Eit like stort mirakel kvar einaste gang!!

Den siste måndagen i mars kom denne vesle jenta til oss. No er familien vår verkeleg komplett!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No har vi eit heilt firkløver og føler oss som verdens heldigaste foreldre. Vi syns førebels at ho lignar mest på den nest eldste av våre.

Forståeleg nok blir det ikkje så svært mykje hobbyaktivitet på heimebane her no. Vi går heller litt susne og trøytte rundt og kosar oss med at babyen er komen heim til oss endeleg. Dei tre store er verkar alle forelska i henne og viser det på kvar sin måte.  Om ho gret og ikkje lar seg trøste blir dei fortvila, kanskje spesielt når dei sjølve skal sove, men stort sett er ho ho ei roleg jente som søv lenge om gangen.

Eg gledar meg til å få rytmen og formen på plass såpass at eg kan få leike fram nokre småplagg til henne på symaskina eller med strikkepinnane. Bleiene som eg sydde vart stort sett for små til den ikkje heilt lille frøkena på vel 4 kilo.

12 thoughts on “Eit like stort mirakel kvar einaste gang!!”

  1. Det er nesten, men bare nesten jeg har lyst på en til selv. Nå har jeg ingen problemer med å minnes babylukt og utallige kosestunder med baby..

    Heldigvis hjelper det når jeg kniper meg selv i armen, da kommer jeg på at jeg har pause til jeg blir bestemor!

  2. Så nydelege dei er, og så små! Kan ikkje skjønne at det snart er eit år sidan min veslemann kom- men eg ser jo at kaliberet er endra radikalt der han stabbar rundt! Takk for bloggen din; den har fått meg til å ta fram både nål og tråd att, no skal eg freiste meg på ei sydd peikebok. Fins så mykje fine motiv-ty! Og ha ei god spedbarnstid alle saman

Legg att eit svar til strikkelise Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.