utruleg kva den dama (for Google må vere ei dame vel?) kan finne ut av.

Først prøvde eg å finne ut av om det er mogeleg å rense dokkeansiktet. Fann ulike forslag og landa ned på å prøve med symaskinolje sidan eg hadde ei flaske av dette på veg ut av huset (øydelagd kork). Olja gjorde susen og litt pirking i øyrer og nase fekk fjerna sminkerestar der òg. Såg ikkje ut som om dette gjorde henne noko.

Neste søk gjekk på å få litt skikk på håret. Fizz i håret kallast det visst på engelsk når det er brusete og flokete og det dukka opp mange ulike hjelpsame sider under søk på dette og doll+hair. Balsam og bakepulver gjekk att i råda og det same gjorde tøymjuknar, som vart mitt valg. Sjå kor ho smiler der ho ligg i lunka vatn med tøymjuknar i. Eg tenkjer ho kjenner at flokane løyser seg opp. Eg tok hovudet av basen for å kunne få den bedre ned i vatnet og for å kunne tømme hodet for vatn etterpå.

Eg lot henne ligge ei stund i dette vatnet før eg fann fram hårbørste og satte vatn på kok på komfyren. Google viste meg nemleg eit par filmar på Youtube der det vart brukt damp til å få retta ut dokkehår. Sidan eg ikkje har nokon fancy steamer eller lignande meinte eg damp frå kokande vatn i kjelen måtte gjere susen så etter grundig børsting heldt eg henne ei stund over dampen medan eg fortsatte å børste.

Eg innrømmar gladeleg at eg er litt utålmodig av meg, så når eg var komen så langt og det ikkje vart fortgang i å få håret glatt gav eg henne (håret) nokre raske dypp ned i det kokande vatnet. Eg gjorde det litt med hjarta i halsen sidan det tross alt er snakk om tynne plasthår her. Men dette gjorde susen og håret vart veldig mykje rettare. Så var det berre å la henne tørke og få montert henne på basen igjen. No gjeld det berre å få fylt på med litt dokkevennlig sminke igjen og så er ho klar til timesvis med leik!

Dette var forresten moro! *kikkar meg rundt etter andre flokete dokkehovud*

8 thoughts on “Dokkemakeover”

  1. Så fin sminkedukken ble etter behandlingen, heldige eier :) Jeg pleier å vaske flokete dukkehår i vann tilsatt en stor mengde balsam. Det fungerer kjempefint og dukkene ser nyfriserte ut etter en god omgang med kam eller børste…

Legg att eit svar til Eva Mari Kirkvaag Bjørgum Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.