Vinterferie og hobbyplaner

Neste veke er det vinterferie her og om vêret blir som i dag så blir det flott å vere ute. Like fullt legger eg planar for inneaktivitetar sidan det tross alt er avgrensa kor mykje utetid ei snuppe på snart 11 månader kan ha i 10 kalde grader som i dag.

Eg kan ikkje nekte for at eg har ein del hobbyutstyr og -materiale. Garnet mitt fyller ein flyttekasse frå IKEA til randen, men der er eg godt i gang med å få brukt ein del. Har berre kjøpt garn med konkret plan to ganger i det siste og no skal eg ikkje kjøpe garn på ei stund før eg har strikka opp ein del meir.

Stofflageret mitt vil det derimot ta lengre å få brukt opp. Ikkje er eg tenkt til å bruke det opp heller. Det er nemleg heilt avgjerande å ha litt å velge i når ein skal sy. Å kunne plukke fram ulike stoffer, sammenligne og så velge for så å kunne begynne med det samme mot alternativet: Først bestille konkret til eit prosjekt for så å vente på å få det heim. [Det er kun ein stoffbutikk her og den har ikkje bekledningsstoffer.] SÅ vente på at det blir klart etter vask, stryke og SÅ kunne begynne å sy. Likevel skal eg prøve å minske materiallageret litt framover på samme måten som eg strikkar meg nedover i flyttekassa. Eg vil prøve å sy meir til meg sjølv (og ungane) heller enn å kjøpe klede ei stund. Eg skal òg prøve å kome meg over vegringa mot å bruke dei finaste stoffene. Blir nemlig ofte til at eg tar andre stoffer enn dei eg helst vil bruke, fordi eg ikkje klarar å klippe i dei finaste. Nokon som kjenner seg igjen?

Materiale til andre hobbyar enn saum og strikking har eg òg litt av men det får eg kome tilbake til ein annan gang.

Framover skal eg prøve å lære meg å bruke noko av det utstyret eg har som eg har brukt for lite til å mestre det godt. Dette er t.d. Clothsetteren til broderimaskina, ekstra føtter til Compulock 888, og noko litt mindre konkret – ulike innstillingar på maskinene som coversaumane på Compulocken.

Broderiprogrammet Embird er òg noko som eg har lyst til å bruke meir tid på, slik at eg kan lage enkle broderi sjølv. Dermed kjem kanskje lysta til å brodere litt meir med 350E enn det eg har gjort siste året.

1 thought on “Vinterferie og hobbyplaner”

  1. Skal vi se… Du er bare i startgropen når det gjelder å bygge garnlager. Heeelt sikkert! Men det er godt å klare å bruke en jafs. Jeg holder på et et prosjekt fra mitt ikke fullt så beskjedne garnlager nå. Og det føles godt!

    Ja til godt stoffutvalg, for meg er det i alle fall sånn at ideene kommer etter hvert, gjerne stimulert av stoff jeg ser. Altså må jeg ha litt.

    Jeg skulle gjerne hatt noen flere maskiner, rydder jeg i sykroken, har jeg helt sikkert plass til både broderimaskin og coverlock, i tillegg til overlocken (nå låner jeg Kicki sin, men jeg må selvsagt ha min egen snart).

    Vinterferieprosjektet mitt blir nok å rydde i stoffene – som i første omgang betyr å sy – måtte lete gjennom stoffbunkene, og så sitte igjen med mer ryddige bunker (og den uungåelige trangen til mer stoff…), økt sykompetanse og selvsagt det jeg har sydd. Vi ligger en uke etter dere, men det går fint, jeg holder en uke til. :-p

    God ferie!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.