29 mar

Mønster på forklekjole

Eg sydde min første forklekjole for ca fem år sidan etter eit mønster i eit Alt om Håndarbeide frå februar 1980. Dette mønsteret har eg i mellomtida gitt bort saman med alle dei gamle blada. Så når eg no skulle prøve å sy ein kjole måtte eg ta utgangspunkt i ein kjole eg hadde liggande og prøve å tegne eit nytt mønster.
 
Eg mistenker forresten at den kjolen eg no tok utgangspunkt i ikkje er sydd etter mønsteret, men igjen tegna av ein kjole eg har sydd av det mønsteret ein gang – om du forstår ;) For den første kjolen eg sydde denne gangen syns eg ikkje sat så godt på eittåringen min . Eg tegna den derfor om ein del.
Oppdatering 2016: Det er med dette utgangspunktet eg har kome fram til mønsteret eg selger i nettbutikken. 

 

10 thoughts on “Mønster på forklekjole

  1. Tuuuusen takk for at du deler dette mønsteret, jeg har forsøkt meg på å forminske et mønster på forklekjole som var i Ottobre en gang, men ble så der.. Dette var genialt!!

  2. Hei…denne har jeg leita etter!!! Leste den tidligere men fant den ikke igjen…før no!! Takker og bukker ;)

    Kjempefin blogg forresten :)

    Hanne=)

  3. Tusen hjertelig takk:) Eg er ganske ny i gamet, men har veldig lyst å prøve meg på denne:)
    Er mønsteret i riktig størrelse når eg skriver det ut? Er 1-åringer så små? Hehehe.. Lenge siden eg hadde så liten unge:)
    Eg er ikkje meir enn 31 år altså, sjølv om det høyres ut som eg er skikkelig oldis;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *