Visste du at du kan bruke nettbrettet til å styre kuttemaskina?

Eller strengt tatt til å styre pcen eller macen som styrer kuttemaskina, men styringa har du i alle fall!

Splashtop er ein app for både Android og iOs nettbrett som lar deg bruke pc og mac frå nettbrettet og med denne kan du altså få tilgang til program som Silhouette Studio. Det den ikkje kan gjere for deg er å laste inn materiale i kuttemaskina ;) så du må fysisk vere til stade for å kunne kutte. Men å designe frå sofahjørnet uten å måtte bruke lettvektsappen Silhouette Studio Mobile er ikkje så verst!

Systemet til Splashtop lar deg bruke nettbrettet som fjernkontroll på både pc og mac. Når systemet er satt opp kan du sjå dataskjermen på nettbrettet ditt og kan bruke alle programma du har installert på hhv mac eller pc!

Nettsida Splashtop.com reklamerer med at du er klar til start på under 5 minutt. Eg fomla vel gjerne litt fram og tilbake med autentiseringar av dei ulike einingane, men så mykje meir enn 10 minutt før eg var klar gjekk det ikkje.
Framgangsmåten er som dette:
  1. Last ned Splashtop Personal appen på mobilen eller pcen du vil bruke som fjernkontroll». Appen er gratis i Google Play Store og kostar ca 10$ i App Store.
  2. Last ned Splashtop Streamer på Macen eller den Windows PCen du vil fjernstyre.
  3. Lag deg ein Splashtop konto på nettsida deira og logg på med denne på både appen og på Streameren. Klikk på autentiseringslinker du får på mail. På nettbrettet trykker du på pcen du vil styre i lista over registrerte einingar, klikkar deg gjennom nokre brukartips og det er klart til bruk!

Fungerer det?

Ja det gjer det. Det er rett nok litt uvant å rote rundt på ein stor skjerm på ein liten skjerm om du forstår. Men du har alle funksjonalitetar. Museknappar kan du ha framme på skjermen og om du brukar ein tegnepenn kan dette bli nokså bra. Mobilskjerm, som er det eg har testa med, blir for lite til det meste, men det er jo unekteleg litt kult å kunne sitte i stova og bruke pcen som står i eit anna rom!

Er det sikkert?

Du må ha ein konto for å bruke systemet. Du må sjølv laste ned og installere app på pc/mac og på nettbrett/mobil. Du må autentisere kvar enkelt pc, mobil eller brett du loggar på frå ei lenke du får tilsendt på epost, og du kan i tillegg kreve innlogging på Windows eller legge til eit eige valgt passord før man kan få tilgang. På pcen du styrer kjem det opp eit varsel når du loggar deg på og man vil naturleg nok sjå alt som blir gjort òg på pcskjermen.

Grunnappen lar deg berre bruke systemet om både fjernkontroll og pc/mac er på samme nettverk, men det er etter det eg les mogeleg å kjøpe tillegg i appen som gjer det mogeleg å styre/bruke pcen din òg på tvers av kva nettverk man er påkobla.

La meg få høyre om du prøver dette då!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.