Tøffe tøfflus

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Tøffe tøfflus

I går leverte eg eksamensoppgåva  mi og som «premie» kjøpte eg dette:

Har tegna av mønsteret til boots alt, og har planar om å prøve å sy dei i pels. Evt. skal eg sy dei i ullstoff med ytterstoff frå ein tova gensar. Planane er som vanleg i orden. ;)  Eg tenker òg å sy litt pelstøfler til gaver, men har ikkje lova noko verken til den eine eller andre for det er så godt å kunne styre tida si sjølv!

Eller forresten eg lova visst eit par til eldstejenta…

Men fyst ut er vetlesysta (igjen) Ho har alt vokst ut av to par tøfler. Nesten. Eg syns iallefall at ho skulle ha eit nytt par og laga desse grå til henne i går. Dei vart kjempesøte syns eg, og fargen er ørlitt meir praktisk enn dei som var kvite lyse-grå-skitne ho har no. Sauepels i heile tøffelen denne gangen.

Litt vanskeleg farge å ta gode bilder av.

3 Responses

  1. Flotte tøfler! Hærlig bilde på det magasinet… heheh
    klem fra odin!

  2. Marthe sa:

    Hei :) Så deilige og flotte tøflar du lagar! Ønsker eit par til sonen min, syr du på bestilling enda? :)

  3. Randi sa:

    Heisann:) Kan du gi meg et hint når du evnt får tid til å lage slike deilige tøfler igjen :o)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *