Fargehobby

Sidan sist post berre  hadde kvite plagg, kjem det litt meir fargerike ting denne gangen. Først ut er ein «koseklut» eller leike som eg sydde her ein dag. Den likar ho veldig godt å leike med, spesielt juksepelsen og lappane. Eg har sydd bånd og lappar rundt heile kanten og lagt inn ein liten pose med plastgranulat i eine hjørna. Inne i leika er det òg ein liten rasleboks frå ei leike som skulle kasserast.

Eg har òg fått strikka litt i det siste. Garnet til denne buksa er frå 100woolpure og i rein ull. Oppskrifta eg har brukt er «Ultimate Longies» som eg har kjøpt via Ravelry.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Kanten nede syns eg passa godt til ei som enno ikkje er oppe og går på føtene sjølv om buksa er vel stor enno.

5 thoughts on “Fargehobby”

  1. Sånne kosekluter er kjekke leker til småbarn. Buksen var helt herlig, fin volangkant nede på føttene, og helt klart at den passer godt mens babyen enda er i krypealderen :)

Legg att eit svar til Elisabeth Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.