Split-bokstav split-monogram

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Split-bokstav split-monogram

Å lage enkle eigne split-monogram i Silhouette Studio er relativt kjapt gjort, og her skal eg vise deg ein mogeleg måte å gjere det på.

Finn ein font du likar og skriv inn bokstaven du skal jobbe med. Her velger eg ein L frå fonten Lovely Melissa. Eg tegnar så eit rektangel på ca den størrelsen eg vil ha opninga som eg skal skrive inn heile fornavnet i.

Eg brukar subtract for å fjerne den delene som ligg bak rektangelet og dele bokstaven opp i to. For at Subtract skal fungere her er det viktig at rektangelet er tegna til slutt og/eller blir flytta til øverste lag i designet. Du kan òg bruke knivverktøyet og dele av bokstaven på to stader for så å slette den midterste delen. Å dele bokstaven berre med ein deling og dra dei frå kvarandre syns eg ofte endrar bokstaven for mykje i forhold til korleis den eigentleg ser ut.

 

 

 

 

 

 

Etter at du har fjerna midterste del på eine eller andre måten, må du bestemme deg for om du vil ha dei to delene av bokstaven ståande i denne avstanden, eller om du treng større eller mindre avstand. Endre i tilfelle på dette.

Legg så på to identiske rektangel på endane av bokstavdelene. Pass på at dei overlappar, men at bokstavdelene ikkje stikker ut i under-/overnkant. Lag først eitt rektangel og dupliser med ctrl + pil eller på ein av dei andre måtane å klone objekt på i programmet så blir dei identiske. Still rektangela opp i forhold til kvarandre med align, og juster breidde og plassering i forhold til bokstavdelene medan begge rektangel er aktive/merkte til du er nøgd med utsjånaden.

 

Bruk kommandoen weld for å smelte rektanglane sammen med bokstavdelene. Etter at du har gjort dette kan du ikkje lenger flytte delene i forhold til kvarandre, så om du trur at du vil endre dette i etterkant eller lage ulike variantar er det lurt å lage ein kopi av desigent før du welder. Om du er fornøgd gjeld det berre å finne ein font som passar fint inn i designet. Eg tykkjer ofte det passar med ein enkel font om den store bokstaven har ein del snurrar.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *