Enkel punktredigering – Silhouette Studio

Av og til (eller ganske ofte) kan det blir behov for å endre litt på design som vi har traca. Eg skal kort vise deg prinsippa i punktredigering med eit lite eksempel.

Vi skal trace to hjarter. Det kan sjå ut som om dei er identiske ved fyrste augekast, men det er ein liten opning i streken på eit punkt på det eine, noko du snart skal få sjå.

Om vi tracar begge desse med samme innstillingar vil du kunne sjå linjebruddet.

Når du høgreklikkar og gir kommandoen «Relase Compound Path» ser du at hjertet til venstre deler seg i to deler, og du vil kunne slette, flytte eller redigere strekane kvar for seg om du treng det.

Dersom du tracar med «Trace outer edge vil du få følgande resultat. Ofte er det det venstre resultatet vi er ute etter, men kva då om vi får det som til høgre og ikkje har nokon måte å endre sjølve bildet vi tracar på?

Eg skal vise deg korleis du kan «reparere» eit brudd i ei slik linje ved å punktredigere.

Når du zoomar inn på bruddet i linja og dobbeltklikkar for å få fram punktene ser det noko slikt som dette ut:

Hold nede shift og trykk på alle fire hjørnepunkta etter tur for å merke desse. Trykk så på «Break Path»

Du har no delt opp hjertet i fire linjesegment. Ytre hjerte, indre hjerte og dei to tverrstrekane:

Høgreklikk og velg Release Compound Path for å kunne jobbe med desse kvar for seg. Merk dei to tverrstrekane (hold shift for å merke fleire deler) og slett desse.

Her har eg merkt begge hjertene og laga dei til Compound Path for å «sveise» begge linjer samtidig, men det er ikkje nødvendig å gjere det. Dobbeltklikk på ei og ei linje og før sammen dei to raude punkta. Du vil sjå at dei smeltar sammen til eitt punkt i det same dei kjem nær nok kvarandre.

Håpar du lærte litt av dette! Legg gjerne igjen ein kommentar – det set eg stor pris på!

3 thoughts on “Enkel punktredigering – Silhouette Studio”

    1. Takk for at du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar :) Ikkje alltid eg får det som eg vil eg heller, men eg øver og lærer litt og litt meir etter kvart.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.