Silhouettehåndboka på veg i ny versjon!

Den Norske Silhouettehåndboken 1.0 var ein stor suksess! Eg er så stolt over og glad for å ha blitt tatt så godt i mot av brukarar av Silhouettemaskiner og glad for at boka har solgt godt. Men som med alt som har med data å gjere så blir det meste fort utdatert når det kjem nye programvareversjonar. Og det har det gjort no. I slutten av august kom versjon 4.1. av Silhouette Studio og denne er ein del anleis frå versjon 3. Såpass anleis at eg har sett meg føre å gi ut ein oppdatert versjon òg av mi bok!

Boka vil naturleg nok innehalde mykje av det same som Den Norske Silhouettehåndboken 1.0, men eg håpar at den er såpass anleis at kanskje til og med dei som har den første boka vil vurdere å kjøpe denne nye i tillegg for å få teken på ny programversjon. I alle fall vil den vere ei veldig god bok for deg som er ny med enten Cameo eller Portrait og Silhouette Studio.Boka vil kome ut i papirformat, og sannsynlegvis òg i pdf-format som ebok. Bokmål først. Og så får vi sjå. Boka er vel på veg og planen er å få den ut i god tid før jul i år, men då kan eg ikkje klare begge målføre.

Har du lyst å få ein liten mail etter som boka nærmar seg så skriv deg opp på maillista mi. Eg lovar å ikkje sende mange mailar, men det blir nok både ein før boka kjem og kanskje både ein og to etter at boka er på plass i nettbutikken. Kanskje sender eg deg eit tilbud eller to i etterkant òg, men du står fritt til å avregistrere deg frå lista når som helst.

For å motta nytt om boka på mail skriv du inn epostadressa di under og trykker på Skriv meg opp!

[mc4wp_form id=»5812″]

2 thoughts on “Silhouettehåndboka på veg i ny versjon!”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.