Tilpasse tekst til bruk som sjablong

Når man skal kutte tekst i vinyl eller htv spelar det liten rolle om ikkje bokstavane heng saman eller at smådeler ligg fritt og kvar for seg. Teksten skal uansett overførast til sitt nye underlag til dømes på veggen eller på eit klesplagg med enten transferpapir ved sjølvklebande vinyl eller medfølgande transferark som på htv.

Når man kuttar tekst som skal brukast som sjablong er det litt andre hensyn man må ta.  Lat oss seie at me skal kutte eit ord i sjablongplast til bruk med spraymaling. Ordet eg skal skrive er imagine Når vi studerer dette ordet ser vi at tre av bokstavane a, g og e har ein eller to deler som vil falle ut dersom vi kuttar det i eit materiale som plast eller anna uten eit bakpapir til halde det på plass. Og sidan materialet ikkje har lim eller skal påførast nokon plass vil det bli uråd å halde styr på smådelene som til dømes inne i a, g og e her.

Det finst typiske sjablongfonter – stencil fonts – som har ferdige kutt gjennom desse bokstavane. Ei løysing er då å velge ein slik type font om man vil kutte ein sjablong. Det finst òg andre typar fontar som har gjennomstreking slik at dei vil kunne fungere bra brukt på sjablongar.

Eit anna alternativ, til dømes dersom det er ein spesiell font du ynskjer å bruke, er å modifisere fonten sjølv. Eg har plukka ut ein basic sans-font (Caviar dreams), men det skal gå fint å gjere det same òg med handskrift-fonter.

Den første metoden som ikkje fører til eksakt plasserte kutt og identiske bokstavar er bruk av knivverktøyet. Her bør du legge merke til at knivlinja er konstant i tjukkelse. Dvs at om du forminskar teksten før kutting vil du få eit tjukkare kutt og om du forstørrar fonten vil du få eit tynnare kutt. Hald nede shift ved bruk av knivverktøyet for å sette kutt i eksakte 45 graders vinklar.

Den andre metoden er  å bruke modify-verktøyet subtract. Her legg eg eit lag av smale rektangel oppå teksten der eg vil ha kutt. Å bruke ein l frå fonten eg har i bruk her fungere greitt med tanke på tjukkelse på kuttet. Ved å avgruppere teksten først kan eg sentrere kuttet ein og ein bokstav og vil få eksakt like kutt i like bokstavar.

Sjølvsagt treng ikkje kuttet ligge midt på bokstaven, så dette er ingen fasit men berre to mulige måtar å gjere det på. Både plassering av kutt/modifisering kan velgast fritt og det same kan tjukkelsen på kuttet. Berre pass på at kuttet ikkje blir for tynt til at det held i det materialet du velger eller at det blir for tjukt til at det ser bra ut.

Når du skal renske etter kutting er det, til skilnad frå ved bruk av vinyl/htv, sjølve bokstaven som skal fjernast. Du vil då stå igjen med teksten i negativ inkludert delene som er inne i bokstavar som a, g og e, til å bruke til sjablong.

Tips: Silhouette har sin eigen sjablongvinyl, men det går fint an å til dømes bruke restar av ein vinyl du har liggande uten at du heilt hugsar kvifor du kjøpte den ;) Eller bruke frysepapir (samme som slakterark) til bruk saman med tekstilmaling på klede.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.