Tass, tass, tass

Fort fort tassar dei nye tøflene over golvet med vetlesysta sine nakne tær inni. Tær som kjem til å vere fulle i hår når tøflene skal av til kvelden sidan støvsugaren vår rauk i dag. Sammenhengen? Jo, når ein klipper/skjærer i pels så blir det veldig mykje laushår (om ein ikkje klipper berre i skinnet – men det tar eg meg ikkje tid til). For å unngå at dette blir spreidd rundt i huset pleier eg å ha støvsugaren for hand og gå over bitane etter kvart som eg skjærer dei ut. Men altså i dag måtte eg berre nøye meg med å plukke av det meste for hand.

Tøflene er denne gangen i brunt lammeskinn med kvit pels. Ein fargekombinasjon eg er veldig glad i og har sydd veldig mange par tøfler av. Skinna varierer naturleg i tjukkelse, men dette var tunnt og perfekt til små tøfler. Eg hadde ikkje heilt likt skinn til lista over tåa, men syns det vart ok med den fargen eg valgte.  Å ha kvit pels over tåa tenkte eg ville fort bli stygt og skittent.

4 thoughts on “Tass, tass, tass”

Legg att eit svar til luna Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.