Glyphs i Silhouette Studio

I versjon 4.1. av Silhouette Studio kan man få tilgang til glyphs i fontar direkte i programmet så lenge man har oppgradert til Designer Edition eller versjonar over. Slutt på all kopiering bokstav for bokstav frå andre program som Tegnkart (pc) eller Fontbok (mac) og ein  god oversiktleg designprosess rett der – inne i programmet!

Skriv inn teksten din, gå så fane Glyphs i Text Style. Viss fonten din har PUA (Private Use Area) koda bokstavar/tegn så ligg dei her. Om du dobbeltklikkar på ein bokstav havnar den rett på arbeidsfeltet ditt. Om du derimot står inne i ein tekstboks havnar den nye bokstaven der på enkeltklikk. Om du har merkt ein bokstav eller to så erstattar den nye bokstaven det som er merkt. Om ingen ting er merkt så berre hoppar den inn der markøren din står.

Med litt prøving og feiling og litt ekstra pynt kan det gå frå teksten du skriv inn via tastaturet til venstre på bildet til å bytte ut ein del bokstavar og sette inn litt stjerner og få designet til høgre.

Ein populær font som du får tilgang til swirlar og snurrebokstavar på via Glyph panel er Samantha Script av Laura Worthington som man kan få kjøpt via Creative Fabrica (nytt frå 26.11.2021 – fram til dess solgt via Mighty Deals).

Her eit eksempel på samme teksten med og uten glyphs i fonten Gioviale:

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.