Eg har lyster

Ja, altså det kan vere så mangt man har lyst til, og eg har nok ikkje verken færre eller fleire lyster enn andre. Men nett no har eg altså lyst til å strikke dette settet frå Norsk Husflid nr. 4 i 2010. Bladet/bildet er litt krøllete av å ha vore passasjer i strikkekorga sidan det kom i hus, men det er altså ein raglangenser/tunika med matchande lue. I oppskrifta er det brukt ein tråd Rauma babyull og ein tråd Plumet (som vel er forsterka mohairgarn etter som eg kan finne ut).

Eg har aldri strikka fletter før (som eg kan hugse) så dette blir moro! Det er berre så kjekt å lære nye teknikkar. Kvitt garn er bestilt frå Spar Kjøp. Eg tar sjansen på eit anna garn enn det som er anbefalt, men skal slite (!) meg gjennom ein prøvelapp først sidan det er eit relativt stort prosjekt. Tenker å strikke størrelse to år og begynne med lua.

5 thoughts on “Eg har lyster”

  1. Kjempeflott sett!
    Fletter går veldig greit å strikke! Jeg har skaffa med små pinner med en knekk, som er beregna på fletter, og det gjør ting mye lettere! Er ikke flink å strikke, men jeg får det til! Så du skal se at det går veldig bra!!
    Gleder meg å se resultatet!!
    klem odin!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.