Litt om Silhouette Studio versjon 4.1

Eg må innrømme at eg er av dei som veldig lett lar meg overtale til å prøve nye programversjonar. Eg har brukt den opne betaversjonen av Silhouette Studio 4.1. sidan den kom ut, og no er 4.1. endelig ute som ordinær versjon. Vel verdt å prøve, spesielt om du har investert i lisens til Designer Edition (DE), Designer Edition Plus (DE+) eller Business Edition (BE).

For dei som er ukjent med dei ulike oppgraderingane er desse tre versjonane trinnvise på kvarandre. Dvs at om du har BE har du alle funksjonar i DE og DE+. Har du DE+ har du òg alle funksjonar knytt til DE.

Det er så mange fine funksjonar i den nye versjonen! Vi kan for eksempel starte med glyphs. Om du har DE vil du kunne sette inn alternative bokstavar som ligg PUA-koda i fontar direkte inn i programmet gjennom ein eigen undermeny på tekst.

Berre klikk på bokstaven du vil sette inn og den kjem fram på arbeidsflata di! Det er med andre ord ikkje lengre behov for å bruke tegnkart eller eksterne program til å hente slike tegn inn i Studio!

Warp er ein annan heilt ny funksjon i programmet. Første funksjonen her dukkar opp om du oppgraderer til DE. Med den får du opp eitt rutenett med mange punkt og handtak og med desse kan du kan dra og manipulere på ord og figurar. Eg har berre testa dette ørlitt, men eg ser veldig mange kjekke bruksområder her. Den nederste figuren på bildet mitt her er manipulert med denne funksjonen.

Frå DE+ får man tilgang til warp i forhold til mål. T.d. om du skal sette trykk på ein kopp kan du her legge inn måla på koppen og få trykket tilpassa korleis ein kopp til dømes smalnar inn nede. På skjermbildet har eg brukt denne funksjonen på det øverste «Hallo!»

Ein ny funksjon, som du har heilt uavhengig av versjon, er «object to path». Mange kjenner nok til funksjonen  «Text to path» der man kan få tekst til å forme seg etter ein sti – som t.d. rundt ein sirkel. I den nye funksjonen «Object on path», som du finn i Replicate-menyen, kan du gjere det same med kva som helst slags form. Du må berre opne menyen, trykke på «show grab handle» og dra objektet over på stien. I menyen regulerer du detaljane som kor mange repetisjonar du vil ha, startpunkt, vinklar og anna.

POP-up er ein funksjon eg nok ikkje kjem til å bruke så mykje av di eg ikkje jobbar så mykje med papir. Men eg ser for meg at dette er noko mange kan klare å lage grådig mykje fint av! Pop-up er i 4.1. tilgjengeleg heilt frå basisversjonen av programmet. 

For meg er det å kunne lagre som .svg ein stor bonus med å ha Business Edition av programmet. I denne lagringa ligg det inne ein sperre slik at man ikkje vil kunne lagre filer man har kjøpt gjennom Silhouette Store som svg verken heilt eller delvis, men alle design du lagar sjølv kan du lagre fritt. Du kan òg lagre som både .jpg og .pdf om du har Business Editon og 4.1 versjonen av Silhouette Studio!

 

Versjon 4.1. får tommel opp frå meg – uansett kva lisens av programmet man har! Hugs å ta backup av eigne designfiler før du evt følger mitt råd om oppdatering til ny versjon!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.