Sommarstrikk

I sommar har det blitt mykje strikking. Ein hobby som ein kan ta med seg på verandaen og elles rundtomkring der ein måtte like å opphalde seg.

Sidan vetlesysta brukar tøybleier treng ho litt ekstra med ullbukser. Den turkise med lilla striper øverst på bildet passar no, medan den mangefarga underst nok må ligge på vent eit år eller meir. Dei er strikka av garn frå hhv. Stoff og Stil og Discobaby med kanting av dobbel tråd med tynn alpakka. Den spraglete buksa i midten er av Nagano med litt diverse restegarn innimellom og er meint å vere til skuleguten. Den er strikka smal for å kunne passe under regntøy og dress.


I strikkekorga ligg ei påbegynt selebukse i garn frå 100purewool. Eg strikkar litt sånn på innfallsmetoden, men med skråblikk på oppskrifta Ultimate Longies. Eg har lært meg å «alternere» mellom to garnnøster oppe på buksa slik at fargeskifta blir meir likt på overdel og bein og er svært så fornøgd med eige arbeid så langt ;) Gler meg til å tre denne buksa på utenpå tøybleiestumpen til vetlesysta.

Ho har og fått seg ei jakke i løpet av sommaren. Garnet er «Sterk», som er ei blanding av alpakka og ull forsterka med nylon. Eg brukte oppskrifta «Veksejakke» i Nøstebarnboka men la inn ei rad med vrangbord 1r1v mellom rillene. På denne måten vart det meir struktur i jakka. Meir tidkrevande å strikke og naturleg nok ein del vrangrader å strikke. Men jakka vart både lun og mjuk.

Eg snudde og strikka spegelvendt frå midt bak på ryggen så jakka har fått seg ei stripe midt på ryggen og ulikt mønster på kvar side. Akkurat som planlagt – meir eller mindre… ;)

1 thought on “Sommarstrikk”

  1. Så mye fint du har laget. Voksejakkeoppskriften har jeg også tenkt å strikke og har allerede kommet fram til samme løsning som deg angående ryggen :) Herlige farger på garnet du bruker i veslas selebukse, og så lurt å sy nye stoltrekk til Tripp Trapp stolen!
    Morsomt med nye innlegg fra deg igjen, du lager så mye fint og praktisk til ungene dine :)

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.