Gårsdagen gjekk ikkje heilt som planlagt

Gårsdagen skulle brukast til bursdagsførebuing sidan vi har niårsdag i huset i helga. Men den gang ei. Snart-niåringen gleid på isen onsdag og vrei foten så i går brukte vi dagen hos lege og på røntgen. Heldigvis berre forstuing, og ikkje brudd. Så I DAG skal eg førebu bursdag. Bake litt og rydde litt. Jenta sjølv er køyrt til døra på skulen og får nyte rampelyset som krykkebrukar dei få dagane det blir aktuelt. Kjekt med krykker når det ikkje er for så mange dagane.

Eg har forresten gjort det heilt klart her heime, at sjølv om vi har kjøpt krykker så betyr det ikkje at det er fritt fram for å bryte bein!

3 thoughts on “Gårsdagen gjekk ikkje heilt som planlagt”

  1. Vi har att par krykker i boden, og de krykkene har ungene så lyst til å bruke hele tiden. Så ganske så ofte kommer 11 åringen min å sier at hun har såååå vondt i foten.
    God bedring til bursdagjenta

  2. Unger er litt opptatte av å få prøve krykker, de synes visst det er litt spennende. En lærer på skolen skadet foten og har gått på krykker i et par uker. Resultatet var at hele klassen til 7-åringen min hoppet rundt på èn fot i flere dager :) Lykke til med bursdagsforberedelser og god bedring og gratulerer på forskudd til 9-åringen!

Legg att eit svar til Elisabeth Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.