30 okt

Fleecebukse – ein prototype

Fleece er ikkje mitt favorittmateriale, men eg må innrømme at det har ein del eigenskaper som eg ikkje kan oversjå. At det held tett (over formsydde bleier) er iallefall heilt sikkert. Vetlesysta trengde eit alternativ til ullbukser over bleiene og sidan eg hadde nokre «få» meter med fleece liggande var det naturleg å lage kladden/prototypen i fleece. Særleg sidan den då kunne brukast som bleiebukse om den vart ok.

Utgangspunktet er ein bukseform eg likar til vetlesysta og så har eg tegna eit mønster etter eige hovud ut frå denne. Eg likar best at det ikkje er søm bak på buksene til dei heilt små og då må det til ein kile i skrittet i staden. Dette for å kompensere for den utsvingen ein kan få til ved å sy saman to deler foran og bak. Ser for meg at eg kan plassere ein søt applikasjon eller eit broderi på rompa på denne modellen. Nederst på beina har eg sydd på eit pynteband, men alternativt kan ein lage ribb som oppe på buksa eller berre sy opp kanten.

One thought on “Fleecebukse – ein prototype

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *